Kommunesenteret Dale er ei sjarmerande fjordbygd med eit godt utval av butikkar og kafear, bubilcamp og motell. småbåthamna er det gjesteplassar for båtar. Hos BUA
Fjaler kan du låne fritidsutstyr heilt gratis. Blant anna kano og kajakk. Klatreparken midt sentrum er også populært blant barna. Ved Dale senter er det ladestasjon for elbilar.
Badevika i Dale er ei populær sandstrand like ved sentrum. Her er det tilrettelagt med stupebrett, badeflåte, sandvolleyballbane, grillar og bålpanne.
Kulturbygda
Kulturvandring
Bli kjend med bygningane og historia til bygda Dale. På Fjalerhuset og i Jakob Sande tunet finn du heftet Kulturvandring i Dale. Det er også ei eiga kulturvandringsløype Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale, med start Jakob Sande tunet. Via mobilen din kan du lytte til lydfortellingar og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. Det er også mogleg å få guida vandring i Jakob Sande og Nikka Vonens rike med sommarvertane i Jakob Sande-senteret. Sjå meir på kulturvandring.no
Teaterfestivalen i Fjaler
Teaterfestival kvart år september. Festivalen har ei tematisk overbygning, og det vert lagt vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. teaterfestivalenifjaler.no
Nordisk Kunstnarsenter, NKD
Etablert 1998, er ein internasjonal residens, for kunstnarar, designarar og arkitektar. Dalsåsen er eit fint tur- og rasteområde, med panoramautsikt over Dale. Informasjonstavler fortel om historie og drift. Omvising etter avtale. nkdale.no
Bubilcamp og camping
Dale
Øyra, nær Dale sentrum, er midlertidig tilrettelagt for bubilar og campingvogner med 4 straumuttak, tømmestasjon og tilgang til vatn slange inne på området. Øyra ligg på andre sida av elva for Dale kyrkje i retning Bjerga. Ferjekaia er ikkje tilrettelagt på nokon måte – men ligg fint til ved fjorden.
Yndestad Gard
Ligg ved Yndestadvatnet i Guddal. Heilårsopen campingplass med oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner og telt. Sanitæranlegg og tømmestasjon. Båt og kano til utlån, turområde og ferskvannsfiske. www.yndestadgard.no
Korssund Gjestehamn
30 båtplassar ved fine flytebrygger. Her har du og oppstilling for bubil og campingvogner, butikk og kiosk. Korssund ligg den største steinkrossen på Vestlandet.
Laks og sjøaurefiske
Guddalsvassdraget strekk seg omlag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet Guddal. Dei første 8,5 km opp til Harefossen utgjer anadrom del av elva. Informasjon om fiskekort finn du på inatur.no
Jakob Sande – senter for forteljekunst
BUA Fjaler har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller strand! BUA er en nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at alle, spesielt barn og unge skal få mogelegheit til å vere aktive. Det gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis! Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Resepsjon sommar er Jakob Sandetunet, tysdag og torsdag 11.00 – 13.00. www.bua.io
Besøk Jakob Sande tunet der den folkekjære forfattaren, lyrikaren og diktaren Jakob Sande (1906-1967) er fødd og oppvaksen. Her finn du Bestefarsstaua med museumssamlinga, løa, våningshuset med diktar – residens, bokhandel og museumsbutikk og «Lisa Li – krambu og bakeri». Ope kvar dag kl. 11.00 – 16.00, frå 26. juni – 13. august. Sommarutstilling, omvisingar, vandringar, litteratursalongar, Sande-program, BUAutlånsordning, turistinformasjon, bokhandel og kafé. Opne sommarprogram kvar veke. Følg oss på vår nettside jakobsande.no eller Facebook for oppdatert informasjon om arrangementa. Opning av episenter i Fjordkystparken 11. august. Fest i Fjaler med stort litteratur- og musikkprogram 11. – 13. august. Tlf. 481 24 808
Lammetun Kystfort
Lammetun Kystfort er eit av dei best bevarte kystforta etter 2. Verdskrig. Du kan gå bunkersane, sjå utstilling med lokale bilete frå krigen og sjå veggmaleri som tyskerane malte sjølv. lammetunkystfort.com
Leonards Forlaavelse
Leonards Forlaavelse er ein oase av opplevingar. Her finn du gardsutsal med bakst, lokalmat, ein stor ostedisk, og ein interiørbutikk med intim og autentisk atmosfære, samt hagebygg/drivhus og urtehage i fjæresteinane ved Dalsfjorden. Ein perfekt stad for ei dagsutflukt, for spanande shopping, eller kun ro og avslapping med gode smakar. Leonards Forlaavelse ligg ved Dalsfjorden. Sving av ved Nærbutikken Hellevik, køyr inn grusvegen, sving til høgre og ned bakken. Tlf. 450 27 443. Opningstider: Døgnopne butikkar heile året – sjølvbetjening. Forlaavelsesbuffét laurdagar. Sjå FB/ arr. Gruppebesøk utanom arr. kan avtalast. FB: Leonards Forlaavelse – ei oppleving På Hellevik ligg også daglegvarebutikk og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua.
Skumringstur på Dalsfjorden
Bakkejekta er ein kopi av ein av Norges eldste bevarte båtar, bygt Dalsfjorden Sunnfjord.Kvar tysdag kl. 19.00 juli kan du bli med på segltur med Bakkejekta på Dalsfjorden. Her kan du oppleve den vakre Dalsfjorden, bygder og fjell, gode historier om fjordfolket, naturen og islendingane herifrå og ikkje minst; er det vind, får du oppleve ei jekt frå 1700-talet under segl. Start frå Jensbua Kystkultursenter på Tysse.
Påmelding: Tlf. 970 79 139 før kl. 17.00 dagen før. Info: FB: Bakkejekta
TURSTIAR
Fossedalen. Nedre og øvre Fossedalen er ei turperle, med gamle turstiar og fossefall. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti via Fossevika.
Heileberget, 761 moh. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti til Fløyen (toppen av Heileberget). Stien er godt merka. Jamn, hard stigning, nokre brattare parti, ikkje klatring. Turen er ca. 5,5 km lang og er krevande. Storslått panoramutsikt frå toppen over Dalsfjorden og kysten i vest.
Lillingstonheimen
Lillingstonheimen på Tysse er ein sorenskrivargard frå 1808, i dag eigd av Fortidsminneforeningen og tilgjengeleg for alle. Stor og staseleg hovudbygning med spanande bibliotek og mange kulturskattar og ein vakker engelsk hage. Lillingstonheimen byr på herskaplege opplevingar med bl.a. afternoon tea. Du kan tinge omvising etter avtale. Sjå FB/Lillingstonheimen på Tysse for informasjon om arrangement. Tlf. 450 27 443 • lillingston@fortidsminneforeningen.no
Nilsbua, Hellevik kai
Kystkulturminne – stor sjøbu med nostalgisk landhandel, skipsekspedisjon og bustad /museum. Sommaropen juli/aug: fre. og søn. kl 13.00 – 16.00. Kafé med sal av buabakst, lokalmat og nostalgiske varer. Loddsal/basar og fotoutstilling. Pub. Sjå FB for arr.
Korssund
Korssund er ein gamal gjestgjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Krossen er er ein av dei største i landet, og er av typen «Olavkross». Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.
Dagsturhytta Vidsyn ved Bygdeheia, 280 moh. Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå Dale. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure. Parkering er ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule). Du tar av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. Stien frå Furset startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover til Bygdeheia. Fantastisk utsikt ut havet mot Alden. Det er om lag 2 km sti, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.
Grøneholten, 411 moh, Østenstad rundt (8,3 km) m.fl. Start Hatledalen på toppen av Vassverkbakken Dale. Godt merka tursti.
Jarstadheia, 584 moh. Start på Rakneberg ved Dale, eller på Haugland. Flott utsikt over Dale og Dalsfjorden.
Flekkenipa, 370 moh. og Flekkestølen, start ved FV57 Stavsdalen mellom Dale og Flekke.
Einingsfjellet, 258 moh. Start frå Våge retning Korssund. Storslått panoramutsikt frå toppen.
Arsteinheia, 446 moh. Start frå Indre Åsnes på Straumsnes og følg skilting til parkeringsplass.
Den Trondhjemske Postvei. Den historiske postvegen vart bygd i åra 1801 – 1806 og har ei rekke fine steinbruer. Vegen mellom Fjaler og Hyllestad er godt skilta og ein fin turveg.
Filosofgangen, 3,6 km. Start ved Lillingstonheimen. Tursti går i gjelet mellom Tysse og Leitet, vidare langs fylkesveg til Fagervika, stien går over Fredensborgåsen og ned igjen til Tyssebrua. Fredensborg er ein park med gravlund frå 1824 midt i skogen.
Det er eit rikt utval av merka turstiar Fjaler. Turkart er sal hos Dale Bok & Leikar Dale Senter. Turskildringar finn du også på DNT SjekkUT og fjordkysten.no