Aktivitet
KAJAKK
Flora turlag ved Kari-Anne Strømmen tlf. 971 68 809
SUP Else Karin Seljeseth, tlf. 906 42 608
SYKLAR Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00
BÅTAR Krokane Camping, tlf. 57 75 22 50
ROBÅTAR PÅ STOREVATNET
BUA Florø
BUA – UTLÅN
GOLF
Florø Golfklubb, post@florogolf.no
TENNIS
Florø Tennisklubb, floro.tennisklubb@gmail.com
MOTORCROSS post@floromotorsport.no
KINO OG BIBLIOTEK
Florø Kulturhus, florøkulturhus.no
SOLDALEN BESØKSGÅRD
4H-gard, Inn på tunet-gard, tlf. 924 62 201
KLATREPARK for dei minste – alltid open
PETANQUE Roald Leivestad, tlf. 913 96 530
KULTURVANDRING I FLORØ SENTRUM fjordkysten.no
Båtruter
Sesong: 19. juni – 4. august
KINN Mandag, tysdag, torsdag og fredag, Frå Florø kl. 12.00.
Retur frå Kinn kl. 15.15 og 16.35.
Laurdag, frå Florø kl. 10.00.
Retur frå Kinn kl. 15.05.
Sundag, frå Florø kl. 14.30. Retur frå Kinn kl. 20.35.
SVANØY
Fredag kl. 12.00 frå Florø.
Retur frå Svanøy 15.20 og 16.50.
Guida tur til Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter!
Book tur på www.fjordkysten.no
KVELDSTUR I FLORØBASSENGET
Rundreise vår fantastiske skjergard. Avreise kl. 20.00, tilbake Florø ca kl. 21.45. Les meir på www.fjordkysten.no
For fleire avgangar sjå www.entur.no eller ta kontakt med Florø turistinformasjon. Merk at nokre av rutene er ringeruter. Les meir om dette på www.entur.no
Svanøy
Svanøy er den sørlegaste, og frodigaste øya Kinn kommune. Svanøy si historie er mangfaldig og går langt attende tida. forrige århundre var øya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. I dag har øya rundt 100 innbyggjarar, og lakseoppdrett er ei næring som dannar livsgrunnlag på Svanøy. Her finn du daglegvare, gjestehamn, Norsk Hjortesenter, Svanøy Hovedgård og Svanøy Røykeri med sal av eigenprodusert røykelaks ulike smaksvariantar. Ypparlege sykkelvegar – sykkel leiger du på kaia eller på turistinformasjonen Florø før du reiser.
Kinn
Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året. Heilt ute havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. Heile sommaren er det vertskap kyrkja og det er tidebøner to gonger for dagen. Det er ein fin tur å gå rundt øya, eller opp Kinnaklova.
Sørstrand
Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen. Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.
Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av, eller ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta. Her er det også servicebygg med kiosk, volleyballbane og grillar. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Opningstider i kiosken: Tysdag kl. 12.00 – 15.00 • Onsdag, torsdag og fredag kl. 11.00 – 15.30.
Brandsøyåsen
Brandsøyåsen er eit flott utsiktspunkt midt Florø, som kan nåast til fots og med sykkel. Brandsøyåsen er det viktigaste fotturområdet Florø, då det fungerer som nærområde for dei fleste av byen sine innbyggjarar. Frå toppen (293 m.o.h.) har ein flott utsikt over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest. Det er stiar til toppen av åsen frå mange kantar. Ikkje alle stiane er merka, men dei fleste løypene har tydeleg sti og det er lett å finne fram.
Storeåsen/Litleåsen
Rett nærleiken av sentrum finn du eit flott turområde Storeåsen, Litleåsen og rundt Storevatnet og Litlevatnet. Her går det grussti langs vatna og over Storeåsen, men det er og eit utal stiar på kryss og tvers. Det er og fint å gå over her viss du skal til Kystmuseet eller Sørstrand. Storeåsen finn du fleire bunkers frå 2. verdskrig tillegg til fleire flotte utkikspunkt.
Flora Turlag
Frå påske til september har Flora Turlag ettermiddagsturar tirsdag og onsdag. Padlegruppa har turar enkelte onsdagar same tidsrom. Dei har helgeturar heile året. Ubetjente hytter; Blåbrebu, Gjegnabu og Kinn. Sjekk flora.dnt.no – der finn du oversikt over heile programmet og alle aktivitetar. Flora Turlag har påmelding til alle turar.
NOKRE TURAR
18. juli: felles tur til øya Skorpa • 15. august: tur&kultur til Alden
Ausevika
Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta Norge. Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør nærare 800 m høgde. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Det er parkeringsplass, sanitærbygg og publikumsramper med opplysningsskilt. Ausevika er absolutt verdt eit besøk!
Kystmuseet
Kystmuseet Sogn og Fjordane har fleire utstillingsbygg og eit stort friluftsmuseum med gamle sjøbuer og tradisjonelt kulturlandskap. På museet kan du blant anna oppleve ei unik båtsamling med sunnfjordbåtar og få ny innsikt dagleglivet langs kysten. Gjennom sommaren tilbyr vi kjekke familieaktivitetar fjørekanten og nærkontakt med geitene våre friluftsmuseet. kaféen vår kan du nyte ein kopp kaffi med noko å bite i.
Opningstider 20. juni – 13. august: Måndag til fredag 11.00 – 17.00, laurdag – søndag
12.00 – 16.00. Resten av året: Måndag stengt. Tysdag til fredag 10.00 – 15.00, søndag
12.00 – 15.00 misf.no/kystmuseet
Kystlotteriet
Hent sekk – plukk søppel – vinn premiar! Kystlotteriet gir store og små ein ekstra motivasjon til å rydde i fjæra. Hent sekka hos Fjordane Friluftsråd og turistinformasjonen i Florø. For meir informasjon, sjå elvoghav.no/prosjekter/kystlotteriet
Friluftsskulen
Fjordane Friluftsråd arrangerar friluftsskule for born og unge alderen 9-13 år. For meir informasjon, sjå fjordanefr.no/friluftsskule
Vesle Kinn Strandgata er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. I bakre delen av lokalet er det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter. Frå midten av juni til midten av august, og elles av året på førespurnad, kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får du komme inn bryggerilokalet, sjå på utstyret, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri.
OMVISING OG ØLSMAKING
1. juli – 5. august. Resten av året på førespurnad. Onsdag og laurdag 17.00 – 18.00. Pris: Kr. 310,- per person. kinnbryggeri.no
Dagsturhytta på Fløgjen
Dagsturhytta finn du på vegen til Hatlesetnipa. Sjekk ut.no for meir beskrivelse. Turen er på 2,3 km ein veg og hytta ligg på 444 moh. Turen tek omlag ein time.
Havhesten
Velkommen til nyrenoverte Havhesten Florø. Her finn du aktivitetar for store og små, med masse vassglede! 10 minutts vandring frå Florø sentrum finn du badeanlegget Havhesten – ideelt plassert ved sjøen med utsikt mot både fjord og fjell. Havhesten består av symjehall, treningsrom og spinningsal. Havhesten tilbyr eit bra utval av badeartiklar og det er høve til å leige badeutstyr.
onsdag og fredag 10.00 – 20.00. Tysdag og torsdag 06.30 – 20.00. Laurdag og søndag 10.00 – 15.30. havhesten.no