KART: ELLEN JEPSON
Buavika
HYLLESTAD
Sæ
Hyl les tad veg
en
Sæsol
e ge solv n
Hyllestadfjorden
Foto: Espen Mills.
Hyllestad gamle kyrkjegard
Hyllestad kyrkje Lifjordvegen
650
Lihesten
Geoløype
Foto: Sognefjordboating
607
Hyllestad Kyrkjefjellet
Spar
Prestegarden
Vannscootersafari er ei flott naturoppleving, som kan kombinerast med fart og spenning dersom du ynskjer det. Vannscootersafari er noko for deg som kan tenkje deg å prøve ein vannscooter i trygge rammer, samtidig som du får oppleve noko av den fantastiske kystnaturen Ytre Sogn og Sunnfjord har å by på. Sognefjord Boating tilbyr turar på ein, to eller fire timar inkludert opplæring, men skreddarsyr gjerne ein tur for deg og dine vener. For å køyre vannscooter er det krav om minimumsalder 16 år og båtførerbevis. Er du født før 1980, er det ikkje krav om båtførarbevis. Det er også mogleg å leige vannscooter.
Geoløype (start)
Myklebustlia
Kulturvandring
Vannscootersafari
Informasjon og booking: tlf. 53 21 53 01 • www.sognefjordboating.no
Kvernsteinsparken Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken: • Gå tur på vår nye løype gjennom det imponerande steinbrotlandskapet med spennande og morosame stasjonar. Den første delen av løypa er universelt utforma. • Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Klarar du å finne trollet sin skatt? • Mal korn med handkverna, lag din eiga brøddeig og bak flatbrød over bålet. • Prøv deg i bogeskyting. • Lag ditt eige klebersteinssmykke eller figur. • Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele. Ope 19. juni – 15. august, tirsdag – sundag kl. 11.00 – 16.00 www.kvernsteinsparken.no
Myklebust
Mat og drikke
200 m
n
ege
tadv
s Hylle
607
Kleivavatnet
Hotel Sognefjord har blitt kjend for heimelaga middager, saftige burgarar, pizza og is. Du kan nyte eit avslappande måltid og i restauranten og puben med utsikt over Bøfjorden. Om sommaren, kan du kose deg på terrassen ved båthamna. Kvernsteinen Pub, FjordKick Sørbøvåg.
Kvernhusfossen i Skor
Båtutleige
Kulturvandring
Sognefjord Boating: Tlf. 53 21 53 01 • www.sognefjordboating.no FjordKick: Tlf. 97962230 • www.fjordkick.no
Opplev historiske stadar og spanande historie gjort levande gjennom lydfortellingar. Ved hjelp av mobiltelefonen din lyttar du til fortellingane undervegs i løypa. Bli med på kulturvandring gjennom Hyllestad saman med Martha. Martha vaks opp i Hyllestad rett etter andre verdskrig og har budd her mesteparten av livet sitt. Ho viser deg «sitt» Hyllestad og fortel om barndomen sin, om spanande uteleikar, harde slåstkampar mellom gutar og jenter og ein farleg tur opp til Lihesten. Startpunkt for løypa er ved Kvernsteinsparken.
I Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet; ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag. Det fine med vassbruksmiljøet i Skor er at Den Trondhjemske postvei går rett ved kvernhusa. Her er mellom anna ei framifrå steinbru. Vassbruksmiljøet er ein del av eit verna naturmiljø i det såkalla Botnavassdraget som har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl i regionen. Det er særleg viktig som hekke- og trekk lokalitet for ande- og vadefugl. Songsvane har hekka fleire gongar. Andre sjeldsynte artar i regionen som er funne hekkande i Skor er m.a. sørleg gulerle og sivsongar.
Geo løyper
Nesje fort
Aktivitetar FjordKick tilbyr båtturar, fisketurar, sightseeing og toppturar til Lifjellet og Alden. Tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no Fisking i ferskvatn – dei fleste stadar treng ein ikkje fiskekort. SUP utleige – Tlf. 57 78 89 20, post@hotelsognefjord.no
Bubilcamp • Sognhostel, ved Salbu, Sørbøvåg. • Birkeland Camping ved Aksevatnet.
I Hyllestad kan vi sjå spor etter kollisjonen mellom to jordplater (kontinent). Ein formidabel, men langsam kollisjon som resulterte i ei stor og høg fjellkjede: Den kaledonske fjellkjeda. På geopunkta i Hyllestad finn du små fortellingar som kan sporast attende til denne dramatiske historia. Hefte med oversikt over geopunkt finn du i ein eigen postkasse på parkeringsplassen ved SPAR i Hyllestad.
A til Å · www.atilaa.no
Nygård Vassenden
Foto: Roar Nordbø.
Geoløype
Ærverdige Prestegarden frå 1870 står midt i Hyllestad sentrum og er i dag kulturhus med arrangement og utstillingar. I sommar blir det kafé og utstilling av Mal Dickson sine flotte kystlandskapsfoto. Kaféen serverer lette måltid, kake og is. I den store, idylliske hagen kan du nyte roen, kose deg i hengekøy eller på piknikteppe. Følg med på Prestegarden si FB-side for fleire utstillingar og arrangement gjennom sommaren. Ope dagleg mellom kl. 11.00 – 16.00.
Foto: Visit FjordKysten
Kvernsteinsparken
Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Det var viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av Nesje fort. Formålet med fortet var kanoner som kunne nå utover Sognesjøen. Fortet ligg fint til ved sjøen og ein har full oversikt over innseglinga til Sognefjorden.
Kajakk Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs kyst og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever. Utleige av kajakk: FjordKick, Sørbøvåg • tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no
fjordkysten.no