KINN

Page 1

KINN

Viktig informasjon Det er vanskeleg å finne drikkevatn på øya, men det er sal av drikke og enkel servering i Kyrkjestova når det er vertskap der. Vi anbefalar godt fottøy, då det til tider er vått på stiane. Det går sauer på øya, så det er bandtvang heile året. Telt kan settast opp vest for kyrkja. Hugs allemannsretten! Kyrkja har toalett. Hjartestartar: Gry Seim, tlf. 915 81 178. Når du skal heim frå Kinn må du gje beskjed til båten ein halv time før den går frå Florø. AVGANG FRÅ FLORØ 05.30

06.55

Onsdag

08.30

Laurdag

06.55

14.30

Søndag

14.30

20.00

14.30

16.00

20.00

15.15

16.35

20.35

RETUR frå Kinn Mån – fre

06.00

07.30

Onsdag

09.00

Laurdag

07.30

15.05

Søndag

15.05

20.40

For meir informasjon og detaljar sjekk www.entur.no TURISTRUTE i sommarsesongen 21. juni til 6. august Frå Florø mån – tys / tors – fre

12.00

Laurdag

10.00

Frå Kinn mån – tys / tors – fre

12.35

Laurdag

11.00

Tur rundt øya Studer informasjonsskiltet på rutebåtkaia før du går opp til pilskiltet ved det kvite huset. Ta til venstre og følg Kystpilegrimsleia/Sunnivaleia som går over Høyskaret til Kinnakyrkja. På denne stien er det QR-kodar der du kan lese om kulturminna som ligg langs ruta. Det er fin utsikt heilt frå Heilefjellet ved Førdefjorden til Atløy, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Før du startar på bakken opp gjennom Høyskaret kan du ta ein kvil i Olav Tryggvason helleren i fjellet rett fram. Spesielt på morgonen/ formiddagen er det fint å i sola sitte der oppe. På toppen av Høyskaret er det nydeleg utsikt nordover mot Ytterøyane og Nærøyane. På Nærøyane budde det fleire tusen menneske under sildetida midt på 1800-talet. No er det berre nokre sjøhusmurar igjen. Følg stien ned på nordsida og ta til høgre rundt fjellet. Etter nokre hundre meter er du ved kyrkja. Denne turen er 4,5 km og tek om lag 2 timar. Frå kyrkja til kaia er det 1,3 km med grusveg.

Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn 21. juni – 29. august. 5 timers guida cruise frå Florø med MS Skopefjord. Onsdag kl. 10.00, Laurdag kl. 12.00, Sundag kl. 13.00.

Florø Turistinformasjon • Tlf. 57 74 30 00

fjordkysten.no

A til Å • www.atilaa.no

Mån – fre


Søre Stauren 221 moh

Kinnafjellet 315 moh

Kinnaklova

1. Høyskaret 2. Store Byrjehillaren

Rutebåtkaia

6. Malarhuset 3. DNT-hytte

4. Kinn Gjestehus

Turstiar

5. Kinnakyrkja

Søre Stauren Dei to knivskarpe toppane i klova vert kalla staurane og ragar høvesvis 221 og 196 m.o.h. Det er merka sti frå Høyskaret og opp. Det er ganske luftig på toppen med panoramautsikt til øyane og Kinnakyrkja. Ned att kan du gå ein sti/trakk mot eit tjern og vidare ned mot sjøen på sørsida av øya. Eller gå tilbake same veg som du gjekk opp.

Sti til Kinnafjellet

1. Høyskarhelleren/ Olav Tryggvasson helleren. 2. Store Byrjehillaren ligg på utsida av den vestre stauren i Kinnaklova. Her har det blitt funne hjortehorn, ei nål av bein, eit trestykke og andre restar som kan stamme frå tida 100 år f.k. til rundt år 0. 3. DNT-hytta. Skulehuset vart bygd rundt 1920 og brukt som skule fram til først på 1970-talet. Hytta har 10 sengeplassar. Ta kontakt med Signe Nordvik tlf. 415 30 520 for booking av hytta.

Kyrkjestova er truleg over 150 år gammal. Ho vart først sett opp like nord for Florø før ho vart flytta til ei lita øy i Batalden. Under sildefisket rundt 1850 vart huset flytta til Nærøyane nord for Kinn. Der var det opp mot eit par tusen menneske som opphald seg under sildefisket, i sjøbuer og i båtar. Rett før 1900 vart huset, som det siste, flytta frå Nærøyane til Kinn og blir i dag brukt som sakristi og til vertskapet som bur her i samband med opa kyrkje.

4. Kinn Gjestehus /Pilegrimsherberge har 7 sengeplassar /4 soverom. For meir informasjon og booking ta kontakt med Gry Seim, tlf. 915 81 178. 5. Kinnakyrkja var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882 då kyrkja i Florø stod ferdig. Kyrkja er framleis i bruk til barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, gravferder og gudstenester. Den blir og brukt under Kinna spelet. Du får meir informasjon om kyrkja om du henvender deg til vert skapet på Kinn. Vertskapet er på Kinn på dugnad, men det kostar å ha ope sommarkyrkje så gåver er velkomne. Vipps 115101. Opa kyrkje frå 21. juni til 6. august med tidebøner kvar dag kl. 13.30 og 19.00. Alle er velkomne til å delta. 8. juli: Seljamannamesse, 29. juli: Olsokgudsteneste.

6. Malarhuset inneheld utstilling av Harald Seim sine bilder. Det er ikkje faste opningstider, men om du tek kontakt med Sissel og Hermod som bur i det kvite huset på kaia vil dei opne for deg.

Kinnaklova På turen rundt øya startar mange med å gå vegen til Kinnakyrkja der det går tydeleg sti vidare mot Kinnaklova. Første partiet er flatt og kan vere litt vått ettersom ein må krysse eit lite myrparti. Det er ein slags sti opp til Klova, men her kan det vere litt glatt i det frodige frytlegraset. Om du ikkje vil gå tilbake same veg, er det ein fin, men litt bratt, tur ned ura mot sjøen, den finaste staden på Kinn! Ikkje gå vidare til venstre då fjellsida her, Geiteberget, er vanskeleg å ta seg fram i. Ta til høgre forbi ønskjesteinen og dei to Byrjehellarane. Nyt ein pause der med utsikt mot hav, holmar og skjer og Ytterøyane med eit fyrtårn som ragar 50 m over havflata. Ned mot sjøen ligg bergknausar som er forma av vêr og vind, og ein bør ta ein avstikkar ned i fjøra! Kinnafjellet Turen startar 200 m nord for rutebåtkaia (i retning mot kyrkja). Stien opp er merka med skilt til Kinnafjellet og vidare med blåmåla pålar. Det er tau langs ein del av stien som kan vere godt å halde seg i. Det er svært bratt til å begynne med, og så flatar det ut. Det er nokre fuktige parti midtvegs i oppstigninga. Vel oppe er det nydeleg utsikt vest i havet og over heile øyriket. Det er best å gå ned att same vegen. Lengde: 1 km ein veg, Høgde: 315 m.o.h. Tidsbruk: 1 time ein veg.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.