Sigrid Henjum
TURKOKEBOKA
100 nye oppskrifter og tips til god turmat
HØGDEPUNKTET Eg har gjort nokre forsøk opp gjennom åra. Får eg vita at kjenningar har eit ferskt hjorteslakt, ber eg om nokre kjøtterningar. Av og til får eg dei. Då steiker eg dei fort og hardt på steikepanne over open eld, nett som Sigrid gjorde i furuskogen på Haukåsen ein gong i 2010, men det smakar aldri likt. Terningane blir seige og harde. Ikkje dei saftige delikatessene eg hugsar. Eg har gjeve opp. Eg klarar ikkje gjenskapa magien til Sigrid. Kan henda denne boka vil hjelpa meg? Eg skal i alle fall prøva att. Det er dei himmelske hjorteterningane til Sigrid verdt. Eg vart kjent med Sigrid Henjum gjennom NRK-serien «Fjellfolk», der eg var produsent. Me fekk ho med i programmet, fordi ho på den tida var ei ung kvinne som hadde mista kjærasten i ei klatreulukke. Livet var framleis best ute i naturen og oppe på fjellet. Men eg hugsar ho mest på grunn av maten. Turfjernsyn er ein illusjon. Når hovudkarakterane glir på ski gjennom villmarka i tilsynelatande harmoni med omgjevnadane, er dei eigentleg strengt regisserte. Kameralaget spring føre dei og filmar når dei kjem, passerer og forsvinn, før dei kjem springande etter og tiggar dei om å venta litt så kameralaget kan koma seg forbi att. Bransjetrikset er å velja lite spreke folk å filma, slik at dei blir lett å halda følgje med dei. Farmen Kjendis til dømes: Til større pudding du er, til meir skjermtid får du. I så måte var Sigrid eit svært dårleg val. Ho er som ei hjortekolle på tur. Hit og dit, opp og ned, heilt usliteleg. På toppen av det heile var kameralaget tungt lasta med kamera, linser, batteri, lydutstyr, og i tillegg til turutstyret: Ekstra klede, soveposar, telt og så vidare. Dei største sekkane me kunne finna var fylte til brestepunktet. Det er eit blodslit, så du lettar børa der du kan. Vår salderingspost var maten. Frysetørka turmat kjøpt på butikken, smakar lite, men veg endå mindre, og 6
FORORD
er kjapp å laga til. Eg har ikkje opna ein slik pose sidan me var ferdige med å filma denne serien i 2013. Det hadde kanskje vore enklare å finna glede i frysetørka turmat, dersom me ikkje hadde selskap av folk som meska seg i godsaker, men det gjorde altså Sigrid og alle i følgjet hennar. Kameralaget svirra rundt og filma festmåltidet på tampen av ein slitsam turdag, medan me eigentleg berre hadde eit stusseleg, frysetørka måltid å sjå fram til. Harde riskorn, grønsaker med konsistens som slim, kjøt som berre var kjøt i namnet. Eg skriv «eigentleg», for Sigrid hadde alltid med seg litt ekstra. Slik fekk me også meska oss. Til dømes oppe på Skagastølsryggen, der me tok oss over fem 2000-meterstoppar på ein dag, filma alt og gassa oss med god mat mellom kvar av dei. Det var ikkje måte på kva ho hadde plass til i sekken sin. Høgdepunktet var den beste tacoen eg nokon gong har smakt. Kjøtdeig, lefser, riven ost, bitar av paprika og lauk er den minst praktiske turmaten det er råd å tenkja seg, men Sigrid fekk det til. Servert på Jostedalsbreen, under Kjenndalskruna, med skylaget under oss. Eg hadde gløymt å impregnera skiskoa mine før denne turen, og vart blaut på føtene. Eg har aldri vore så kald i heile livet mitt som eg var den natta under Kjenndalskruna. Men det er rart med det. Det er tacoen eg hugsar.
ARVE UGLUM
Vil du prøva dei magiske matrettane Arve ikkje kan gløyma – laga på bål eller servert på breen? Her er oppskriftene! HJORTAKJØT PÅ BÅLET Få tak i ein ytre- eller indrefilet av hjort. Du kan sjølvsagt bruka elg, rein eller anna vilt. Pass på at han har mørna lenge nok. 40 døgngrader er eit minimum, helst lenger. Forstår du ikkje dette, så les deg opp på verdsveven eller spør ein jegervenn. Resten er enkelt: Plasser kjekke folk rundt bålet. Skjer hjortekjøtet i terningar, ha på rikeleg med pepar og bra med salt. Ha mykje godt smør i steikepanna, og set ho på det gnistrande bålet under stjerneklår himmel. Lat smøret bli brunt i panna og legg kjøtterningane i. Fres raskt medan du vender på kjøtet nokre gonger. Gjer det enkelt når du er ute på tur: Et rett frå panna. TACO PÅ BREEN Gå langt, og ber tungt ein heil dag, til du kjem opp på breen. Slå opp teltet og fyr opp primusen. Heime har du steikt kjøtdeig med lauk, paprika og mais. Du har hatt oppi tacokrydder og tacosaus, og kjølt det heile ned før du tek det oppi ein dobbel brødpose. Ha med raspa ost og rømme – også dette i ein dobbel brødpose. Ta med ein bunke lefser. Varm kjøtblandinga i ein kjele, varsamt så det ikkje svir seg. Peik ut ein lefseansvarleg som deler ut lefsene i alle skåler eller fat rundt snøbordet. Ein er ansvarleg for å legga ost og rømme oppi lefsene og til slutt legg du ei solid ladning med varmt kjøtfyll oppi lefsene. Då blir det heilt stille ei stund.
FORORD
7
Solbriller, ei god steikepanna, nok smør og godt selskap. Det er noko av det som er aller viktigast å ha med ut på tur når sola skin.
8
FORORD
SMÅBRUKAR OG SMÅBARNSMOR MED BÅLLUKT I KLEDA Hei! Det er meg igjen, rotekoppen med godt augnamål. Ambulansearbeidaren som framleis elskar mat og å vera på tur, helst i kombinasjon. Eg er utdanna sjukepleiar og har studert to år med friluftsliv. Livet med sine krumspring har ført meg til Grønland som kajakk- og skiguide, til Mongolia på hesteryggen, og som kokk på hotell og luksuslodge. Abonnentar av Utemagasinet har lese turmatspalta mi i 10 år! Kveldane på årets skitur på Jostedalsbreen vart også i år avslutta med trerettars middag. Eg blir ikkje lei av god turmat. No er det seks år sidan eg gav ut mi fyrste bok. Og tru det eller ei – mange kjøpte den boka! Så no prøver eg att. Sidan den gong har eg kjøpt meg småbruk, gifta meg, fått to, snart tre, ungar og starta andelsgrønsakshage. Livet er framleis mykje ute, men det er ikkje like mange lange, harde turar som før. Det er fint, for naturen rundt huset og i bygda er ikkje så verst. Pandemien som tvang oss alle til å stoppa opp litt, har heilt sikkert synt fleire enn meg at naturen, både lokalt og nasjonalt, er bra. Du treng ikkje reisa langt. Mat på tur kan vera både i hagen, i parken, i skogen eller på ein fjelltopp. Eg har oppdaga kor mykje glede det kan vera i ei bålpanna, ein primusomn og fiksferdig-mat på termos. At ungar elskar å hjelpa til, og at det er til stor glede om ein berre legg ambisjonsnivået deretter. Dei som sa at livet kunne halda fram som før etter at ein fekk ungar, dei har anten ikkje fått ungar eller dei har gløymt livet som var. For det er ikkje det same! Det gir nemleg enorm meistring i å gå berre tre kilometer med pulk med ungen sovande baki. Eta god mat og nyta ein varm kaffikopp FØR ungen vaknar. Plukka opp heile bylten når hovudrolleinnehavaren vaknar, framleis innpakka i tusen lag, fiska fram sprengt
pupp for å servera perfekt blanda og temperert lunsj. Så blir det: Alternativ 1: Å susa heimover på nypreppa ski i sol frå blå himmel, med ein nøgd unge i pulken. Alternativ 2: Ploga heile vegen heim på dårleg føra og med sveitt samvit, med ein hylande unge i pulken. I denne boka håper eg du finn noko for kvar ein smak. Det er mat for store og små, for vennegjengen og for deg som nyt utsikta åleine. Inspirasjon for dei som likar å leita etter skattar i naturen, eller for dei som berre vil stikka innom butikken for å ta med noko mat på tur. Det treng ikkje vera avansert for å vera bra! Med litt planlegging, før kompisen tutar med bilen, eller du hjelper poden på med vottane, så kan du både imponera og nyta god mat og drikke på tur. Er du av dei som lengtar etter langtur, og har lyst til å legga sjela di i maten, så inneheld også boka energikaker som held seg lenge, tørking av mat og lure tips og triks. Drøym deg vekk. Bruk boka som påskot for å testa ny oppskrift ute, eller få nokre nye lure idear. Uansett, så ynskjer eg deg god tur og eit godt måltid – ute!
FORORD
9
Ha litt tolmod med bålet. Flammane skal legga seg litt og glørne komma fram før du legg på maten. Difor kan det vera lurt å fyra opp bålet før du gjer «alt anna».
10
MAT PÅ TUR
MAT PÅ TUR Turmat treng ikkje vera avansert. Det er du som legg lista.
Termos og nistepakke blir aldri feil, men det er ikkje vanskeleg å gjera litt meir ut av det heller. Ta middagen ute med vennegjengen eller familien, kanskje finn du ut at det er heilt topp. Mindre oppvask, meir moro, og ting er ikkje så nøye. Alt du kan laga inne kan du også laga ute, det er berre fantasien som set grenser. Bållukt i kleda er tøft. Du treng berre fyrstikker, ein primus, ein kjele, ein god turkopp og denne boka! Det er ein god start. Start med noko enkelt og avanser etter kvart. Sjølvtillit kjem med erfaring.
PRIMUS Ein god primus er kjekk å ha. Det finst dei som berre går på gass, og dei som kan fyrast opp på både bensin og gass. Bensin er smart å bruka når det kryp under 10 minus. Gass tek litt meir plass i sekken, men er tryggare og enklare å bruka. PRIMUSOMN
Eg er gjerne litt kjerringa mot straumen, for med denne boka har eg prøvd å visa at turmat kan vera enkelt. I førre bok hadde eg med både kokegrop og sjusteinomn. Det var også ein del om pakking av mat til ekspedisjonar. Bla gjerne i den boka for slike tradisjonsrike metodar, og om du planlegg langtur. Livet er i endring. No er det meir fokus på bål, primus, primusomn og fleire gode ting du kan gjera klart heima. I tillegg vil eg seia at det viktigaste er å komma seg ut. Det går fint an å stikka innom butikken på veg ut i den frie naturen. BÅL Verdas eldste varmekjelde går ikkje av moten. Det gjer noko med oss å sitja rundt bålet, pirka i veden og sjå på dei levande flammane. Mat laga på bål gir ei kjensle av meistring og så smakar det godt! Det er ein kunst å finna tørr ved, øv deg på det eller ta med litt heimafrå. Eit par tennbrikettar på innerlomma kan også senka frustrasjonen. Hugs alltid på brannfaren.
No kan du altså ta med deg steikeomnen under armen, trava ut i skogen og laga kaka og brød. Hurra for at verda går framover, og at slike nyvinningar dukkar opp. Ønsk deg ein til jul, og prøv du også. TERMOS Fyll på med heitt vatn, posepulver, pølser eller tørka mat, og lat termosen stå for resten. Då kan du hella ut, om ikkje heilt fullverdig middag, men i alle fall eit enkelt måltid. MATPAKKA Det treng ikkje berre vera skiva med brunost. Det kan vera salat, restar frå middagen i går, eller lefser med godt fyll. Finn fram ein brukt isboks og ta med deg maten ut. MAT PÅ TUR
11