1 minute read

Kristofer Uppdal

Kristofer Uppdal

Sauros-skratt hentet fra Altarelden (1920)

Advertisement

Nei eg døyr ikkje. Eg skal leva all æva.

Høyr mine hornvenger, Dei kyngjer, slamrar gjenom rømda.

Eg er ein flyg-sauros. Og hornvengene når stjernemalmen.

Eg knyt mine venger. Dei blir ein horn-kolb, og slår og stangar mot stjerneklokka, til all verda kyngjer og ringjer.

Det var det eg visste, eg hadde levd i den fyrste grå skoddemorgon, då alt var vår-rått og væte.

Eg var noko blautt, laust, utan form, som sukkane mine, desse daud-geisp som lyr, lik slurp under skorne.

Men upp or det våte, lause steig ein sauros. med hornvenger, steinvenger.

Eg kjende stein og hamrar voks or det lause, blaute i mi sjel og breidde seg ut ryggen,

som fjelltindar.

Ja no veit eg det. Eg er ein sauros som aldri døyr. Klørne mine krøkjer seg, røter seg i det gråvåte, formlause i Morgon-morgonen.

Og horntindane mine lyfter seg or natta og det store myrkret som renn ut frå alle tider.

Eg er ein sauros. Og min skratt er hornvengene sine dunkar mot stjerneklokkune.

Tonesatt av Mikael Aksnes-Pehrson og Martin T. Kvalø, se www.soundcloud.com/boygen

This article is from: