1 minute read

Kva lurar du på?

Det er sikkert mykje du lurar på. Kor mykje er klokka? Kvifor fell blada av trea om hausten? Kor høgt kan ein ball sprette? Kvifor er himmelen blå? Kor høg blir eg? Kva for eit dyr har verdsrekord i å halde pusten? Kor mange striper har ein tiger? Blir sukkeret borte når eg heller ei teskei sukker i eit glas med vatn? Om eg plukkar frå kvarandre denne pennen, klarar eg å setje han saman igjen så han verkar?

Noko er det lett å finne svar på. Men mykje av det du lurar på, er det vanskeleg å finne svar på. Og noko er det heilt umogleg å svare på.

Forsking startar ofte med at du har eitt eller fleire spørsmål du vil ha svar på. Vi seier at du har ei problemstilling.

Eit eksempel på ei problemstilling er: «Kor mange i klassen har kjæledyr?»

Når du lurar på noko, spør du andre menneske eller leitar etter svar i bøker eller på internett. Om du ikkje finn svar på problemstillinga di, må du gå vidare med å lage ein hypotese. Det kan du lese om på neste side.

ORD Å FORSTÅ

problemstilling – noko du lurar på

VISSTE DU AT

Sokrates var ein gresk mann som levde for omtrent 2500 år sidan. Han lurte på mykje rart og var kjend for måten han stilte spørsmål på. Han gjekk rundt i gatene og snakka med ungdom. Det likte ikkje dei som sat med makta. Dei meinte det var skadeleg for ungdommen. Etter ei rettssak dømde dei Sokrates til døden. Sokrates blir rekna som ein av dei første filosofane våre.

OPPGÅVE

Skriv ned tre ting du lurar på.

ORD Å SNAKKE OM

verdsrekord, forske, kjæledyr, filosof

This article is from: