![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/f468d0da48557e84780edb69f3b7d46c.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
Test fleire gonger
Når du testar noko, er det viktig å teste fleire gonger. For det er ikkje sikkert du får same resultat kvar gong. Når du testar noko fleire gonger, kan du rekne ut eit gjennomsnitt. Det er meir nøyaktig enn når du testar berre éin gong. I tillegg er det viktig at du utfører testen heilt likt kvar gong, slik at resultata frå dei same testane kan samanliknast.
Eit eksempel: De vil finne ut kor høgt ein ball sprett. De slepper ein ball i golvet og måler kor høgt han sprett. De gjer det same eksperimentet fleire gonger og kjem fram til eit svar. Det høyrest jo greitt ut. Men er de sikre på at alle i klasserommet gjer det på same måten?
ORD Å FORSTÅ
teste – prøve, måle eller undersøkje noko variabel – noko som kan variere, vere ulikt
VISSTE DU AT
Skiskyttarar og skihopparar er eksempel på idrettsutøvarar som øver gjentekne gonger på å gjere nøyaktig dei same bevegelsane kvar gong. på den måten prøver dei å redusere talet på variablar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/1b0f139f21f4efd65656747ba803c843.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
OPPGÅVE
kvifor er eit gjennomsnitt meir nøyaktig enn éi måling?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/e9e5ed69aac918ee5a8eb207171d8f2c.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Når du gjer fleire testar, er det viktig å gjere det heilt likt kvar gong. Berre små skilnader kan gjere at du får ulike svar. Brukar de same type ball? Slepper de han ned på same type underlag? Held de ballen like langt over golvet når de slepper han? Er nokre ballar kalde og nokre varme? Brukar de krefter når de slepper ballen? Det kan altså variere korleis eksperimentet blir gjort. Vi seier at type ball, type underlag og dei andre tinga som kan variere, er variablar i eksperimentet.
Kva trur du er den sikraste måten å gjere dette eksperimentet på, for å vere så sikker som mogleg på at det blir gjort heilt likt kvar gong?
ORD Å SNAKKE OM
samanlikne, gjennomsnitt