Naturfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok (kap. 1)

Page 16

Test fleire gonger! Når du testar noko, er det viktig å teste fleire gonger. For det er ikkje sikkert du får same resultat kvar gong. Når du testar noko fleire gonger, kan du rekne ut eit gjennomsnitt. Det er meir nøyaktig enn når du testar berre éin gong. I tillegg er det viktig at du utfører testen heilt likt kvar gong, slik at resultata frå dei same testane kan samanliknast. Eit eksempel: De vil finne ut kor høgt ein ball sprett. De slepper ein ball i golvet og måler kor høgt han sprett. De gjer det same eksperimentet fleire gonger og kjem fram til eit svar. Det høyrest jo greitt ut. Men er de sikre på at alle i klasserommet gjer det på same måten?

ORD Å FORSTÅ teste – prøve, måle eller undersøkje noko variabel – noko som kan variere, vere ulikt

VISSTE DU AT Skiskyttarar og skihopparar er eksempel på idrettsutøvarar som øver gjentekne gonger på å gjere nøyaktig dei same bevegelsane kvar gong. På den måten prøver dei å redusere talet på variablar.

14

NATURFAG 5 FRÅ CAPPELEN DAMM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.