1 minute read

Korleis testar du om svaret er riktig?

Next Article
Kva lurar du på?

Kva lurar du på?

Når du har komme fram til ein hypotese som du er nøgd med, må du teste om han stemmer. Dette kan gjerast på mange ulike måtar. Det som er viktig, er at du samlar informasjon om akkurat det du skal finne ut, slik at du får sjekka ut om hypotesen din stemmer eller ikkje. Vi kallar det «å samle inn data».

Her er nokre eksempel på korleis du kan gå fram for å teste ein hypotese: • søkje på internett eller lese bøker • gjere eit eksperiment • gjere observasjonar • intervjue folk • lage ei spørjeundersøking

Om du for eksempel lurar på kvifor blada fell av trea om hausten, eller kva dyr som har verdsrekord i å halde pusten, kan du søkje på internett eller lese den boka du held i no.

Om du lurar på kvar sukkeret blir av når du heller ei teskei sukker i eit glas vatn, kan du planleggje eit eksperiment. I naturfag er det vanleg å gjere eksperiment for å finne svar på ein hypotese.

VISSTE DU AT

ingen tigrar har heilt like striper, men hos alle tigrar står stripene loddrett på kroppen. Det er fordi tigrane skal vere vanskelege å sjå blant tre og buskar.

Om du lurar på kor mange i klassen som teiknar med høgre hand, kan du sitje og observere klassekameratane dine og telje dei.

Men kva metode er best å bruke for å finne ut kor mange i klassen som har kjæledyr? Du kan jo intervjue alle i klassen om livet deira og spørje om dei har kjæledyr? Eller arrangere ei spørjeundersøking der elevane svarar på om dei har kjæledyr. Eller be dei som har kjæledyr, om å rekkje opp handa, så kan du telje. OPPGÅVE

korleis vil du teste det du lurte på i oppgåva på side 9?

ORD Å FORSTÅ

data – informasjon eller fakta du treng for å finne svar på det du lurar på eksperiment – vitskapleg forsøk for å finne ut noko

ORD Å SNAKKE OM

teste, intervju, spørjeundersøking, observere, metode, loddrett

This article is from: