Naturfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok (kap. 1)

Page 14

Korleis testar du om svaret er riktig? Når du har komme fram til ein hypotese som du er nøgd med, må du teste om han stemmer. Dette kan gjerast på mange ulike måtar. Det som er viktig, er at du samlar informasjon om akkurat det du skal finne ut, slik at du får sjekka ut om hypotesen din stemmer eller ikkje. Vi kallar det «å samle inn data». Her er nokre eksempel på korleis du kan gå fram for å teste ein hypotese: • søkje på internett eller lese bøker • gjere eit eksperiment • gjere observasjonar • intervjue folk • lage ei spørjeundersøking Om du for eksempel lurar på kvifor blada fell av trea om hausten, eller kva dyr som har verdsrekord i å halde pusten, kan du søkje på internett eller lese den boka du held i no. Om du lurar på kvar sukkeret blir av når du heller ei teskei sukker i eit glas vatn, kan du planleggje eit eksperiment. I naturfag er det vanleg å gjere eksperiment for å finne svar på ein hypotese.

VISSTE DU AT Ingen tigrar har heilt like striper, men hos alle tigrar står stripene loddrett på kroppen. Det er fordi tigrane skal vere vanskelege å sjå blant tre og buskar.

12

NATURFAG 5 FRÅ CAPPELEN DAMM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.