3 minute read

Feilkjelder

Next Article
Del med andre

Del med andre

Du har lese at det er viktig å gjere eksperiment heilt likt kvar gong. Men det er ikkje alltid så lett. Når det er noko som blir gjort feil eller unøyaktig i eit eksperiment, seier vi at det er ei feilkjelde. Ei feilkjelde kan vere ei unøyaktig måling, eit apparat som ikkje verkar som det skal, feil blanding av stoff og væsker, utstyr som er sett saman på gal måte, feil i bøker og mykje anna.

Om du for eksempel byter ball midt i ballspretteksperimentet, er det ei feilkjelde. Då kan du plutseleg få andre målingar i eksperimentet. Dette gjer at dei samla resultata blir heilt feil. Det same skjer om du kasta den eine ballen hardt i golvet den eine gongen, mens du neste gong slepper han frå 1 meter over golvet. Då vil du få heilt ulike sprett på den same ballen, og det blir vanskeleg å bruke resultata fordi eksperimentet er gjort på så ulike måtar.

ORD Å FORSTÅ

feilkjelde – noko som gjer at du får feil svar i eit eksperiment

Det viktigaste er å vere klar over kva som kan vere feilen. Då kan du tenkje på om han er viktig eller ikkje for resultatet. Om feilen har stor betydning, bør du samle inn data på nytt.

Du kan også vere ei feilkjelde sjølv! Når det er noko du lurar på og vil teste ut, har du ofte eit ønske om kva svaret skal vere. Eller så forventar du kva svaret skal vere, ut frå det du har lese eller høyrt på førehand. Det at du føler, ønskjer eller forventar noko, kan påverke kva og korleis du observerer. Det er lett å tenkje at dei observasjonane som stemmer med det du forventar, er viktigare enn dei som ikkje stemmer med det du forventar.

Det er heilt vanleg at det oppstår nokre feil når du samlar inn data. Dette er ein fin måte å lære noko på. Du lærer korleis noko skal gjerast, ved først å gjere det feil. Ved å endre på ting undervegs, eller begynne på nytt, kan du leite deg fram til den beste måten å teste på.

VISSTE DU AT

i 1912 skulle det største skipet i verda, titanic, reise frå England til USa. Det blei sagt at dette skipet ikkje kunne søkke. Men allereie på den aller første turen kolliderte skipet med eit isfjell og sokk. 1500 menneske døydde. Det var feil både med yttersida på skipet og materialane skipet var bygd med.

ORD Å SNAKKE OM

røntgenbilete, elektrisitet, millimeter

Mange store oppdagingar har blitt gjorde når forskarane eigentleg forska på noko heilt anna. Eit eksempel: Tannlegen tek gjerne røntgenbilete for å sjå om du har hol i tennene dine. Og om du har vore uheldig og skadd armen din eller beinet ditt, blei det sikkert teke røntgenbilete for å sjå om noko var brekt? Mannen som oppdaga røntgen-strålane, forska eigentleg på elektrisitet. Heilt tilfeldig oppdaga han strålar som lyste tvers gjennom ting. Det aller første røntgenbiletet var av handa til kona til forskaren. Kva forskaren heitte? Röntgen, sjølvsagt! Eit anna eksempel er ein forskar som jobba med å lage ein reiskap som skulle brukast på skip. Ein dag datt det ned ei fjør. Og ho hoppa av stad bortover golvet. Trappetrollet var funne opp! Eller forskaren som fann opp cola. Cola blei laga som ein medisin mot mellom anna hovudverk, men blei mykje meir populær då forskaren blanda vatn og kolsyre i medisinen og selde han som tørstedrikk.

OPPGÅVE

Gå saman tre og tre og mål lengda på ein pult. De skal måle lengda på pulten kvar for dykk, utan at dei andre på gruppa ser på. Mål til nærmaste millimeter. Noter dei tre hemmelege målingane dine. til slutt skal de samanlikne resultata. Fekk du likt resultat kvar gong, og fekk de tre på gruppa same resultat?

This article is from: