Feilkjelder
Du har lese at det er viktig å gjere eksperiment heilt likt kvar gong. Men det er ikkje alltid så lett. Når det er noko som blir gjort feil eller unøyaktig i eit eksperiment, seier vi at det er ei feilkjelde. Ei feilkjelde kan vere ei unøyaktig måling, eit apparat som ikkje verkar som det skal, feil blanding av stoff og væsker, utstyr som er sett saman på gal måte, feil i bøker og mykje anna. Om du for eksempel byter ball midt i ballspretteksperimentet, er det ei feilkjelde. Då kan du plutseleg få andre målingar i eksperimentet. Dette gjer at dei samla resultata blir heilt feil. Det same skjer om du kasta den eine ballen hardt i golvet den eine gongen, mens du neste gong slepper han frå 1 meter over golvet. Då vil du få heilt ulike sprett på den same ballen, og det blir vanskeleg å bruke resultata fordi eksperimentet er gjort på så ulike måtar.
18
NATURFAG 5 FRÅ CAPPELEN DAMM
ORD Å FORSTÅ feilkjelde – noko som gjer at du får feil svar i eit eksperiment