![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/c97090e59ffc06ab2c90ff0e1bf20f88.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
2 minute read
Å bruke modellar i naturfag
Ein modell er ei forenkling av verkelegheita. I naturfag brukar vi modellar for å kunne vise eller forklare korleis ting heng saman.
Utan at du kanskje har tenkt over det, brukar du modellar sjølv. No skal du lære meir om kva det er.
Ein venn som ikkje går i klassen din, spør kvar i klasserommet du sit. Du teiknar opp klasserommet med pultane, tavla, dør og vindauga. Teikninga di er ein modell av klasserommet, ei forenkling av det verkelege klasserommet.
Ved å sjå på teikninga kan vennen din enkelt forstå kvar i klasserommet du sit. Teikninga fortel likevel ikkje noko om fargen på veggen, luktene i rommet eller at golvet er slite. Dette viser at modellar kan vere nyttige, men at dei ikkje fortel alt.
I naturen er det mange ting det er vanskeleg å forklare. Då kan modellar hjelpe oss med å få oversikt.
ORD Å FORSTÅ
modell – forenkling av verkelegheita
ORD Å SNAKKE OM
forenkle, organ
OPPGÅVE
kva er forskjellen på ein modell av ein kropp og ein ekte kropp?
Modellar av menneskekroppen
Det er vanskeleg å beskrive korleis mennesket ser ut inni. Om du er heldig, så har de éi eller fleire dokker av menneske på naturfagrommet. Med organ som kan takast ut? Dette er ein god modell for å forstå korleis organa ser ut, og kvar i kroppen dei er plasserte.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/fe7e23337abf6205096074bb400e8346.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Om du ikkje har slike dokker, kan ei teikning vere ein fin modell. Då kan du for eksempel vise kva som skjer med ein brødbit frå du puttar han i munnen, og til han kjem ut som bæsj.
Les meir om menneskekroppen og organ i kapittel 4.
munn
matrøyr
tjukktarm
tynntarm svelg
magesekk
endetarm
Utforsk
tenk ut eit eksempel på ein modell, men vel noko anna enn det du har lese om her. læraren skriv opp alle forslaga på tavla. Snakk saman i klassen om kva som er forskjellen på modellane og dei ekte tinga.
Modell av solsystemet vårt
Jorda har ein måne som krinsar rundt ho. Og jorda krinsar rundt sola. Det er ho ikkje åleine om: Det er til saman åtte planetar som krinsar rundt sola, i kvar sin bane. Dette er ganske komplisert. Då er det fint å kunne bruke ein modell som viser dette på ein enkel måte. Modellen viser planetane og kva rekkjefølgje dei ligg i. Det som ikkje kjem fram i ein slik modell, er storleiken på sola og planetane og kor stor avstand det er mellom dei.
ORD Å SNAKKE OM
solsystem, planet, krinse Finn du jorda i denne modellen av solsystemet vårt? Kor mange andre planetar ligg mellom sola og oss?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/8418a20e791f94a00909a770ef9d86a5.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
VISSTE DU AT
i london er det eit museum som heiter Madame tussauds vokskabinett. Her er det modellar av berømte personar, laga i voks.
Her jobbar dei med modellen av artisten Ariana Grande.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/6f028a6740df119deef7e84a94b5d708.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/76e7e24480890cd33cffdd779a83cab0.jpeg?width=720&quality=85%2C50)