![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/e4946f472784de79c6307c1e34770699.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
Oppgåver
Les og svar
1 kva er ei problemstilling? 2 kva er ein hypotese? 3 Nemn tre måtar du kan teste ein hypotese på. 4 kva er ein observasjon? 5 kva er ei slutning? 6 kvifor er det viktig å teste ein hypotese fleire gonger? 7 Forklar kva ein modell er. Nemn tre eksempel på modellar. 8 korleis kan planter vere nyttige for dei som lagar medisinar?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/00e5373ecba9e611a74551533a79b114.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Gjer og lær
1 Bruk fem minutt åleine, og skriv ned alt mogleg du lurar på. Jobb saman to og to. Sjå på kva de har skrive ned. Bli einige om kva spørsmål det er mogleg å teste og ikkje. 2 Bland oppvaskmiddel med vatn i ein kopp. Bruk ein såpeboblepinne og blås såpebobler. Blir det like store bobler kvar gong? Om det er vinter og kuldegradar ute, gå ut og blås såpebobler. prøv å blåse såpebobler som ikkje sprekk. Finn ut tre variablar som kan gjere at de ikkje får same resultat kvar gong. 3 kva flyt, og kva søkk? Jobb i grupper på fire. ta ein balje og fyll han halvvegs opp med vatn. Finn fem gjenstandar i klasserommet eller ute som de tenkjer at anten flyt eller søkk. pass på at tinga toler vatn! lag ein tabell og set opp ein hypotese om dei ulike tinga. test om tinga flyt eller søkk. Stemte det med hypotesen? test fleire gonger. Er resultatet likt kvar gong? Finn nokre variablar som kan vere feilkjelde. kvifor er det noko som flyt, og noko som søkk? Er det noko som søkk nokre gonger og flyt andre gonger? teikn og prøv dykk på ei forklaring. 4 Finn tre tekstar om at barn ikkje bør sitje ved ein skjerm heile dagen. kva kjelder oppgir dei som har skrive tekstane? kva tekst trur du mest på, og kvifor? 5 teikn to modellar av eit rom heime. Bruk fem minutt på den første modellen. Bruk 15 minutt på den andre modellen. kva er den største forskjellen på dei to modellane? kva av dei to modellane viser rommet best?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/a42a91b32e1a1f114c49dcf6f8029440.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
OPPGÅVER
Snakk saman
1 kva er ei god problemstilling? alle tenkjer kvar for seg og skriv ned tre problemstillingar som har med naturen å gjere.
Jobb saman to og to. Vel dei to beste problemstillingane. kvifor vel de akkurat desse? kva er det som er bra med dei? Blir dei endå betre om de skriv dei litt om? Del det de bestemmer dykk for, med klassen. læraren skriv opp alle problemstillingane. Er alle einige i at problemstillingane er gode?
Grunngi svaret. 2 Snakk saman i grupper om kvifor kjeldekritikk er viktig. kva konsekvensar kan det få om du ikkje er kritisk når du les eller høyrer noko? Vel ein sekretær som skriv ned det de kjem fram til. Gjerne stikkord. 3 Vi kallar menneske som viser fram klede eller sminke i reklamar, for fotomodellar. passar fotomodellar inn i det de har lært om modellar? kvifor / kvifor ikkje? 4 Sjå på eit bilete av ein båt frå vikingtida og ein motorbåt.
Rams opp det som er likt og ulik mellom dei to. læraren set det opp på tavla. kva kan den som bygde motorbåten, ha teke med seg av kunnskap om vikingbåten?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/1cac36082ebf3013494b0684b6c4f1f0.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Gå vidare
1 les artikkelen om 7. trinn på Hedemarken friskole som ville finne ut kvifor mange jenter har langt hår. kva hypotesar laga klassen? korleis er hypotesane testa ut? kan du finne nokon moglege feilkjelder? artikkelen frå Nysgjerrigper finn du ved å skrive «kvifor har jenter langt hår» i søkjefeltet. 2 Det er mange som er ueinige i om trening er bra for barn eller ikkje.
Finn ulike tekstar om dette på nettet. presenter det du finn, for klassen.
Bruk det du har lært om kjeldekritikk, og sjekk kjeldene. 3 ta kontakt med nysgjerrigper.no, skuleavisa, Dagsavisen Ung, aftenposten Junior eller andre aviser, nettstader eller blad der du tenkjer at det går an å få publisert noko. Finn ut kva dei vil du skal tenkje på når du sender dei noko du ønskjer å publisere. 4 Finn nokre andre modellar som vi brukar i naturfaget, enn dei som står i boka. på kva måte er dei nyttige? 5 Finn eit eksempel på kunnskap som naturvitskapen har hatt nytte av. Finn noko det ikkje står om i kapittelet.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211116141916-2744b02c39c64c226125704849a0ee6c/v1/ac4b553d3b92b8f7062c86f8b691158d.jpeg?width=720&quality=85%2C50)