Sara Blikstad Nyegaard
Tekstbok
Grunnleggjande norsk
Innhald
Hei,
Heilsetningar ....................................
Substantiv: særnamn og samnamn, eintal og fleirtal .................
Substantiv:
Familie
Pronomen: personleg pronomen, refleksivt pronomen .......................... Oppgåver ........................................
Verb: infinitiv, presens ....................... Modalverb ........................................
Eigedomsord .................................... Oppgåver ........................................
Bli kjend med boka
I Norsk start 8–10 frå Cappelen Damm lærer elevane grunnleggjande norsk gjennom utforsking og samarbeid. Læreverket følgjer fagfornyinga og læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, med vekt på tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter i faget, slik dei blir skildra i LK20. Verket har som mål å ruste elevane til å delta i sosiale fellesskap og vidare utdanning, gjennom kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Eit viktig prinsipp i Norsk start er å anerkjenne og byggje vidare på dei språklege og kulturelle erfaringane og ferdigheitene til elevane, og la dei oppleve og utvikle eit ressursperspektiv på sin eigen bakgrunn.
Temabaserte kapittel
Kapitla i Norsk start 8–10 er knytte til ulike tema. Her byggjer elevane opp eit ordforråd på norsk, etablerer språklæringsstrategiar og utviklar tale-, lese- og skriveferdigheiter på norsk. Heile boka er basert på integrert språk- og fagopplæring, og faglege tema som er knytte til kvart kapittel, blir introduserte gjennom tekst, bilete og oppgåver. Fagspråk blir introdusert heilt frå starten.
Oppbygginga av kapitla
Kvart kapittel startar med ei introduksjonsside med samtalebilete, mål, opne spørsmål og tankekart. Dette opnar for samtale og refleksjon. Det er alltid eitt eller fleire spørsmål i kvart oppslag, og ei oppgåve der elevane skal arbeide med tankekartet. Dette kan gjerast i fellesskap, i grupper eller individuelt, og læraren kan velje å strukturere denne prosessen etter behov. Det er eit mål å løfte fram forkunnskapane til elevane og skape engasjement rundt temaet. Læraren kan stille ulike spørsmål, oppfordre til bruk av morsmål og leggje opp til aktivitetar som passar for nivået og storleiken til gruppa.
Kva gjer du på fritida?
Ulike typar oppgåver
Deretter kjem ein kort introduksjonstekst som er knytt til biletsider som er eigna for samtalar, rollespel, lesetrening og tekstskaping.
Boka introduserer ulike sjangrar gjennom eksempeltekstar og viser fram sjangerkjenneteikn og lesestrategiar saman med ulike typar oppgåver.
Kapitla har oppgåvesider som samanfattar og gir eit tilbakeblikk på kva kapittelet har dreidd seg om.
Til slutt kjem ein grammatikkdel som innbyr til utforsking og samanlikning med andre språk.
Progresjon og differensiering
Snakk saman og skriv
Vanskegradar
Boka legg opp til progresjon og blir gradvis meir avansert. Samtidig tek boka omsyn til ulik progresjon og ulikt starttidspunkt hos elevane ved at innhaldet lett kan differensierast. Norsk start er fleksibel i den forstand at læraren kan leggje opp til ulike løp, men samtidig jobbe med same stoff – i same bok.
Dei ti første kapitla inneheld tekstar med ulik vanskegrad. Desse tekstane handlar om det same, men gir litt ulik informasjon, slik at alle kan bidra i diskusjon og arbeid med teksten i fellesskap. Oppgåvene er opne, og læraren kan lett instruere ut frå kva som eignar seg for gruppa eller kvar enkelt elev. Bilete og illustrasjonar er presenterte med tanke på å lage inngangar til stoffet for elevane, uavhengig av norskkunnskap.
• marg
• ordliste
• omgrep
I margen finn elevane ordlister til alle tekstane. Dei kan brukast på fleire måtar: Elevane kan slå opp orda, forklare omgrepa med eigne ord, jobbe i grupper med ulik samansetjing og bruke orda som utgangspunkt for utvida omgrepsarbeid eller tekstarbeid.
1
Hei, alle saman
Du lærer
• å presentere deg sjølv
• å stille og svare på enkle spørsmål
• å snakke om korleis du har det
• å be om hjelp og stille enkle spørsmål
• om substantiv
Snakk saman
Kva ser de? Kva gjer han?
Korleis seier du «hei» på ditt morsmål?
Korleis helsar folk i heimlandet ditt?
Lag eit tankekart
Lag eit tankekart. Skriv «hei» i midten, og skriv «hei» på ulike språk rundt.
Hei! Kven er du?
Hei! Eg heiter Marius.
Eg er 13 år.
Eg kjem frå Noreg.
Eg bur i Oslo.
Hei, alle saman!
Eg heiter Nimco.
Eg er 68 år.
Eg bur på Lillehammer no, men kjem frå Nigeria.
Hei! Eg heiter Milena.
Eg er frå Portugal.
Eg er 58 år gammal.
Eg bur i Namsos.
Hei! Eg heiter Reza.
Eg er nesten 60 år.
Eg kjem frå Iran. No bur eg i Stavanger.
Hallo! Eg heiter Laksmi.
Eg kjem frå Nepal.
Eg er 16 år gammal.
Eg bur i Bodø.
God dag! Eg er Maria.
Eg er snart 17 år gammal.
Eg kjem frå Mexico, men har budd i Oslo i fire år.
Hallo! Eg heiter Haron.
Eg er 8 år gammal.
Eg kjem frå Somalia. No bur eg på Røros.
• hei
• heite
• gammal
• femten
• fjorten
• Polen
• Syria
• månad
• år
• like
• sakne
• ven
Hanin og Peter
Hanin: Hei! Eg heiter Hanin. Kva heiter du?
Peter: Hallo. Eg heiter Peter. Kor gammal er du?
Hanin: Eg er femten år. Kor gammal er du?
Syria
Har du vore i Noreg lenge?
Eg har vore i Noreg i tre månader
Peter: Eg er fjorten år. Kvar kjem du frå? Eg kjem frå Polen
Peter: Eg har vore her i to år Likar du å vere her?
Ja, det likar eg. Men eg venene mine i Syria.
Peter: Ja, eg saknar også vener frå Polen. Men eg har mange vener i Noreg no.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kven snakkar saman?
• Kvar kjem Hanin frå?
• Kor gammal er Peter?
• Kor lenge har Hanin vore i Noreg?
• Likar Hanin å vere i Noreg?
• Kva heiter du?
• Kor gammal er du?
• Kvar kjem du frå?
Snakk saman og skriv
• Kor lenge har du vore i Noreg?
• Likar du å vere i Noreg?
• Kva saknar du frå heimlandet ditt?
Snakk saman
Lag rollespel. Byt på å vere Hanin og Peter.
Korleis har du det?
Eg har det bra.
Eg er glad.
Eg har det ikkje bra.
Eg er lei meg.
er redd.
Eg er svolten.
Bruk setningane og lag rollespel.
• bra
• trøytt
• sove godt
• klare
• spele
• nokre gonger
Korleis har du det i dag, Peter?
Peter: Korleis har du det i dag?
Hanin: Eg har det bra. Du då?
Peter: Eg er veldig trøytt
Hanin: Haha. Har du ikkje sove godt i natt, Peter?
Peter: Nei, eg klarte ikkje å sove. Eg spela på mobilen min.
Hanin: Det gjer eg også nokre gonger
Snakk saman g skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
Korleis har Hanin det? Har Peter sove godt? Kvifor er Peter trøytt?
Kan du hjelpe meg?
Kvar skal vi no?
Det er i gangen! Eg skal vise deg.
Kvar er toalettet?
Når skal vi ete?
Når kjem bussen?
Vi skal gå til klasserommet.
Vi skal ete om ein time.
Kor mykje kostar ein brus?
Kan eg få hjelp?
Kvar er Fatima?
Snakk saman
Lag rollespel av samtalane.
HEILSETNINGAR
Forteljande setningar: Eg et ein banan.
Spørjesetningar: Kva et du?
Imperativsetningar: Et no!
Snakk saman
Kva er ei setning?
Kvar i setningane står verbet?
Når brukar vi . , ? og !?
SUBSTANTIV
Ord som fortel kva noko eller nokon heiter, kallar vi substantiv.
Substantiv kan vere særnamn eller samnamn
Bestemte personar eller bestemte stader har særnamn. Samnamn skriv vi med stor bokstav først: Tatiana, Sara, Oslo, London, Noreg, Irak.
Ord som ein stol, ein sekk, ei bok, ei lue, ei jakke, ein by og eit land kallar vi samnamn fordi dei er felles for alle av den typen.
Ofte står det ein, ei eller eit framfor eit fellesnamn. Ein, ei og eit kallar vi for ubestemt artikkel
Ubestemt artikkel viser kva kjønn orda er:
Hankjønn: ein gut, ein genser, ein sekk, ein stol, ein ven, ein film
Hokjønn: ei jente, ei hue, ei sol, ei klokke, ei heimelekse
Inkjekjønn: eit flagg, eit språk, eit vindauge, eit bord, eit skjerf, eit sjal
BØYING AV SUBSTANTIV
Når vi bøyer eit substantiv, forandrar vi det på bestemte måtar.
Eintal og fleirtal
Eintal: ein gut, ei jente
Fleirtal: to gutar, fleire jenter
Substantiv sluttar gjerne på -ar eller -er i fleirtal.
Nokre har inga ending.
Inkjekjønnsord og nokre hankjønnsord, får inga ending i fleirtal:
Eintal: eit år, ein ting, ein feil, eit spel, eit språk
Fleirtal: ti år, mange ting, fleire feil, to spel, tre språk
Nokre ord har spesielle former i fleirtal:
Eintal Fleirtal
ei søster to søstrer
ein bror to brør
ei mor to mødrer
ein far
ei bok to bøker
ein fot to føter
ein mann to menn
ein son
Bøyer ein substantiv på ditt
to brør
Oppgåver
Kople saman.
Kople saman ord med rett bilete.
1. hei
2. sint
3. glad
4. lei seg
5. trøytt
6. svolten
Presenter deg sjølv. Skriv ein tekst om deg sjølv.
Fyll inn.
… er Mati i dag?
Han er heime.
… har du det?
Eg er litt lei meg i dag.
… skal du ete i lunsjen i dag?
Eg skal ete banan og ris.
Skriv spørsmål. Lag fem spørsmål til ein du vil bli kjend med. 4
Skriv til biletet.
Skriv ord, setningar eller ein tekst som passar til dette biletet. 5
På skulen
norske namn på personar, ting og stader som har med skule å gjere
lesestrategiar for å forstå enkle tekstar om timeplan og reglar på skulen
Kva ser du i klasserommet?
Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt?
Lag eit tankekart. Skriv «skule» i midten og skriv alt som har med skulen å gjere, i tankekartet. Du kan bruke både norsk, morsmål og andre språk du kan.
På skulen
Kva gjer du på skulen? Her lærer du ulike fag, til dømes matematikk, språk, naturfag og musikk. Du lærer å lese, rekne, skrive og snakke med andre. Skulen er meir enn berre fag. På skulen får du vener, du møter vaksne som kan hjelpe deg, og du lærer å jobbe saman med andre. Målet med skulen er at elevar skal lære noko og få eit bra liv.
• ulik
• fag
• døme
• matematikk
• språk
• naturfag
• musikk
• lese
• rekne
• skrive
• snakke
Eg likar matematikk.
Dette er ein blyant.
Dette er ei bok.
Musikk er mitt favorittfag.
Skulen vår heiter Furutoppen ungdomsskule.
Eg er lærar i denne
Dette er biblioteket.
I norsktimane pleier vi å snakke, lese, skrive og spele rollespel. Korleiserdetpå
Kva er ei forteljing?
Forteljingar er ofte dikta opp, men kan også vere historier frå den verkelege verda.
Når du les forteljingar, er det fleire ting du må tenkje på.
• Kven handlar det om?
• Kvar skjer det?
• Kva skjer?
• Kva for ei kjensle får du av teksten? Blir du trist eller glad?
• Kva er det forteljinga vil seie? Vil ho lære deg noko?
Kva kan det vere?
• forteljing
• dikta opp
• verkeleg
• lese
• tenkje
• handle om
• kjensle
Snakk saman
Kva tyder «dikta opp»?
Er alle forteljingar dikta opp?
Kva kan du tenkje på når du skal lese ei forteljing?
Kva for kjensler kan ein tekst gi deg?
Sjå på bilete og overskrift, og tenk før du les. Kva trur du denne forteljinga handlar om?
Fortel att teksten til nokon andre som også har lese teksten. Er de einige om kva teksten handlar om? Diskuter kva de trur forteljinga vil at de skal føle eller lære.
• timeplan
• no
• etterpå
• gym
• norsktime
• prøve
• tulle
• lese
• dyr
• film
• snakke
• skrive
• teikne
Fortel att historia for deg sjølv, gjerne på morsmål.
Les teksten fleire gonger, og stopp der du ikkje forstår. Slå opp ord du ikkje forstår i ei ordbok, eller spør om hjelp.
Hadde de same meiningar om teksten? Kva synest du om teksten? Har du opplevd noko liknande?
Kva skal vi gjere i dag, lærar?
Dette er klassen til Zion.
Zion: Kva skal vi gjere i dag, lærar?
Lærar: Kva står det på timeplanen?
Mino: Vi har norsk no, og etterpå er det gym.
Zion: Kva skal vi gjere i norsktimen?
Lærar: I dag skal vi ha ei prøve
Elevane: Å nei! Ikkje prøve no! Vi har ikkje lese.
Lærar: Nei. Eg berre tullar! Vi skal lese om dyr i dag. Vi skal sjå film, snakke, skrive og
Alle elevane ler. Alle er glade for at læraren berre tulla.
• timeplan
• rekkje opp
• hand
• no
• etterpå
• gym
• tur
• prøve
• urettferdig
• smile
• tulle
• lese
• dyr
• film
• skrive
• snakke
• saman
• teikne
• le
Kva skal vi gjere
i dag,
lærar?
Zion, Mino og Tine sit i klasserommet.
«Kva skal vi gjere i dag, lærar?» spør Zion.
«Kva står det på timeplanen?» spør læraren.
Ein gut som heiter Mino, rekkjer opp handa. «Vi har norsk no, og etterpå er det gym», seier Mino.
«Nei, vi skal på tur i dag», seier Tine.
«Nei, det er neste måndag», seier læraren.
«Men kva skal vi gjere no då?» spør Zion.
«I dag skal vi ha ei prøve», seier læraren.
Alle i klassen ser på læraren.
«Vi har ikkje lese. Det er urettferdig!» seier Tine. Ho er sint på læraren.
Læraren smiler.
«Eg berre tullar! Vi skal ikkje ha prøve i dag. Vi skal lese om dyr
Vi skal sjå ein liten film, skrive, snakke saman og teikne», seier læraren.
Klassen ler. Alle er glade for at læraren berre tulla.
• klasserom
• rekkje opp
• hand
• timeplan
• no
• etterpå
• gym
• tur
• norsktime
• prøve
• urettferdig
• smile
• tulle
• lese
• dyr
• film
• skrive
• snakke
• saman
• teikne
• le
Kva skal vi gjere
i dag, lærar?
Det er måndag morgon. Elevane sit i klasserommet
Zion rekkjer opp handa
«Kva skal vi gjere i dag, lærar?» spør han.
«Kva står det på timeplanen?» spør læraren.
Mino rekkjer opp handa.
«Vi har norsk no, og etterpå er det gym», seier Mino.
«Skal vi ikkje på tur?» spør Tine.
«Nei, det er neste måndag», seier læraren.
«Men kva skal vi gjere i norsktimen då?» spør Zion.
«I dag skal vi ha prøve», seier læraren.
Alle i klassen ser på læraren.
«Vi har ikkje fått vite at det skal vere prøve!
Det er urettferdig», seier Tine. Ho er sint på læraren.
Læraren smiler.
«Eg berre tullar! Vi skal ikkje ha prøve i dag. Vi skal lese ein tekst om dyr
Vi skal sjå ein liten film, skrive, snakke saman og teikne», seier læraren.
Klassen ler. Alle er glade for at læraren berre tulla.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kven er Zion?
• Kva dag er det?
• Kvar er klassen?
• Kva spør Zion om?
• Kvifor seier læraren at det er prøve i dag?
• Kva skal klassen gjere i norsktimen?
Utfordring!
Tenk på kva teksten fortel deg.
Lag spørsmål med Kva …? Kven …?
Kvifor …? Når?
Spør kvarandre.
• timeplan
• innføringsklasse
• ulik
• nokon
• time
Timeplanen til klassen
Dette er timeplanen til Zion. Han går i innføringsklasse saman med elevar frå ulike land. Han er snart ferdig i innføringsklassen. Han skal begynne i 9A. Zion er allereie med 9A i nokre timar
Dag og tidMåndagTysdagOnsdagTorsdagFredag
08.00–09.00 NorskSamfunnsfagNorsk Engelsk 9A Norsk
09.00–09.15 PausePausePausePausePause
09.15–10.30 Norsk Mat og helse Kunst og handverk Naturfag Gym 9A
10.30–11.00 MatpauseMatpauseMatpauseMatpauseMatpause
11.00–12.45 MatematikkNorskNorskNaturfagMatematikk
12.45–13.00 PausePausePausePausePause
13.00–14.00 Musikk 9A MorsmålSamfunnsfagNorskNaturfag
Skriv
Forstå timeplanen
Svar med heile setningar
• Kva dag har Zion gym?
• Kor mange timar med naturfag har Zion kvar veke?
• Kor lenge er Zion på skulen på onsdagar?
• Når er det matpause?
• Kor lenge varer matpausen?
• Kva fag har Zion saman med 9A?
• Kor mange timar musikk har Zion kvar veke?
• ny
• gle seg
• spansk
• morsmål
• hjelpe
• vise
• idé
• hugs
• kantine
• bibliotek
• toalett
• gymsal
Maria og Carlos
Elevane sit i klasserommet.
I dag kjem det ein ny elev. Ho heiter Maria. Carlos gler seg, fordi Maria snakkar spansk. Det har læraren fortalt til klassen.
– Det blir fint å få ein ny elev som eg kan snakke morsmålet mitt med, seier Carlos.
Læraren seier til Carlos at han kan hjelpe den nye jenta når ho kjem.
– Kan eg vise henne skulen? spør Carlos.
– Ja, det er ein god idé, svarar læraren.
– Hugs å vise henne kantina, biblioteket, toaletta og gymsalen
– Det skal eg gjere! seier Carlos.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kvar er elevane?
• Kven kjem i dag?
• Kvifor gler Carlos seg?
• Kva er morsmålet til Carlos og Maria?
• Kven skal hjelpe den nye jenta?
• Korleis vil Carlos hjelpe Maria?
• Kva må Carlos hugse å vise til Maria?
Snakk saman
Kva kan de gjere for å hjelpe ein ny elev?
Kva skjer i dei ulike romma på skulen?
klasserom klasserom klasserom klasserom klasserom bibliotek gong kontor inngang kantine helsesjukepleiar
garderobe vaktmeister kunst og handverk kunst og handverk naturfag mat og helse
garderobe
• vondt i hovudet
• gym
• lage mat
• pause
• ete gymsal
Skriv
Forstå illustrasjonen
Svar med heile setningar
• Dersom elevane har vondt i hovudet, kan dei gå hit.
• Elevane har gym her.
• I dette rommet kan elevane lage mat
• Her går elevane for å kome til klasserommet.
• Her kan elevane vere i pausen.
• Her kan elevane ete maten sin.
• vondt
• hovud
• rekkje opp
• hand
• slå
• friminutt
• blod
• helsesjukepleiar
• bli med
Olga har vondt
Ho har vondt i hovudet
Ho rekkjer opp handa og seier:
«Eg har vondt i hovudet.»
«Kvifor har du vondt?» spør læraren.
«Eg slo hovudet i friminuttet», svarar Olga.
Læraren ser på hovudet til Olga.
«Her er det blod! Du må gå til helsesjukepleiaren
Noora, kan du bli med Olga til helsesjukepleiaren?» spør læraren.
«Ja, det kan eg. Kom, Olga!» seier Noora.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kvar har Olga vondt?
• Kva har skjedd med Olga?
• Når har Olga slått seg?
• Kvar skal Olga og Noora?
• Kvifor skal Noora vere med?
Snakk saman
Kva trur de skjer med Olga hos helsesjukepleiaren?
Skriv ned nokre stikkord.
• tak
• vil ikkje
• gammal
• kjekk
• basket
• danse
• cricket
• alle
• saman
• velje
• bestemme
• like
Behem
Behem ser i taket. Han er lei seg.
«Eg vil ikkje spele fotball», tenkjer Behem.
På den gamle skulen til Behem, i India, var det kjekt å ha gym.
Der spela dei basket, dansa og spela cricket
Alle klassane hadde gym saman, og alle kunne velje kva dei ville gjere.
I Noreg er det ikkje sånn. Her må alle gjere det læraren har bestemt. Læraren likar berre fotball.
Alle vil spele fotball kvar gong. Men ikkje Behem. Han likar ikkje fotball.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kva tenkjer Behem?
• Kva gjorde Behem i gymtimen i India?
• Kven bestemte kva Behem skulle gjere i gymtimen i India?
• Kven bestemmer kva Behem skal gjere i gymtimen i Noreg?
Snakk saman
Fortel kva som skjedde i teksten. for er Behem lei seg? Kven kan hjelpe Behem?
• regel
• saman
• trygg
• mest mogleg
• utanfor
• til dømes
• lage
• forskjellig
• greitt
• eigne
• rydde
• etter
• høfleg
• takk
• unnskyld
• respekt
• type
• kvarandre
Mange reglar på skulen
Reglane på skulen er der for at alle skal ha det bra saman, for at alle skal vere trygge, og for at alle skal lære mest mogleg
Nokre reglar på skulen er dei same som reglane utanfor skulen. Det er til dømes ikkje lov å seie stygge ting til kvarandre eller prøve å få andre til å føle seg dårleg. Vi må alltid gjere det vi kan for at alle skal ha det bra.
Nokre reglar har skulen laga sjølve. Dei er ulike på forskjellige skular. På nokre skular er det ikkje lov å bruke mobiltelefon eller ete i klasserommet. På andre skular er dette greitt. Klassen lagar ofte også eigne reglar. Det kan vere at elevane må rekkje opp handa når dei vil seie noko, eller at alle ryddar på pulten sin etter kvar time.
Å vere høfleg er viktig både på skulen og andre stader. Å vere høfleg er å seie hei, takk, unnskyld, ikkje snakke medan andre snakkar, og mykje meir.
Å vise respekt for andre er også ein type regel. Alle må vise respekt for kvarandre for at vi skal ha det bra på skulen. Men kva tyder respekt? Korleis viser vi respekt på skulen? Å snakke om respekt i klassen kan gjere at alle får det betre på skulen.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kvifor har skulen reglar?
• Kva for reglar gjeld både på skulen og utanfor skulen?
• Kva slags reglar lagar skulen sjølv?
• Kva slags reglar lagar klassen?
• Kva er å vere høfleg?
• Kva er å vise respekt?
Utfordring!
Denne teksten er ikkje ei forteljing. Korleis er han annleis enn forteljingar?
Tenk over kva teksten fortel deg.
• lov
• telefon
• bord
• sitje
• bestemt
• hyggjeleg
• likevel
et. Det har mamma bestemt
«Vi skal snakke saman og ha det hyggjeleg», seier ho.
• nokre gonger
• vaksne
• jobbe
• ordne
• urettferdig
• rett
• følgje
• leggje
• stove
• ingenting
Pappa og mamma brukar likevel telefon medan dei et nokre gonger
Teo seier at det ikkje er lov.
Då seier dei vaksne: «Men vi jobbar!» eller «Eg skal berre ordne ein liten ting!».
Det er urettferdig
Teo seier at han også har viktige ting å gjere på telefonen medan dei et.
Pappa seier at Teo har rett. Dei vaksne må også følgje reglane.
«Kanskje alle skal leggje telefonane i stova medan vi et?» seier Teo.
Pappa og mamma seier ingenting
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Fortel det du veit om familien til Teo. Skriv ned stikkord eller setningar.
• Kven har laga regelen om at det ikkje er lov å bruke mobil ved bordet?
• Kvifor har familien til Teo denne regelen?
• Kva synest Teo om regelen?
• Kven er Teo?
• Kvifor bryt mora og faren regelen nokre gonger?
Snakk saman
Kva for reglar er det heime hos dykk? Kva er bra og dårleg med reglane?
• Teo seier at alle kan leggje vekk telefonen sin medan dei et. Kva synest foreldra om ideen til Teo?
Grammatikk
SUBSTANTIV
Substantiv kan bøyast i bestemt og ubestemt form.
Ubestemt form: Ein mann har teke boka.
Bestemt form: Mannen har teke boka.
Når substantivet mann står i ubestemt form, dreier det seg om kva mann som helst.
I bestemt form, mannen, veit vi kva for ein mann det er.
EINTAL
FLEIRTAL
ubestemt formbestemt formubestemt formbestemt form hokjønn
ei jente jenta jenter jentene ei dør døra dører dørene hankjønn
ein gut guten gutar gutane ein klasse klassen klassar klassane inkjekjønn
eit biletebiletet bilete bileta eit landlandet land landa
GENITIV
Det finst ulike uttrykksmåtar når vi vil fortelje at eit substantiv har eller eig noko. På nynorsk uttrykkjer vi helst dette på andre måtar enn med genitiv, men vi skal likevel vise fram genitiv. Dette får vi når vi set ein -s på slutten av eit substantiv.
Det er ballen til katten. Det er kattens ball.
Det er boka til Tina. Det er Tinas bok.
Ordet etter genitiv står alltid i ubestemt form.
SAMANSETTE ORD
Vi set ofte saman to substantiv til eitt ord: sommarferie, norsktime, skulebuss, fotball, vintersko.
Nokre ord får -s etter seg når dei står først i eit
samansett ord. Det gjeld til dømes ungdom, sport og arbeid: ungdomsskule, sportsbutikk, arbeidsklede.
Nokre korte ord får -e etter seg når dei står først i eit
samansett ord. Til dømes barn, gut og jul: barnesko, guteklede, juletre.
Eit substantiv som står først i eit samansett ord, står i ubestemt form eintal: klede for jenter > jenteklede, fest på skulen > skulefest.
Nært og fjernt
Når vi peikar på noko som er eit stykke borte, brukar vi den, det og dei. Den boka har eg lese. Det biletet likar eg. Sjå på dei kattane!
Når vi har tinga nær oss, brukar vi denne, dette og desse:
Denne boka har eg ikkje lese! Dette biletet har mamma laga. Desse kattane bur her.
Korleis viser morsmålet ditt bestemt og ubestemt form?
Oppgåver
Lag stikkord.
Skriv ned nokre stikkord om kvart av desse temaa:
Forklar ord.
2 skule
Vel fem av orda. Skriv ei setning som forklarer kvart ord.
lærar elev
helsesjukepleiar
uskrivne reglar respekt høflegheit
timeplan klasse
3
Skriv forteljing.
Vel ei av desse overskriftene, og skriv ei kort forteljing:
• Arif likar skulen
• Arif likar ikkje skulen
• Cloe har gløymt maten sin heime
• Læraren er sjuk i dag
• Weny les norsk
• George er ny i klassen
4
Bruk biletet.
Sjå på biletet. Kva ser du? Skriv stikkord, setningar eller ein kort tekst.
Kople saman.
1. bok
2. skule
3. friminutt
4. elevar
5. matpakke
6. blyant
7. viskelêr
8. stol
9. pult
10. tavle
Familie
Du lærer
• å snakke om familie
• å finne nøkkelord i ein tekst
• om den norske kongefamilien
• å lese ein faktatekst
• om pronomen Snakk saman
Kva er familie?
Lag eit tankekart
Lag eit tankekart med ulike ord som passar til temaet familie. Du kan bruke morsmål og andre språk du kan.
Kva er familie?
Familien kan vere dei vi bur saman med når vi er barn og unge, eller dei vi vel å bu saman med når vi er vaksne. Ein familie kan vere mamma, pappa og barn.
Familiar kan vere heilt ulike. Nokre familiar har berre éin vaksen eller to mammaer eller to pappaer. I nokre familiar er det mange barn. I andre familiar er det berre eitt eller ingen barn.
Ordet familie kan også tyde storfamilie. Det er alle vi er i slekt med, som besteforeldre, tanter og onklar, fetrar og kusiner.
I nokre familiar er det også oldeforeldre. Oldeforeldre er foreldra til besteforeldre.
Nokre har ikkje familie. For nokre kan vener vere like viktige som familie.
Kven er din familie?
Vi er åtte i vår familie.
• bu saman
• vaksen
• barn
• i slekt
• besteforelder
• tante
• onkel
• fetter
• kusine
• oldeforelder
• forelder
• ven
• like viktig
Felix og eg er ein liten familie.
Mamma og pappa bur ikkje saman meir. Mamma har gifta seg på nytt. Eg har fått ein stefar. Vi likar å bake.
Eg teiknar noko fint til pappa og pappa!
Mormor og eg elskar å lage mat saman.
I vår familie er vi tre generasjonar.
Mamma, katten vår, veslebror og eg kosar oss.
Her er heile storfamilien vår. Vi møtest når det er familiefest.
Mamma, pappa, Eva, Sara og eg har det kjekt saman.
Sjå på biletet og overskrifta, og tenk før du les. Kva trur du forteljinga handlar om?
Jobb med ordlista. Kva for ord er nye for deg? Kva heiter dette på morsmålet ditt?
Fortel att historia til deg sjølv, gjerne på morsmål.
Les teksten fleire gonger. Stopp der du ikkje forstår. Bruk ordbok eller spør om hjelp.
Fortel henne med dine eigne ord til nokon andre som også har lese teksten. Er de einige om kva historia handlar om? Diskuter kva de trur forteljinga vil at de skal føle eller lære.
Stemte det du hadde tenkt om teksten, før du las? Kva synest du om teksten? Har du opplevd noko liknande?
• gift
• middag
• klokka
• tante
• ofte
• besøk
• gå tur
Familien
Olsen
Dette er familien Olsen.
Per Olsen er 42 år gammal.
Karina Olsen er 45 år gammal.
Per og Karina er gifte
Dei har to barn.
Tiril er 15 år, og Kari er 14 år. Begge går på Haugen ungdomsskule.
Dei et middag saman kvar dag klokka fem.
Tante Anne kjem ofte på besøk og et middag saman med dei.
På laurdagar likar heile familien å gå tur saman.
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kven er Per?
• Kor gammal er Karina?
• Har Per og Karina ein son?
• Kva for ein skule går Tiril og Kari på?
• Kva gjer familien Olsen saman?
• Kven kjem ofte på besøk?
• bu
• gifte seg
• barn
• son
• dotter
• gammal - eldst
• ung - yngst
• barnehage
• leilegheit
• frukost
• morgon
• kveld
• farmor
• besøk
• nærleik
Familien Silva
Dette er Daniella Silva og Mario Silva.
Daniella og Mario er sambuarar. Det vil seie at dei bur saman og er kjærastar, men at dei ikkje har gifta seg
Dei har tre barn, ein son og to døtrer
Maria er eldst. Ho er 15 år. Ho går på Haugen ungdomsskule.
Pedro er 11 år. Han går på Lia barneskule.
Mira er 6 år. Ho er yngst. Ho går også på Lia barneskule.
Daniella, Mario, Maria, Pedro og Mira bur i ei leilegheit
Dei et frukost saman kvar morgon og ser ofte på TV saman
om kvelden
Nokre gonger kjem farmor på besøk. Ho bur i nærleiken
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kva heiter mora i familien Silva?
• Kven er Mario?
• Kva tyder det at dei er sambuarar?
• Kor mange barn har Daniella og Mario?
• Kor gammal er Maria?
• Kva for ein skule går Pedro på?
• Kva heiter veslesøstera i familien Silva?
• Kva gjer familien saman?
• Kven kjem på besøk nokre gonger?
• nabo
• lege
• sjukehus
• sjukepleiar
• buss
• passe barn
• lenge sidan
• tenkje
• kvarandre
• drikke
• kaffi
• spansk
• student
• ønskje
Familien Olsen og familien Silva er naboar
Maria og Tiril er gode vener. Dei går i same klasse. Kari får ofte vere med dei på ulike ting, sjølv om ho er litt yngre.
Mario er lege og jobbar på sjukehuset. Det gjer Per også, men han er sjukepleiar. Dei tek buss saman til jobb.
Mira er ofte på besøk hos familien Olsen. Karina er glad i å passe på små barn. Det er så lenge sidan jentene mine var små, tenkjer ho. Karina og Daniella besøkjer kvarandre ofte og drikk kaffi saman.
Dei snakkar nokre gonger spansk saman. Karina budde i Spania då ho var student, så derfor kan ho litt spansk.
Pedro skulle ønskje at familien Olsen hadde fleire barn, sånn at han også hadde ein nabo å leike med.
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kva tyder nabo?
• Kven er venene til Maria?
• Kven går i same klasse?
• Kven jobbar på sjukehuset?
• Kven passar på Mira?
• Kven snakkar spansk?
Kva veit du om familien Olsen og familien Silva? Skriv namn og lag nøkkelord med den viktigaste informasjonen om kvar av dei. Nøkkelord er dei viktigaste orda i ein tekst. Det heiter nøkkelord fordi dei «låser opp» teksten.
Her er eit døme:
Per Olsen - pappa - 42 år - gift med Karina - to døtrer, Maria og Tiril - sjukepleiar - et middag med familien - går tur
Utfordring!
Bruk nøkkelorda dine.
Skriv ein ny tekst om ein av personane.
Les eit avsnitt om gongen. Strek under ord du ikkje forstår første gongen du les. Finn ut kva orda tyder.
Ein faktatekst gir korrekt informasjon. Denne teksten vil lære deg meir om familie.
Les ein gong til. Denne gongen strekar du under viktig informasjon.
Snakk saman med ein annan som har lese teksten. Kva handlar teksten om?
• kongefamilie
• slektstre
• øvst
• konge
• dronning
• moderne tid
• vikingtid
• ein del av
• Sverige
• døy
• kronprins
Ein
kjend familie
Den norske kongefamilien er ein kjend familie.
Dette er eit slektstre som viser den norske kongefamilien. Øvst ser vi kong Haakon og dronning Maud. Kong Haakon var den første kongen i Noreg i moderne tid
Noreg har hatt mange kongar før, til dømes i vikingtida. Men dette er kongefamilien vi har i dag. Kong Haakon kom til Noreg då Noreg blei eit fritt land i 1905. Tidlegare var Noreg ein del av Danmark og Sverige
Kong Haakon og dronning Maud fekk berre eitt barn. Han heitte Olav. Olav blei konge i Noreg då kong Haakon døydde. Kong Olav var gift med prinsesse Märtha. Ho døydde dessverre før Olav blei konge.
Märtha og Olav fekk tre barn, Ragnhild, Astrid og Harald. Det er Harald som er konge i dag. Han er gift med dronning Sonja. Ungane deira er prinsesse Märtha-Louise og kronprins Haakon.
DRONNING MAUD
• kronprinsesse
• demokrati
• velje
• politikar
• bestemme
• hyggjeleg
Den dagen kong Harald døyr, får vi ein ny konge. Det blir kronprins Haakon. Kronprins tyder at han er ein prins som skal arve krona og bli konge.
Det første barnet til kronprins Haakon og kronprinsesse
Mette-Marit er Ingrid Alexandra. Ein gong i framtida blir ho sannsynlegvis dronning av Noreg.
Kongehuset har inga makt i Noreg. Landet er eit demokrati. Folket vel politikarar som skal bestemme.
Likevel synest mange at det er veldig hyggjeleg å ha ein kongefamilie.
Skriv
Forstå teksten
Svar med heile setningar
• Kven var den første kongen i Noreg i moderne tid?
• Kven var kong Haakon gift med?
• Kor mange barn fekk kong Haakon?
• Kven blei konge etter at kong Haakon døydde?
• Kven er konge i dag?
• Kven er Ingrid Alexandra?
• Kvifor har vi ein kongefamilie?
Familiebilete:
Bak frå venstre står kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon, dronning Sonja, kong Harald og prinsesse Märtha Louise.
Framme frå venstre står prinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus, døtrene til prinsesse Märtha, Emma Tallulah, Leah Isadora og Maud Angelica. Heilt til høgre står prinsesse Astrid, som er søster av kong Harald.
Sjå på teksten til familiebiletet, og svar på spørsmåla.
• Kva heiter tanta til kronprins Haakon?
• Kven er barnebarna til kong Olav?
• Kva heiter mora til kronprinsesse Ingrid Alexandra?
• Kven er prinsesse Ragnhild?
• Kor mange søsken har Ingrid Alexandra?
• Kan du lage fleire spørsmål ved hjelp av bileta? Bruk orda mamma, pappa, dotter, son, tante, onkel, nevø, niese, fetter, kusine, farmor, farfar, mormor, morfar og barnebarn. Lag eit spørsmål med kvart av orda, eller vel å bruke nokre av dei.
Utfordring!
Både kong Haakon, dronning Maud og prinsesse Märtha var innvandrarar.
Finn ut kva land dei kom frå.
Grammatikk
PERSONLEG PRONOMEN
Pronomen tyder «i staden for namn».
Pronomen er ord vi brukar i staden for substantiv.
Pappa er ikkje heime. Han er på jobb. Maria og Mira bur saman. Dei er søstrer.
EINTAL subjektsformobjektsform
1. person eg meg
2. person du deg
3. person han han ho henne det det
FLEIRTAL subjektsformobjektsform
1. person vi oss
2. person de dykk
3. person dei dei
lærer meg å lage mat.
Vi brukar pronomenet det om inkjekjønnsord.
Vi brukar pronomenet dei om ord i fleirtal, uansett kjønn.
Eg les i boka.
Vi er gifte. Dei to er søsken. Eg har eit hus. Det er gult.
REFLEKSIVT PRONOMEN
Når objektsforma av pronomenet viser tilbake til den som gjer handlinga, seier vi at det er eit refleksivt pronomen.
Eg sminkar meg.
Du skader deg
Ho vaskar seg
Han pyntar seg
Vi sminkar oss
De slår dykk
Dei skundar seg
Mamma er trøytt. Ho lagar ein kopp kaffi.
Kva for ord brukar du på morsmål i staden for namn?
3
Oppgåver
1
Skriv.
Skriv om din eigen familie. Fortel.
Forklar ord.
Vel tre av orda. Skriv ei setning som forklarer ordet. gift sambuar åleinemor bonusfar halvbror tante onkel farfar fetter
4
2
Sorter ord.
Sjå på ordskya. Kan du organisere desse personane frå yngst til eldst?
veslesøster oldemor morfar storebror mamma
Skriv fakta.
Vel eit av desse temaa og skriv ein kort faktatekst eller nokre faktasetningar: – ulike typar familie – kongefamilien i Noreg
5
Bruk biletet.
Sjå på biletet. Skriv stikkord, setningar eller ein kort tekst.
Kople saman.
1. mamma
2. baby
3. morfar
4. mormor
5. søster
6. bror
7. onkel