Sinus 2P-Y Påbygging (LK20) utdrag

Page 34

SPARING I BANK OG AKSJEFOND Det er lurt å setje av noko av inntekta til sparing, anten til uføresette utgifter på kort sikt eller til langsiktig sparing. Slik kan det til dømes bli lettare å kjøpe leilegheit, hus eller bil. Men korleis lønner det seg å spare pengane? Å spare i banken Å ha pengane i banken er ein sikker måte å spare på. Banken gir oss renter. Renta varierer, men vanlegvis lite over tid. SSB har laga ei historisk oversikt over den gjennomsnittlege renta sidan 1953. Den høgaste renta hadde vi i 1987. Då var ho 11,3 %. Dei siste åra har renta vore låg, til dømes var ho 0,8 % i 2016. Det betyr at dersom vi sette 10 000 kr i banken i 1987, kunne vi rekne med at beløpet på kontoen eitt år seinare hadde vakse til 11 130 kr. Dersom vi gjorde det same innskotet i 2016, ville vi eitt år seinare sitje igjen med 10 080 kr. Når vi skal vurdere verdien av sparepengane, bør vi ta høgd for den generelle prisstiginga i samfunnet. Den blir beskriven av konsumprisindeksen (KPI). I 2015 var KPI 100, i 2016 var han 103,6. Det betyr at varer som kosta 10 000 kr i 2015, kosta 10 360 kr i 2016. I 2016 tapte vi dermed på å la pengane stå i banken. Verdien blei mindre i løpet av året fordi prisane steig meir enn rentene vi fekk av beløpet vi hadde sett i banken.

Å spare i fond Ei anna spareform er aksjefond. Ein aksje er ein eigarpart av eit selskap, og fondet forvaltar eigarpartar i mange bedrifter. Indeksfond er aksjefond med låge kostnader som prøver å gi deg som kunde lik avkasting som marknaden i ein viss periode. Avkasting er pengar vi tener ved å investere i marknaden. Dersom aksjeselskapa gjer det godt, vil vi kunne få meir igjen enn om vi set pengane i banken, men vi vil òg kunne tape pengar dersom utviklinga er negativ. I perioden 2000 til 2021 auka indeksen på Oslo Børs frå 190 poeng til 1200 poeng. Det

s

32

1 | PROSENT

svarer til ein auke på over 500 %. Grafen nedanfor viser denne utviklinga. Vi ser at i enkelte periodar har det vore nedgang, sjølv om utviklinga over tid har vore positiv. Det er spesielt to tydelege nedgangar dei siste 20 åra: under finanskrisa i 2008 og under starten av koronapandemien i 2020. Etter finanskrisa tok det omtrent seks år før indeksen var tilbake på same nivå som før. 1200 1000 800 600 400 200 0

2005

2010

2015

2020

Konsumprisindeksen auka i åra mellom 2000 og 2021 frå 75 til 118. Det er ein auke på 57 %. Auken i verdiane på Oslo Børs har altså vore mykje større enn auken i konsumprisindeksen. Dersom vi investerte 10 000 kr på aksjar i år 2000 og avkastinga følgde indeksen, ville beløpet i 2021 ha vakse til over 63 000 kr. Dersom vi tar omsyn til kroneverdien, ville det ha svart til omtrent 40 000 kr i 2000, omtrent fire gonger meir enn vi investerte. I den same tidsperioden var den gjennomsnittlege årlege innskotsrenta under 3 %. Dersom vi sette inn 10 000 kr på kontoen i 2000 og fekk 3 % per år i rente, ville vi hatt 18 600 kr i 2021, utan å ta omsyn til kroneverdien.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.