1 minute read

2023 – ein meir målretta og treffsikker bedriftshelsetjeneste!

Frå 2023 gjeldt dei nye endringane i regelverket om bedriftshelsetjenester. BHT er no eit pliktsubjekt, som betyr at «ansvaret for at krav i lov eller forskriftbliroppfylt».

Nye regler for bedriftshelsetjenester (BHT) er tydelig om tjenestens kjerneoppgåver, meir retta mot arbeidshelse. Arbeidet i ordninga skal være retta mot risikoforhold i verksemda som har betyding for arbeidshelse, og ikkje lenger den generelle helseoppfølginga.

Ny Oppl Ring

For å sikre at BHTs innretning og arbeidsform er i tråd med formålet med ordninga, skal alle tilsette i BHT gjennomføre ei obligatorisk opplæring i regi av Statens Arbeidsmiljøinstitutt (Stami). Denne opplæringa er ny, og skal bidra til at BHT jobbar meir målretta og kunnskapsbasert med arbeidshelse og risiko i arbeidsmiljøet.

– Ved å stille krav om at alle som jobbar i BHT skal ha en grunnleggande forståing av hva BHTs formål og samfunnsoppdrag er, vil de betre vere i stand til å jobbe med kjerneoppgåvene, sier kommunikasjonsdirektør i STAMI, Sture Rolfheim­Bye.

Dette er vel og bra, og i tråd med regjeringas ekspertutvals rapport frå 2018. Det som og stod i denne rapporten var betydinga av «verksemdenes bestillerkompetanse på BHT­tjenester», der det ligg eit stort forbetring­ og effektiviseringspotensial. Kvar dette potensialet tok vegen er eg usikker på, men eg vonar det vil bli auka fokus hjå styremaktene på dette framover. Ein bør ikkje leive nokon tvil om intensjon, innhald og nytteverdi ved å ha ein BHT med rett fokus på kjerneoppgåver og arbeidshelse.

FORDELING AV ANSVAR

BHT skal ha generell kompetanse om førebyggande arbeidsmiljøarbeid, kjenne aktuelle arbeidsmiljøforhold og ha god kunnskap om bedriftene i porteføljen. Det er viktig å ha med seg at det er arbeidsgivars ansvar å be BHT om råd. BHT skal på sjølvstendig grunnlag informere arbeidsgivar, arbeidstakarar og deira tillitsvalte om risikofaktorane på arbeidsplassen. Råda som blir gitt skal givast på eit fagleg uavhengig grunnlag.

Då ynskjer eg alle arbeidsmedisinarar lukke til med fortsatt å førebygge skade, sjukdom og psykiske belastningar i det globale arbeidsliv. Frå 2023 med eit meir treffsikkert fokus på kjerneoppgåver og arbeidshelse slik loven krev!

Nok ein vestlending kom inn i redaksjonskomiteen til Ramazzini på tampen av året 2022. Eg ynskjer Morten Langeland velkomen, han er ein ringrev med mange års fartstid og gode betraktningar rundt arbeidsmedisin og arbeidshelse.

This article is from: