2 minute read

Eg trivst i jobben!

– KORLEIS HAR VEGEN FRAM MOT DENNE JOBBEN VORE?

– I 1994, på slutten av studiet i Bergen reiste eg og ein kamerat 3 månader med Redd Barna i Guatemala og Honduras i regi av Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen (UiB). Sterke inntrykk der bidrog til interesse for fattigdomsproblematikk og globale helsespørsmål. Etter turnus på Lørenskog og distriktteneste i Finmark, fekk eg jobb på lungeavdelinga på Haukeland, før eg i 1997 kom tilbake til Senter for internasjonal helse som sivilarbeidar. Der jobba eg mellom anna som assistent på eit tuberkuloseprosjekt. I 1998–99 jobba eg som «juniorekspert» i tuberkuloseprogrammet til Verdas helseorganisasjon i Genève, før eg starta doktorgradsstudiet på antibiotikaresistens og febersjukdommar i Tanzania. Eg jobba også klinisk i indremedisin gjennom Fredskorpset eit år i Tanzania. Etter dette har eg hatt base i Bergen som infeksjonslege og førsteamanuensis. Eg driv infeksjonsforsking i Tanzania og i Noreg, og variert undervisning i Bergen, Afrika og på tropemedisinkurs i India.

– KVA ER VIKTIG FOR DEG FOR Å TRIVAST I JOBBEN?

– Eg trivs svært godt med infeksjonsmedisinen, både klinisk og som forskingstema. Vi kan gjera ein forskjell for pasientar, behandling av livstruande infeksjonar kan redda folk tilbake til eit godt liv. Vi har mange spennande utgreiingar der ein kan leike detektiv og av og til finne sjeldne og rare infeksjonar som trenger heilt spesiell behandling for at pasienten skal bli frisk. For meg er det spesielt givande å arbeide med tropiske infeksjonar. Det er spennande å møte menneske frå andre land og oppleve andre kulturar. I tillegg kan ein ha stor effekt av relativ liten innsats med mange globale helseproblem. Under ebolautbrotet i Vest­Afrika (2014–16) jobba eg for den norske hjelperesponsen til Sierra Leone og fekk oppleve korleis ein stor internasjonal respons klarte å bidra til å slå ned den forferdelege epidemien.

I denne spalten møter vi leger – leger på sykehus og utenfor, leger i distrikt og sentralt, leger tidlig og sent i arbeidslivet (og i livet). De har noenlunde samme utdannelse, men helt ulik arbeidshverdag. Felles for dem er: de trives i jobben!

– Nesten alt vi driv med er utfordrande, og takk og lov for det. Det er derfor det er så kjekt å jobbe i dette faget. Som eksempel kan det av og til vera utfordrande å jobbe med stigmatiserande infeksjonar som hiv og tuberkulose, som kan vera ei stor psykisk belastning for pasientane. Men det gir ein også moglegheit til å bli godt kjent med dei flotte folka som finnast bak «pasientfasaden». Det går nesten alltid bra på litt sikt og det er utruleg kjekt å vera med på desse reisene. Ei anna utfordring er å jobbe med pasientar som har plager som ikkje passar inn i nokon ordentleg akseptert diagnose, for eksempel utmattingsplager etter infeksjonssjukdommar. I forskingsgruppa vår synes vi dette er ei interessant utfordring og vi har forska mykje på å forstå ting som seinfølger etter Giardia, og nyleg også longCOVID etter koronainfeksjon.

– HAR DU EIN HOBBY, INTERESSE, NOKO ANNA DU BRUKER TIDA DI PÅ UTANOM JOBB SOM DU SYNEST ER MEININGSFYLT OG VIKTIG?

– Det er viktig med balanse i livet. Eg hadde ikkje klart meg utan musikk, og spelar blant anna saksofon og bass i ymse band. Eg likar all mogleg musikk, men særleg afrikansk og brasiliansk musikk, salsa, reggae og jazz. Å spele konsert er meditasjon for meg. Dei siste par åra har eg blitt veldig interessert i triatlon (bading, sykling og jogging). Dei lange, fine øktene er veldig bra for å la tankane fly og klargjere hovudet for andre oppgåver.

This article is from: