2 minute read

Skal me spare oss til fant?

Helsevesenet må spare for å dekke aukande behov. Utan semje om framtidige prioriteringar, vil sparetiltaka føre til feilslått oppgåveforskyving frå sjukehusa til kommunane.

Jan Ove Tryti

Leiar Sogn og Fjordane legeforening

Jan.Ove.Tryti@sogndal.kommune.no

I fleire år har me snakka om rekrutteringskrise i helsevesenet. Me manglar legar og anna helsepersonell på alle nivå. Me har ferdigutdanna legar som står i kø for å komme inn, men me har ikkje LIS1­plassar til dei. Det har me ikkje råd til å prioritere. Med ein slik bemanningssituasjon har sjukehus og kommunar ingen andre alternativ enn å prøve skaffe vikarar. Desse kostar meir enn fast tilsette, så det ber helseministeren oss i sjukehustalen om å slutte med. Me skal i staden sjå på kva me kan gjere mindre av. Vel og bra det, overdiagnostikk og overbehandling er det mange gode grunnar til å komme til livs. Utfordringa er at fram til me har bestemt kva som ikkje skal prioriterast i offentleg helsevesen så må nok nokon likevel gjere jobben.

KVA MED KOMMUNANE?

Helse Førde skal spare 65 millionar i 2023, førebels manglar det inndekning for 25 av desse. Det er vanskeleg å sjå føre seg at behandlingstilbodet til pasientane ikkje vil påverkast. Fleire avdelingar slit framleis med etterslep etter pandemien og har altfor lang ventetid. Den jobben som ikkje gjerast på sjukehusa blir ikkje vekke men må gjerast av andre, som regel i kommunen, av fastlegar eller kommunale helse­ og omsorgstenester.

Kommunane har også innsparingskrav. I min eigen kommune driv me for tida og planlegg korleis me kan kutte sjukeheimsplassar og få folk til å bu heime lengre. Eg var midlertidig sjukeheimslege i fjor haust og skal innrømme at eg hadde hatt store vanskar med plukke ut dei som var eventuelt der utan grunn.

Grunnmuren I Helsevesenet

Så kva skal me gjere? Me kan jo gjere slik me gjer når me byggjer hus. Først må me finne ut kva me treng av plass, både no og i framtida, og kva løysningar me skal gå for. Og så startar me med grunnmuren. Me må ha god nok kapasitet og kvalitet i kommunane, inkludert nok fastlegar til at me kan løyse så mykje som mogleg i førstelinja. Me må ha attraktive fagmiljø både i kommunane og i sjukehusa. Og så må me ha reell samhandling mellom nivåa. Me må saman og ikkje kvar for oss definere kva me skal gjere mindre av, slik at me ikkje berre skyver på dei unødvendige oppgåvene, men faktisk ikkje gjer dei.

Dernest kjem den kanskje vanskelegaste oppgåva; me må ha ansvarlege leiarar og politikarar som klart kommuniserer til ei befolkning med stadig aukande krav og forventningar at no skal me ikkje lenger gjere alt for alle men prioritere riktig og gjere det som er viktig. Desse avklaringane må gjerast no og dei gjer seg ikkje sjølv. Me må investere før me kan ta ut utbyttet. Legeforeningen er klare til å bidra.

Vi er alltid på jakt etter dyktige legespesialister

Som lege hos oss får du mer tid med pasienten og lite tid går bort til administrative oppgaver.

Vi kan tilby:

• Varierte arbeidsoppgaver

• Bredt fagmiljø

• Mye pasientkontakt og lite administrativt arbeid

• Godt og trivelig arbeidsmiljø

• Konkurransedyktige betingelser

Sykehusdirektør Sør og Vest

Hanne Barkved mobil: 93 65 48 58 e-post: hanne.barkved@aleris.no

Bli en del av Aleris du også! Send en søknad til rekruttering@aleris.no

This article is from: