2020
VossaPuls
YOU HAVEN’T EXPERIENCED
VOSS UNTIL YOU’VE STAYED AT FLEISCHER’S
Fleischer’s offers accommodation in the heart of Voss with easy access to all the local adventures. With a scenic view of the “Vangsvatnet” lake, you can choose between apartments in the motel, standard rooms at the station or upgraded rooms in the hotel. As a guest at Fleischer’s you’re always welcome in our wellness center equipped with swimmingpool, jacuzzi and saunas.
l: +47 56 52 05 00
HOTEL@FL 2 VossaPuls 2020
Easy access with the Bergen - Oslo railway
tel: +47 56 52 05 00
HOTEL@FLEISCHERS.NO
FLEISCHERS.NO
RAV4 HYBRID
2WD frå 399 900,4WD frå 441 500,RAV4 HYBRID
2WD frå 399 900,4WD frå 441 500,SJÅ KAMPANJANE PÅ JAEGERBIL.NO Opningstider Tjukkebygdvegen 9 Mån - Fre: 07.30 - 16.30 Tlf: 56 52 30 20 Laurdag 10.00 - 13.00 Opningstider Voss Tjukkebygdvegen 9 Mån - Fre: 07.30 - 16.30 *Inkl. frakt, lev. og reg.omk. Forbruk blanda RAV4 HYBRID frå 0,45 l/mil, frå 102 g/km, frå 2,1 mg/km. Tlf: 56køyring, 52 30utslepp 20 CO2 og NOx: Laurdag 10.00 - 13.00 Avbilda bil kan ha påmontert ekstra utstyr. Me tek atterhald om trykkfeil.
Voss SJÅ KAMPANJANE PÅ JAEGERBIL.NO
Toyota Voss Toyota Voss
*Inkl. frakt, lev. og reg.omk. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: RAV4 HYBRID frå 0,45 l/mil, frå 102 g/km, frå 2,1 mg/km. Avbilda bil kan ha påmontert ekstra utstyr. Me tek atterhald om trykkfeil.
VossaPuls VossaPuls 2020 2020
Bygda for sterke opplevingar – no med ny gondol, nytt hotell og endå fleire aktivitetar.
V
oss Gondol opna i juli 2019, og tar deg frå Voss stasjon til Hangurstoppen 820 moh. Mange har tatt turen til fjells, anten det er med barnevogn, fjellstøvlar eller med ski på beina. Med gondolbane frå togstasjonen er det lett å oppleva fjellet for alle. Her finn ein mellom anna tilrettelagde turløyper og Voss sin største restaurant. I vintermånadane er Voss Gondol ein del av skianlegget til Voss Resort, og du kan gå rett frå toget, på gondolen og ut i løypene. Det nye hotellet, Scandic Voss, som opna i slutten av januar, gjev eit viktig tilskot til overnattingstilbodet i bygda. Med 215 rom, stor konferanseavdeling og mange sørvistilbod, har Voss fått nye moglegheiter for bedrifter og andre som vil oppleva bygda. Er du ute etter ein aktiv familieferie, er Myrkdalen plassen for deg. Om vinteren finn du eit variert skitilbod. Om sommaren har dei ein 700 kvm pumptrack og tilrettelagte stiar rett ved Myrkdalen Hotel, og sykkelutleige for både vaksne og born. God mat og drikke høyrer med til ein god ferie. Voss har gode serveringsstader med lokale produkt, som gjer opphaldet her hos oss komplett. Vil du vita meir om tilboda våre, om arrangement og nyhende, sjå www.visitvoss.no. Her kan du òg kjøpa din neste ferie. Ta med deg kjærasten, familien, gode vener eller kollegaer på sterke opplevingar på Voss! Velkomen!
Mona H Hellesnes Dagleg leiar, Destinasjon Voss
4 VossaPuls 2020
– Voss er kjend for spanande aktivitetar og sterke opplevingar, og no har me endå meir å by på! Experience Voss – new gondola, new hotel and even more activities.
If you are looking for an active vacation, Myrkdalen is the place for you. In the winter there are a lot of options for skiing, and in the summer there is a pumptrack, hiking trails and bike hire.
In July 2019, the new Voss Gondol opened, taking visitors from Voss Train Station to Mount Hangurstoppen, 820 masl. This makes the mountain accessible by foot, skis or wheels, all year round.
In addition, Voss offers a wide range of dining options with local food, making your stay complete. Invite your family, friends and co-workers to experience Voss!
In January the new hotel, Scandic Voss, opened by the train station with 215 rooms. The large conference area, restaurant and other services, makes it a great new option for companies as well as others wanting to visit Voss.
Utgjevar Destinasjon Voss AS - Miltzowsgate 2, 5700 Voss Layout/produksjon Cox Kommunikasjonsbyrå Forsidefoto Jon Hunnålvatn Tøn Destinasjon Voss tek ikkje ansvar for eventuelle endringar eller feil i dei opplysningane som ligg føre.
5
Foto Sverre F: Hjørnevik
T. (47) 40 61 77 00 info@visitvoss.no visitvoss.no
Det skjer Arrangement i Voss og omland
10.-12. Toppturkurs
Myrkdalen
myrkdalen.no
18. Splint konsert
Myrkdalen
myrkdalen.no
JANUAR
18. Frisky Preski på Hangurstoppen Hangurstoppen vossresort.no 19. 100 års minnekonsert for Arvid Aarsnes Vangskyrkja
fossegrimen.no
19. Åpen bakke Myrkdalen myrkdalen.no 25. Wine & Dine med Fjose og Bø
Myrkdalen
myrkdalen.no
25. Herborg & Hiri Barneshow Myrkdalen myrkdalen.no
25. og 26. Skred- og frikøyringskurs Myrkdalen myrkdalen.no
25. og 26. Skred- og frikøyringskurs for damer Myrkdalen
myrkdalen.no
7.-9. Toppturkurs Myrkdalen myrkdalen.no 10.-29. Vinterferieprogram Myrkdalen myrkdalen.no
FEBRUAR
13. Grete Skarpeid Trio spelar i Salto Myrkdalen myrkdalen.no 14. Ski, Eat, Love Myrkdalen myrkdalen.no 17.-29. Vinterferieprogram
Voss Resort
vossresort.no
20. Grete Skarpeid Trio spelar i Salto Myrkdalen myrkdalen.no 21.-23 Skidemo ved Endeve sport Slettafjellet vossresort.no 22.-23. Skred- og frikøyringskurs Myrkdalen myrkdalen.no 28.-1.3 Toppturkurs Myrkdalen myrkdalen.no
6.-8. Toppturkurs Myrkdalen myrkdalen.no 7. Kjerringdagen
Voss Resort
vossresort.no
7. Konsert med Jan Eggum Myrkdalen myrkdalen.no 13.-14. Myrkdalen Barnefestival med Mikkel og Mikkeline Myrkdalen 18. Silya and the Sailors – Intimkonsert og festmiddag Store Ringheim Hotell
myrkdalen.no storeringheim.no
21. Konsert med Fossegrimen orkester Nain
fossegrimen.no
MARS
21. Parkstafetten Herresåsen vossil.no 21. Garasjefest og Bula Beanie Boogie
Storgarasjen i Tråstølen
vossresort.no
21. 80-talsfest med Loveshack Myrkdalen myrkdalen.no 21.-22. NC Hopp Bavallen K95 Voss nmvoss.no 22. Vestlandske Skistemna Voss vossil.no 28. Bavallen Grand Prix Bavallen vossresort.no 28. Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen Myrkdalen myrkdalen.no 28.-29. Skred- og frikøyringskurs Myrkdalen myrkdalen.no 31.-5.4 Dutch Week
6 VossaPuls 2020
Myrkdalen
myrkdalen.no
3.-5. Vossa Jazz Voss vossajazz.no 3.-5. Toppturkurs Myrkdalen myrkdalen.no
4. Fartsrenn: Myrkdalen rundt Myrkdalen myrkdalen.no
APRIL
4.-13. Påskeferieprogram
Voss Resort
vossresort.no
6.-12. Påskeferieprogram Myrkdalen myrkdalen.no 7. Påskekonsert “One Night with Queen” Myrkdalen
myrkdalen.no
18.-19. Hovudlandsrenn Freestyle Myrkdalen myrkdalen.no 23.-26. Freestyle 4Ever
Myrkdalen
myrkdalen.no
24.-28. Big Event – Den Norske Skiskole Myrkdalen myrkdalen.no
30.4-3 Open Klasse
Myrkdalen
myrkdalen.no
1.-3. Sesongavslutningshelg Myrkdalen myrkdalen.no
MAI
1. Konsert Kriminell Kunst Myrkdalen myrkdalen.no 2. Bula Pond Skim Myrkdalen myrkdalen.no
2. Uncle Benny’s Building Supplies Band - Gratiskonsert Myrkdalen
myrkdalen.no
2. Konsert med Fagernes Yacht Club Myrkdalen myrkdalen.no 8.-10. Myrkdalsfart Myrkdalen myrkdalen.no 9.-10. Ski & Golf NM
Myrkdalen og Voss Golfbaner
myrkdalen.no
JUNI
6. Bergen – Voss sykkelritt Voss bergenvoss.no 12.-14. Voss Cup Voss vosscup.no 14. Avslutningskonsert med Fossegrimen orkester Nain
fossegrimen.no
21.-28. Ekstremsportveko Voss ekstresportveko.com
DESEMBER
NOVEMBER
OKTOBER
SEPTEMBER
JULI
14. – 19. Marknad i vikinglandsby
Gudvangen
vikingvalley.no
18.-20. NM Rulleskiskyting Voss vsot.no
22.-25. Osafestivalen Voss osafestivalen.no
6.-8. November Challenge – Voss Vind
Voss Vind
vossvind.no
29. Jolajazz vossajazz.no 31. Nyttårsfeiring
Voss Resort
vossresort.no
7
A NEW EXPERIENCE IN VOSS Scandic Voss is Voss’ newest hotel and is situated right by the train station and the new gondola, overlooking lake Vangsvatnet. Our central location in Voss makes us a natural meeting place for both locals and tourists. Welcome to 215 brand new rooms, Haik Grill & Bar with an outdoor serving area, gym and sauna, free Wi-Fi, free bike rental – and of course Scandic’s award-winning breakfast!
scandichotels.no/voss
VOSS
Foto: Sverre Hjornevik Foto: Sverre Hjornevik
Din megler megler iDin Myrkdalen i Myrkdalen
Tina Elise Beisland 994 40 588 Tina Elise Beisland 994 40 588
Jan Kristoffer Sletteland 486 02 322
Joachim Staal 954 46 500
Jan Kristoffer Sletteland 486 02 322
Joachim Staal 954 46 500
Eiendomsmegler Vest har vært med å utvikle og selge Myrkdalen Fjellandsby helt fra starten i 2001 og vi Eiendomsmegler Vest har vært med å utvikle og selge gleder oss til fortsettelsen. Ønsker du visning eller mer Myrkdalen Fjellandsby helt fra starten i 2001 og vi informasjon? Ta kontakt med våre meglere. gleder oss til fortsettelsen. Ønsker du visning eller mer informasjon? Ta kontakt med våre meglere.
Sammen gjør vi det bedre
Sammen gjør vi det bedre 9
VossaPuls 2020
Hangursto Den nye møtestaden
10 VossaPuls 2020
t: Ann Karene Rasmussen / f: Jon Hunnålvatn Tøn
oppen:
Sommaren 2019 opna den nye Voss Gondol frå togstasjonen til Hangurstoppen, med panoramautsikt over Vossebygda. På toppen ventar Voss sin største restaurant og aktivitetar året rundt.
11
VossaPuls 2020
–M
e ynskjer å skapa ein sosial arena med mykje aktivitet heile året. Målet er å vera attraktive for alle; frå aktive skientusiastar til dei som tar med barnevogn eller rullator, seier Guro Øvsthus i Voss Resort. Voss Gondol, som tek deg til Hangurstoppen, har vore ein stor suksess hjå både lokale og tilreisande, og knyter Voss sentrum til skibakkane og hyttefelta i Bavallen. 9 kabiner, med plass til 34 personar i kvar, brukar berre 8,48 minutt frå togstasjonen til toppen. Merka rundløyper og sykkeltrassear Fjellområdet Hanguren er frå før eit turmål for mange heile året, og Voss Resort jobbar for å gjera området endå meir tilgjengeleg. Frå gondolbygget går det ei panoramaløype på ein kilometer som er tilgjengeleg for rullestol og barnevogn. Paragliderstarten er dessutan 50 meter frå løypa. – Sidan me opna er det mange eldre og mange med funksjonshemming som har nytta gondolen og panoramaløypa. Det er utruleg kjekt at dei får koma til fjells, seier Øvsthus. Orienteringsgruppa til Voss IL har laga stolpejakt på toppen, som er eit fint og gratis tilbod til alle. I tillegg samarbeider dei med Voss Utferdslag om å skilta rundløyper og betra skiltinga på allereie eksisterande turløyper. No er også skilta frå Hangurstoppen via Mølstertunet og heilt ned til Voss stasjon etter nasjonal merkestandard. – Dette er eit veldig godt og utruleg viktig tilbod som sikrar at folk finn fram, seier Øvsthus. Voss Resort samarbeider med Voss Mountainbike klubb og grunneigarane om tilretteleggjing for sykling. Ein kan lett ta med sykkel på gondolen, og sykla i skiløypene ned til Bavallen. 24 skiløyper og eige skihotell For å sikra høg standard på skiløypene i anlegget, vert det gjennom sommaren og hausten gjort eit godt grunnarbeid med å grava grøfter og lage trassear. Her finn både eksperten og nybyrjaren noko som passar. I tillegg til gondolen er det 10 andre heisar og trekk, og det er veldig gode frikøyringsområde i anlegget, fleire i umiddelbar nærleik frå heisen. I kjellaren i gondolbygget på toppen kan ein leiga skiskap heile sesongen, på vekebasis eller for ei helg. Voss Resort tilbyr også verdiskap for dagleige.
12 VossaPuls 2020
– Det er utruleg deilig å sleppa å drassa på ski. Her kan ein også sette frå seg sekken og skoa ein kom i, medan ein køyrer ski, seier Øvsthus. Ny barnebakke og skiskule I det du kjem opp med gondolen ser du rett på Trollbakken - det nye barneområdet på Hangurstoppen. Dette er eit av tre område tilrettelagt for born i anlegget. Her er det eit 65 meter langt skiband med takoverbygg, som gjer det lett å koma seg til toppen av bakken att. Dette gjev ei heilt ny oppleving for nybyrjarar. – Med gondolen er det også lettare tilkomst til bakken, og det er enklare å ta med heile familien på skidag. Gondolbana gjer det dessutan lettvindt å koma til langrennsløypene våre. Dersom besteforeldre vil, kan dei gå på beina, og ha restauranten som base, og likevel ta del i barnebarna si skioppleving, fortel Øvsthus. Voss Resort har også utvida skiskuletilbodet med tilbod både på Hangurstoppen og nede i Bavallen for grupper og enkeltpersonar. Her kan ein bli betre i alpint, telemark, snøbrett, parkkøyring, langrenn eller frikøyring/offpiste, uansett kva nivå ein er på. Skiskulen er ein aktivitetsbase heile året. Både i Bavallen og på Hangurstoppen er det eit stort utval skiutstyr til leige. Skiskulen på Hangurstoppen arrangerer barneskirenn laurdagar og søndagar klokka 13. I feriane er aktivitetsprogrammet utvida. Ein kan også vera med på den veletablerte lagkonkurransen Bavallen Grand Prix, som er open for alle over 15 år, og Kjerringdagen. Restaurant med panoramautsikt I gondolbygget ligg Hangurstoppen Restaurant, som med sine 450 sitteplassar er Voss sin største restaurant og afterski, med panoramautsikt over Vossafjella.
Voss Gondol og Hangurstoppen - Voss Gondol opna juli 2019, og går frå togstasjonen til Hangurstoppen på berre 8,48 minutt - Gondolen har 9 kabiner, med plass til 34 personar i kvar - Frå Hangurstoppen er det skilta rundløyper, og eiga panoramaløype tilgjengeleg for rullestol og barnevogn - På toppen er det ein helt ny barnebakke og tilgang til 10 ulike løyper ned mot Bavallen. - Hangurstoppen Restaurant er med sine 450 sitteplassar Voss sin største restaurant og afterski
Foto Jon Hunnålvatn Tøn
13
VossaPuls 2020
– Me opna med eit brak, og har hatt utruleg mange besøkande. Det har vore mange turistar her, og me har også blitt godt mottekne av vossingane. Me har allereie fått mange stamgjestar, fortel restaurantsjef Thomas Larsen. – Her er du like velkomen i finklede som i skikle og ull, legg Øvsthus til. Konseptet er skikkeleg mat laga frå grunnen, med mykje bruk av råvarer frå lokale gardar. Her serverast alt frå enkle lunsjrettar og barnevenlege måltid, til 5-rettarsmeny med vinpakke.
14 VossaPuls 2020
– Me er stolte over å kunna servera mat av så høg kvalitet på ein fjelltopp. Det er heilt spesielt, seier Larsen. I restauranten arrangerast det også eventar som vinkveldar, moteshow og julebord, og dei ser på mogelegheita for å samarbeida med Vossajazz og Ekstremsportveko om konsertar framover. Møtestad for bedrifter På Hangurstoppen kan ein også arrangera dagsmøter med lunsj, pausemat og middag. Her er eit eige møterom for om lag 50 personar, og høve til å kombinera møtedagen med aktivitetar på fjellet.
– Me er stolte over å kunna servera mat av så høg kvalitet på ein fjelltopp.
– Me får veldig gode tilbakemeldingar, og fleire og fleire henvender seg for arrangement og møter. Me har mellom anna hatt Fylkeskommunen og fleire store bedrifter her, fortel Larsen. – Me gler oss til eit spanande år i møte. Det er eit vanvittig stort potensiale for å videreutvikla destinasjonen med ulike aktivitetar og arrangement heile året for både privatpersonar og bedrifter, avsluttar Øvsthus.
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
In the summer of 2019, the new Voss Gondol opened, taking visitors from the Voss Train Station to Mount Hangurstoppen, with panoramic views of the village. At the top is the largest restaurant in Voss and activities all year. The gondola takes under 9 minutes to the top, and has 9 cabins, with room for 34 persons in each. At Hangurstoppen there are marked hiking trails and a panoramic trail accessible for wheelchairs and baby strollers. In the winter there is a great area for kids and access to 10 different ski slopes.
15
VossaPuls
t: Daniela Elvebakk Mala
2020
Kvitt og grønt familieparadis Hytta på Tråstølen har blitt den andre heimen for den aktive trebarnsfamilien Drønen frå Askøy. Her går dei fjellturar, står på ski eller slappar av og gløymer stresset og maset i kvardagen.
16 VossaPuls 2020
S
idan hytta sto ferdig i 2014, har familien tilbrakt rundt 100 døgn i året på Voss.
— Her kan me gå langrenn, stå på ski eller snowboard, dra til klatreparken, symjehallen, vindtunnelen, ta ein tur til sentrum eller berre slappa heilt av og ikkje gjera noko, fortel Tor Atle. Han fortel at det mangfaldige tilbodet gjer at ungane framleis vil vera med på hytta, sjølv om dei no er ungdommar.
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Ro og stillheit, like ved skiløypa Før den skiglade familien bygde hytta, hadde dei ei campingvogn ståande på Tvinde Camping på Voss. Då måtte dei pakke ungar, ski og utstyr i bilen for å koma seg til og frå skiløypene. På veg tilbake til campingvogna, etter ein lang dag i bakken, såg Tor Atle alltid hytteeigarar som berre sklei på skia til hytta si og sette seg ned i solveggen for å slappa av. — Eg hugsar at eg tenkte at slik vil eg òg ha det ein gong, seier Tor Atle. Fem år seinare har hytta blitt ein fristad der han kan roa heilt ned og gløymer stresset som pregar kvardagen. Familien har dessutan feira kvar jol og nyttår på hytta sidan den sto ferdig, noko Tor Atle ser på som dei finaste stundene. — Å eta ein god jolafrukost for så å skli bort til løypa og stå på ski i nokre timar i stillheita, er noko av det flottaste me har opplevd på hytta. Det er ei topping av jolaftan ein ikkje får mange andre stader, fortel Tor Atle. Ny gondol det ferskaste tilbodet Noko av det Tor Atle elles er mest nøgd med, er at Voss Resort heile tida jobbar for å utvikla tilbodet for hytteeigarane. Han fortel at dei utbetrar løypene kvart år, arrangerer eigne afterski-festar, smalahovemiddagar og jola- og påskekonkurransar for hytteeigarane. Ein kan til òg med få hjelp til å leiga ut hytta si når ein sjølv ikkje brukar den.
— Og sjølv om me bur langt oppe i feltet, har me aldri opplevd å ikkje koma oss på hytta på grunn av snø. Det er alltid godt brøytt og stelt, seier Tor Atle. Av alle forbetringar og endringar som er gjort sidan familien Drønen bygde hytta si, er ikkje Tor Atle i tvil om kva endring som har hatt mest å seia for dei. — Me går mykje på tur gjennom heile året. Ofte går turen til Hangurstoppen, og etter at gondolen og restauranten på toppen kom, kan ein no ta seg ein velfortent kaffi eller øl når ein når toppen.
Heilt ny ski inn- og ut-oppleving Då den nye gondolen blei bygd, såg Tor Atle ei moglegheit. — Eg spurde Voss Resort om det ikkje gjekk an å byggja skap i kjellaren i gondolbygget på toppen, som folk kunne leiga for å oppbevara ski og klede. Det har dei gjort, og det har gjeve oss moglegheita til å ta toget til Voss, gå rett på gondolen, skifte til skiklede på toppen og skli ned til hytta. Heimatt tek me berre skiheisen opp og legg att klede og utsyr i skapa i kjellaren. Enklare blir det ikkje, avsluttar Tor Atle.
— Her kan me gå langrenn, stå på ski eller snowboard, dra til klatreparken, symjehallen, vindtunnelen, ta ein tur til sentrum eller berre slappa heilt av og ikkje gjera noko. Tor Atle Drønen, hytteeigar
The cabin in Tråstølen in Voss Resort, has become the Drønen family´s second home. Here they can go on hikes, ski and relax. Since 2014, the family has spent about 100 days at the cabin a year, and the variety of activities makes the kids still want to go to the cabin, even though they have become teenagers. 17
Totalleverandør av entreprenørtenester og byggevarer
Ope: måndag-fredag 7-16, laurdag 10-14 Telefon: 56 52 04 20 • E-post: post@seimen.no • Nettside: www.seimen.no 18 VossaPuls 2020
Logolink AS. Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem
Lokal kraft er eit godt val! I dag kan du velja å kjøpa straumen frå ei lang rekkje selskap. Berre eitt av dei bidreg lokalt – til lag, organisasjonar og kommunale tenester!
Tlf. 56 52 83 00 www.vossenergi.no
HYTTE PÅ VOSS? Vi har lokal erfaring og solid kunnskap om hyttebygging i Voss og nabokommuner. I opp mot 30 år har vi bygget hytter tilpasset kunde alt etter kundens ønsker og behov. Ta kontakt for mer informasjon!
Du kan se mer av Lindnes fjellhytte og bestille vår hyttekatalog på www.vossbyggsenter.no
Brynalii 101 - 5705 Voss, Tlf. 56 51 15 55 www.vossbyggsenter.no
19
VossaPuls
t: Ann Karene Rasmussen / f: Voss Active
2020
Voss Active oppgraderer klatreparken
Nytt tryggleikssystem gjer at fleire kan prøva løypene
Voss Active fyller 25 år og oppgraderer Klatre- og ziplineparken med mellom anna nytt tryggleikssystem som fjernar aldersgrensene på store løyper og zipliner.
Z
iplinene og dei mest utfordrande løypene i Klatreparken har tidlegare hatt aldersavgrensing på 10 år i tillegg til høgdeavgrensing på 140 cm.
– Det har skuffa mange 8-9-åringar som har vore høge nok, seier Leiv Kenneth Nilsen, salgs- og marknadsansvarleg i Voss Active, som driv Klatre- og ziplineparken. Med oppgradering av tryggleikssystemet kan fleire prøva dei ulike løypene. – Det blir det same systemet i dei store løypene som det er i dei små. Dei som er i løypene vert no konstant kopla til vaierar, og det er ikkje mogleg å kopla seg av undervegs. Det blir ikkje noko aldersbegrensing på løypene eller ziplinene i parken, kun krav til høgde på 100 cm for dei små løypene og 140 cm for dei store, fortel han. 20 VossaPuls 2020
Nye, utfordrande element Klatreparken ligg like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet og består av ei lita løype og mikroløyper, to store løyper høgt oppe i trea og sju zipliner, der to av dei kryssar Strandaelva. Til saman har klatreparken 60 forskjellige element, og det vil koma nye, utfordrande element i 2020. – Me meiner klatreparken vår er spesielt sjarmerande og spektakulær. Tett på elva med store fossar og stryk, og løypene som snor seg mellom kjempestore steinar og tre. Sjølv om mange av løypene høver best for vaksne, har me også enklare løyper slik at heile familien kan finna høvelege utfordringar. Men du skal ikkje vera redd for høgder og å ta i eit tak!
Til saman har klatreparken 60 forskjellige element, og det vil koma nye, utfordrande element i 2020.
25 år med opplevingar I 2020 feirar Voss Active 25 år som naturbasert opplevingstilbydar. I tillegg til Klatre- og ziplineparken
tilbyr dei i dag aktivitetar som rafting i Strandaelva og Raundalselvi, familierafting i Vosso, juving, guida turar og fosserappelering i Skjervsfossen. – I forbindelse med 25-årsjubileumet vil me ha fleire arrangement, som mellom anna familiedagar og spesielle tilbod. Me kjem til å publisera ein aktivitetskalender på www.vossactive.no og Facebook, så ein må berre fylja med! Mykje har endra seg på Voss sidan selskapet blei skipa i 1995, med Ekstremsportveko og eit stadig auka tilbod av aktivitetar for fastbuande og turistar. – Me tykkjer ikkje det er feil å seia at fokus på ekstremsport og mykje av det som er skjedd ikkje hadde vore mogleg utan innsatsen til Voss Active og dei som står bak. Men med auka konkurranse må me berre stå på og utvikla nye tilbod for framtida. Dette vil me sjå konturane av i løpet av 2020, avsluttar Nilsen.
In the 2020-season Voss Active is upgrading its High Rope & Zip-Line Park with a new safety system that removes the age requirement on the ziplines and the most challenging courses, leaving a height requirement of 140 cm. They will also be adding new and challenging elements to the courses. In addition to the park Voss Active also offers other naturebased activities like family rafting, canyoning and guided tours. 21
VossaPuls 2020
22 VossaPuls 2020
Foto: Andreas Mosling
RÃ¥
23
Foto: Outdoor Norway
utsikt
Foto: Per Finne
EIGEN OUTLET I VANGSGATA 46
30-80
%
PÅ KJENTE MERKEVARER
SYKKEL MED SYKKELVERKSTAD, OG BARNEKLÆR FRÅ I UTTRÅGATA 21
1000 m2
Sportsutstyr Kleavdeling Barneklær Sko Våpen Fisk Friluftsutstyr Ski- og vinterutstyr Trimapparat og utstyr Tilpassing og støyping av solar og innersko
Velkommen til ein hyggeleg handel
1000m2 med sport + eigen Outlet i Vangsgata 46 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
24 VossaPuls 2020
S. Endeve Sport
Tlf. 56 51 11 19 - endeve@endeve.no Åpent: Lør 09-16 - Man-ons 09-17 og Tors-fre 09-19
Foto: Istock
Voss sentrum
Mølstervegen 143, 5705 Voss • +47 474 79 794 voss.folkemuseum@hvm.museum.no www.vossfolkemuseum.no
SERVERINGSLOKALE
CATERING
NETTBUTIKK
GARDSBUTIKK
Velkommen til ein hyggeleg handel i gardsbutikken vår, eller bestill servering av tradisjonsrik handverksmat i eit av våre stemningsfulle lokaler www.smalahovetunet.no
post@smalahovetunet.no
56516965 25
VossaPuls
t: Kaia Finne / f: Jon Hunnålvatn Tøn
2020
Satsar på meir
sykkelsuksess Dei seinare åra har det blitt enklare å oppleva fjellheimen på to hjul – også i Myrkdalen. Og stadig fleire av oss vel å oppleva naturen frå sykkelsetet.
V
estlandet er eit eldorado for sykling – med fantastisk variasjon av skog, fjell og dalar. Og det er ingen tvil om at me syklar stadig meir – både på fatbike om vinteren og med terrengsykkel på sykkelstiar om sommaren og hausten. Fleire syklar enn ski Visste du for eksempel at det vert selt fleire terrengsyklar i Noreg enn alpinski? Og kva passar vel då betre enn å utvikla Vestlandet sin største skidestinasjon til også å verta ein svært attraktiv heilårsdestinasjon. – Dei seinare åra har me satsa mykje på utbygging av sykkeltilbodet, og med suksess for både sykkelstiar i nærområdet og ny pumptrack like ved hotellet ser me fram til å utvikla tilbodet ytterlegare, fortel prosjektleiar Joar Wæhle i Myrkdalen.
26 VossaPuls 2020
Det føreligg nemleg nye planar for stibygging i nærområdet, og sommaren 2020 går ein i gong med å utvida for enda fleire gode sykkelopplevingar i fjellbygda. – Me skal laga fleire stiar med ulike vanskegradar for både unge og vaksne, lovar Wæhle, som er opptatt av at alt som vert laga skal ose av kvalitet. Gode tilbakemeldingar – Den gleda me ser sykkelløypene og -aktivitetane gjev både fastbuande, hyttefolk og turistar, ønskjer me å gje meir av, fortel prosjektleiaren. Hausten 2019 stod ein splitter ny 850 kvadratmeter stor pumptrack i asfalt ferdig i Myrkdalen, og etter tilbakemeldingane å døme har denne begeistra så vel små som store, nybyrjararar og ekspertar.
– Pumptracken, som er unik i Vestland, haustar skryt frå dei som brukar han – spesielt for korleis han er designa, at ein kan finna utfordringar uansett nivå, fortel Joar Wæhle. Leige utstyr Dei nye planane for stiutvikling i fjellbygda skal gjera destinasjonen enda meir attraktiv for sykkelopplevingar, og er du ein av dei som ikkje har eigen terrengsykkel fins det likevel løysingar. Myrkdalen har eit godt utval av terrengsyklar til utleige, både fulldempa, hardtail og el-syklar. Og dersom ein vil bli tryggare på sykkelsetet, fins det både nybyrjarkurs og teknikk-kurs for vidarekomne. Tilbod om guida terrengsykkelturar har dei også. Og set du deg på ein el-sykkel får du fort utvida rekkevidde. – Forholda for el-sykling er veldig bra og gir deg også lett tilkomst til Vikafjellet sitt varierte terreng med mange utrafikkerte grusvegar, fortel Wæhle. Det som før var eit slit opp bakkane blir leikande lett, og det som før var uoppnåeleg blir gjerne mogeleg.
The western part of Norway is ideal for biking, with an amazing variety of woods, mountains and valleys. The last couple of years, Myrkdalen has developed family friendly mountain bike tracks and a pump track close to the hotel. In the summer of 2020 we will create a new bike track with different difficulty levels, which means there will be even more bike adventures easily available in the mountains.
27
VossaPuls
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
2020
Myrkdalen i sommardrakt
Flugefiske Ingvild Aurdal, ei av verdas beste kvinnelege flugefiskarar, tek deg med til sine favorittplassar i elevane rundt Myrkdalen. Turen inkluderer lunsj, guiding, kastekurs og fiskeutstyr som fluger og fortomsmateriell.
Ta heisen til fjells Hopp på heisen rett utanfor Myrkdalen Hotel! Myrkdalsekspressen fraktar deg kjapt og enkelt til fjells. Frå toppstasjonen på 860 meter over havet får du ei fantastisk utsikt, samstundes som du har eit perfekt utgangspunkt for vandreturar til turmål som Finnbunuten, Mørkvestølen og Vetlebotn.
Kajakktur på fjorden Bli med oss på padletur til idylliske Sognefjorden, den lengste og mest kjende fjorden i Noreg. Me køyrer over Vikafjellet og ned til Arnafjorden – ein solfylt fjordarm av Sognefjorden som er omkransa av majestetiske fjell. Turen startar og sluttar ved Myrkdalen Hotel.
Familievenleg fisketur Ta med familien på fisketur i båt eller i kombinasjon med vandretur til fjells. Me fiskar etter aure med stang og oter. Turen blir avslutta med grilling av dagens fangst. Bading i fjellvatn Ingenting er som å bada i friskt og reint fjellvatn. Me tek deg med på tur til fantastiske badeplassar – heilt utanom det vanlege. Me stiller med handklede og god stemning – bli med oss på eventyr!
– Frå toppstasjonen på 860 meter over havet får du ei fantastisk utsikt. Sykling
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Løyper og pumptrack Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvadratmeter stor pumptrack og tilrettelagte sykkelløyper med ulike vanskegradar. Her kan du leika og øva deg på balanse og ferdigheiter på sykkel. I pumptracken er det også kjekt med skateboard. Tilbodet er gratis og ope for alle.
28 VossaPuls 2020
Teknikk-kurs i sykling For nybyrjarar tilbyr me to timars kurs i terrengsykling for born og vaksne. Desse kursa er for dei som har lite eller ingen erfaring med terrengsykling og me lærer deg grunnleggjande teknikk for å meistra terrenget.
Har du allereie erfaring med terrengsykling kan du bli med ein kvalifisert instruktør på to timars teknikk-kurs der fokus er på balanse, tyngdepunkt og posisjon, klatreteknikk, teknikk med å få framhjulet over element samt sving- og hoppteknikk. Guida turar Vil du bli med på landevegssykling? Me tilbyr guida rundtur mellom fjell og fjord der me syklar tett på naturen. Me kan lova både mektige fjell og fantastisk utsikt, og turen blir lagt opp med gode pausar, lokalhistorie og servering. Turen kan syklast på ein dag for dei sprekaste, eller den kan delast opp i to dagar med stopp for overnatting.
t: Kaia Finne / f: Sverre F. Hjørnevik
Kurs og konferanse Aktiv innhald
Ønskjer bedrifta di å kombinera fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Myrkdalen Hotel på Voss ein perfekt stad å dra til.
D
en vakre fjellandsbyen, berre eit par timar frå Bergen, innbyr til eit fint avbrot i kvardagen, og her kan du planleggja kurs og konferansar som går over ein eller fleire dagar. Hotellet har møterom og salar med fleksible og moderne løysingar, med plass til inntil 190 kurs- og konferansegjestar. I pausane kan de nyta naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt! I vintersesongen er heiskort inkludert for alle kurs- og konferansegjester. Gode minner med kollegaer Den aller beste måten å styrkja relasjonar i ei gruppe på, og samstundes skapa gode minner med kollegaer, er å finne på ting i lag. Myrkdalen er verkeleg staden for akkurat dette. Hjå oss legg me òg til rette for aktive og minnerike pausar mellom det faglege. Dei tilsette ved Myrkdalen Hotel har lang erfaring og brei kompetanse når det gjeld planlegging
Vil du reservere din neste konferanse eller kurs? konferanse@myrkdalenhotel.no (47) 47 47 16 00 myrkdalen.no/kurs-og-konferanse
og gjennomføring av arrangement, og er alltid klare for å skreddarsy arrangement slik at di bedrift får akkurat den opplevinga du ønskjer. Naturbaserte opplevingar Gjennom aktivitetskonsepta og lag-konkurransane våre vil deltakarane kjenna både på konkurranseinstinkt og jubelrus. I 71 grader nord får ein verkeleg erfart korleis ein kan spela kvarandre god. I Farmen er det tilbake til urinstinktet der det ofte berre handla om å overleva, mens i Vinter-OL kan bedrifta avsløra kven som har skjulte talentar i skibakken. Les meir om våre aktivitetskonsept under: Farmen Storbonden i Myrkdalen står klar med oppgåver inspirert av velkjende Farmen. Her får ein testa seg i styrke, presisjon, kunnskap og samarbeid inspirert av livet på garden. Me tilpassar kvart arrangement til gruppa sitt ønskje.
71 grader nord 71 grader nord er omtala som Noreg sitt vakraste eventyr. I Myrkdalen har me laga vår eigen versjon som skapar lagkjensle og bidreg til at alle i bedrifta får henta fram konkurranseinstinktet. Laget skal koma seg frå A til B og løysa ulike oppgåver undervegs. Eksempel på oppgåver er bålbrenning, minneleik, geografi og miniskistafett. Vinter-OL Som i alle andre olympiske leikar startar ikkje ballet før OL-fakkelen er tent. Deretter brakar det laus med ulike vinteraktivitetar. Nokon inkluderer ski, andre ikkje. Her er det viktig at ein heiar høgt, slik at alle får oppleva korleis det er å konkurrera om ekte gull. Det heile vert avslutta med utdeling av medaljar, heider og ære.
– I vintersesongen er heiskort til Vestlandet sitt største skisenter inkludert i våre kurs- og konferansepakkar.
Myrkdalen Hotel Is located only two hours from Bergen International Airport. The hotel is a perfect venue to combine a conference with nature- based activities. We offer modern conference halls and meeting rooms with flexible solutions, a wide range of activities and the hotel is right next to the largest ski resort in Western Norway.
29
VossaPuls
t: Kaia Finne / f: Sverre F: Hjørnevik
2020
Fem grunnar til ĂĽ oppleva vinter i Myrkdalen
30 VossaPuls 2020
I Myrkdalen kan du boltra deg i snø gjennom heile skisesongen, både med og utan ski på beina. Sit du på gjerdet og treng ein god grunn for å koma deg opp av godstolen? Her gjer me deg nokon gode grunnar for å koma deg opp og ut.
1. Pudderalarmen går jamt
2. Eldorado for vintersport
Myrkdalen er blant skistadane som tronar aller høgast på snømålingane gjennom skisesongen i Noreg. At den vesle bygda i Voss er ein av dei mest snørike destinasjonane i Europa, er etter kvart ein dårleg bevart løyndom. Folk frå heile verda kjem hit for å leika seg i nysnø av ypparste kvalitet. Her snakkar me pudder! Terrenget rundt skisenteret er perfekt for frikøyring, og det er lett tilkomst frå heisane til store område eigna for laussnøkøyring.
Myrkdalen har også tenkt på dei som vil meir enn å berre køyra alpint. Park er eit område det blir satsa på, og i dei fire parkane er det utfordringar for ein kvar smak. Her finn du hopp og rails i alle utgåver. X Games-veteranen Klaus Finne har laga ei signaturlinje – ei kreativ løype med mange snøelement. Skisenteret har også ei familievenleg skicrossløype med hopp, bølgjer og svingar. Har du lyst til å bli betre på ski, har skiskulen i Myrkdalen tilbod for både nybyrjarar og vidarekomne i slalåm, park, snowboard, telemark, topptur og langrenn.
Vil du sjå den storslåtte utsikta du kan vente deg, kan du leita opp hashtaggen #Myrkdalen på Instagram.
31
VossaPuls 2020
3. Kort reiseveg – ingen fjellovergang
5. Alpinløyper for alle nivå
Det er enkelt å koma seg til Myrkdalen. Å køyra frå Bergen til skisenteret er gjort på under to timar og du risikerer ikkje å måtte køyra i kolonne eller møte stengte fjellovergangar på ruta. Du kan også ta tog til Voss, og buss vidare til Myrkdalen. Skibussane korresponderer med tog frå og til Bergen, og er heilt gratis.
Myrkdalen har eit tilbod til ski- og snøbrettentusiastar på alle nivå og i alle aldrar. Her er det breie og oversiktlege løyper i ulike vanskegradar. Medan dei minste boltrar seg i barneområdet i trygge omgivnadar, kan dei rutinerte skikøyrarane utfalde seg høgare til fjells. Skisenteret har ni heisar fordelt på to stolheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband. Dei 21 løypene blir preppa kvar einaste dag, og like bra ein heilt vanleg tysdag som i helgane. Berre nokre stavtak unna skianlegget finn du preparerte langrennsløyper, her kan du gli gjennom skisporet også etter at sola har gått ned. Lysløypa er på heilt fram til klokka 22 om kvelden.
4. Overnatting i staselege omgjevnader Der løypa endar fortset opplevinga. På Myrkdalen Hotel ligg alt til rette for at heile familien kan henta seg inn att eter dagens aktivitetar. Hotellet har ski inn – ski ut-tilkomst, 112 rom, afterski, bar, to leikerom og tre restaurantar. Maten her smakar som landskapet; vilt og reint – med innslag av friske overraskingar! God mat får du også i Kamben Kafè & Bar, i Myrkdalsstovo, hjå Salto Lobby Bar og på Pudder Afterski.
32 VossaPuls 2020
– Medan dei minste boltrar seg i barneområdet i trygge omgivnadar, kan dei rutinerte skikøyrarane utfalde seg høgare til fjells.
Foto: Sverre F. Hjørnevik
Foto: Klaus Finne
Foto: Sverre F. Hjørnevik
Ski og fjord
Kjekt utan ski
Basecamp og barnerenn
Kombiner skiferien i Myrkdalen med unike fjordopplevingar. Den UNESCO-lista Nærøyfjorden er ikkje langt unna, og du kan enkelt oppleva fjorden med stupbratte fjell og vakker vinterdrakt under skiferien. Dagleg går det bussar mellom Myrkdalen, Gudvangen og Flåm.
Me har fleire aktivitetar for deg som vil oppleva vakkert vinterlandskap utan ski på beina. Bli for eksempel med på aketur, ein fartsfylt og morosam tur på snowracer frå toppen av stolheisen, Myrkdalsekspressen, ned til hotellet. Eller sus gjennom vakkert vinterlandskap med hundespann.
Denne vinteren tek me endeleg i bruk torget til leik og moro for born og familiar. Kvar laurdag og fleire dagar i ferievekene arrangerer me BaseCamp med kjekke aktivitetar med og utan ski for familiar på torget. Kvar sundag i skisesongen, samt fleire dagar i ferievekene er alle barn inviterte til gratis barneskirenn i Badnabakken.
Vil du sjå den storslåtte utsikta du kan venta deg i Myrkdalen?
#Myrkdalen
Snow sure Myrkdalen is the largest ski resort in Western Norway - with family-friendly ski areas, slopes with all levels of difficulty, terrain parks, ski cross slopes, cross country tracks and great off-piste terrain. Myrkdalen is every year on the annual snowfall high rank among European ski resorts, which makes us a perfect destination for families as well as the freerider. 33
Foto Sverre F: Hjørnevik
Leit opp Instagram hashtaggen
Uansett ambisjonar - me er ein god medspel
Uansett ambisjonar - me er ein god medspelar
vekselbanken.no
vekselbanken.no sett ambisjonar - me er ein god medspelar
vekselbanken.no
TRENGER DU GARASJEPORT PÅ VOSS?
Vi hjelper deg med å finne garasjeporten som passer for dine behov, i den stilen du ønsker til både hytte og hus. Porten kan leveres ferdig montert om du ønsker det. Kontakt oss i dag for et uforpliktende tilbud.
y
Car Bo Garasjeporter AS Hjellestadveien 72, Blomsterdalen
Tlf.: 55 11 42 10 Epost: Bergen@car-bo.no www.car-bo.no
Vi har over 50 år med kunnskap, erfaring og ekspertise i bransjen!
VELKOMEN TIL KRINGSJÅ SOMMARPENSJONAT
Pensjonatet ligg roleg til i 5 minuttars gange frå torget i Voss sentrum med nydeleg utsikt over Vossebygda. Me tilbyr overnatting m/frukost for grupper med mogelegheit for bestilling av middag, evt. festmiddag. Kulturinnslag med norsk folkemusikk og folkedans om ynskjeleg.
✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳
Festival innan folkemusikk og nærliggande musikkformer, med særleg vekt på tidleg kunstmusikk.
1. juni – 15. august Gruppetinging 10-40 personar 5 min. gangavstand frå sentrum Enkle, doble og 3-sengsrom inkl. frukost Alle rom med dusj/toalett Gratis internettilgang Førehandstinging middag/festmiddag Førehandstinging kulturinnslag med norsk folkemusikk og folkedans
Strengjarhaugen 6, 5700 Voss www.kringsjaavoss.no
+47 901 10 172 post@kringsjaavoss.no
www.osafestivalen.no
35
VossaPuls
t: Daniela Elvebakk Mala / f: Anton Sæten
2020
Voss sentrum
Nyt ein dag i sentrum
Treng du ein pause frå fjellet, og vil oppleva meir av det Voss har å by på? I sentrum finn du eit stort utval butikkar, kafear og aktivitetar. Perfekt i dårleg ver eller om du berre vil ha ein pause frå skibakken eller hytta.
D
et finst mange gode tilbod i sentrum, men kva ein ynskjer å gjera på sentrumsdagen sin vil sjølvsagt variera. Her er eit forslag til ein kjekk dag på Vangen, anten du er aleine, med familien eller vener. Hopp i det Rett bak kyrkjegarden, i Idrottsvegen 14 ligg Vossbadet. Kvifor ikkje starte dagen i sentrum med ein symjetur? Badeanlegget har eit konkurransebasseng om du vil starte dagen med ei lita treningsøkt. Om du vil ha ein roleg kosedag, er det deilig å liggja å duppa i komfortable 33 gradar i opplæringsbassenget, eller ta ein tur i badstua. For dei som ynskjer meir action, har Vossabadet eit eige stupebasseng som alltid er ope, ei sklie med tidtakar og ei hinderløype dei tek fram i helg og i feriar. Her er det berre å sleppa konkurranseinstinktet laus!
36 VossaPuls 2020
Steinomnsbaka lunsj Om ein ruslar omtrent sju minutt frå symjehallen og inn på hovudgata gjennom Vangen, kjem ein til Vossabakst. Etter ein formiddag i bassenget smakar det ekstra godt med heimelaga, smurde rundstykke og ein kopp kaffi eller te i koselege omgjevnader. Bakeriet lagar alt frå botnen, og brøda vert steikt i ein steinomn. Om ein har lyst på litt dessert, har dei alltid eit utval bollar og kaker.
Foto: Sara Finne
Om du er på jakt etter klede, er det verdt å ta turen innom We Norwegians på andre sida av gata. Selskapet har base på Voss og lagar merinoullklede for damer og menn, i tillegg til å selja andre merkeklede. Går du enno litt lenger opp i gata, kjem du til OK Loven. Butikken blei starta rundt 1880, og sel framleis klede i dag. Elles finn du òg Faye, Kari Traa og b.young i sentrum.
Opplev meir av det Voss har å tilby på ein dag i sentrum. Prøv aktivitetane, besøk butikkane og smak deg gjennom gatene på Vangen.
Foto: Sara Finne
Foto: Sara Finne
Foto: Vossabadet
Foto: Tre Brør
Unike butikkar på Voss Ingen dag i sentrum er komplett utan ein handletur. Og om du kryssar Vangen, finn du Pakkenellik i Stallgata 7. Butikken er ein gåvebutikk med kvalitetsgåver ein ikkje finn over alt, og er drive av illustratøren Lilly-Anne Selland.
Går du tilbake til Vangsgata finn du gullsmedbutikken Glød. Dette er den einaste gullsmedbutikken på Voss med butikk og verkstad i same lokale. Her kan du få reparert eller spesiallaga smykkar, akkurat slik du vil ha dei.
37
Ein velfortent pause Etter handlinga freistar det kanskje med ein liten pause? Hjå Voss Hud & Helseklinikk kan du slappa av med ein hovudbotnmassasje eller kanskje det freistar med ei full fotbehandling etter å ha vandra rundt heile dagen? Avhengig av kva du ynskjer, og kor god tid du har, kan du velje mellom mange ulike kroppsmassasjar og fot-, hand-, og spa-behandlingar. Uansett kva du vel, er det ein god måte å senka skuldrane, la stresset fara og berre nyta ettermiddagen.
Foto: Sara Finne
Kortreist tradisjonsmat Før du byrjar å tenkja på å reise til hytta eller heim att, freistar det gjerne med ein god middag. Midt på Vangen ligg Vangen Café. Her er dei opptekne av gode og
tradisjonsrike rettar, som dei lagar frå botnen av lokale råvarer frå Voss og Bergen. I ein moderne og avslappa atmosfære ligg alt til rette for ei fantastisk matoppleving. Etter mat er det kanskje verdt å ta turen innom Libris og Garn Senteret for å kjøpa med seg ei god bok eller litt garn så ein kan kosa seg framfor peisen på hytta eller heime?
Eit breidt utval nisjebutikkar I Voss sentrum finn du eit breidt utval nisjebutikker, med spesialistar innan sitt felt, anten det er foto, klede, sportsutstyr eller gullsmed.
Klede/sko b.young Dyrdal sko Faye FLOR Janusfabrikken Kari Traa OK Loven We Norwegians Anna/tenester Accountor Voss Alfheim optikk Apotek 1 Bruket Arkitektur Destinasjon Voss Fleischer’s Hotel Garn Senter Harmoni Hudpleie Jernia KAMI Frisør & barberstove Landmansbank Logolink Mobit Myrkdalen
Møbelringen Voss Norsk Vaktservice AS Nr 1 Fitness Pakkenellik Park Hotel Vossevangen Sparebanken Vest Sunkost Synsenteret Voss TeBe Interiør Trimrommet Vitusapotek Vossevangen Vossabadet Vossatroll Vossevangen Libris Voss Helsebutikk Voss Hud og Helseklinikk Voss Kommunikasjon Voss Parfymeri AS Voss Sparebank Voss Veksel- og Voss REsort
Mat Dyrdal mat Kveik Kafe Pizzabakeren Ringheim Kafè Steakhouse Vangen Café Vossabakst Vossakronglo AS Vossevangen Grill & Sportsutstyr Endeve Sport MX Sport Skandinavisk Høyfellsutstyr Foto Fotograf Senderud
Gullsmed/smykke Glød Gullsmed Oddvar Holes Sylvsmidja
If you need a break from the mountains, Voss Village has a lot to offer. Here you will find a variety of activities, shops and cafés. Try the indoor pools at Vossabadet, the homemade baked goods at Vossabakst, the unique gift Shops Pakkenellik, the jewler Glød and the clothing store We Norwegians. If you need a brake, try a spa treatment at Voss Hud & Helseklinikk and end with a dinner with local produce at Vangen Café. 38 VossaPuls 2020
Du treng ikkje reisa til syden for ĂĽ bada. Nyt ei kortreist oppleving i ekta vossavatn! #ReinGlede For opningstider/prisar sjĂĽ www.vossabadet.no 39
VossaPuls
t: Ann Karene Rasmussen
2020
Scandic Voss
Nytt konferansehotell har kort veg til “alt”
Med togskinnene rett utanfor, og den nye gondolbanen vegg i vegg, er det kort veg til det meste på Scandic Voss. – Noregs beste plassering, meiner Berit Lunde, som er ny hotelldirektør.
40 VossaPuls 2020
– Her ligg alt til rette for eit opplevingsrikt besøk til Voss, og enkel og miljøvenleg framkomst med tog frå både aust og vest. Dette er eit hotell som er tilgjengeleg for absolutt alle, også for dei som sit i rullestol. Ein kan rulla ut av flyet, inn på bybanen, toget og hotellet, og opp i gondolen. Enkelt og greitt, fortel den nye hotelldirektøren. Marknadsfører heile Voss Lunde kjem frå same stilling ved Scandic Valdres, og er rørt over mottakinga det nye hotellet har fått på Voss. – Vossingane har heia og framsnakka oss, og me er blitt tatt imot på ein utruleg god måte, seier
Lunde, og legg til at det absolutt går begge vegar. – Når me blir kontakta av aktørar og konferansegrupper er me optekne av å fortelja om alt Voss har å by på. Me marknadsfører heile Voss, og ser på det som ein stor fordel at dei som besøkjer oss har mange tilbod å velja i - både når det gjeld aktivitetar og matopplevingar. Reflekterer bygda À la carte restauranten på hotellet, Haik Grill & Bar har fått namnet sitt etter det engelske ordet for vandreturar. Her serverast ein allsidig meny, med innslag av lokale råvarer. Her er det plass til 270 personar, og det er i tillegg eit eige rom som kan brukast til alt frå frukostmøte til konfirmasjon. Nærleiken til gondolbanen kjem godt fram i restauranten, kor det står ein svart gondolkabin midt i lokalet. Og ute på terrassen er baren utforma etter den gamle gondolkabina Dinglo, som tidlegare frakta folk til fjells med Hangursbanen. >>
41
Illustrasjon Brick Visual for Dark Arkitekter
K
onferansehotellet er med sine 215 rom bygdas største. Det er lokalisert på togstasjonen, og har eige busstopp rett utanfor inngangsdøra. Rett ved sidan av hotellet ligg Voss Gondol sin nedre stasjon, som tar med seg skientusiastar, vandrarar og dei som vil oppleva fjellheimen 820 meter over havet.
VossaPuls 2020
– Voss er ekstremt, og det har me prøvd å spegla i hotellet, både i material- og interiørval.
42 VossaPuls 2020
– Voss er ekstremt, og det har me prøvd å spegla i hotellet, både i material- og interiørval. Ved sidan av resepsjonen er det mellom anna ein raftingflåte til borna. Trur hotellet vil få fleire til Voss Hotellet har totalt seks møterom. I første etasje ligg den største konferansesalen som kan husa rundt 400 personar til arrangement, men som også kan delast i tre like store delar. – Her kan me arrangera alt frå konferansar til konsertar, brullaup og jolabord, fortel Lunde engasjert. Ho trur hotellet si plassering og konferansetilbod vil gjera Voss attraktivt for fleire. – Scandic er ei stor kjede med eit nettverk av 280 hotell. Me har mange gode avtalar med bedriftskundar som viser stor interesse for nybygget på Voss, både nasjonalt og internasjonalt. Nye besøkjande til hotellet vil også skapa auka omsetnad i handelsstanden og reiselivsbransjen, avsluttar hotelldirektør Berit Lunde.
Illustrasjon Krook & Tjäder
Illustrasjon Brick Visual for Dark Arkitekter Illustrasjon Brick Visual for Dark Arkitekter
Berit Lunde, hotelldirektør.
Scandic Voss er med sine 215 rom det største hotellet i bygda. Her finn ein restaurant Haik Grill & Bar med uteservering og fleksible konferanse- og eventlokaler. Den sentrale plasseringa på togstasjonen gjer hotellet lett tilgjengeleg for tilreisande frå både aust og vest.
– Me marknadsfører heile Voss, og ser på det som ein stor fordel at dei som besøkjer oss har mange tilbod å velja i - både når det gjeld aktivitetar og matopplevingar. The new conference hotel Scandic Voss, is with 215 rooms the largest in the village. It is located on the train station, with the new Voss Gondola right next door. This makes it convenient for guests, and easy to enjoy activities in the mountains. 43
U D N N FI S S O OR F T HJÅ K U D O R P TER N I V G DELELAGER O R A E• ING M M ERVIC INANSIER S • O P F A S • K S E BYTT KUNN FAG
• INN
Importør: Berema.no
HMV Maskin AS Regimentvegen 14 5705 Voss
44 VossaPuls 2020
Opningstider: Måndag–fredag: 07–17 Laurdag: 09–14 Verkstad og delelager
FORTRESS.NO / FOTO: HÅVARD MYKLEBUST
«OPPTURANE GJER DET STØRSTE KICKET» Randonee er mye mer enn å kjøre fort ned et fjell. Du må ha bred kunnskap og erfaring i sekken for å kunne gjøre de rette vurderingene – det finnes ingen raske løsninger på vei til toppen. Slik er det også for eiendomsmeglere. Vi ferdes i et terreng der vi må ha kontroll på de mange faktorene som til sammen gir suksess, nemlig høyest mulig pris for boligen din. Det finnes ingen heis som kan erstatte hardt arbeid og erfaring. Derfor er det faktisk ikke likegyldig hvilken megler du velger. Kontakt oss når du skal selge det mest verdifulle du har – til best mulig pris. GODE RESULTATER KOMMER IKKE AV SEG SELV – DET ER ALLTID NOEN SOM SKAPER DEM.
PROAKTIV ER STOLT SPONSOR AV LARS ERIK SKJERVHEIM. VI ØNSKER HAM EN RASK TUR OPP OG SOM FØRSTEMANN NED.
proaktiv.no Proaktiv Voss, Vangsgata 16, telefon: 56 52 19 50, e-post: voss@proaktiveiendom.no
45
VossaPuls
t: Daniela Elvebakk Mala / f: Sverre F: Hjørnevik
2020
VossVind
Hekta på å fly
Hjå VossVind kan kven som helst prøva å fly som supermann! Jenteduoen Nora Myhre Carlisle (10) og Lærke Horn Follesø (10) fekk begge prøva å fly i vindtunnelen på Voss i ung alder. Det gav meirsmak. Det siste året har duoen flydd to gongar i månaden under namnet Cool Girls.
46 Vossapuls 2020
—D
et er gøy fordi ein kan gjera mange ulike triks i vindtunnelen, og så får ein veldig meistringskjensle når ein får det til, seier Lærke.
Utfordrande og lærerikt Jentene i Cool Girls elskar nye utfordringar. Og det var forventninga om spenning som fekk dei til å fly fyrste gongen. Og dei fant raskt ut at dette var noko dei ynskja å gjera ofte. – Ein lærer så mykje nytt som ein ikkje kunne frå før, og det er veldig spanande, meiner Nora. Men sjølv om jentene er opptekne av å fortsetja og satsa på flyginga, held dei på med andre ting òg for å betre flyginga. — Eg spelar fotball for å verta sterkare i beina, og så er eg med i 4H, fortel Nora. —Og eg skyt pil og boge for å betra konsentrasjonen, og klatrar for å verte sterkare, skyt Lærke inn. Slik sørgjer dei for å betra ferdigheiter dei treng som flygarar. For no har dei byrja å fly konkurransar saman, noko dei håper å få gjera meir av framover. Bli proff du òg! Cool Girls har vore heldige og vore sponsa av Bergen Tilkomst Teknikk AS, så dei har kunna flydd mest mogleg. No er jentene på jakt etter ny sponsor, for å kunna forsetja og satsa saman. Men dagleg leiar i VossVind, Trude Sviggum, understrekar at ein ikkje treng å satsa like mykje som Nora og Lærke for å ha det kjekt i vindtunnelen. — Å fly i vindtunnel er kjekt frå fyrste økta, men om du vert “bitt av basillen” så har me eit proflyer-program som alle kan vera med på. Då er det fleire nivå. Jo fleire ting du kan, og jo meir kontroll du har, jo nærmare er du å vera proflyer. Ho anslår at ein må flyga i omtrent ti minutt for å klara stega og verta proflyer. — Og jo flinkare du blir, jo meir rabatt får du, smiler Trude Sviggum.
For 5 til 94 år Sidan vindtunnelen opna i 2012 har mange hatt gleda av å prøva seg som Supermann. I vindtunnelen kan du kjenna på fridomen av å fly i vinden med ei vifte med 1608 hestekrefter, heilt trygt. Den nedre aldersgrensa er fem år, men Sviggum understrekar at det ikkje finst noko øvre grense. —Den eldste som har flydd hjå oss var 94 år, så dette er absolutt for alle! Her kan heile familiar eller grupper koma og ha det kjekt saman. Dessutan er det veldig trygt og spennande å fly i vindtunnel. Men det kjekkaste er kanskje at ein ikkje er avhengig av fint ver, som gjer at ein kan fly heile året, uansett førehald ute. Eiga flytid for born Vindtunnelflyging er ein eigen idrett, som har eit sosialt og aktivt miljø på Voss. Det arrangerast ulike konkurransar og arrangement, både for unge og eldre, ferske og meir erfarne flygarar. — Kvar onsdag har med VossaKids. Då er tunnelen reservert for ungar som ynskjer å fly, uansett kva nivå dei ligg på. Og så har me byrja med konkurranse i november som forhåpentlegvis vert ei årleg hending. Då hentar me inn dommarar frå utlandet for å la utøvarane våre kjenna på korleis det er å verta dømd etter internasjonale reglar, fortel Trude.
– Den eldste som har flydd hjå oss var 94 år, så dette er absolutt for alle!
At VossVind anyone can fly like Superman. Bring your whole family or friends to fly in a safe and controlled environment. You must be five years old to fly, but there is no upper age limit. The oldest person to fly is 94! 47
48 VossaPuls 2020
Foto Voss active
Ekstrem
49
Foto Sverre F: Hjørnevik
moro
VossaPuls
t: Daniela Elvebakk Mala
2020
Store Ringheim
Hotellet som hentar og bringar gjester
1,3 kilometer frå Voss sentrum ligg hotell og restaurant Store Ringheim. I år har eigarane, Svein og Jorunn Ringheim, bestemt seg for å henta og bringa gjestar der dei er, anten dei er i skiløypa, klatreparken eller på togstasjonen. Slik kan gjestane deira enkelt koma seg mellom aktivitetar og hotellet.
50 VossaPuls
Foto: Gunn K. Monsen
– Menyen endrar seg etter årstida, alt etter kva som er i sesong og mogleg å få tak i lokalt.
K
øyrer til skiløypa og togstasjonen For Svein og familien er det viktig at det er lett for gjestar å koma seg til garden dei har bygd om til hotell og restaurant. Spesielt sidan mange kjem med tog til Voss. — Difor tilbyr me no å henta og levera gjester gratis til ulike aktivitetar eller togstasjonen, fortel Svein. Då kan du enkelt oppleva det beste Voss har å by på av aktivitetar, for så å eta middag og overnatta på stemningsfylte og kulturhistoriske Store Ringheim.
Foto: Chuck Nichols/Nichols Expeditions
Avslappa atmosfære Garden ligg fredeleg til mellom åkrar og andre gardar, med utsikt mot Voss. Her kan du slappe av i ein roleg og heimekoseleg atmosfære etter ein lang dag i skibakken, fjellet eller på sykkel. Hotellromma er laga til i det gamla gardshuset og reiskapshuset, medan du finn restauranten i den gamla ombygde løa, med utsikt over åkrane som ligg rundt garden. Ein perfekt stad å nyta ein fire retters à la carte middag etter ein lang dag ute. Lidenskap for ureist mat Då Svein og kona Jorunn bestemte seg for å byggja om garden Svein vaks opp på, var det med ein klar tanke om å utnytta dei moglegheitene området rundt dei har å by på. Difor endrar menyen seg etter årstida, alt etter kva som er i sesong og mogleg å få tak i lokalt. For råvarene er henta lokalt, anten frå eigen grønsaks- og jordbæråker, eller frå nærliggjande gardar på Voss og i Hardanger.
— Me kallar det ureist mat. Me er opptekne av å tilby mat som er dyrka og avla her på Voss, og som difor aldri har opplevd å verta frakta nokon plass, seier Svein. Slik får dei ein unik og fantastisk kvalitet på råvarene, samstundes som dei støttar dei lokale matvareprodusentane. Ta med frukosten heim Òg til frukost serverast det lokalprodusert mat, anten frå Store Ringheim, eller andre stader i nærleiken. Nokre av produkta har vore så populære at gjestane no kan kjøpa dei med seg heim. — I gardsbutikken er det mogleg å kjøpa med seg litt av maten me tilbyr, og me jobbar stadig med å utvida utvalet, fortel Emma Reigstad, dotter til Svein og Jorunn. Heile familien er med I dag er både ungar og barneborn med i drifta av Store Ringheim. Dottera og sonen til Svein og Jorunn jobbar begge på Store Ringheim, medan barneborna er med på sopptur og bærplukking. — For oss er det viktig å koma seg ut og plukka det me finn av sopp og bær, noko borna synest er veldig kjekt, fortel Emma. Det dei finn vert brukt i restauranten eller seld i gardsbutikken. Å inkludera heile familien er veldig viktig for Svein og Jorunn, og då ikkje berre deira eigen familie. — Me seier alltid til dei som byrjar å jobba hjå oss at dei skal ta imot gjestane som om gjestane er deira eigen familie som kjem på besøk, forklarar Svein. For å koma til Store Ringheim, det skal vera som å koma heim.
Get picked up on the train station or the ski slopes and experience the great food and relaxing and cosy atmosphere at historical Store Ringheim. Sleep in the former farmhouse and enjoy dinner made by local ingredients in the old renovated barn. The owners drive guests back to the train station or to other activities in Voss, free of charge. 51
VossaPuls
t: Daniela Elvebakk Mala / f: M’Labs
2020
Næringshagen Voss
Realiser din gründerdraum på Voss!
Alexander Solstad Ringheim Invertapro gründer
52 VossaPuls 2020
Trivst du så godt på Voss at du vil bli verande? Har du ein god idé du ynskjer å vidareutvikla? Hjå Næringshagen på Voss får du hjelp til å realisera dine gründeridear og starta eigen bedrift. Det gjorde Alexander Solstad Ringheim då han kom opp med ideen som i dag har blitt til selskapet Invertapro.
—N
æringshagen har vore til stor nytte for oss, og har hjelpt oss med strategi og den generelle utviklinga av selskapet, seier Solstad Ringheim. Han er no dagleg leiar i Invertapro, eit særs innovativt selskap som produserer insekt som brukast til fór i landbruk og fiskeindustri.
bygd opp eit stort nettverk av kompetanse ho no brukar for å hjelpa andre gründerar. — Å ha ein god idé er starten, men så treng ein kapital til rett tid, kompetanse innan mange fagfelt, og det rette laget rundt seg for å klara å realisera ideane sine. Det er Solstad Ringheim einig i.
Frå idé til selskap Seniorrådgjevar hjå Næringshagen på Voss, Sissel Kristin Mugås Bjørkhaug, var den som tok imot Solstad Ringheim, og som tek imot alle som har ein idé dei ynskjer å utvikla vidare.
— Me fekk hjelp av Mugås Bjørkhaug til å koma i kontakt med eit større nettverk og investorar, og er veldig nøgde med samarbeidet så langt, fortel han.
— Me har alltid lyst å møta menneske med nye idear, og tilbyr derfor ein samtale for alle som ynskjer det.
Ein flott stad å vera gründer Sjølv meiner Mugås Bjørkhaug det er veldig moro og givande å vera gründer.
– Å ha andre å drøfta oppog nedturar med, er viktig. For Mugås Bjørkhaug er den fyrste samtalen med ein ny potensiell gründer særs viktig.
Sissel Kristin Mugås Bjørkhaug Seniorrådgjevar, Næringshagen Voss
— Men samstundes er det knalltøft. Å ha andre å drøfta opp- og nedturar med, er viktig. Det er enormt mykje ein kan læra av kvarandre, understrekar ho. Solstad Ringheim har sjølv fått erfare at det kan vera tøft å jobba aleine som gründer. Han er derfor veldig takksam for samarbeidet med næringshagen.
— Då får eg eit inntrykk av personen, ideen og kva ambisjonar vedkommande har.
— Næringshagen på Voss skapar ei god ramme for utvikling, og har hjelpt oss å voksa til den bedrifta me er i dag, forklarar han.
Saman med gründeren drøftar Mugås Bjørkhaug ideen, og kva som vert neste steg. Om ideen er god, og næringshagen og gründeren ynskjer å fortsetja samarbeidet, har næringshagen eit eige laup for korleis dei skal jobba vidare.
Om ein har lyst å busetja seg Voss, og skapa ei bedrift her, så er Næringshagen derfor ein fin plass å sitja og jobba og utvikla ideen sin, ifølgje Mugås Bjørkhaug. Her får ein nemleg eit fellesskap, sjølv om ein jobbar åleine.
Hjelper deg med nettverksbygging Mugås Bjørkhaug har jobba med mange ulike gründerselskap i mange ulike bransjar, og har
— Og så er Voss ei fantastisk flott bygd å bu og driva selskap i! Det er ei offensiv haldning og sterk dugnadsånd i bygda, fortel ho.
Leig kontor for ein dag Sparringspartnarar og nettverk er nyttig for alle. Dersom du treng ein plass å jobba, for berre ein dag eller to, eller nokon månadar, har næringshagen kontorplassar dei leiger ut. For i lokalane til Næringshagen sit det om lag 20 bedrifter og 50 personar innan ulike bransjar som alle er klare for samarbeid. I tillegg er Næringshagen Voss ein samlingsstad for kurs, fagseminar og møteplass.
Dagsplassar kan fint leigast dersom ein til dømes ynskjer å få helga på Voss til å vara litt lenger. Kvifor ikkje leige kontor her på måndag, så kan ein kosa seg heile helga utan å måtta stressa med å koma seg heimatt sundag? Finn meir informasjon på nhvoss.no
Do you want to make Voss your home, and have a good idea you want to develop further? At Næringshagen på Voss you can get help to start your own business. 53
Velkommen til Voss Camping! Voss Camping ligg like ved Voss Sentrum. Idyllisk plassert ved Vangsvatnet. Gangavstand til alt som skjer i sentrum. • 7 hytter (max 5 pers.) m/kokeplate og kjøleskap • 45 plassar m/straum • 20-30 teltplassar • Nytt sanitæranlegg med dusj og toalett • Vaskemaskin og tørketrommel • Like ved oppvarma utandørs symjebasseng • 5 min. gangavstand til sentrum
OG GOD PARKERINGSPLASS TIL ALLE OPNINGSTID 10–19 (18) • MENY 8–21 (20)
Hurtigladestasjon
Bensinstasjon
P
2 t gratis mot P-billett
AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.
Handleglede! OVER 30 BUTIKKAR
• Internett tilgang
Tlf.: 56 51 15 97 Mobil: 901 81 120 Fax: 56 51 15 97 post@vosscamping.no www.vosscamping.no
HARDANGERVEGEN 25 AMFI.NO/VOSS
Hotellet med fjorden i hagen! Hotellet Hotellet med med fjorden fjorden ii hagen! hagen! Arrangement våren 2019 Arrangement våren 2019 KVINNEHELG
Arrangement våren 2019 Eiga sandvolleyballbane og badestrand.
15.-17. mars 15.-17. mars KVINNEHELG
Regional konferanse forKort kvinner i nettverk Gode forhold for fotturar i fjellet. avstand kjende turmål i 15.-17. mars KVINNEHELG Regional konferanse i nettverk Talarar: Ingfrid Mundalfor ogkvinner Elisabeth Tisthamar området,som Geiranger, Briksdalsbreen eller Vestkapp. Regional konferanse for kvinner i nettverk Talarar: Ingfrid Mundal og Elisabeth Tisthamar Lovsongsteam frå Ålesund Vineyard Talarar: Ingfrid Mundal og Elisabeth Fin utsikt, mat.Tisthamar Lovsongsteam frå heimelaga Ålesund Vineyard www.kvinnerinettverk.no
Lovsongsteam frå Ålesund Vineyard www.kvinnerinettverk.no www.kvinnerinettverk.no 29.-31. mars MANNSHELG 29.-31. mars Tale: MANNSHELG Rory Kaye m.fl. 29.-31. mars Tale: MANNSHELG Rory Kaye m.fl. Tale: Rory Kaye m.fl. 6.-8. TEMAHELG “BIBEL 17.-21.mars: april PÅSKE V/FJORD OG FJELLOG VITENSKAP” 17.-21. april PÅSKE V/FJORD FJELLKari-Laila og Ove Aksnes Tale: Reidun og KurtOG Hjemdal, 17.-21. april PÅSKE V/FJORD FJELLKari-Laila og Ove Aksnes Tale: Reidun ogv/Kari KurtOG Hjemdal, Bergh 20.-22. mars:Kunstutstilling DAMEHELG PÅ MISJONSHEIMEN, Tale: Reidun ogv/Kari Kurt Hjemdal, Kunstutstilling Bergh Kari-Laila og Ove Aksnes I regi av Kvinner nettverk, www.kvinnerinettverk.no Kunstutstilling v/Kari iBergh 29. mai-2. juni VÅRTUR TIL NORDFJORD V/PLUSSREISER 29. mai-2. juni (tidlegare VÅRTUR SI-reiser) TIL NORDFJORD V/PLUSSREISER mai-2.april: juni (tidlegare VÅRTUR TIL NORDFJORD V/PLUSSREISER 29.8.-12. PÅSKESI-reiser) V/FJORD OG FJELL Tale: Annbjørg Barane, Helge Hansen og Jakob Middelthon (tidlegare SI-reiser) Tale: Annbjørg Barane, Helge Hansen og Jakob Middelthon Tale: Annbjørg Barane, Helge Hansen og Jakob Middelthon
ARRANGEMENT VÅREN 2020
Kontakt oss for prisar og bestilling: Kontakt oss for prisar og bestilling: INNVIK FJORDHOTELL MISJONSHEIMEN / 6793 Innvik Kontakt oss for prisar ogMISJONSHEIMEN bestilling: INNVIK Tlf. 57 87FJORDHOTELL 49 90 / post@innvikfjordhotell.no / 6793 Innvik INNVIK MISJONSHEIMEN / 6793 Innvik Tlf. 57 87FJORDHOTELL 49 90 / post@innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no Tlf. 57 87 49 90 / post@innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no
54 VossaPuls 2020
r
- sikker
å 0 9 i r ø verand
le
Tlf. 56 52 96 00 inst@molster.no www.molster.no
På gardstunet Staup som ligg i naturskjønne og sjarmerande omgivnader tilbyr me overnatting utanom det vanlege. Me leigar ut Stovehuset og Kårhuset på garden som er nyrestaurerte hus frå 1800 - 1900 talet. Me leiger ut løa som gildehall og selskapslokale.
www.staupstunet.no
post@staupstunet.no
911 03 016
staupstunet
18.-21. JUNI 2020
Jonsokhelga kvart år vert garden på Smalahovetunet på Voss gjort om til festivalområde. Musikk frå to scener torsdag, fredag & laurdag Festivalcamp Smalahovemiddag Utekonsert på garden Staup
jonsokdansen www.jonsokdans.no
post@jonsokdans.no
jonsokdansen