Vossa Puls sommer 2019

Page 1

A S S O V S L PU s.no

visitvos

Vossaluft

/ R A M M SO T HAUS 2019

Vossafjell

Vossavatn

Vossamat

1


YOU HAVEN’T EXPERIENCED

VOSS UNTIL YOU’VE STAYED AT FLEISCHER’S

Fleischer’s offers accommodation in the heart of Voss with easy access to all the local adventures. With a scenic view of the “Vangsvatnet” lake, you can choose between apartments in the motel, standard rooms at the station or upgraded rooms in the hotel. As a guest at Fleischer’s you’re always welcome in our wellness center equipped with swimmingpool, jacuzzi and saunas.

l: +47 56 52 05 00

Easy access with the Bergen - Oslo railway

tel: +47 56 52 05 00

HOTEL@FLEISCHERS.NO

FLEISCHERS.NO

HOTEL@FL


A S S O V S L U P

Vossaluft

R/ SOMMTA HAUS 2019

Vossafjell

Vossavatn

Ein ny æra i Vossabygda

Vossamat

Denne sommaren vert ein sommar me kjem til å hugsa her på Voss. Sommaren då den nye gondolen opna.

N

o kan du setja deg på toget frå aust eller vest, gå av perrongen på Voss stasjon, og vera på Hangurstoppen etter berre nokre minutt. Her finn du restaurant med panoramautsikt, og eit nettverk av nydelege vandrestiar som du kan utforska. Når du skal ned til Vangen kan du hoppa på gondolen att, eller susa ned på ein stisykkel eller med ein paraglider. Valet er ditt. For dette er ikkje berre ein skigondol. Gondolen vil også opna opp for endå meir aktivitetar og opplevingar i dette fjellområdet på sommaren og hausten. Me trur også at gondolen vil trekkja endå fleire folk til bygda vår – og det er bra. For me har verkeleg masse å by på av opplevingar på sommarhalvåret! I dette magasinet vil me visa fram fire ulike tema som me meiner du bør utforska på Voss – fjell, luft, vatn og mat. Me fortel om dei beste vandreturane, dei beste badeplassane, og dei beste matopplevingane i bygda. Me fortel om den store stisykkelsatsinga som skjer i Myrkdalen. Og me fortel om aktivitetar for alle adrenalin-nivå, frå å detta som ein stein i fritt fall frå eit fly, til å sitja i eit uteboblebad og berre høyra på elva. Velkomen til aktivitetsbygda Voss!

tvoss.no

visi

A new era in Voss This summer the new gondola is opening here in Voss – and we are really looking forward to it! Walk off the train, and be on top of Mount Hangur just minutes later. Here you’ll find a wide range of activities, from hiking or mountain biking to paragliding or rappelling. The gondola will be open all year, and in the winter time this area is transformed into a skiers paradise. When you’re hungry, have a snack at the new restaurant with panoramic views at the top station! In this magazine, we want to show you four different sides of Voss that you should explore if you visit: mountains, air, water and food. Enjoy! Welcome to the adventure capital of Norway!

VELKOMEN! Destinasjon Voss Miltzowsgate 2 5700 Voss

T. (47) 40 61 77 00 info@visitvoss.no

Utgjevar Destinasjon Voss AS - Miltzowsgate 2, 5700 Voss - T. 40 61 77 00 - E-post: info@visitvoss.no Layout/produksjon Cox Kommunikasjonsbyrå Destinasjon Voss tek ikkje ansvar for eventuelle endringar eller feil i dei opp lysningane som ligg føre. 3


Foto Vikingmarknad

Foto Erik Østlie

Foto Chris Baldry

Foto Erik Østlie

MAI

Foto Sverre Hjørnevik

Det skjer på Voss i sommar og haust

2. – 5. Open klasse

Myrkdalen fjellandsby

myrkdalen.no

2. – 5. Myrkdalsfart

Myrkdalen fjellandsby

myrkdalen.no

18. Voss folkemuseum opning

Voss

24. – 26. Camp Myrkdalen

Myrkdalen

JUNI

1. Bergen-Voss sykkelritt

vossfolkemuseum.no myrkdalen.no

Voss

bergenvoss.no

14. - 16. Voss Cup Voss

vosscup.no

23. - 30. Ekstremsportveko

Voss

ekstremsportveko.com

Ei ekstrem festivaloppleving

Foto Brynjar Tvedt

Det er ikkje utan grunn at Ekstremsportveko samlar 25 000 kvart år. Kombinasjonen av konkurransar, konsertar og aktivitetar er ein suksess. Merkeleg nok skjer dei fleste skadane på dansegolvet.

4

t. Ann Karene Rasmussen


JULI AUGUST OKTOBER

SEPTEMBER

Foto Smalahovesleppet

Finn meir informasjon om kva du kan gjera på Voss i sommar og i haust på visitvoss.no

Vikingmarknad i vikinglandsbyen

16. – 21. Njardarheimr

17. Voss-Geilo sykkelritt

Voss

30. – 1. Sept Flugefiskehelg

Myrkdalen

1. Kom deg ut-dagen

Voss

6. – 8. Vandrehelg

Myrkdalen

14. Mølsterberget opp

Hagahaugen

14. Natt i nature med Voss Utferdslag

20. – 22 Fit Camp

26. – 29. Smalahovesleppet

28. Voss Ølfestival

4. – 6. MyrkdØL ølfestival

7. – 11. Stoke Fotballskule

Voss Myrkdalen

vikingvalley.no

bergenck.no/ritt/voss-geilo myrkdalen.no

vossutferdslag.no myrkdalen.no vossoppturar.no vossutferdslag.no myrkdalen.no

Voss

voss-sentrum.no

Voss

vossølfestival.no

Myrkdalen Voss

myrkdalen.no fbkvoss.no

11. – 13. Familiehelg

Myrkdalen

myrkdalen.no

18. – 19. Dansehelg

Myrkdalen

myrkdalen.no

25. – 27. Osafestivalen

Voss

25. – 27. Strikkehelg

Myrkdalen

Verdas største ekstremsportfestival har for lengst sett Voss på kartet. Om lag 1 200 utøvarar og 25 000 tilskodarar kjem til Vossabygda 23.-30. juni for å dela fascinasjonen for det ekstreme. – Her kan ein sjå menneske som «pushar» naturen sine grenser til det ytterste. Utøvarane som kjem hit er utruleg dyktige, og skadane skjer stort sett på dansegolvet, fortel dagleg leiar for Ekstremsportveko, Kjetil Kriken lattermildt.

osafestivalen.no myrkdalen.no

forma for å gje publikum ei betre oppleving av sportane som foregår på Vangen, sier Kriken. I tillegg til sportsprogram for konkurrerande utøvarar har Ekstremsportveko eit stort utval aktivitetar for publikum, som rafting, vindtunnel og klatring. I år er det også eit stjernespekka festivalprogram med blant anna Kjartan Lauritzen på scena. Dei frivillige er fundamentet Ekstremsportveko starta med lokalt engasjement, og dette er framleis berebjelken i festivalen. Voss, ekstremsport og frivillighet er tre ingrediensar for å laga verdas beste festival. Har du ikkje besøkt Voss siste veka i juni har du gått glipp av noko, og det er berre å rydda plass i kalenderen, seier sportsansvarleg i Ekstremsportveko, June Jansson.

Verdas beste til Voss Ekstremsportveko har mange fengslande konkurransar, både på landjorda, i vatn og i luft, og basehopparrangementet er eit av flaggskipa. På programmet i år står også Europameisterskap i elvekajakk. Dei siste åra har Veko jobba med å gjera ekstremsportane meir publikumsvenlege, og festivaldeltakarane kjem no tettare på ekstremsportane enn tidlegare. – I år byggjer me ein ny festivalarena Foto Sebastian Åkermann

Gudvangen

Foto Sebastian Åkermann

The last week in June every year Voss hosts the largest extreme sport festival in the world, Ekstremsportveko. Around 1 200 athletes and 25 000 visitors enjoy a wide range of extreme sport competitions, activities and concerts every year. 5


Vossaluft

Vossafjell

Luftige svev Høge fjell, vakker natur og eit blomstrande luftsportsmiljø. På Voss ligg alt til rette for magiske og luftige opplevingar.

Vossavatn

4000 meter over bakken, heilt på kanten i døra på eit fly. Kriblingar i magen. Fritt fall. Eller på toppen av eit fjell, i springfart, og så med luft under vingane.

tandemturar med instruktør og kurs i både paragliding og

Ein av dei mest kjende flystadane Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadane i Noreg, og er med sine høge fjell godt eigna til paragliding og speedriding. Blant dei mest brukte startpunkta er Hangurstoppen (817 moh), som ein lett når med ekspressheisen frå Voss Resort og med gondolen som opnar i sommar. Voss hang- og paragliderklubb tilbyr

med instruktør og fallskjermkurs.

speedriding. Voss er også heimen til Noreg sin største fallskjermklubb - Voss Skydive, som tilbyr tandemhopp

Fly i trygge omgjevnader Om ein vil kjenna kjensla av å fly, men framleis halda seg på landjorda, er vindtunnelen på Voss, VossVind, verdt eit besøk. Kanskje ein får lyst til å prøva fallskjerm etterpå?

Vossamat Voss is home to the largest skydiving club in Norway and is known as one of the most popular spots for paragliding and speedriding in the country. Both courses and tandem flights are offered for skydiving and paragliding. You can also try flying indoors in the wind tunnel in Voss, VossVind. 6


7

Foto Sverre F. Hjørnevik


Ei oppløftande utfordring

Vossaluft

t. Kjersti Andreassen / f. Sverre Hjørnevik

Å fly hjå VossVind er garantert noko som bles dei fleste ut av komfortsona. Det er likevel ein morosam aktivitet for eit barseltreff, familien eller pensjonistar lystne på ei utfordring. – Den eldste som har floge hjå oss er 93 år gamal, og me har hatt born av fallskjermhopparar som har vore heile 90 år yngre, fortel dagleg leiar Trude Sviggum, og påpeikar at vindtunnelen er ein populær familieaktivitet kor heile familien kan delta. VossVind er Noreg sin fyrste vertikale resirkulerande vindtunnel, og dei fleste av dei 10.000 årlege besøkjande er familiar. Eit luftig barseltreff For å skapa meir aktivitet hjå lokalbefolkninga ynskjer Sviggum å leggja til rette for arrangement som passar for ulike grupper, som då ho saman med ein av dei tidlegare tilsette inviterte til barseltreff i permisjonstida hennar. – Seks av dei ti mødrene som deltok hadde aldri floge i VossVind

før, og eg trur alle koste seg, inkludert dei ti små borna som var tilskodarar, seier Sviggum nøgd. Når vinden passerer 117,36 km/t bles det orkan medan tunnelen gjev opp mot 300 km/t i maks styrke. Vindstyrken blir regulert etter den som flyr, der ein vaksen nybyrjar som regel treng 50 prosent av kapasiteten til tunnelen for å fly komfortabelt. – Sett frå utsida kan det verka litt skummelt sidan røyret har ei høgde på 17 meter. Dei fleste nybyrjarane er utanfor komfortsona si, men ein får testa grenser i trygge omgjevnader. Dei fleste ynskjer å gjere det igjen, seier Trude Sviggum.

Try Norway’s first wind tunnel with a high wind speed of 300 km/h. The activity is suitable for adults and children of all ages who want to try something out of the ordinary. Can be combined with other exciting activities both summer and winter. 8


Foto Voss Fallskjermklubb

Foto Myrkdalen, Sverre Hjørnevik

Foto Voss Active

R/ SOMMTA HAUS 2019

Foto Einar Såkvitne

Aktivitetar i lufta

VOSSA PULS

Klatre- & ziplinepark

Paragliding

Voss Klatre- & Ziplinepark har varierte, morosame og utfordrande høgdeløypar for både vaksne og born. I naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet kan ein boltra seg i i fire miniløyper og to store løyper med ulike klatre- og balanseelement. Zipline-løypa har fem ulike zipliner der den lengste er 150 meter. Her får du susa over Strandaelva!

Paragliding er den enklaste måten me menneske kan fly på. Med nylonduk, liner og seletøy kan me enkelt styra denne nette farkosten for å oppleva utilgjengeleg landskap på nært hald, utsikta og kjensla av å fly. Opplev tandem paragliding med pilotar frå Voss Hangog Paragliderklubb og sjå Voss frå lufta. Om ein heller vil gjera speedflying eller paragliding på eigahand, kan du melda deg på nybyrjarkursa våre.

Voss High Rope & Zip-Line Park has fun and challenging High Rope Courses and ziplines for both kids and adults.

Get the experience of flying above Voss with Voss Hang- og Paragliderklubb.

Ekspressheis til fjells

Fallskjermhopping

Bli med til topps i sommar! Rett utanfor døra til Myrkdalen Hotel kan du setja deg på Myrkdalsekspressen. Stolheisen fraktar deg 400 høgdemeter - kjapt og enkelt til fjells. Frå toppstasjonen på 860 moh. har du fantastisk utsikt og eit perfekt utgangspunkt for korte og lengre vandreturar.

Voss Fallskjermklubb held til på Bømoen flyplass, omtrent 5 km frå Voss sentrum, og tilbyr magiske hoppopplevingar i makelaus natur i lufta over vakre Voss – både for sjølvstendige hopparar og for tandemelevar. Det er moglegheiter for å hoppa kvar dag frå 26. april til 7. september. Fallskjermklubben har også kafè, klatretårn og barnepark. Ope for alle!

Take the express lift in Myrkdalen to the top, 860 masl, a perfect starting point for shorter and longer hikes.

Try tandem skydiving, or join a course and become a skydiver yourself!

Finn meir informasjon om kva du kan gjera på Voss i sommar og i haust på visitvoss.no 9


Tek Voss til nye høgder

Vossaluft

t. Kjersti Andreassen

Fire år etter Dinglo og Danglo slutta å gå, kan vossingane og tilreisande gleda seg over ein 2020 meter lang gondolbane til Hangurstoppen (820 m.o.h.). Her vil ein finna eit fjell av aktivitetsmogelegheiter og Voss sin største restaurant. – Den nedre stasjonen til gondolen på togstasjonen vil gjera det lett tilgjengeleg både for lokale og tilreisande å komma seg til fjells. Dette blir rekna som ein ny epoke for reiselivet på Voss, seier marknadssjef Synva Vinje. Eit stort lokalt engasjement har resultert i den mest moderne, brukarvennlege og sikre banen i Nord-Europa. Ni ulike gondolar i raudt og gult skal heidra den gamle Hangursbanen, som var eit landemerke på Voss i over 50 år. Lokal mat og afterski 820 meter over havet står snart restauranten ferdigstilt på Hangurstoppen. Gode matopplevingar i flotte omgjevnadar vil vera karakteristisk for serveringsstaden, som restaurantsjef

10

Thomas Larsen fortel er ei storsatsing for Voss. – Heimelaga mat av lokale råvarer vil freista gjestene opp i høgda. “Comfy food” vil prega menyen som er av det enkle og rustikke slaget med gode smakar som varmar. Restauranten sine uteområde og store vindauge vil vera prikken over i’en for den unike matopplevinga me vil by på, seier Larsen. På terrassen vert det invitert til grilling og uteservering heile året, og som vinterparadiset Voss er, er det ingen tvil om at afterski med musikk og god mat vil vera ein del av konseptet til restauranten. Ikkje berre eit vintereventyr – Gondolen og Hangurstoppen blir venta å tiltrekkja gjester heile


Illustrasjon HLM Arkitektur

Foto Kristoffer Fürstenberg

året. Me skal tilretteleggje for gode opplevingar og eit innhaldsrikt aktivitetsprogram for vossingar, hyttefolk og tilreisande gjester frå inn- og utland, sier seier Guro Øvsthus, aktivitetsleiar i Voss Resort.

Sykkelmoro og rappellering Hangurstoppen egnar seg ikkje berre for skientusiastar eller turgåarar. Trivst du best på to hjul kan kan du ta med deg sykkelen på gondolen for å sykle ned til Vangen via Tråstølen og Bavallen.

I tillegg til mange fine merka turløyper i området, byr ei 800 meter lang rundløype på vakker panoramautsikt over Vossafjellet med oversikt over Vangsvatnet og Voss sentrum. Denne turen passar for alle målgrupper, med eller utan barnevogn. Kvar dag heile sommaren inviterer Voss Resort til ein halvannan time guida rundtur på Hanguren, kor ein vandrar gjennom det vakre kulturlandskapet medan ein lærer om den norske friluftstradisjonen, stølslivet og lokal kulturhistorie.

Ynskjer du kjenne at blodet brusar og hjartet pumpar nokre ekstra slag? På med klatreselen og opp i høgda. Opplev den nye 50-metersrappellen på Valberg! – Det er ingen tvil om at eit så godt aktivitetstilbod i vakre omgjevnader på toppen av gondolen vil ta Voss til nye høgder. Nærare informasjon om prisar og opningstider finn du på våre nettsider, avslutter Øvsthus.

The new gondola in Voss takes you to new heights in terms of dining experiences and activities surrounded by beautiful nature and landscape. Bring your bike or sneakers – it's time to challenge yourself on top of Voss. 11


ARD MYKLEBUST

07 Foto: Studio 1 fotografene.

FAMILIEBANKEN Livet er ein arena for håp, ambisjonar og daumar. Sidan 1823 har vi hjelpt vestlendingar til å nå sine mål. Både på heime- og bortebane. Når du står ovanfor viktige val, hjelper vi med gode råd. Vi har og produkta og tenestene du kan ha behov for. Det har vi hatt i generasjon etter generasjon. Det kjem vi til å ha i framtida og.

VI ER FAMILIEBANKEN. VI FØLGJER DEG HEILE LIVET.


«OPPTURANE GJER DET STØRSTE KICKET» Randonee er mye mer enn å kjøre fort ned et fjell. Du må ha bred kunnskap og erfaring i sekken for å kunne gjøre de rette vurderingene – det finnes ingen raske løsninger på vei til toppen. Slik er det også for eiendomsmeglere. Vi ferdes i et terreng der vi må ha kontroll på de mange faktorene som til sammen gir suksess, nemlig høyest mulig pris for boligen din. Det finnes ingen heis som kan erstatte hardt arbeid og erfaring. Derfor er det faktisk ikke likegyldig hvilken megler du velger. Kontakt oss når du skal selge det mest verdifulle du har – til best mulig pris. GODE RESULTATER KOMMER IKKE AV SEG SELV – DET ER ALLTID NOEN SOM SKAPER DEM.

PROAKTIV ER STOLT SPONSOR AV LARS ERIK SKJERVHEIM. VI ØNSKER HAM EN RASK TUR OPP OG SOM FØRSTEMANN NED.


Vossaluft

Vossafjell

Oppnåelege høgder 91 % fjell, panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Voss har mykje å by på, anten du ferdast til fots eller på hjul.

Vossavatn

Lette steg, ro og noko godt som ventar i sekken. Eller adrenalinpumpande sykkelturar ned utfordrande fjellsider. Frå Stølsheimen i nord til Hardangervidda i sør, Bergdalsfjella i vest og auststover til Jordalen og Myrkdalen. Fjellområda kring Voss er varierte, og dei avrunda toppane svært tilgjengelege. Her ligg alt til rette for både korte turar og turar over fleire dagar med overnatting i DNT-hytter eller telt. Blant dei åtte DNT-hyttene kringom i Vossafjella, finn både dei som vil langt til fjells og dei som treng barnevennlege hytter med relativt lett tilkomst seg til rette.

utsikt mot isbreane Fresvikbreen, Hardangerjøkulen,

Opp til 1500 meter Om du vil utforska høgdemeterane og dei aller beste utsiktene er turmåla mange. Olsskavlen er med sine 1576 meter over havet det høgste fjellet på Voss, med utsikt mot Hardanger og området rundt Hardangerfjorden. Andre kjende turmål er Lønahorgi (1410 moh) med

kan du gjera det same heilt frå Hangurstoppen og ned til

Vossaskavlen og Folgefonna. Og Kvitanosi (1433 moh), som er det høgste fjellet i Stølsheimen. På to hjul For dei som trivst på sykkelsetet har Voss både grusvegar og stiar godt eigna for sykling. Både Myrkdalen Fjellandsby og Voss Resort satsar på utbygging av stiar for alle ferdigheitsnivå. Du kan ta heisen til topps i Myrkdalen og sykle ned igjen, og med den nye gondolen Voss stasjon også. For dei som vil halda seg på grusen, er den historiske Rallarvegen frå Haugastøl til Voss ei fantastisk oppleving i fjellheimen. Mogelegheitene er mange både for guida sykkelturar og vandreturar.

Vossamat Voss is a mountainous municipality with 91 % of the area more than 300 meters above sea level. Views of glaciers, fjords, mountain ranges and lakes are available by foot and by bike. Famous mountains are Olsskavlen (1 576 masl), Lønahorgi (1 410 masl) and Kvitanosi (1 433 masl). 14


Foto Kyrre Wangen

15


360 grader fjellhistorie

Vossafjell

t. Ann Karene Rasmussen / f. Wild Voss

– Ein vandretur handlar om meir enn å koma seg frå A til B. Det er det som skjer undervegs som er viktig, meiner Øystein Ormåsen.

Saman med resten av gjengen i Wild Voss tilbyr han besøkjande ein smakebit av bygda, i form av natur, historier og lokalmat. Dei tilbyr opplevingar i fri natur heile året. Sommarturane deira er frå fire til åtte timar lange, og har ulike vanskegrader. – Vossabygda har 360 grader med turmogelegheiter, som er lett tilgjengelege og ikkje er så fysisk krevjande, seier telemarkingen som starta Wild Voss for tre år sidan. Omkransa av stølsområde Det er rundt 300 stølstun i Voss sitt nærområde, og ein kan kombinera flotte turmål med interessant kulturhistorie, gjerne med innslag av lokalmat. – Stølstradisjonen er fleire tusen år gamal, og representerer ei lang historie med naturbruk og byggetradisjonar, folketru og lokale slektslinjer. Det er ein naturleg stad å leggja turen.

Vil pusta liv i Kong Sverre Voss byr på spanande historie, også frå historiske hendingar. I 1177 leia Kong Sverre Birkebeinarane vestover mot Bergen, gjennom Vossafjella, men blei tvungen til å snu av bønder frå Voss og Hardanger. Følgjet måtte ta seg opp ein bratt og krevjande passasje for å koma seg inn i den trongaste delen av Raundalen, då den vanlege vegen var blokkert av bondehæren. Området heiter i dag Rastalii, og ruta er no kjent som Sverrestigen. – Me vil tilby guida turar frå Kløve og opp denne stien om sommaren. I tillegg vil vi testa ut eit turkonsept som vi har kalla “The Viking Trail”, som går gjennom Raundalen. Det blir ein seksdagars tur som startar på Voss og sluttar på Vatnahalsen øvst i Flåmsdalen. Dette er ei unik mogelegheit til å kombinera moderate dagsetapper i vill natur med interessante historier undervegs, seier Ormåsen.

Wild Voss provides guided trips in the mountains of Voss all year round, and offers you a taste of nature, history and local produce. The guided hikes range from four hours mountain farm trips to several days in the footsteps of the Viking King Sverre. 16


Foto Erik Østlie

Foto Outdoor Norway

Foto Myrkdalen

R/ SOMMTA HAUS 2019

Foto Tindeguide

Aktivitetar til fjells

VOSSA PULS

Vandretur i Myrkdalen

Guida turar med Tindeguide

Vandreturen frå toppen av Myrkdalsekspressen går via idylliske Mørkvestølen før du når vatnet Svortetjødn (996 moh). Her blir det tatt ein kort pause før ein forset på stigninga mot toppen. Frå Finnbunuten (1358 moh) nyt du den fantastiske utsikta før du returnerer til Myrkdalen Hotel. På klarvêrsdagar kan du sjå heilt til Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna frå toppen.

Tindeguide tilbyr opplevingsaktivitetar heile året. Det arrangerast guida klatreturar på Lønahorgi (1410 moh) på Voss, og på alle dei kjende 2000-meter-toppane i Jotunheimen. Tindeguide tilbyr også tradisjonelle fjellturar og kajakkturar kring Voss og i Hardanger. Sommaren 2019 kan du bli med på tur frå Hamlagrø til Botnen via Kiellandbu, før ein padlar gjennom heile Fyksesundet.

Hop on the skylift "Myrkdalsekspressen" and hike to Svortetjødn (996 masl) and Finnbunuten (1358 masl), with great views.

Join Tindeguide on their guided climbing and hiking trips to Lønahorgi (1410 masl) and other destinations around Voss.

Sykkel- og vandreløyper på Hangurstoppen

Guida mountain-bike turar

I juli 2019 åpnar Hanguren pump-track på sørsida av resturanten på Hangurstoppen. Dette er ei kjekk asfaltert øvingsløype for små og store born (og vaksne) som ynskjer å bli flinkare på sykkel. Nybyrjarar kan stisykle på eksisterande grusveg frå Hangurstoppen og ned til Tråstølen. Det er også mange fine merka T-løyper for vandring i området rundt og på Hanguren.

Adrenalinfylt «downhill» eller roleg tur? Bli med Outdoor Norway på guida mountain bike-turar tilpassa ditt nivå. På turen får du Enduro-sykkel, hjelm, hanskar og albogebeskyttelse. Tilgjengeleg for vaksne og born over 12 år med sykkelerfaring.

In July, the new pump-track at the top of Hangurstoppen will open. There are also bike paths for beginners and nice trails for hiking.

Outdoor Norway guides adults and kids over 12 years old on mountain bike rides at all levels, whether you want an adrenaline-filled "downhill" ride, or a more scenic adventure.

Finn meir informasjon om kva du kan gjera på Voss i sommar og i haust på visitvoss.no 17


Vil du ha breiband med skikkeleg fart? Med fiber frå Voss Fiber får du dedikert fiberlinje med moglegheit for hastigheit på inntil 1000 Mbps

Voss Fiber leverer internett over fiber i Voss Kommune. Med Voss Fiber kan du også tinga TV-tenester frå Get.

For bestilling ring: 51 20 81 15

www.vossfiber.no


n e m m Velkoyggelig handel

til ein h

2 1000 m Velkommen

med sport til ein hyggeleg handel + eigen Outlet i Vangsgata 46

S. Endeve Sport

Outlet: Vangsgata 47 Butikk: Uttrågata 21 Voss sentrum

Foto: Istock

1000m2 med sport + eigen Outlet i Vangsgata 46

Tlf. 56 51 11 19 - endeve@endeve.no Åpent: Lør 09-16 - Man-ons 09-17 og Tors-fre 09-19

ALT INNEN SPORTSUTSTYR • KLEAVDELING • BARNEKLE • VÅPEN • FISK • FRILUFTSUTSTYR • SYKKEL • TRIMAPPARAT OG UTSTYR • TILPASSING OG STØYPING AV SOLAR OG INNERSKO


Storsatsing på stisykling

Vossafjell

t. Kjersti Andreassen/ f. Jon Hunnålvatn Tøn

Sykling i høgfjellet gjev ei flott naturoppleving, og ei god kjensle av meistring ved å balansera sykkelen og finna flyten gjennom litt utfordrande terreng. Sidan oppstart sommaren 2018 er framtidsplanane å satsa tungt på stisykling i Myrkdalen.

– På landsbasis er sykling ein stor sport der utøvarane spenner frå ung til gamal. På same måte som skisport strekk seg frå slakke barnebakker til bratte skrentar, blir stiane tilpassa ulike nivå slik at sykling passar for heile familien, seier prosjektleiar i Myrkdalen, Joar Wæhle. For han er det fleire faktorar som spelar inn med spenninga av å driva på med terrengsykling. Både meistring, fart og flyt i terrenget er kombinasjonen av alt som gjev “kick”. – Det aller største kicket er å sykla “on sight”, kor ein syklar på stiar ein aldri har vore før, der ein i løpet av eit brøkdel sekund må tilpasse seg terrenget under seg. I ver og vind Sjølv om sykling er minst krevjande på dagtid, er løypene våre likevel tilrettelagt for sykling på våte dagar. Ein må likevel vera ekstra observant på at det er noko meir utfordrande å sykla på våte stiar – det gjeld spesielt på steinar og røter. Sykling på kveldstid er også ein mogelegheit for dei ekstra eventyrlystne. – Det anbefalast ikkje å sykla åleine, men fleire saman. Det krev at ein gjerne har to hovudlykter kvar – ei på sykkelstyret og den

andre på hjelmen. Samstundes bør ein vera kjend på stien, og aller helst ha sykla den nokre gongar i dagslys, seier Wæhle, som har ein nærliggjande plan om guida turar på kveldstid. Pump track I fjor vart det opna “skill course” ved Myrkdalen Hotel – ulike sløyfar i ulike vanskegrader – kor ein kan læra grunnleggjande sykkelteknikk. Denne skal utviklast med ein pump track i asfalt på 700 kvm og ein del nye element. – Banen består av ulike formasjonar, kular og svingar som er familievenlege. Den vert bygd i asfalt som skånar alle typar sykkelhjul. Pump track er god øving kor ein får kunnskap om korleis ein posisjonerar seg på sykkelen, og skapar trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette gjev ei reel erfaring å ta med seg på naturlege stiar. Myrkdalen har eit godt utval av terrengsyklar til leige, både fulldempa, hardtail og el-syklar, og dersom ein vil bli tryggare på sykkelsetet anbefalar Wahle å ta eit kurs for å læra seg grunnleggjande teknikkar. Sertifiserte instruktørar tilbyr nybyrjarkurs for born og vaksne, og eit kurs for vidarekomne med fokus på balanse, tyngdepunkt og posisjon, så vel som sving- og hoppteknikk. I full utvikling Sidan opninga av sykkelløypene sommaren 2018 har det vore høg aktivitet i løpet av sommarmånadane og ut på hausten. Om ein skal sykla opp i fjellet må ein koma seg opp for eiga maskin eller ved hjelp av shuttle eller e-bike, men planen om heisbasert sykling står på agendaen i løpet av dei komande åra. – Ein kjem raskt til fjells, noko som vil vera eit attraktivt tilbod for alle som ynskjer å prøva meir nedoverretta terrengsykling. Allereie med enkle tiltak for utvikling av løyper og stiar tenkjer me at det vil bli ei god auke no i 2019, sier Joar Wæhle, som ser fram til sykkelsesongen.

Try moutain biking in Myrkdalen Mountain Resort! An activity suitable for children and adults. A popular activity with organized paths and a new pump track. Since the opening of the cycle tracks in 2018, there has been a lot of bike-activity in Myrkdalen troughout the summer and autumn months. Myrkdalen has a good selection of bicycles for rent, both regular mountain bikes and electric bikes. 20


21


Å selge bolig er en reise. Vi følger deg hele veien. Alle kan smile bredt og love deg gull og grønne skoger når du skal selge bolig. Men det er først når boligen er solgt du kan si om megleren har gjort jobben sin eller ikke. Det vet vi, derfor skal du kunne stole på at vi veileder deg gjennom alle ledd av salgsprosessen, og står sammen med deg helt til boligen er solgt.

Logolink AS. Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem

Sammen gjør vi det bedre.

Lokal kraft er eit godt val! I dag kan du velja å kjøpa straumen frå ei lang rekkje selskap. Berre eitt av dei bidreg lokalt – til lag, organisasjonar og kommunale tenester!

Tlf. 56 52 83 00 www.vossenergi.no


Velkomen til

• Ingen tidsbegrensing på parkering • Døgnope 24/7 • 8 ladarplassar for el-bilar Vinmonopol

Ut Frå Bergen

Cirkle K

a

Taxi

Bo

r

r: Prisapr time 5,gn Kr 1 - pr dø , 0 Kr 4

Gjern

nghusplassen

a

at tråg

Langebru

Lekvemogt.

gaattaa gssg ng Vaan V

esveg

Handleglede!

en

OVER 30 BUTIKKAR UNDER SAME TAK OPNINGSTID 10–19 (18) • MENY 8–21 (20)

gt.

Eigen ut-/inng. frå Uttrå

Hurtigladestasjon

Bensinstasjon

P

2 t gratis mot P-billett

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

rgata

Bonange

HARDANGERVEGEN 25 AMFI.NO/VOSS

Parkering Voss Stasjon Kr 60,- per døger, EasyPark kode 6314

og Tinghusplassen

Kr 15,- per time 9-17 (9-15), EasyPark kode 6306 Str

P

ss st.

IL Vo

ss B P. pla

l

o ond Til to oss G m V llbygg je k e r t o He ON og nytt h TASJ j. gstas

otel

ers H

eisch

S VOSS

MOT

lass

Busshaldep

EN

gaattaa gssg ng Vaan V

Kyrkja

BERG

P

Tinghusplassen

Gangtunell i vest mot Voss stasjon. Sjå skilting på staden.

Ladestasjonar på Tinghusplassen

HYTTE PÅ VOSS? HYTTE HYTTE PÅ PÅ VOSS? VOSS?

Vi har lokal erfaring og solid kunnskap om hyttebygging i Voss og nabokommuner. I opp mot 30 år har vi bygget hytter tilpasset kunde Vi lokal erfaring og solid kunnskap om Vi har har erfaring alt etterlokal kundens ønskerog ogsolid behov.kunnskap om hyttebygging i Voss og nabokommuner. Vi har lokal erfaring og solid kunnskap om hyttebygging i Voss og nabokommuner. II opp mot 30 år har vi bygget hytter hyttebygging i Voss og nabokommuner. opp mot 30 for år har vi bygget hytter tilpasset tilpasset kunde kunde Ta kontakt mer informasjon! Ialt opp mot 30 år har vi bygget hytter tilpasset kunde etter kundens ønsker og behov. alt etter kundens ønsker og behov. alt etter kundens ønsker og behov. Ta Ta kontakt kontakt for for mer mer informasjon! informasjon! Ta kontakt for mer informasjon!

Du kan se mer av Lindnes fjellhytte og bestille vår hyttekatalog på www.vossbyggsenter.no

Brynalii 101 - 5705 Voss, Tlf. 56 51 15 55 www.vossbyggsenter.no

Du kan se mer av Lindnes fjellhytte Uttrågata 23A, 5700 fjellhytte Voss – Tlf 924 45 539 Du kan se mer av Lindnes og bestille vår hyttekatalog på www.vossbyggsenter.no Du kan se mer av Lindnes fjellhytte e-post: parkering@voss.kommune.no og bestille vår hyttekatalog på www.vossbyggsenter.no og bestille vår hyttekatalog på www.vossbyggsenter.no

Brynalii Brynalii 101 101 -- 5705 5705 Voss, Voss, Tlf. Tlf. 56 56 51 51 15 15 55 55 Brynaliiwww.vossbyggsenter.no 101 5705 Voss, Tlf. 56 51 www.vossbyggsenter.no 15 55 www.vossbyggsenter.no

Voss Parkering AS


Vossaluft

Vossafjell

Vilt og vått Frå dramatiske fossefall og elvedrag til idylliske vatn og kulpar. I det våte element kjem du tett på naturen.

Tenk deg å kjenna suget i magen når du rappellerar 70 meter ned Skjervsfossen. Eller får vasspruten i ansiktet når raftingflåten får stadig større fart nedover stryka i Strandaelva eller Raundalselva. Elvene og fossane på Voss er ideelle for adrenalin-fremjande vassaktivitetar. I tillegg til rafting og fosserappelering kan ein mellom anna prøva seg på juving, padlebrett (SUP) og kajakk.

Vossavatn

For badenymfer Elvane og dei mange vatna på Voss er også midt i blinken om du vil ta deg ein dukkert på ein varm sommardag. Om vasstanden er låg er det spanande grotter og kulpar ein kan utforska. Eit utandørs symjebasseng finn du også ved Voss Camping, og på kjøligare dagar kan du leggja symjeturen innandørs til Vossabadet.

500 fiskemogelegheiter Elvane og vatna på Voss har også mogelegheiter for dei som ikkje nødvendigvis vil ut i vatnet. Kring Voss er det nærare 500 gode fiskevatn og elvar, blant anna Strandaelva, Raundalselva, Vangsvatnet, Lønavatnet og Oppheimsvatnet, kor du kan dra i land aure og røye.

Vossamat

From dramatic waterfalls and river rapids to idyllic freshwater lakes and pools - Voss has it all. Explore a wide range of water activities from rafting, SUP, kayaking, swimming and fishing. 24


Foto Voss Active

25


Vossavatn

Topp 3 badeplassar på Voss Voss bugnar av gode badeplassar om sommaren (og resten av året, om du vil)! Her er våre beste tips til kvar du kan ta deg ein dukkert. t./f. Sara Finne

Vetlavatnet Vetlavatnet brukar alltid å vera det varmaste badevatnet på Voss om sommaren. Her finn du ei koseleg lita badestrand, nokre svaberg som du kan liggja på og ein benk. Fin utsikt mot både Gråsida og Lønahorgi får du òg! Korleis koma seg dit: Køyr frå Voss og mot Oslo på E16 til du kjem til Tvindefossen. Ta inn til høgre mot Nesheim og golfbanen og køyr kring ein kilometer. Når du har Hefte Gard (stort, kvitt hus) på venstresida tek du til høgre på ein veg som leiar inn til ein liten parkeringsplass. Herfrå følgjer du stien ned til vatnet. Ta buss nummer 950, 970 eller 4500 til Tvinno. Fylg skildringa over og gå til badestranda til fots (kring 20 minutt).

Haugsvik Kvifor ikkje dra på badetur til Vossestrand? I Haugsvik finn du tilrettelagt badeplass med ei triveleg liten strand. Pluss for topp utsikt og flytande hoppetårn! Korleis koma seg dit: Køyr frå Voss på E16 i retning Oslo. Etter kring ein halvtime (i 60-sona mot slutten av Oppheimsvatnet) kjem det skilt inn mot Vasstrondi til høgre. Ta inn her og fylg vegen nokre hundre meter bort til badestranda. Her finn du også nokre parkeringsplassar langs vegen. Ta buss nummer 950 eller 4500 til Haugsvik. Fylg skildringa over og gå til badestranda til fots (kring 10 minutt).

Demmo (Flatlandsmo Camping) Demmo er også ein av dei varmaste badeplassane på Voss om sommaren! Og her er det noko for alle og ein kvar. Badestranda med brygge like ved campinghyttene er midt i blinken for barnefamiliar. Fem minutt unna finn du hoppetårnet, der dei tøffasta kan prøva seg frå både 7-meteren og 12-meteren. På andre sida av vatnet frå campingplassen er det også laga til ei sklie. For å koma dit må du parkera ved industriområdet på Istadmyrane. Korleis koma seg dit: Køyr på Rv 13 frå Voss og mot Hardanger i kring 15 minutt, til du ser skilta mot Flatlandsmo Camping. Parker på campingen (20 kr). Ta buss nummer 925 eller 990 til Flatlandsmoen. Gå inn på campingplassen og ned til badestranda.

Voss has a variety of good spots for outdoor swimming. Explore the local favorites Vetlavatnet, Haugsvik and Demmo. Find out how to get there at visitvoss.no/en. 26


Foto Voss active

Foto Voss active

Foto Voss active

R/ SOMMTA HAUS 2019

Foto Voss active

Aktivitetar i vatn

VOSSA PULS

Rafting

Juving

Har du kjent på adrenalinet? Spenninga? Vannspruten i ansiktet? Rafting er den mest kjende aktiviteten til Voss Active med rundt 4000 gjester i fjor. Raftingen har internasjonale guidar og daglege turar frå sesongstart 4. mai til ut i oktober, så lenge forholda tillet det. Aldersgrense: fylle 15 år inneverande år.

Juving er ein spanande og utfordrande måte å utforska elva med Voss Active. Iført våtdrakt, redningsvest, hjelm og sko hoppar du i elva. Så flyter du med straumen, sym til elvebredda og klatrar til nye høgder å hoppa frå. Juving er meir fysisk krevjande enn andre elveaktivitetar, og ein må vera flink å symja.

Rafting is Voss Active’s most popular activity, with daily trips all season. Age limit: turning 15.

Canyoning is an exciting way to explore the river. Requires good swimming skills.

Elvebrett

Familierafting

Har du prøvd rafting nokre gonger, og er komfortabel i elva? Då er du kanskje klar for ei ny utfordring? På elvebrett vel du sjølv om du vil surfa på bølgjer eller prøva deg ned bratte fossefall med Voss Active. Uansett blir du garantert våt. Aldersgrense: fylle 15 år inneverande år.

Minstemann på 5 år og bestemor på 60 kosar seg begge på familierafting. Voss Active har daglege turar heile sesongen, kor ein kan velja mellom stor raft med plass til 8 eller små 2-3-manns sportraftar. Born kan vera med frå året dei fyller 5 år. Ein må vera komfortabel med vatn, men treng ikkje vera symjedyktig.

River boarding is a new challenge for those comfortable with rafting. Age limit: turning 15.

Family rafting available for everyone feeling comfortable in water, for children turning 5 and older.

Finn meir informasjon om kva du kan gjera på Voss i sommar og i haust på visitvoss.no 27


Foto Hunnålvatn Media

Du treng ikkje reisa til syden for å bada. Nyt ei kortreist oppleving i ekta vossavatn! #ReinGlede For opningstider/prisar sjå www.vossabadet.no


MADE IN NORWAY • PREMIUM QUALITY • 100% WOOL DALE FACTORY STORE (DALE) • DALE CONCEPT STORE - OSLO - BERGEN (LAGUNEN)


Vossaluft

Lokal kvalitet

Vossafjell

Frå lokal mat og øl til internasjonale rettar og drinkar. Kortreiste og ureiste råvarer skapar spanande smaksopplevingar på Voss, uansett kva type mat og setting ein ynskjer. Voss tilbyr eit breitt spekter av matopplevingar. Her finn ein alt frå heimelaga brød, bollar og kaker steikt i steinomn på Vossabakst til lokalt mikrobrygg i kjellaren på Tre Brør Kafé & Bar. Lokale råvarer

Vossavatn

Det er fleire gardsbutikkar i bygda som sel spekemat og andre produkt laga av råvarer frå området. Lokale råvarer og sesongvariasjonar har også ei stor rolle hjå mange av restaurantane på Voss. Blant dei er Store Ringheim, som held til på eit gardstun med lange tradisjonar.

Tett på naturen Fleire av restaurantane på Voss legg til rette for matopplevingar tett på naturen. Elvatun Restaurant & Friluftsspa ligg på elvebredda, og er kjend for sin grillbuffet. Myrkdalen Hotel har tre restaurantar, som mellom anna byr på populær pizza, pasta og fondue. Til sommaren opnar også ein ny restaurant på Hangurstoppen, toppstasjonen til den nye gondolbanen. Internasjonale Voss Voss har også fleire internasjonale restaurantar, og ein kan eta kinesisk, sushi, thai og meksikansk mat når ein besøkjer bygda.

Vossamat Voss offers a large variety of dining experiences, from local food and microbreweries to international food and drink, and lovely dinners to fast food. Many of the restaurants are close to nature, and ideal for a stop after outdoor activities. 30


31

Foto Gunn K. Monsen


Spanande mat med råvarer frå Voss

Vossamat

t. Kjersti Andreassen/ f. Gunn K. Monsen

På eit gardstun ein god kilometer frå Voss sentrum ligg ein restaurant som er høgt på lista over Trip Advisors anbefalte restaurantar; Restaurant Flor'n på Store Ringheim. Med deira nye konsept kan ein nyta god mat i folkelege og uformelle omgivnader.

– Med ei fantastisk utsikt der løo og “flor’n” – som betyr "fjøset" for uinnvidde – er tekne i bruk til restaurant og selskapslokale, er dette ein plass med mykje historie i uformelle og gjestfrie rammer, seier eigar Svein Ringheim. Etter at ekteparet Jorunn og Svein Ringheim slutta med mjølkeproduksjon hausten 2004, opna dei Store Ringheim Hotell og Restaurant sommaren 2011. Tunet framstår framleis som eit typisk gammaldags og fredeleg gardstun, som har vorte kjent for sin gode atmosfære med positive tilbakemeldingar på fleire nettstader. Ikkje berre til fest – Den gamle restauranten vart ein populær og mykje brukt stad når noko skulle feirast, men vart dessverre mykje mindre brukt til å berre gå ut for å ha ein triveleg kveld med god mat, seier Ringheim. Han fortel at den nye utsjånaden byggjer på det gamle, men den tidlegare oppdekkninga med kvite dukar vert erstatta med nye element og ein meir uformell stil. Slik vil dei signalisera at dette er ein uformell stad der alle kan trivast. Den planlagde endringa

er lagt til rette for at vossingane skal sleppa å reisa til byen eller utlandet for å få spesielle matopplevingar i unike omgjevnadar. – Inspirasjon finn me på dei stadene me sjølv finn oss til rette, kor dei tek mat og gjestar på alvor, stader med dedikerte fagfolk som brenn for det dei held på med. Råvarer frå nærområdet Menyen vert ikkje fylt opp med tradisjonsrik vossamat, men er heller prega av kva som rører seg ute i den store verda. Ein skal likevel ikkje vera i tvil om at dei fleste råvarene dei brukar kjem frå vossabøndene og vossaskogane. Maten vil verta meir “folkeleg” der elementa vert enklare og reinare, kor alt skal hengja saman både med omsyn til smak og utsjånad. Ringheim legg vekt på at maten ikkje vert enklare å laga, og at godt handverk og innovative teknikkar kjem til å styra arbeidet. – Folk skal kunna lita på at når me seier at pinnakjøtet eller lambafileten vår kjem frå til dømes Gjerdåker og er slakta på Selheim, eller at jordbæra kjem fra åkeren vår rett utanfor restauranten, så stemmer det. Me kjem til å lata sesongråvarer få skinna, og firerettaren vil aldri koma i ein laminert meny, men verta endra titt og ofte slik at Store Ringheim skal vera ein spanande stad å besøkja, avsluttar Svein Ringheim.

One kilometer from Voss is the newly renovated Restaurant Flor’n at Store Ringheim Hotel. Here you can enjoy top ingredients from the local area in pleasant and informal surroundings.The menu is constantly changing and it is always an exciting place to visit. 32


Foto Voss Vandrarheim

Foto Elvatun Restaurant & Friluftsspa

Foto Sverre Hjørnevik

R/ SOMMTA HAUS 2019

Foto Tre Brør Kafé og Bar

På matfatet

VOSSA PULS

Restaurant Tunet

Tre Brør Kafé og Bar

Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel serverer heimelaga, italiensk pizza og pasta for heile familien. Det går gjetord om pizzaen – lukker ein auga må ein minna seg sjølv på at ein er på eit fjellhotell i Noreg og ikkje på ein Piazza i Napoli. Restauranten er open kvar dag om sommaren og tilbyr også take away.

På Tre Brør Kafé og Bar i hjartet av Voss sentrum kan ein smaka på ein lokal spesialitet: Tradisjonsøl med kveik (Norsk gardsgjær). Kveikøl har vorte bryggja i hundrevis – kanskje tusenvis av år på gardar og i eldhus i Vossabygda. New York Times tilrår dette særeigne ølet som ei av opplevingane du bør få med deg i «52 places to go in 2019».

Restaurant Tunet at Myrkdalen Hotel offers homemade Italian pizza and pasta.

Tre Brør Kafé og Bar offers traditional beer, recommended by New York Times.

Voss Vandrarheim Sommarrestaurant

Elvatun Restaurant & Friluftsspa

Sommarrestauranten tilbyr skikkeleg heimelaga mat med både kortreiste og økologiske råvarer, servert i ujålete omgjevnader med fantastisk utsikt. Urter og salat er henta rett frå åkeren til nærmaste nabo Finnegarden, og kjøt kjem som oftast frå Voss Gardsslakteri eller frå Vikjakjøt i Sogn. Her møter du både lokale heltar og tilreisande frå heile verda. Velkomen til sommarrestauranten til Voss Vandrarheim som opnar 17. juni.

Heimelaga og kortreist mat, så langt det let seg gjera. Heilt i elvekanten, med eit bygg i grindabyggstil, med lafta bjelkar, stein og unik atmosfære. Sitjeplass til om lag 70 personar, eigen bar, og skjenkeløyve med alle rettigheiter både inne og ute. På Elvatun kan ein også nyta tre store boblebad med utsikt over elva.

Enjoy beautiful views and homemade local food at Voss Vandrarheim Summer Restaurant.

Elvatun Restaurant offers homemade and locally produced food on the riverside, and three large jacuzzis outside.

Finn meir informasjon om kva du kan gjera på Voss i sommar og i haust på visitvoss.no 33


Mølstervegen 143, 5705 Voss • +47 474 79 794 voss.folkemuseum@hvm.museum.no www.vossfolkemuseum.no

VELKOMEN TIL KRINGSJÅ SOMMARPENSJONAT

Pensjonatet ligg roleg til i 5 minuttars gange frå torget i Voss sentrum med nydeleg utsikt over Vossebygda. Me tilbyr overnatting m/frukost for grupper med mogelegheit for bestilling av middag, evt. festmiddag. Kulturinnslag med norsk folkemusikk og folkedans om ynskjeleg.

✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳ ✳

1. juni – 15. august Gruppetinging 10-40 personar 5 min. gangavstand frå sentrum Enkle, doble og 3-sengsrom inkl. frukost Alle rom med dusj/toalett Gratis internettilgang Førehandstinging middag/festmiddag Førehandstinging kulturinnslag med norsk folkemusikk og folkedans

Strengjarhaugen 6, 5700 Voss www.kringsjaavoss.no

+47 901 10 172 post@kringsjaavoss.no

Der tradisjon møter samtid 24.-27. okt. 2019 konsertar - Osaføredraget - UngOsa - dansefest - kurs

© Elias Gammelgård

“Og det skal eg lova dekan atte det skal verta vakse spel, so me seie pao Voss” - S. B. Osa www.osafestivalen.no


Tilbyr servering av stemningsfull matoppleving både til vennegjengen og firmaturen din

Tradisjonsmat heim til deg? Me leverer catering heim i stova di Me sender varer rett heim til deg! Sjå produkt og bestill via www.smalahovetunet.no

Gardsbutikken vår er open for deg til ei kvar tid

Velkommen til Voss Camping! Voss Camping ligg like ved Voss Sentrum. Idyllisk plassert ved Vangsvatnet. Gangavstand til alt som skjer i sentrum. • 7 hytter (max 5 pers.) m/kokeplate og kjøleskap • 45 plassar m/straum • 20-30 teltplassar • Nytt sanitæranlegg med dusj og toalett • Vaskemaskin og tørketrommel • Like ved oppvarma utandørs symjebasseng • 5 min. gangavstand til sentrum • Gratis Internett tilgang

Tlf.: 56 51 15 97 Mobil: 901 81 120 Fax: 56 51 15 97 post@vosscamping.no www.vosscamping.no



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.