30446_Historiequiz2

Page 1

Når var D-dagen? Kvar reiste romarane når dei skulle til Caledonia? Kor mykje er eit « snes » ? Under kva for ein krig vart stridsvogner først tekne i bruk? Dette er nokre av spørsmåla du kan bryne deg på i denne spørjeboka, som dekkjer verdshistoria – og litt til – frå antikken til i dag. Her er spørsmål om stort og smått, nokre lette, nokre meir krevjande, frå alle verdshjørne, epokar og tema. Det perfekte utgangspunkt for quiz­ konkurransar på puben, hytta eller ein regnfull sommardag – eller rett og slett for å teste deg sjølv. Sigrun Høgetveit Berg er doktorgrads­ stipendiat i historie ved Universitetet i Tromsø, og Harald Dag Jølle er histo­ rikar ved Norsk Polarinstitutt.

ISBN 8252176452

9

788252 176452



Sigrun Høgetveit Berg og Harald Dag Jølle

Historiequiz 1001 spørsmål og svar om historie

Det Norske Samlaget Oslo


© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Sats, trykk og innbinding AIT Otta AS Printed in Norway Omslag: Jesper Egemar Illustrasjonar på omslaget: Winston Churchill, Franklin D. Roosevelt og Josef Stalin under Jalta-konferansen, Eugène Delacroix: «La liberté guidant le peuple», Buzz Aldrin på Månen, Charlie Chaplin, George Gower: portrett av Elisabeth I av England, Knud Bergslien: «Birkebeinerne», Balthasar Denner: portrett av Peter Wessel Tordenskjold og Jens Carl Frederik Hilfling-Rasmussen: Kong Haakon går ombord i M/S Heimdal med kronprins Olav på armen. ISBN 978-82-521-76452


Forord Kva handla den franske revolusjonen om? Kva var årsakene til den andre verdskrigen? Kva prosessar førte fram til den industrielle revolusjonen? Korleis endra innføringa av kristendommen kvinnas stilling i samfunnet? Slike spørsmål opptek historikarane og dominerer historiefaget, men slike spørsmål finn du ikkje her. Det viktigaste med ein god quiz er nemleg ikkje spørsmåla, men svara. Eit godt quizspørsmål skal ha eit eintydig og presist svar, medan dei mest interessante spørsmåla må ein reflektere over i både ein og to setningar. Men for å kunne reflektere over historia, må ein ha faktakunnskapen på plass. Og det kan ein teste i ein quiz! Vi håpar at de som bruker denne boka, vil oppleve at de visste meir om historie enn de trudde – og at de lærer noko nytt! Quiz har vorte svært populært dei siste åra, medan spørjebøker har ein lang tradisjon. Mange vil difor vite at spørjetevlingar kan gjerast på mange slags vis; to eller mange deltakarar, individuelt eller med lag, i hytteveggen eller på firmafesten, på kollokviegruppa eller i familieselskapet. Bruksområda er mange, kappestridane morosame! Og hugs – historia magistra vitae! Sigrun Hagetvedt Berg og Harald Dag Jølle

5


6


Innhald Mjuk oppvarming 9 Historiske gullkorn 10 Allo, allo! 12 Krig og fred og sånn 14 Bygg, reis deg! 16 Antikken 18 Polarhistorie 20 Austlandshistorie 22 På den internasjonale dagsordenen 24 Babelsk forvirring? 26 Kuler og krut 28 Buon giorno! 30 Den kalde krigen 32 Afrikansk historie 34 Dikt og forbanna løgn 36 Trønderhistorie 38 «Dr. Livingstone, I presume?» 40 I nabolaget 42 Sagatid 44 E = mc2 46 Fin de siècle 48 Blått blod 50 Folk i farta 52 Mellom himmel og jord 54 For ein neve dollar 56 Frå den urbane jungelen 58 Heider og ære 60 All makt i denne sal 62 Renessanse og reformasjon 64 Top of the pops 66 Presidentar og statsleiarar 68 Austafor sol og vestafor måne 70

7


Holmgang 72 «I Grenoble ska vi slå dekk!» 74 Den andre verdskrigen 76 I grenseland 78 Eureka! 80 Frå heimefronten 82 Over there 84 Kjært barn har mange namn 86 Til og frå 88 Que? 90 Tru og tvil 92 Kva for år? 94 Amerikansk historie 96 Magister 98 Nastrovje! 100 Mellomalderen 102 Å hoppe etter Wirkola 104 Nordnorsk historie 106 På kroppen 108 Your cup of tea? 110 Ship ohoi 112 Revolusjon! 114 I dei beste familiar … 116 Sørlandshistorie 118 «The white man’s burden» 120 Skrekk og gru 122 Ars longa, vita brevis 124 Vikingtida 126 Store norske 128 Terror og attentat 130 Vestlandshistorie 132 Hore og madonna 134 Kjipe typar 136 Vårherres klinkekule 138 «What have the Romans ever done for us …?» 140

8


Mjuk oppvarming

Svar på side 142

1) Kvar låg det vidgjetne biblioteket, rekna for eitt av oldtidas sju underverk? 2) Når kom reformasjonen til Danmark-Noreg? 3) Kva blir saka kalla, som gjorde at Richard Nixon måtte gå av som president i USA i 1974? 4) Kven var statsminister i Noregs første Arbeidarparti-regjering i 1928? 5) Frå kvar kom prins Carl, som i 1905 vart kong Haakon VII? 6) Kva for katastrofe inntraff 26. april 1986? 7) Kven talte Roma midt imot? 8) Kva tre nordmenn har fått nobelprisen i litteratur? 9) Kvar gjekk dei allierte styrkane i land på den såkalla D-dagen, 6. juni 1944? 10) Når fekk kvinner stemmerett i Noreg? 11) Kva for by var det romarane i antikken kalla Lutetia?

9


Historiske gullkorn

Svar på side 143

1) Kven er opphav til orda «Religion er opium for folket»? 2) Kven sa «Den som veit korleis lover og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natts svevn»? 3) Kven sa «That’s one small step for a man, one giant leap for mankind»? 4) Kven skal ha sagt «Freden har brote laus»? 5) Kven sa «Det er bedre å ha vært statsminister, enn å være det»? 6) Kven sa «Arbeiderpartiet er faen ingen søndagsskole»? 7) Kven sa «Ask not what your country can do for you but what you can do for your country»? 8) Kven vart kjend for orda «peace for our time»? 9) Kven blir tillagd å ha sagt «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier». 10) Kven skal ifølgje Snorre ha sagt «Kva brast så høgt der»? 11) Og kva svarte Einar Tambarskjelve? 12) Kven er kjend for orda «I have a dream today!»?

10


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.