Jon Hellesnes er forfattar og professor emeritus i filosofi. Han har tidlegare gitt ut mellom anna essaysamlingane Maska bak andletet (2002), Illusjon? (2004) og Om livstolking (2007).
DET NORSKE SAMLAGET
ISBN 978-82-521-7605-6
www.samlaget.no
det femte monarki og andre essay
Boka inneheld i tillegg eit oversyn over kva forfattaren har arbeidd med innanfor filosofien frå og med dei første skriftene i 1960-åra og fram til no.
hellesnes
Jon Hellesnes er ein av Noregs skarpaste essayistar. I denne samlinga presenterer han nye, velopplagte og velformulerte tekstar. Boka opnar med ei utgreiing om gapskratt. Gapskratten lurer også i bakgrunnen utover i boka, endå om den då ikkje lenger er tema. Det er derimot ei rad andre fenomen: sakprosa, forfall i media, bullshit, storytelling, lettnihilisme, prosjektmakeri, finansakrobatikk, skremmeleg optimisme, ideologisk villskap, gudeleg satanisme med meir. Fenomena blir skildra, forklarte og nærare granska. Hellesnes går til åtak mot dumskapen, stiller spørsmål ved vedtekne sanningar og forsvarar det mangetydige.
jon hellesnes
DET FEMTE MONARKI og andre essay
samlaget
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 2
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 3
Jon Hellesnes
Det femte monarki og andre essay
Det Norske Samlaget Oslo
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 4
Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Sett i Valdres Trykk as med Adobe Garamond 11,5/13 Papir: 90 g Munken print cream 1,5 Trykk: Valdres Trykk as, Fagernes Printed in Norway Omslag: Kristin Berg Johnsen Ill.: Š Lynn James / Photonica ISBN 978-82-521-7605-6
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 5
Innhald Forord 7 Innleiande utgreiing om latter og komikk, grunn og årsak 9 Ulike tilnærmingar i bullshit-granskinga 22 Storytelling? 40 Ein plagsam prosjektmakar. Om Holbergs diktarfilosofi som aktuell samfunnskritikk 55 Det femte monarki. Om glad og uglad nihilisme 61 Kapitalisme og skepsis 76 Trotskij og økonomismen 83 På leit etter Lukács 88 Inn i si tid 94 Visjonars velde. Om heroisme hos Brand og Sorel 99 Ei «gløymd» verknadshistorie. Om Nietzsche i det tredje riket 106 Livssynsberserken og lidenskapen 116 Vendinga. Religionskritikk før og etter Gunnar Skirbekk 131 Gudeleg satanisme. Eit motiv i religionskritikken til David Hume 137 Relativismeproblemet og møtet mellom ulike kulturar 161
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 6
6 INNHALD
Mine vegar i filosofien 178 Opplysningar om tidlegare trykte versjonar 197 Referansar 198
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 7
Forord Dette er ei bok som heng saman, ingen antologi, heller inga kronologisk ordna samling av skriftstykke frå ulike periodar. Det skal svare seg å lese frå starten og ut. Dette betyr likevel ikkje at rekkjefølgja er den einaste mulege, berre at eg sjølv prioriterer den redigeringa som no er valt. Dei lengste skriftstykka har aldri vore publiserte før, men ein del av dei korte har vore det, for det meste i Klassekampen. Men tidlegare publiserte versjonar har vore «works in progress». Når ein forfattar veit at mange har lese ein tekst, les han den på ein ny måte sjølv også. Dessutan kjem det stundom tilbakemeldingar. Dette gjer det muleg å endre teksten slik at den tar betre vare på det som var meininga med den i utgangspunktet. Slik sett kan førebels publisering bli ein del av sjølve produksjonsprosessen. Dette har vore min framgangsmåte i litt av arbeidet med denne boka, så visse endringar finst. Likevel har eg tatt med opplysningar om tidlegare publisering av einskilde skriftstykke bak i boka. Der har eg òg samla all informasjon om litteratur eg har brukt og/eller vist til. «Det femte monarki» har stått i Samtiden, nr. 1, 2009. At tittelen no gjeld heile boka, betyr ikkje at eg reknar dette essayet som det viktigaste, berre at fokus er på den forførande krafta i store og ville fantasiar i fleire andre essay også. Ein skeptisk modifisert rasjonalisme pregar heile boka. Formularet
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 8
8 FORORD «Det femte monarki» er henta frå undertittelen til Niels Klims reise til den underjordiske verden av Ludvig Holberg. Sjangermessig ligg skriftstykka innanfor det såkalla formale essayet. I nokre få skriftstykke nærmar eg meg den informale varianten. Skiljet mellom dei to subsjangrane, det informale og det formale essayet, er i bruk innanfor den delen av tekstologien som handlar om sjangeren. Det informale essayet blir plassert nær diktekunsten, eller til og med innanfor den. Det formale essayet blir plassert nær den diskursive fagprosaen, dvs. fagartikkelen eller avhandlinga. Ein kan føre desse subsjangrane tilbake til dei to store essayistane på 1500-talet, Michel Montaigne og Francis Bacon. Men for meg er David Hume og Ludvig Holberg minst like viktige som arketypiske essayistar. Dei som har lese andre bøker av meg, vil venteleg oppdage at denne høver bra til to andre: Illusjon? (2004) og Om livstolking (2007). På ein måte er det ein trilogi som no er avslutta. Ersfjordbotn 16. september 2009 Jon Hellesnes
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 9
Innleiande utgreiing om latter og komikk, grunn og årsak Under ein fest der ingenting er pinleg, får ein folk lett til å le. Humor kan betre helsa, seier mange. Men hånlatter finst også. Rå og personfokusert satire kan få skratten fram hos publikum. «Practical jokes» som er over grensa til sadismen, kan halde latteren i gang lenge. Så det er eit mangfaldig fenomen – ja, kanskje mysteriøst.
Gapskratt hos Vinje I 1859 då Bjørnstjerne Bjørnson hadde gitt ut bondeforteljinga Arne, skreiv Aasmund OlavssonVinje (1818– 1870) ei lang melding i Dølen. Her snudde han opp ned på Bjørnsons prosjekt: Han framstilte boka som ein storveges parodi. I Arne var alt tåpeleg og sentimentalt i norsk dikting konsentrert og drive opp på eit eineståande nivå av toskeskap. Det var ifølgje Vinje meisterleg gjort! I 1866 heldt Vinje på å le seg i hel. Då las han nemleg noko han oppfatta som ein grotesk, komisk satire: Brand. Et dramatisk digt! Henrik Ibsen var ifølgje Vinje stor som komisk diktar. Heretter ville det bli vanskeleg å gi ut høgstemt idealistisk vrøvl! Men Vinje visste jo at både Bjørnson og Ibsen var alvorsmenn. Derfor skreiv han også
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 10
10 DET FEMTE MONARKI OG ANDRE ESSAY
dette: «Filosofisk tala so er dei [Bjørnson og Ibsen] subjektivt tragiske, men objektivt komiske.» Lesarane av Dølen skratta ofte høgt av Vinjes grove spott over kjende menn i den nye norske nasjonen. Men Vinje skratta mykje sjølv også. Dette skreiv han om i fleire samanhengar: «Eg kan læ so det huskar i meg midt på Natti.» Samtidsskribentar som kjende han, har også kommentert det, for eksempel slik: «Vinje slog ut i sin hæse, demoniske latter» (Janson). Eller slik: «Munden paa vidt Gab, saa de gule Tænderne blev synlige. Med et Øie gliste han op mot mig» (Collett Vogt). Under Vinje-renessansen blant norske litteratar i 1980-åra blei slike passasjar tolka i lys av Bakhtin og karnevalismeteorien. Men i latteren til Vinje er der òg noko anna. Det som skjer, er jo at han blir overvelda. Ei kroppsleg kraft, ein slags krampe, tar over. Han har ingen sjølvkontroll lenger.
Teoretisering om latter og komikk Blant teoretikarar her i Europa som har skrive om komikk, humor og latter, har tre fått status som klassikarar. Det er Sigmund Freud, Henri Bergson og Helmuth Plessner. Det dei har skrive om emnet, føreset – i alle tre tilfella – ein rik teori som er nedfelt i ein stor forfattarskap. Ein lesar som tar for seg Der Witz, Le rire eller Lachen und Weinen utan kjennskap til den teoretiske konteksten, kan altfor fort konkludere slik: «Dette var sært. Her var det ikkje mykje å bli klok av.» I dette skriftstykket mitt er det tankar hos Helmuth Plessner (1892–1982) eg stør meg til. Han var biolog og filosof. Han representerte den såkalla filosofiske antropologien. I løpet av den siste menneskealderen har vitskap-
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 11
INNLEIANDE UTGREIING OM LATTER OG KOMIKK 11
leg spesialisering undergrave denne disiplinen. Filosofisk antropologi hadde nemleg følgjande oppgåve: å ta inn kunnskap frå alle menneskevitskapane – evolusjonsteori, humanbiologi, samfunnsvitskap, kulturvitskap, psykologi osv. – for så å kome fram til ein samlande refleksjon over den menneskelege grunnsituasjonen, conditio humana. Dette blei for mykje. Men endå om den filosofiske antropologien synest å vere passé, er somme verk blitt ståande, blant dei Lachen und Weinen. Eine Untersuchung der Grenzen menschlichen Verhaltens. Verket blei publisert første gongen i 1941 i Sveits. Plessner var tysk emigrant. I Hitler-Tyskland kunne han ikkje vere. Flyktninghistoria hans er merkeleg. Han overlevde nemleg «under jorda» i det okkuperte Europa, nærmare bestemt i Nederland, der motstandsrørsla heldt han skjult. Dette er ei sak for biografar. Men det har eit poeng å nemne at forfattaren hadde det vanskeleg då han skreiv boka. Det gjer det lettare å forstå at han undersøkte latter og gråt under eitt.
Kulturell variasjon Der er naturlegvis stor variasjon i kva vi menneske opplever som lattervekkjande eller fortvilande. Stor er også variasjonen i forsøka på å normere. I somme kulturar er gråten noko som ikkje sømmer seg, iallfall ikkje for menn. Rett nok sømde det seg, for nokre hundreår sidan her i Europa, at ein hærførar gret offentleg etter eit slag med mange drepne. Men elles var gråten for kvinner og barn. I andre kulturar kan det vere upassande å le. I mange kulturar er latteren lite velkomen under gravferder, iallfall så lenge kista er synleg. Derimot kan det vere slik at det er
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 12
12 DET FEMTE MONARKI OG ANDRE ESSAY
rom for latter etter at kista er komen i jorda. Då blir det for eksempel fortalt hyggelege og morosame anekdotar om den avlidne. Eg tykkjer at det er ein fin skikk. Den store variasjonen i forsøka på å setje grenser for latter og gråt er eit interessant emne for sosialantropologien, etnofolkloristikken og liknande disiplinar. Den filosofiske antropologien er derimot opptatt av det faktum at latter og gråt er felles for alle menneske, same kor ulike dei elles måtte vere, og same kor ulike kulturane deira er. Fenomena er «universelt menneskelege». Dessutan går tesen til Plessner ut på at latter og gråt ikkje finst hos (andre) dyreartar. Der er fenomen som liknar, men reaksjonane er eineståande hos menneska, hevdar han. (Dette er naturlegvis blitt omstridd.) Det han får til med dette utgangspunktet, er å seie mykje avklarande om den menneskelege grunnsituasjonen – conditio humana. Framstillinga hans går ut på at latter og gråt inneber ei form for problemløysing. Gjennom latter og gråt kjem mennesket seg gjennom situasjonar som, på ein spesiell måte, er utfordrande. Mennesket kjem styrkt tilbake til seg sjølv, eller det kan gjere det. Plessner meiner at eit menneske som for alltid har slutta å le og å gråte, er ved grensa til å vere dødt.
Ein kontrast til latter og gråt Språklege og gestiske uttrykk utgjer ifølgje Plessner ein kontrast til latter og gråt. Dei har ein heilt annan karakter. Når vi utfaldar oss verbalt og med gestar, har vi kontroll med mykje, om ikkje med alt. Ingen kan kontrollere ein kommunikativ prosess fullt ut. Men mangt er muleg for oss. Eg kan for eksempel påstå noko høgt og tydeleg. Sam-
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 13
INNLEIANDE UTGREIING OM LATTER OG KOMIKK 13
tidig kan eg kalle litt av det tilbake med gestar og mimikk. Dei andre får då sjansen til å forstå at eg er ironisk. Eg er til stades i situasjonen som aktør. Annleis er det med latter og gråt. Latteren er eruptiv, stundom direkte eksplosiv. Den bryt ut. Gråten overmannar oss mindre brått, men også då taper ein kontroll, ein blir «ute av seg». Plessner plasserer desse reaksjonane i ein eigen såkalla genus for menneskelege uttrykksformer. Dei ligg på eit anna nivå enn det å heve på eit augnebryn, skjere ein liten grimase, trekkje på skuldrene eller rette ein finger i vêret. Latter og gråt er verken mimiske eller gestiske uttrykk. Dei er naturlegvis ekspressive fenomen, men dei er ikkje kommunikative handlingar vi utfører med mindre vi – som skodespelarar – etterliknar latter eller gråt. Gjennom mimikk og gestar kan ein aktør uttrykkje eit eller anna; han eller ho kan gjere det på ein overlagd og meir eller mindre elegant måte. Dei mimiske og gestiske uttrykka føreset, liksom språkbruken, ei form for sjølvkontroll. Men det er nettopp denne sjølvkontrollen som blir borte i latteren og gråten. Reaksjonane har eigenarten sin i at det skjer eit mellombels avbrot i prosessen av mimikk, gestar og artikulert tale. Ein fysisk automatisme kjem i staden. Som skrattande eller gråtande har vi ikkje nokon fridom til å uttrykkje oss artikulert og mimisk. Vi har gitt oss over eller er blitt overmanna. Daglegspråket inneheld ein del ord og uttrykk som ber i seg innsikt om kva som skjer: å eksplodere i latter, bryte ut i gapskratt, gi seg over og bryte saman i gråt er fire eksempel. I latteren og gråten frigjer dei kroppslege reaksjonane seg frå den sosiale kontrollen. Vi blir skaka og taper vår overhøgd. Vi blir overmanna, rår ikkje heilt med oss. Like
129130 Det femte monarki
08-02-10
12:31
Side 14
14 DET FEMTE MONARKI OG ANDRE ESSAY
fullt ligg den utløysande faktoren innanfor sfæren av det vi oppfattar og tolkar. Vi er i ein situasjon som krev eit svar, og svaret kan vere uventa også for ein sjølv. Det kjem til uttrykk i ein temporær mangel på sjølvkontroll. Latter og gråt passar ikkje alltid med bildet av ein kontrollert, veltalande og seriøs person. Av og til kan det vere direkte skandaløst å le. Då strevar vi med å halde oss. Det gjeld å undertrykkje eller å skjule skratten. Men det kan vere umuleg. Det hjelper ikkje eingong at vi sit i eit styremøte. Vi kan tenkje oss at eg framleis er instituttstyrar. Saman med andre instituttstyrarar ved norske universitet skal eg instruerast av ein eller annan prosjektmakar som atter ein gong skal reformere forsking og høgare utdanning. Først kjem det ein pipande lyd frå meg. Eg prøver å halde meg, men greier det ikkje. Latteren velter fram lik ei flodbølgje. Eg må vakle ut av styrerommet med ville brøl av latter. Pinleg, til dels svært pinleg. Eg må kanskje slutte som instituttstyrar. Det er nok bra for alle partar.
Kroppslege reaksjonar, grunn og årsak Noko skjer, det bryt med forventninga vår, det er lattervekkjande, og vi bryt ut i høge skratt, greier ikkje å styre oss. Eller ulykka slår ned. Vi blir fortvila og nedbrotne. Vi er «ute av oss». Vi græt. Uttrykksformene er ute av kontroll, og dei er sterkt kroppslege. Men det er ikkje kroppane våre som ler eller græt. Det er det vi som «gjer». Vi er involverte som personar. Likevel kan reaksjonane ta makta over oss. Dei kan kome direkte i strid med det sjølvbildet vi gjerne vil halde oppe. Vi greier ikkje å stå imot. Vi gir lyd frå oss, stundom sterk lyd, ein lyd som slår inn i det