VÅREN 2025
VÅREN 2025
© 2025 Samlaget
www.samlaget.no
Stiftinga Det Norske Samlaget
Styreleiar: John-Ragnar Aarset
Forlagsdirektør: Edmund Austigard
Forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo
Postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo
Føretaksnummer: 935 305 314
Vi tek atterhald om prisendringar.
Konsept for omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio
SKJØNNLITTERATUR
Alakoski har eit brennande engasjement for den kvinnelege arbeidarklassa, som er arbeidande og intellektuell, ofte med ein ukueleg kunnskapshunger, men samtidig strøypt av eit hardt liv. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten.
Om Bomullsengelen (2023): Ei slags nordisk Elena Ferrante
MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
Formidabelt prosjekt
NANCY ØVREHUS, STAVANGER AFTENBLAD
… sveiper som en stø lyskaster over anonyme og glemte kvinneliv i vår nære forhistorie ANDREAS WIESE, DAGBLADET
SUSANNA ALAKOSKI
BARNEBARNET
Tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten
Da Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.
I overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall ein ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.
Barnebarnet er tredje boka i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Frå svensk ved Runa Kvalsund.
SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962)
debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første boka i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta (svensk, Londonflickan, 2021), og no ligg tredje boka, Barnebarnet (svensk, Dotterdottern, 2024), føre. Den siste boka i kvartetten, Sverigefamilien, er venta våren 2026.
Om 11 %: Feministisk skrekkroman [...] 11 % er en fabulerende, underholdende grøsser til forsvar for mangfold og balanse.
ANNE CATHRINE STRAUME, NRK
Ei vanvittig bok! [...] Maren Uthaugs roman er makaber, svart tankevekkende og ofte hylende morsom.
ANDREAS WIESE, DAGBLADET
En skjelmsk, humørfylt og detaljrik oppvisning i økofeminisme på speed.
MAIA NORDSTEIEN NIELSEN, KLASSEKAMPEN
88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.
Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.
To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.
88 % er eit framhald av framtidromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.
MAREN UTHAUG (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan fått
DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen, Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. 88 % er den femte romanen hennar.
| ISBN: 9788234015144 |
HELGA SONGØYGARD BATTIN
(f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø og debuterte med romanen Rosehagtornen i 2020. Terskel er den andre romanen hennar.
HELGA SONGØYGARD BATTIN TERSKEL
Kjerstin bestemmer seg for å ta grep om eige liv og kjøper seg eit hus i skogkanten. Ho flyttar inn med katten Bolleris, og sjølv om det vel eigentleg er banken som eig huset, byrjar det sakte, men sikkert å kjennast som ein heim. Hennar heim. Her er ho fri frå den alkoholiserte mora og fordommane mot dei som har kommunal bustad, og ho har tatt eit langt steg vekk frå paranoide Lasse.
På ein av dei mange festane Kjerstin går på, møter ho ein mann som blir med henne heim, og som på finurleg, nærast utspekulert vis, flyttar inn. Han heiter Bjarg og hevdar at han er allergisk mot kattar, men har nok større problem enn som så.
Om Rosehagtornen (2020): Battin er en mester på å skildre hverdagen og unngår til enhver tid klisjeer. Hun skildrer det vanlige livet og alle de eksistensielle spørsmålene som dukker opp i en vanlig hverdag, og minner tidvis om Haruki Murakami. [...] Rosehagtornen er Battins første roman – det er en glitrende debut. Jeg gleder meg allerede til hennes neste.
LINEA BANCEL, UNIVERSITAS
KRISTIN AUESTAD DANIELSEN
PÅ, OVER, INNI
Om den færøyske essens
Erla skal reise på sommarferie, frå Noreg og heim til Færøyane, og ho skal ta dottera Julie med seg. Julie er sju, og ho skal bli kjend med kva mora er, kor mora kjem frå, og så skal ho ta til seg dette, kva det no enn er, og så skal det ho får, bli ein del av ho også, det skal vekse inni ho, på ho, over ho, kanskje som mose.
På, over, inni er ein roman om å vere fem veker på Færøyane, mor og dotter. Og som alle somrar, er også denne sommaren eit djup, lag på lag med somrar, der alt hopar seg opp: språk, haldningar, slektningar, venner, gammalkjærastar, barndom, landskapet og veret. Det blir eit møte med alt som finst der, og dermed alt som kunne vore. Men det er jo også godt å sleppe det humørlause Noreg for ei stund.
KRISTIN AUESTAD DANIELSEN (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.
ISBN: 9788234014857
ISBN: 9788234014864
ERLEND KAASA (f. 1976) kjem frå
Vinje i Telemark og er busett i Indre
Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009 og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans.
ERLEND KAASA (44)
Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdańsk. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen.
Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.
(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.
GERALD MURNANE OMSETT AV JON FOSSE
SLETTENE
Klassikar frå Australia
For tjue år sidan, då eg fyrste gong kom til slettene, heldt eg augo opne. Eg såg etter alt i landskapet som kunne tyda på ei opphøgd meining bak det som kunne sjåast.
Slettene av Gerald Murnane er ein klassikar. Det er ei underleg historie om eit alternativt Australia folkesett av velståande og lærde. Dei bur på staselege eigedomar og tek seg av kunstnarar, forfattarar og filosofar. Hovudpersonen er ein ambisiøs filmskapar. Han reiser til det indre Australia i håp om å fanga sjølve essensen av innlandet og seia noko om forholdet mellom innbyggjarane og landskapet. Slettene skildrar livet til innbyggjarane og deira uvanlege levevis. Det er ein gåtefull klassikar om eit alternativt Australia.
GERALD MURNANE (f. 1939) er ein australsk forfattar. Han debuterte i 1974 og er mest kjend for romanen Slettene frå 1982. Murnane var i mange år ein løyndom blant litteraturkjennarar, men blir i dag sett på som ein av vår tids store forfattarar. Han har i fleire år vorte nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Slettene er den fyrste boka av Murnane på norsk.
ISBN: 9788234014376 | 349,–|
|
E-BOK | ISBN: 9788234014383 | 299,–| UTG. FEBRUAR
ODDMUND HAGEN
FORKLARING
Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hemne seg for at han slapp unna den gongen. Men ganske snart snur situasjonen til mannens fordel.
Forklaring er eit forsøk på å gi eit bilde av hendingane og situasjonane som har drive mannen dit han er i dag. Det er lett å få sympati med han, men det er likevel noko som skurrar i det han fortel.
ODDMUND HAGEN (f. 1950) vaks opp i Snillfjord og bur no i Trondheim. Han har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Hagen er fast litteraturkritikar i Dag og Tid.
ANNE-LISE FRØLAND
TYNNE RIVNER AV LYS
Du må lære meg alt.
Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.
På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
ANNE-LISE FRØLAND (f. 1993) kjem frå Ålesund og bur for tida i Tromsø. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar.
ATHENA FARROKHZAD
ANNO ASEN
I Anno asen vender Athena Farrokhzad tilbake til sentrale tema i forfattarskapen sin, denne gongen via eselet. Denne dyreverdas proletar som vi har fordumma for å kunne utnytte, denne migranten som aldri får lagt frå seg børa si. Dikta rører seg frå forteljarens kvardag til ville fantasiar om eselets ulike ansikt og lengtande songar om eit fjernt opprør. Arbeidskritikken fell saman med skildringar av døden i diasporaen, og morskapen dukkar opp i eit nytt lys under eselhoppas antropomorfe natt.
Farrokhzad sluttar seg til ein litterær tradisjon som går frå Mulla Nasreddin til Ramón Jiménez, der Tussi har blitt med i RAF og alle år er eselets.
Gjendikta av Ida Hove Solberg.
ATHENA FARROKHZAD (f. 1983) er poet, dramatikar, gjendiktar og litteraturkritikar busett i Stockholm. Ho debuterte med Vitsvit i 2013 (Hvitverk, Kolon forlag, 2016) og denne boka er seinare utgitt på 20 språk. Ho har også gitt ut diktsamlingane Trado (2016, norsk utgåve på H//O//F i 2021) og I rörelse (2019) og gjendikta poetar som Adrienne Rich, Audre Lorde og Natalie Diaz til svensk. Ho arbeider som litteraturansvarleg på Kulturhuset Stadsteatern og gjesteforelesar i poesi ved Linköpings universitet.
IDA HOVE SOLBERG (f. 1987) debuterte med diktsamlinga Var det grønt i 2024. Hen har tidlegare gjendikta Athena Farrokhzad og Svetlana Cârsteans Trado saman med Sindre Andersen (H//O//F, 2019) og Terrance Hayes Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar med Sofia Knudsen Estifanos (Samlaget, 2022) og var med på å starte opp Lo forlag i 2024.
Før, filosoferer eselet, vart eg respektert
Ok, respektert er kanskje ikkje riktig ord
men ein anerkjente i det minste at eg eksisterte
ein la seg i selen for eit grann galanteri
Unnskyld at eg går med ryggen til, kunne ein seie
når ein leidde meg fullasta gjennom ørkenen
Slett ikkje frue, kunne eg kvittere, på brestepunktet
blomstrar har inga bakside
Ein sveipte inn utbytinga i ein viss finesse
No har rovdrifta avskaffa dei siste smulane av politesse
Ein dinglar ikkje eingong med gulrota for motivasjon
Prisen på grønsaker stig og ingen orkar å spele teater
når det uansett er pisken som gjer jobben
Om Åsnans år:
Radikal språk- och formglädje balanserar en avgrundsdjup sorg. Den är lasten som rytmen och ljuden måste bära. Välsignad vare åsnans dikt.
EXPRESSEN
Athena Farrokhzads dikter är uppsluppna, uppfuckade och fulla av kärlek.
DAGENS NYHETER
ARILD REIN (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i Stavangertrilogien, og har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.
GEIR EGIL BERGJORD (f. 1964) er frå Jæren og bur i Stavanger. Han presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Sidan debuten på Haustutstillinga 95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet, og arbeida hans er representerte i fleire offentlege kunstsamlingar.
GEIR EGIL BERGJORD OG ARILD REIN
VEGEN HEIM TIL SVARTSKOG
Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i denne boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.
Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar
Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.
9788234014673
9788234014680
LEIF HØGHAUG (f. 1974) er busett på Gran på Hadeland og er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010–2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug debuterte i 2012 med diktsamlinga Fama, i 2021 kom hans første roman Kælven (omsett til tysk og engelsk).
LEIF HØGHAUG JONAS GAHR STØRE. EIT
DIKT
Når ikkje politikarane lenger har tydelege visjonar for framtida vår, er det kanskje på tide å oppsøke diktinga.
Som tittelen slår fast, er dette ei bok der ein av dei viktigaste politiske aktørane i den norske samtida vert gjord til emne for dikting. Idet denne katalogteksten går i trykken, har fleire framståande AP-politikarar bedt Jonas Gahr Støre om å trekkje seg, samstundes som høgrekreftene fossar fram på meiningsmålingane. Er sosialdemokratiets tid omme?
Jonas Gahr Støre. Eit dikt er eit draumkvad, ein visjon om diktingas rolle i ei visjonslaus tid. Kva skjer om vi plasserer Støre på ei aud øy, i kvalfiskens buk eller på ein flåte der han må bruke Gerhardsens frakk som segl? Også havet er ein karakter, ei flytande spegelflate som på sitt vis viser andlet og talar om openberre prov på krisa, som til dømes ekstremvêr, trumpisme og fråvære av venstreradikale rørsler med klåre visjonar om ei betre framtid.
Leif Høghaug kallar sitt bidrag «ein drope i havet» – men som kjent kan ein drope vere nok for å endre eit heilskapsinntrykk. For kanskje er det nettopp gjennom diktingas språk vi kan danne grunnlaget for ein ny og framtidsretta samtale?
IVAR AASEN SYMRA
Norsk klassikar som nydeleg gåvebok
Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur. Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er «Nordmannen», ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår eigentlege nasjonalsong. I høve 150-års jubileet for 1875-utgåva gir Samlaget no ut Symra som nydeleg gåvebok, utstyrt med eit forord av Runar Gudnason frå Side Brok.
OMSLAG KJEM
IVAR AASEN (f. 1813) var ein norsk språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte det han kalla landsmålet, og la såleis grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket.
MARIT EIKEMO (f. 1971)
romandebuterte med Mellom oss sagt i 2006 og har i tillegg til ei rekkje romanar også gitt ut intervjubok, essay og noveller. Bøkene hennar er både smarte og underhaldande og har imponert kritikarar og lesarar med presise observasjonar av samfunnet vårt og tida vi lever i.
MARIT EIKEMO
VI ER BRØDRENE EIKEMO
Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkje lenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per sjølv måtte overta som 14-åring da faren døydde. Her voks han opp, saman med dei fire brørne sine, den eine villare enn den andre. Dei har halde det gåande med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp. Dei fire etasjane har alltid vore fulle av liv og prosjekt. No er det berre Per igjen i huset - og klokka som stadig tikkar og går.
Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
Storslått! [...] Et hus, fem brødre – og eventyr av levd liv stiger fram. I Marit Eikemos elegante fortelling om egen familie er det alvor og kjærlighet, omsorg og humor.
GURI HJELTNES, VG
ALAKOSKI
LONDONJENTA
Andre boka i den kritikarroste
Bomullskvartetten
Vi er i 1950-åra. Greta har forlate mamma Hilda og bomullsfabrikken i Vasa for eit betre liv. Ho arbeider som barnejente og pleieassistent i Stockholm til draumane tar henne til London. Ho får jobb hos den intellektuelle familien Conley, er saman med andre barnejenter frå Sveits, lærer seg engelsk og treffer Elizabeth Taylor. Bomullsfabrikken og tekstilindustrien kjennest langt unna. Heime i Vasa er Hilda framleis ein bomullsengel i ein industri stadig meir pressa av automatisering og konkurranse frå Sverige og fjerne land. Gretas bror Jonni jobbar på Algots i Borås og forelskar seg på fagforeiningsseminar. Lite anar Greta om kva framtida vil bringe, og kva konsekvensar det kan få å forlate heimbyen sin.
Londonjenta er andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om liv, arbeid og lengt for kvinnene i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om arbeid, kjærleik og vennskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Frå svensk ved Runa Kvalsund.
SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. Alakoski har eit brennande engasjement for den kvinnelege arbeidarklassa, som er arbeidande og intellektuell, ofte med ein ukueleg kunnskapshunger, men samtidig strøypt av eit hardt liv. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten. SUSANNA
... herlig levende og saftig
ANDERS TOTLAND (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli. Til døden skil oss er ein nokså frittståande oppfølgjar.
ANDERS TOTLAND
TIL DØDEN SKIL OSS. EIN JACOB JUUL–ROMAN
Jacob Juul er tilbake!
Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen!
Dette er ironi, humor, sarkasme, parodi og friske spark i alle himmelretningar.
GEIR TANGEN, KRIMLITTERATUR.COM
JON FOSSE
EG ER VINDEN SKODESPEL
Borte i bølgjene
Eg er vinden handlar om to menneske i ein seglbåt. I samtalen mellom dei vert ein båttur skildra der Den eine truleg tek livet av seg ved å hoppa på sjøen. Han blir borte i bølgjene. Kvifor gjorde du det, spør Den andre. Eg berre gjorde det, svarar Den eine. Eg er vinden er nærast eit teaterdikt om å ikkje orka meir. Stykket hadde urpremiere på Festspela i Bergen i 2007 og er sidan framført i mange land. Den mest kjende produksjonen er truleg den til regissøren Patrice Chéreau på teatret Young Vic i London, som fekk strålande meldingar.
JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Fosse skreiv for teater første gong i 1993. Det vart starten på ein uvanleg dramatisk raptus. Tekstane hans er omsette til kring seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har også ein stor produksjon som omsetjar og attdiktar. Han har fått ei rekkje prisar i både inn- og utland. Sidan 2011 har han budd i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. 10. desember 2023 fekk Jon Fosse Nobels litteraturpris.
JON FOSSE
VINTER SKODESPEL
Møte på ein benk
Ei kvinne og ein mann møtest tilfeldig i ein park. Dei set seg på same benken. Ho er lettkledd, medfaren og rusa. Han er ein velkledd familiefar som er i byen for å ha nokre møte. Kvinna blir med han på hotellrommet. To menneske møtest, og mannen gjev etter kvart opp heile sitt tidlegare liv. Vinter hadde urpremiere hausten 2000 på Rogaland Teater i Stavanger. Sidan den gong har Vinter nærast reist verda rundt. Stykket har vorte spelt mellom anna i Argentina, Armenia, Brasil, Canada, Hongkong, USA og ei rekkje stader i Europa.
JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Fosse skreiv for teater første gong i 1993. Det vart starten på ein uvanleg dramatisk raptus. Tekstane hans er omsette til kring seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har også ein stor produksjon som omsetjar og attdiktar. Han har fått ei rekkje prisar i både inn- og utland. Sidan 2011 har han budd i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. 10. desember 2023 fekk Jon Fosse Nobels litteraturpris.
JON FOSSE ESSAY
Rik kjelde til å bli kjend med Fosse
Jon Fosse er dramatikar, prosaist og poet, men han har òg gjeve ut to essaysamlingar. I 1989 kom Frå telling via showing til writing, ti år seinare Gnostiske essay. Deretter tok Fosse farvel med teorien. Etter den siste samlinga har det kome få artiklar og essay frå Jon Fosse. Han valde diktinga.
Essaya til Fosse er ei rik kjelde for den som vil bli kjend med Fosse sitt syn på mellom anna litteratur og teater, men òg med Fosse sjølv.
JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Fosse skreiv for teater første gong i 1993. Det vart starten på ein uvanleg dramatisk raptus. Tekstane hans er omsette til kring seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har også ein stor produksjon som omsetjar og attdiktar. Han har fått ei rekkje prisar i både inn- og utland. Sidan 2011 har han budd i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. 10. desember 2023 fekk Jon Fosse Nobels litteraturpris.
FAKTA OG DOKUMENTAR
9788234015090
9788234015106
SIGRI SANDBERG (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 25 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive nær tjue bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok.
SIGRI SANDBERG
DET ÅRET EG VAKNA.
KVA SKJER MED NATUREN – OG OSS?
Om naturtap og klimaangst
Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar.
Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap.
Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss?
Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten.
Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor.
Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare?
Det prøver denne boka å svare på.
ANNE GUNN HALVORSEN
MITT INTERNETT
DÅ
WWW KOM TIL NOREG
Vennskap, kåtskap og internett
Dette er historia om då internett kom til Noreg, og det er ei historie om alt det fantastiske som skjer når du får sosiale medium som elleveåring.
Boka handlar om då internett vart allemannseige i nittiåra: Ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge var i førarsetet.
Boka er blitt litt som internett sjølv. Ho inneheld veldig mykje rart. Her er den finske mannen som fann opp IRC, men som hatar å chatte. Programmeraren av Mirc, som ikkje vil møtast over skjerm. Den svenske artisten Basshunter er med, og sjølv om det ikkje handlar om teknologi, vil du forstå kvifor TCP/IP-protokollen kan vere det finaste som har skjedd deg.
I arbeidet med denne boka har Halvorsens viktigaste kjelde vore eigne dagbøker frå 1994 til 2000. For mest av alt handlar dette om Anne Gunn, vennene hennar og alle som på nattetid prøvde å taste så stille som mogleg, og som brukte kvar ledig stund til å snakke med framande på internett utan at foreldra visste kva dei dreiv med. Dei første som levde ungdomstida på internett.
Kva gjorde det med dei?
Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same?
OMSLAG KJEM
ANNE GUNN HALVORSEN (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. I dag skriv ho fast for Aftenposten. På Samlaget har ho gitt ut fleire kritikarroste sakprosabøker. Halvorsen er også kjend for ungdomsromanserien Halve kongeriket, som ho skriv saman med Randi Fuglehaug.
MENN SOM NESTEN ELSKA
MEG. SJU ÅRS
LENGT ETTER
KJÆRLEIKEN
Om å leite etter kjærleik
Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg.
I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg –med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.
KATRINE SELE (f. 1972) er ein prisvinnande forfattar med sju bøker bak seg. Ho fekk Samlagsprisen i 2021 og Språkrådets språkpris i 2022 for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster.
Om Einars bok (2021): Sele er en fintfølende forteller, hun er ikke redd for å dvele ved detaljene som utgjør et liv.
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN, KLASSEKAMPEN
Om Jølster hotell (2017): Katrine Sele har rett og slett skrevet en velturnert bok om et av vår tids viktigste spørsmål.
MARIUS WULFSBERG, DAGBLADET
NORSK RØYNDOM
Våren 2025 kjem det fem nye titlar i debattserien Norsk røyndom. Bøkene gir eit unikt innblikk i viktige tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.
JENS KIHL BLAKK
Gjer deg klar til å bli rørt, sint og inspirert til å tenke nytt om Forskjells-Noreg.
«Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?» Spørsmålet er stilt av Jens Kihl, som sjølv vaks opp med ei mor som ofte var blakk. Men det var først då dei flytta til Ullevål hageby på Oslos vestkant, at han fekk oppleve Forskjells-Noreg i praksis. I denne boka tenkjer han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er blitt ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring frå ein uvanleg oppvekst. Eller var han så uvanleg? Det prøver denne boka å svare på.
JENS KIHL (f. 1986) er målmann, journalist og forfattar. Han har vore kulturredaktør i Bergens Tidende sidan 2021. Kihl fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2017. Han har tidlegare skrive bøkene Dette er også Noreg. Kommunal feelgood (2019) og Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! (2022)
9788234015007
9788234015014
MONE CELIN SKREDE (f. 1991) frå Hareid har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda og har studert engelsk og mediekunnskap.
MONE CELIN SKREDE
MI HØGRE HAND.
VEGEN MOT EIN IDENTITET SOM FUNKSJONSHEMMA
Visste du at verdas største minoritet er 20 prosent av befolkninga – også omtala som funksjonshemma?
Mi høgre hand er ei tankevekkande og innsiktsfull bok som utfordrar gjengse oppfatningar om funksjonshemming.
Mone Celin vart fødd med ein sjeldan tilstand som gjer at høgrehanda hennar er mindre enn den venstre. Her deler ho si forteljing om å vekse opp i ei lita nordvestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Gjennom eigne røynsler og andre sine haldningar og blikk på henne vart ho gradvis meir bevisst på plassen blant dei 20 prosentane av befolkninga som går under paraplyen funksjonshemma, verdas største minoritet.
Skrede skriv ope og varmt om korleis ho har navigert i livet sitt, og korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla». I dag arbeider ho i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA), og som legg til rette for at funksjonshemma kan leve livet dei sjølv ønskjer.
JESWANTHINY MAYOORAN
ALDRI
GOD NOK
Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.
I Aldri god nok tek Jeswanthiny
Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak.
Det prøver denne boka å svare på.
JESWANTHINY P. MAYOORAN (f. 1990) er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). I 2022 fekk ho Formidlingsprisen for framifrå formidling om identitet, kulturell bakgrunn og psykisk helse over fleire år. Aldri god nok er hennar første bok.
| ISBN: 9788234015021
9788234015038
9788234015045
STINE HANSSEN BRATTLAND
(f. 1983) er skribent og samfunnsdebattant frå Trondheim. Utanfor, innanfor er hennar første bok.
STINE HANSSEN BRATTLAND
UTANFOR, INNANFOR
Om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.
I Utanfor, innanfor fortel Stine Hanssen Brattland historia si om å mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk ho diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfor samfunnet sine rammer og fortel om korleis diagnosen har opna dører til å forstå seg sjølv betre. Utanfor, innanfor er ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.
JØRN ØYREHAGEN SUNDE
HAR EG RETTSTRYGGLEIK?
Ei bok som vil opna augo dine for dei skjulte problema i norsk rettspleie.
Dette er ei viktig og tankevekkjande bok som set søkjelys på store utfordringar i den norske rettsstaten. Sunde, som er professor i rettshistorie, uttrykkjer bekymring for om rettsstaten har vorte klassedelt. I boka peiker han på at vanlege folk ikkje har råd til advokathjelp når dei treng det, og at det berre er i straffesaker og barnefordelingssaker dei i dag har tilgang til rettssystemet. For domstolane er i realiteten berre tilgjengelege for bedrifter, institusjonar og offentlege organ, dei velståande og dei som kan skyva utgifter til advokat over på eit forsikringsselskap. Lågterskeltilbod for konfliktløysing, som Jordskifteretten, Konfliktrådet og Forbrukartvistutvalet, er for ukjente, overbelasta eller for vanskeleg tilgjengelege til å vega opp for mangelen på domstolstilgang.
JØRN ØYREHAGEN SUNDE (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo og forskar på Nasjonalbiblioteket. Han har fått ei rekke utmerkingar for framifrå formidling, mellom anna Meltzerprisen i 2012. I 2023 fekk han Sartonmedaljen for framifrå rettshistorisk forsking.
BARN OG UNGDOM
|
ISBN: 9788234013331 |
|
9788234013348
AINA BASSO FØR DET BLIR MORGON
Historisk roman om skam, urett og overtru
Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.
Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.
Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets litteraturpris i 2012 og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.
PETER F. STRASSEGGER
KEISAR AUGUSTUS
Tredje bok i kritikarrost ungdomsserie
August og mora flyttar til mora si heimbygd på Vestlandet. Bygda er for tida snudd på hovudet etter ein periode med aukande ungdomskriminalitet. August blir kjend med Per og Oskar, som gradvis dreg han inn i ei verd prega av rus, vald og steling. Men så dukkar Aman opp. Sjølv om han òg gjer ulovlege ting, har han eit større perspektiv på livet enn Per og Oskar.
August må ta eit val om kva slags liv han vil leva vidare. Vil han følgja sporet til Per og Oskar og rømma frå vanskane sine gjennom rusen? Eller klarar han å ta lærdom av kameratar som Aman?
Keisar Augustus handlar om ungdomskriminalitet og påverknad, men også om å ta val og å ta ansvar for livet sitt. For sjølv om ein er i trøbbel, finst det alltid ei moglegheit til å få det betre, også når livet er på sitt mest intense.
Om Aleksander den store (2020): Truverdig om utanforskap, kvardagsrasisme og vald blant ungdom
STEINAR SIVERTSEN, STAVANGER
AFTENBLAD
PETER F. STRASSEGGER (f. 1984) er fødd i Graz i Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Stasia. For ungdomsromanen Aleksander den store blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen. Han vart òg nominert til Uprisen for ungdomsromanen Kvil i fred.
SYTTEN, SNART ATTEN
ANDREA RUDLAND HAAVE SYTTEN, SNART ATTEN
Sterk debut om å vere fanga i eit destruktivt forhold
Mia har flytta til Oslo frå ein liten tettstad, ho kjenner seg utafor og retningslaus i den store byen. Men ein dag møter ho ein eldre mann på Tinder, han er kjekk, erfaren og får ho til å føle seg spesiell.
ANDREA RUDLAND HAAVE (f. 1992) er skodespelar, formidlar og lydbokinnlesar. Ho kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur no i Oslo. Andrea har medverka i ei rekke teater-, film- og TV-produksjonar. I tillegg utviklar ho nye manus og formidlingsopplegg for skule og museum. Sytten, snart atten er den første boka hennar.
Ho flyttar raskt inn til han, men etter kvart dukkar det opp stadig fleire raude flagg. Han er kontrollerande, sjalu og manipulerande. Mia må prøve å finne ein veg ut, men den vegen skal vise seg å vere vanskeleg å finne.
Sytten, snart atten er ein medrivande, intens og urovekkande ungdomsroman om å vere ung, sårbar og forelska. Han handlar om psykisk vald i nære relasjonar, og om kor vanskeleg det kan vere å kome seg ut av ein øydeleggande relasjon.
TRUDE TJENSVOLD
MISTY
ÅLEINE
Firbeint flukt gjennom krigens landskap
Familiehunden Misty og Ruben er bestevener. Men då krigen kjem til landet, må familien til Ruben flykte. Ved ein feil blir Misty sperra inne i bombekjellaren til blokka der dei bur, og då ho kjem seg ut derifrå, har familien allereie flykta av garde. Misty bestemmer seg for å følgje spora etter familien for å finne dei att. På vegen må ho trasse både bombeangrep og ei stor, djup bukt. Ho møter òg fleire hjelparar, mellom anna den vesle jenta Shirin.
Misty åleine er ei aktuell og sterk forteljing om flukt, fortald gjennom auga til ein hund.
TRUDE TJENSVOLD (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med biletboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo for ungdom.
Om Passe happy (2021):
fint om den økende selvbevisstheten som ofte oppstår i tidlig pubertet
METTE MOE, BARNEBOKKRITIKK
KARI STAI FLOKKEN
Litt innafor og litt utafor
Juri er 10 år og usikker på mykje i livet, ikkje minst på kven han er i forhold til dei andre.
Det verkar som alle andre høyrer til i ein flokk, men kven høyrer han til? Han er ikkje med i flokken fotballaget. Å spele i friminutta tel ikkje. Da er dei berre lause elevar. Til og med dyra har flokk. Fuglane flyr i flokk. Men kva veit eigentleg dei om å vere seg sjølv, dei gjer jo berre som alle andre?
Flokken inneheld ti forteljingar om Juri og korleis han på ulike vis er i eller utanfor vennegjengen, familien, verdas befolkning, gutane, barneflokken og ungdomsflokken. Han er også med i flokken «dei som synest puppar er fint».
Flokken er ein frittståande oppfølgjar til romanen Passe happy frå 2021.
KARI STAI (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.
«Maria Parrs nye barnebok er rent gull, og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.»
KRISTINE ISAKSEN VG
«Den vesle romanen Oskar og eg. Alle plassane
vi er er rett og slett ein liten skatt.»
KAREN FRØSLAND NYSTØYL | Vårt Land
«Med sin nye barneroman syner Maria Parr og Åshild Irgens fram at det ikkje trengst stor dramatikk eller overordna konfliktar for å skape stor barnelitteratur.»
INGRID SENJE Barnebokkritikk.no
«Ny bok av Maria Parr – heldige alle som veks opp med slike forteljingar!»
ANNE MARTA VINSRYGG VADSTEIN Nynorskbok
«Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.»
JANNE KARIN STØYLEN | Bergens Tidende
«Maria Parrs nye barneroman er en hyllest til barndommens steder: lekehytten, gulvet i klesskapet, baksetet i bilen.»
GURI FJELDBERG Aftenposten
«I Oskar og eg skjer det helt vanlige ting med helt vanlige barn. Men Maria Parr tegner opp et stort univers i den lille bygda deres.»
SILJE BEKENG-FLEMMEN | Klassekampen
Ida og Oskar er søsken og bur i eit heilt vanleg, rotete hus. Dei går på elvesafari og skyt bokstavar og drøymer veldig om eigen trampoline. Ein vampyr forsvinn på sjølvaste halloween, julenissen dukkar opp når han ikkje skal, og eit fantastisk cupcakesal endar i fargerik katastrofe.
Midt i alt funderer Ida på mange ting. For korleis i all verda skal det gå når Oskar begynner på skulen? Han som berre sit i ro når det er pannekaker til middag! Og kvifor har hytta under furua plutseleg blitt så lita og rar? Korleis greier ein eigentleg å sove på eit nytt rom? Og mest av alt: Kven er det som har kome på at folk må døy?
Dette er første bok om Oskar og Ida. Boka er perfekt til høgtlesing og er ei hyllest til kvardagen og familielivet.
Maria Parr OSKAR OG EG
Pocket i sal frå mai 2025
Om Oskar og eg. Alle plassane vi er (2023):
Maria Parrs nye barnebok er rent gull – og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.
KRISTINE ISAKSEN, VG
Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.
JANNE KARIN STØYLEN, BERGENS TIDENDE
MARIA PARR OG ÅSHILD IRGENS (ILL.)
OSKAR OG EG.
ALLE TINGA VI HAR
Gledeleg gjensyn med søskenparet
Oskar og Ida er tilbake! Oskar har gått nesten eit heilt år i første klasse. Han er fortruleg med både klassebamsar, sykling og herjing i friminutta. Men så dukkar det opp noko dei kallar vikar. Fjerdeklassingen Ida har også blitt eldre, og møter nye utfordringar. Korleis veit ein kva som er teit, og kva som er kult? Tekstane kretsar rundt dei kvardagslege tinga vi har, som dinosaurar, syklar og arveklede. Det universelle kjem fram gjennom detaljane.
Oskar og eg. Alle tinga vi har er ein knallsterk oppfølgjar til barneboksuksessen om dei to søskena Oskar og Ida.
MARIA PARR (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho Sult-prisen, og i 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg.
ÅSHILD IRGENS (f. 1976) er illustratør. Ho har illustrert ei rekkje barnebøker, mellom anna Tonje Glimmerdal og Oskar og eg av Maria Parr.
BRYNJULF JUNG TJØNN (f. 1980)
har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har tidlegare vunne Brageprisen, P2-lyttaranes romanpris, Kritikarprisen, Ungdommens kritikarpris, Nynorsk litteraturpris og Samlagsprisen.
SKINKEAPE (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, og illustrerer under kunstnarnavnet
Skinkeape. På Samlaget står ho bak den populære bildebokserien om pølsetjuven Kjell.
BRYNJULF JUNG TJØNN
OG
SKINKEAPE (ILL.)
KVA TENKER DU PÅ?
Kva er det med pappa?
«Eg skulle ønskje alt var som før», seier eg.
«Det er ikkje så lett for pappa», seier mamma.
«Det er ikkje lett for meg heller!» ropar eg og slår igjen døra så det ristar regndropar frå himmelen.
Jenta i denne forteljinga elskar å vere med pappaen sin på tur i skogen. Saman drar dei på overnattingsturar, bygger gapahuk og grillar pølser og marshmallows. Men ein dag dei er ute på tur, får pappa ein telefon. Og denne telefonsamtalen endrar pappa heilt. Han blir lei seg, han krympar, han blir nesten som eit lite barn igjen. Kva beskjed var det pappa fekk? Kven snakka han med?
Kva tenker du på? er ei bildebok om å vere liten og skjøne at verda er større enn ein først hadde trudd. Om å forstå at også foreldre har historier dei ber på og gøymer, for seg sjølv og for andre.
Anna R. Folkestad
Litt for snill
ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, og vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget.
ANNA R. FOLKESTAD LITT FOR SNILL
Kven fortener førsteplassen?
Dagfinn er veldig snill. Og dessutan er han rågod til å sjonglere! Ein dag ser han at det skal vere ein talentkonkurranse i byen, og han bestemmer seg for å melde seg på. Dette liker ikkje dei såkalla venene hans, Gerd, Sjur og Britt. Første-, andre- og tredjeplassen i talentkonkurransen skal nemleg dei ha, for det har dei bestemt. I tur og orden lurer dei snille Dagfinn til å gi frå seg sjongleringsballane til dei. Til slutt har han berre éin ball igjen! Og det går vel ikkje an å sjonglere stilig på talentshow om ein berre har ein ball?
Litt for snill er ei bildebok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god ven.
HØHGARE UTDANNING
|
| ISBN: 9788234008320 |
E-BOK | ISBN: 9788234008337 | PRIS KR
ELI BJØRHUSDAL er professor i norsk språk på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Der underviser ho i språkdidaktiske, sosiolingvistiske og språksosiologiske emne.
INGUNN INDREBØ IMS er førsteamanuensis i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho underviser i språklege emne, særleg sosiolingvistiske perspektiv på språkmangfald og språkvariasjon.
LEIV INGE AA er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider særleg med språklege emne som grammatikk, tale- og skriftvariasjon og språkpolitikk og -didaktikk.
ELI
BJØRHUSDAL, INGUNN IMS OG LEIV
INGE AA
SPRÅKPLANLEGGING I SAMFUNNET. KONSEKVENSAR FOR SKULEN
Elevar i Noreg har lovmessig rett til skikkeleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive språka, men òg å lære om kvifor dei ser ut som dei gjer. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging. Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annan språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten vi er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.
Denne boka er først og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise etter kjerneelementet «språkleg mangfald» på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.
KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL
ETISK ANSVAR I SPESIALPEDAGOGIKKEN
Etikk handlar om det som skjer mellom menneske, og val vi må ta når det gjeld korleis vi møter våre medmenneske. I boka Etisk ansvar i spesialpedagogikken drøftar forfattaren det personlege moralske ansvaret ein spesialpedagog har i møte med barn som av ulike grunnar har behov for ekstra støtte, både når det gjeld store grunnlagsspørsmål og praksisnære utfordringar. Drøftinga skjer i lys av Knud Ejler Løgstrups etiske tenking og tankane hans kring ansvaret for den andre sitt liv som vi har i våre hender.
Forfattaren nyttar døme frå praksis til å gjere teorien tilgjengeleg og handgripeleg for lesaren. Refleksjonsspørsmål inviterer lesaren til å ta stilling, slik at det vert ein dialog mellom lesar og tekst. Boka er skriven for studentar i spesialpedagogikk, og har med seg bidragsytarane Hilde Christine Hoflundsengen og Astrid Reidun
Berglid Bakken, ved HVL, avdeling Sogndal, på to kapittel.
KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL
(f. 1985) er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.
|
| ISBN: 9788234014796 |
9788234014802 |
KARL ELLING ELLINGSEN er professor ved Institutt for psykisk helse (IPH), NTNU, og leiar av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU).
LARS RUNE HALVORSEN er førstelektor og instituttleiar ved Institutt for velferd, leiing og organisasjon ved Høgskolen i Østfold.
EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.
KARL ELLING ELLINGSEN, LARS RUNE HALVORSEN OG EINAR AADLAND
PROFESJONSETIKK I VERNEPLEIE
2. UTGÅVA
Som vernepleiar må ein balansere mange omsyn og handtere krysspress frå fleire aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i sin eigen profesjonelle praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk i vernepleie.
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar som ligg til grunn, og kva utfordringar og problemstillingar som pregar arbeidskvardagen. Her står sjølvbestemming og vedtaksstøtte sentralt, men problemstillingar rundt fordommar og diskriminering, konflikthandtering og det å tale den svake partens sak blir også grundig behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel.
LIV ANNE FOSSBRÅTEN
BERRE PÅ LEIK
Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving. gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom dramafaget og barns leik, tema for tema. Forfattaren viser korleis barn har ei spontan forståing for dei grunnleggande elementa i drama, sjølv utan det vaksne fagspråket. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Å stimulere barna si eiga skaparevne og la dei oppleve kunst på sine eigne premissar er eit gjennomgåande tema, heile tida fagleg forankra i pedagogikk og teatervitskap. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.
LIV ANNE FOSSBRÅTEN (f. 1952) er førstelektor ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i drama og munnleg kommunikasjon. Ho er utdanna lærar, skodespelar og teatervitar med hovudfag i teatervitskap. Ho har brei erfaring frå barnehage, barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole og var kunstnarisk leiar ved Teaterskolen for Barn og Ungdom i Halden. Ho er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.
FAGBOK | ISBN: 9788234002496 |
E-BOK | ISBN: 9788234002502 | PRIS KR 339,–| UTG. APRIL
DAG JENSSEN er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved OsloMet – storbyuniversitetet.
MALIN KNUTSEN GLETTE er førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.
DAG
JENSSEN OG MALIN KNUTSEN GLETTE
VITSKAPSTEORI I HELSE OG OMSORGSVITSKAP
Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattarane ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innan sjukepleie.
Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane innan helsefaga tar forfattarane for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar innan feltet: fortolking og årsaksanalyse, og spørsmålet om evidensbasert praksis.
Boka viser at tilnærmingane ikkje nødvendigvis står i motstrid til kvarandre, men at dei gjerne er å finne i kombinasjon og utfyller kvarandre.
Boka drøfter også normative spørsmål. Kva rolle bør for eksempel politiske og moralske verdiar spele i forsking? Finst det kriterium for gode tolkingar? Kva må vi tenke på i overføring av vitskaplege resultat, for eksempel frå eksperiment til praksis?
Boka inneheld også ei fyldig liste med forklaringar av sentrale omgrep i vitskapsteorien.
GÖRAN SÖDERLUND
ALT EIN LÆRAR TRENG Å VITE
OM HJERNEN
Kva er samanhengen mellom nevrovitskap og pedagogikk?
Moderne nevrovitskap viser korleis minnefunksjonane og dei ulike prosessane til hjernen er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga. Dei ulike fagtradisjonane med sine ulike tilnærmingar til læring og læringsprosessar utelukkar ikkje kvarandre, men kan styrke forståinga vår av korleis læring skjer.
Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar læringa og læreføresetnadene til elevar. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.
Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentral for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader.
Boka gir òg innsikt i korleis kunnskapar frå to ulike fagtradisjonar er viktige å føre saman for å kunne møte ulike behov hos elevane. Korleis ein kan bruke denne kunnskapen i sin eigen praksis, må ein tenkje ut sjølv, men boka gir eit godt grunnlag for å utvikle effektiv undervisning for alle elevar.
GÖRAN SÖDERLUND (f. 1955) er professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har ph.d i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.
ISBN: 9788234011955 | PRIS KR 349,–|
FAGBOK |
E-BOK | ISBN: 9788234011962 | PRIS KR 299,–| UTG. FEBRUAR
ANNE GRETHE SØNSTHAGEN er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet og er særleg opptatt av kulturelt mangfald, foreldresamarbeid, leiing og organisasjon.
ANNE GRETHE SØNSTHAGEN
FLEIRKULTURELT SAMARBEID I BARNEHAGEN
Oppgåvene til barnehagen skal skje i nær forståing og i samarbeid med heimen, noko som vil seie at alle foreldre, uavhengig av bakgrunn, skal anerkjennast som viktige bidragsytarar i barnehagen. Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage bidreg både til barns velvære, utvikling og læring. Barnehagelæraren er ein kritisk aktør for å sikre eit likeverdig og inkluderande foreldresamarbeid. Tidlegare forsking syner at barnehagar ofte er dominerte av kulturen, normene og verdiane til majoriteten, og at personalet ser ut til å vere usikre i kommunikasjon med foreldre og barn med fleirkulturell bakgrunn. Denne boka legg særleg vekt på fleirkulturelt foreldresamarbeid og den særskilde rolla til barnehagelæraren i denne samanhengen.
JON
OLAV SØRHAUG
SAMSKRIVING I SKOLEN.
DIALOGISK SKRIVEOPPLÆRING
MED OG UTAN KUNSTIG
INTELLIGENS
Korleis skal vi samarbeide om skriving i ein kvardag der digitale applikasjonar og nettressursar er blitt ein integrert del av skrivinga vår? Frå deling i skya til tekstproduksjon med generativ kunstig intelligens: Gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong tidlegare.
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar og språk-, kommunikasjons- og skriveferdigheiter i mange sjangrar og fag. Men korleis fungerer samskriving digitalt i dag? Er det maskinen eller menneska som skriv?
Korleis kan vi sørge for effektive arbeidsmåtar i eit mylder av nye applikasjonar og teknologiar som gjer ein stadig større del av jobben?
I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskuterte.
Boka gir ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skoleklassar der elevane nyttar digitale applikasjonar som tekstbehandlarar, søkemotorar og generative chatbotar.
Boka er nyttig for lærarar, studentar og forskarar – og alle andre som ønsker å gjere effektiv bruk av samskriving i digitale miljø.
JON OLAV SØRHAUG (f. 1981) er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving i skolen. Sørhaug underviser på lærarutdanninga og arbeider med lese- og skriveutviklingsprosjekt i grunnskole og vidaregåande opplæring.
|
KR
| ISBN: 9788234014918 |
MARS E-BOK | ISBN: 9788234014925 | PRIS KR 279,–| UTG. MARS
AUD MIKKELSEN TRETVIK er professor ved Institutt for historiske og klassiske studium, NTNU.
AUD MIKKELSEN TRETVIK
LOKAL OG REGIONAL HISTORIE.
2. UTGÅVA
I Noreg har vi ein sterk tradisjon for lokalhistorie, både som frivillig kulturaktivitet og som vitskapleg disiplin. I denne boka gir forfattaren ei oversikt over det lokalhistoriske feltet i Noreg – med komparative sideblikk til våre naboland. Etter ein gjennomgang av infrastrukturen og produksjonen i dette kunnskapsfeltet tek ho for seg dei viktigaste teori- og metodedebattane i lokalhistorisk forsking og kva utfordringar disiplinen står overfor i åra som kjem.
I den nye utgåva gir forfattaren eit situasjonsbilete for tidleg 2020-tal. Ho ser vidare på utviklingstrekk som har påverka feltet dei siste 20–30 åra, med digitalisering, under dette lokalhistoriewikien, kvalitetsreforma i høgare utdanning og organisatoriske endringar på kulturvernfeltet.
Boka er skriven for studentar i historie, men vil vere relevant for alle som arbeider med lokalhistorie.
SJÅ VERDA FRÅ EIN ANNAN STAD.
I ei verd med flimrande skjermar og raske nyhende er Syn og Segn ei motvekt. Hos oss møter du tankar som er tenkte heilt ut, og tekstar som varar lenge. Vi skriv om kultur, politikk og samfunn – på nynorsk. I 2024 skal vi trykke tekstar om ny amerikansk poesi, om pengemangel og vanskar i den norske velferdsstaten og om fridomskamp i Belarus. Blant anna.
Syn og Segn kjem med fire utgåver i året, og det kostar berre 300 kroner å teikne årsabonnement.
Martin Årseth er redaktør i Syn og Segn.
synogsegn.no facebook.com/synogsegn Instagram: @tidsskriftet_synogsegn
- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 400 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR
FOTOREGISTER
Julia Lindemalm ......................... s. 8, 27
Simon Klein-Knudsen ..................... s.10
Signe Fuglesteg Luksengård ............ s. 12
Marie von Krogh s. 13
Thomas Nøkling ............................. s. 14
Ian Hill .......................................... s. 15
Geir Mogen .................................... s. 16
Marius Fiskum ............................... s. 17
Märta Thisner s.18
Asbjørn Jensen .............................. s. 20
Rolf M. Aagaard s. 22
Skjalg Ekeland .............................. s. 26
Sara Sanderud ............... s. 28, 38, 50, 56
Agnete Brun ................................... s. 31
Kristin Svanæs .............................. s. 35
David Zadig s. 36
Bård Bøe ........................................ s. 41
Andrea Pharo Ronde s. 42
Eivind Senneset ............................ s. 45
Oda Berby ..................................... s. 48
Studio Hjelm ................................. s. 49
Kristin Afløy Opdan ......................... s 51
Janne Amalie Svit s. 52
Julia Marie Naglestad ..................... s. 54
Tove Breistein ............................... s. 56
Bodil Haga .................................... s. 58
KONTAKT OSS
Anne Liv Tresselt
sals- og marknadssjef 90 56 13 22 a.tresselt@samlaget.no
Karin Helgøy kommunikasjonssjef 97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no
Sara Olivia Sanderud
marknadskoordinator og kundesørvis 95 27 34 88 s.sanderud@samlaget.no
Katerina Futsæter Vik
sals- og marknadskonsulent
93 05 77 23 k.vik@samlaget.no
Merete Pharo
sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker 45 25 51 10 m.pharo@samlaget.no
Line Omland Eilevstjønn innhaldsprodusent og digital marknadsførar 97 64 21 25 l.omland@samlaget.no
FØLG OSS PÅ
Facebook.com/samlaget Instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på Samlaget.no