Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Page 1


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Sigrid Merethe Hanssen

Illustrert av Ă…shild Irgens

Samlaget Oslo 2011

Side 3


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no OMSLAGSDESIGN:

Åshild Irgens FØRTRYKK: Samlaget SKRIFT: Sabon PAPIR: 130 g Arctic Volume TRYKKERI: Scangraphic, Aalborg Printed in Poland ISBN 978-82-521-7965-1

11:34

Side 4


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Side 5

Det var tidleg morgon i Moltebærvegen 8. Den einaste lyden i huset kom frå kaffitraktaren på kjøkkenet, der ein mann tusla rundt i slåbrok. Mannen gjekk ut av kjøkkenet og gjennom korridoren i retning av utgangsdøra. Brått stansa han opp, og ein lyd som mest av alt likna ein jetmotor, breidde seg utover heile første etasje før den skaut fart bortetter ganggolvet og fór som ein tornado opp ei trapp og inn ei dør til tre ferierande skolebarn som låg og sov i sengene sine. 5


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Side 6

Hagbart Korneliussen vakna av eit brøl. Det var ikkje hans eige brøl. Ikkje kom det frå dei to eldre søskena, Sigvart og Esmeralda, heller. Det var far deira, Kyrre Korneliussen, som brølte. Og sjølv om det var feriemorgon, heilt i byrjinga av ein lang, lang ferie, så visste Hagbart at det klokaste han og resten av søskenflokken kunne gjere, var å stå opp, og det i lynfart. Kyrre Korneliussen brølte ikkje ofte, men når han gjorde det, var det for at det skulle høyrast. Hagbart spratt opp i sittande stilling. DUNK! Panna hans møtte sengebotnen i køya over han. AU! No var han i alle fall vaken, og gryntinga over og under han varsla om at det var søskena hans også. Snart kjente han heile senga riste og knake. Det verka som om han kunne få den øvste køya i hovudet når som helst, og betre var det ikkje frå undersida. Det krafsa og klora, og madrassen begynte å bule kraftig oppover. – Kutt ut! ropte han. Og hadde det vore ein vanleg feriemorgon, ville ikkje dei to eldre søskena ha gitt seg så fort, men i dag var ingenting normalt. Senga jamra seg kraftig, og etter to–tre kraftige jump var Sigvart i overkøya borte ved stigen som skulle 6


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Side 7


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Side 8


Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A

06-09-11

11:34

Side 9

ta han ned til golvet. På veg ned vippa han dyna av Hagbart med eit av dei lange beina sine, og klasket etterpå var beviset på at han hadde landa på golvet. – Oppstilling! kommanderte Sigvart, og med det meinte han at Hagbart og Esmeralda skulle stille seg bak han for etterpå å marsjere ned trappa til første etasje. Grunnen til at det skulle skje på den måten, var noko berre dei tre visste om. Den snille, godmodige og ein smule lettlurte Kyrre Korneliussen hadde av sine eigne barn fått tilnamnet Obersten. Og når Kyrre Korneliussen var oberst, var dei tre ungane soldatane hans. Hagbart, den minste soldaten, hadde gitt Obersten endå eit namn. På slike dagar som dette var han ikkje berre oberst, han var sjølvaste Oberst Dobørst. Og for å vise obersten kor TEIT han var som vekte ungane sine på ein slik måte ein feriemorgon, marsjerte dei taktfast ut av soverommet sitt og bortover ganggolvet. Dei tre ungane visste at om dei ikkje gjorde slik obersten befalte, ville det gå lang, lang tid før Kyrre Korneliussen var så medgjerleg som dei likte å ha han. Tre par nakne føter klaska nedover trappa og vidare bort til eksersisplassen, som var midt på stuegolvet. 9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.