Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 2
anna gavalda Eg vil at nokon skal vente på meg. Noveller. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2001, 2005, 2007 Eg elska ho. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2002, 2007 Saman er ein mindre aleine. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2005, 2007, 2008 Lykka er ein sjeldan fugl. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2009, 2010
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 3
Anna Gavalda
EIN VAKKER DAG Roman
Fr책 fransk ved Tove Bakke
Det Norske Samlaget Oslo 2010
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Originaltittel: L’Échappée belle © Le Dilettante Paris 2009 © norsk utgåve Det Norske Samlaget 2010 www.samlaget.no omslag: Tove Laila Nilsen førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7562-2
Side 4
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 5
Eg hadde knapt opna bildøra og fått halve ræva inn på setet, før svigerinna mi gjekk laus på meg: – Men altså … Høyrde du ikkje at vi tuta? Vi har stått her i ti minutt! – God dag, svarer eg. Bror min snudde seg. Og blunka kjapt. – Bra med deg, gla’jenta? – Jo da. – Skal eg ta sakene dine i bagasjerommet, eller? – Nei da, elles takk. Eg har berre denne vesle veska, og så kjolen … Den legg eg berre bak på hylla her. – Er dét kjolen din? Augebryna peiker mot dei samantulla fillene i fanget mitt. – Ja. – Og kva … kva er det? 5
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 6
– Ein sari. – Sett på makan … – Nei, makan har du aldri sett, sa eg vennleg. Berre vent til eg får han på meg. Liten geip. – Kan vi køyre, da? kjem det frå bror min. – Ja. Nei, forresten … Kan du stanse hos arabaren på hjørnet først, eg har gløymt noko … Svigerinna mi stønnar. – Kva skal du no ha? – Hårfjerningskrem. – Og slikt kjøper du hos arabaren? – Hå, eg kjøper alt, eg, hos min kjære Rachid. Absolutt alt! Ho trur ikkje på meg. – Er vi klare da? Kan vi køyre? – Ja. – Har du ikkje på deg selen? – Nei. – Og korfor har du ikkje på deg selen? 6
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 7
– Klaustrofobi, svarer eg. Og før ho får begynt på refrenget om avvising av transplanterte organ og dødeleg utgang og rehabilitering på Garches og alt, legg eg til: – Og no vil eg sove litt. Er heilt gåen. Bror min smiler. – Har du nettopp stått opp? – Har ikkje lagt meg enno, presiserer eg og geispar. Det er ikkje sant, sjølsagt. Eit par timar har eg jo sove. Men det var for å terge svigerinna mi. Og ho bit på. Ho bit på kvar gong, det er det som er så fint med ho. – Kva har du no vore ute på? mullar ho og himlar med augene. – Var heime. – Hadde du fest? – Nei, spelte kort. – Kort?! – Ja. Poker. 7
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 8
Ho rister på hovudet. Men forsiktig. Det ligg føn & lakk i lufta. – Så kor mykje tapte du? fleiper bror min. – Ingenting. Eg vann faktisk. Ljomande stilt. – Er det lov å spørje kor mykje? Ho kika på meg over dei italienske solbrillene og greidde ikkje å halde seg lenger. – Tre tusen. – Tre tusen! Tre tusen kva? – Nei … euro, sa eg truskyldig, – liten vits i å surre med rublar, vel … Eg gliste for meg sjøl og krølla meg saman på setet. Der hadde eg gitt vesle Carinemor litt å tyggje på for resten av turen … Eg høyrde berre kor det knaka i hjernevindingane der framme: «Tre tusen euro … knak knaak knaaak … Kor mykje måtte ikkje ho selje av tørrsjampo og hovudverktablettar for å tene tre tusen euro? … 8
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 9
knaak knaak knaak knakk … Pluss dei faste utgiftene, pluss arbeidsgivaravgifta, pluss kommuneskatten, pluss husleiga og minus momsen … Kor mange gonger måtte ho ikkje dra på seg den kvite kittelen for å tene tre tusen euro netto? Og sjukeforsikringa … åtte, og to i mente … Og med feriepengar … blir ti, gonge med tre … knaak knaak knakk …» Ja. Eg måtte glise. Der eg sat og vart vogga i søvn av duren frå familiebilen deira, med nasen i olbogen og knea oppunder haka. Eg var rimeleg stolt av meg sjøl, for svigerinna mi er er ikkje berre-berre … Svigerinne Carine har utdanna seg i farmasi, men vil heller vi skal seie innan medisin, ho er altså apotekar, men vil heller vi skal seie farmasøyt, og driv altså apotek, men vil heller vi skal seie laboratorium. Ved desserten kvir ho seg ikkje for å sitje og syte over bokhalderiet, går med kirurgkittel knept til haka og med påstroken etikett med 9
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 10
namnet sitt på mellom to blå farmasisymbol. No er det mest karotenkapslar og rumpestrammarkrem det går i, det er også der det er mest å hente, men ho sjøl vil heller seie at ho har optimalisert den parafarmasøytiske sektoren sin. Svigerinne Carine er temmeleg føreseieleg. Da det openberra seg for Lola søster mi og meg kva vi hadde fått inn i familien – direkteleverandør av antirynkekrem, Clinique-forhandlar og detaljist for Guerlain – kasta vi oss om halsen på ho som to kvelpar. Oioioi! Gjett om kroningsseremonien var klar da den dama skulle presenterast i heimen! Vi lovde at vi alltid skulle handle hos ho frå no av, og var meir enn villige til å kalle ho både dokter og professor LariotMolineux, så ho skulle like oss. Vi var klare til å ta forstadsbana for å komme på besøk, til og med! Og da … For Lola og meg å skulle ta forstadsbana heilt til Poissy, da går vi verkeleg langt. 10
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 11
Vi som slit berre vi kjem utafor ring 1 … Men så trong vi ikkje dra dit heller, for da det lakka mot slutten på denne første søndagslunsjen, greip ho oss begge i ein arm, slo blikket ned og betrudde seg: «Det er slik at … eg æh … kjem ikkje til å kunne gi dykk nokon rabatt, fordi … ja, for begynner eg først med dykk, ikkje sant … ja, de forstår kva eg meiner … så blir eg … ja, da kan det jo fort balle på seg, vel?» «Ikkje bitte lite grann eingong?» svarte Lola og lo, «ikkje prøver eingong?» «Jo dét, ja …» hadde ho svart og pusta letta ut, «prøver, så. Ingen problem.» Og da ho var gått, tvihaldande på handa til bror min så han ikkje skulle flyge sin veg, stod Lola og sende luftkyss etter dei frå balkongen og murra: «Dei prøvene sine, dei kan ho ta og stappe opp der du veit …» Der støtta eg ho hundre prosent, og så riste vi smulane av duken og snakka om noko anna. Men no får ho ikkje levande fred for oss. Det 11
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 12
hender vel ikkje éin gong at vi treffer Carine utan at eg begynner å snakke om mi venninne Sandrine som er flyvertinne, og om rabattane ho får ordna for oss i taxfree-en. Eksempel: – Du Carine … Kva trur du vi betaler for Estée Lauder sin eksfoliant med dobbel nitrogeneffekt og vitamin B12 ? Ikkje noko «tenk på eit tal» for vår Carine da, nei. Ho tenkjer. Ho konsentrerer seg, lukkar augene, får opp i minnet listepris til forhandlar, reknar ut marginen, trekkjer frå skattar og avgifter og plumpar til sist ut med: – Førtifem? Eg snur meg til Lola: – Hugsar du kva du måtte gi? – Æh … unnskyld? Kva snakkar de om? – Den tofase-peelingen din frå Estée Lauder med nitrogen og vitamin B12 du veit, som Sandrine ordna for deg her om dagen? – Ja, kva med den? – Kva gav du? 12
Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda
26-03-10
15:14
Side 13
– Nei det … alt du spør om … Tjue og noko, trur eg … Det er så vidt Carine får lyd ut av seg: – Tjue euro! For eksfolianten med B12 til Lauder! Og dette er du sikker på? – Trur det … – Ja vel, til den prisen må det vere juks! Sorry, jenter, juks og bedrag … Dei har hatt niveakrem på piratkrukker, meir skal det ikkje til. Eg beklagar å måtte seie det, ho gnir det triumferande inn, – men her er de faktisk ute for svindel! Rein svindel! Lola tar på seg ei sørgjeleg mine: – Er du sikker? – Heeeeiiiilt sikker. Eg kjenner trass alt kostprisen til mine eigne produsentar! Og når ein veit at dei utelukkande bruker essensielle oljar hos Lau… Det er da eg snur meg til søster mi og spør: – Du har ’an ikkje her? – Har kva her? – Kremen, vel … 13