© Det Norske Samlaget 2023
www.samlaget.no
B O kde S ign: Magnus Osnes
Om S lag S f O t O : Gregory Halpern / Magnum Photos / nt B
Skrift: Quadraat 10/15 pt
Pa P ir: 100 g Munken Premium Cream
t rykkeri: ScandBook AB, Falun
Printed in Sweden
i SB n 978-82-340-1068-2
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
motorsaga ligg i graset
du plukkar den lett opp drar den i gang den durande lyden tek til du set kjeda mot den grove bølgande borken feller eit tre du ikkje kunne nådd rundt med armane men kanskje om familien heldt rundt det saman
treet bryt horisonten som vassflata greiner knekk når stammen dundrar i bakken
lufta slår ut frå under treet så skjorta di blafrar det tørre støvet får verda til å gulna gjer lufta matt rundt deg
eg trur namna våre mistar forma si
slik fjell
blæs bort i vinden
vert sand i munnen
dei glimrande bokstavane
gror over i mose og lyng
hey camera
ready, seier mamma
hey camera, seier du igjen, med sassafrasrota i munnvika
set deg på huk og skyv ei grein til sides
drar syster mi innåt deg
ho legg armen rundt halsen din
hovudet innåt kinnet ditt
give Daddy a kiss, seier mamma
do you love your Daddy?
du løftar ho
hey camera. This is my baby and I love her. And some day
she’s gonna be big, and look back at this, and say, that’s my Daddy and I love him
du går vidare i skogen
this is ours
den vesle armen hennar ligg rundt nakken din
eg klatra som barn
eg kom meg alltid ned
eg må ha lært det av deg
med solane mot borken
leitande hender
med godt tak rundt tjukke greiner
så armane kunne løfta meg
opp mellom greiner og lauv
ein disig blå dag
balanserer du på ein stamme
det er ikkje langt ned
I’m gonna do a double backflip and a half gainer
eg treng å veta
at tid ikkje legg deg bak meg
treng år eg kan ta med meg
som eg kan halda i hendene
vil spora årringane med fingrane
treet er stort nok til å bera eit barn
bera deg
til å kasta levande skuggar på soveromsglaset til å fellast
få marka til å rista under seg det må trekkast vekk med pickup og kjetting
all vekta di, olbogane som pressa mot mamma sin mage ville pressa meg ut i verda
bølgene vaskar over auga mine medan eg søv won’t let me down eg syng teksten sjølv she takes me where I wanna be som om eg kan høyra deg då bølgene bryt mot berget du held buntar med tang handa di på ryggen min medan eg roar meg på skuldra di I’ll always love her eg kan framleis ikkje svømma skikkeleg pustar raskt og sparkar skeivt ifrå svømmer på ryggen når det er langt til land slepper føtene mot hellinga i marbakken nett som når eg sit på skuldrene dine nett slik eg har lært at eg ikkje må gjera
you can see everything from here
du filmar trea
følger stammane og greinene oppover
zoomar ut til eit utsnitt av himmelen og tretoppane
opp mot sola
ned til pickupen
inn i skogen
og så
langs skogholtet
til mamma og syster mi står der på eigedomsgrensa where do we want to build, spør ho deg right there, seier du, ’bout where you’re at mamma smiler under solbrillene sine exactly