Kvinnene i Rinnanbanden

Page 1


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 3

Idar Lind

Kvinnene i Rinnanbanden

Samlaget Oslo


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no omslag: Bjørn Kulseth førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og The Sans papir: 90 g Munken Premium Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7515-8

Forfattaren har fått støtte frå Fritt Ord og Det faglitterære fond.

Omslagsfoto frå rettssalen: Kitty Grande (6), Inga Lerfald (7), Henry Rinnan (1) og Solveig Kleve (20).

Side 4


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 5

Innhald Trondheim tinghus, april 1946 5

1 Etterretning

Dahls kafé på Steinkjer, januar 1942 15 Ein Gestapo-agent frå Levanger, januar 1942 20 Ein kvinnelig kurer i Ålesund, februar 1942 26 David Isaksens gård, mars 1942 30 Orkanger gjestgiveri, mai 1942 35 «Vesla» og «Mai» på DS «Kong Harald», mai 1942 39 Meråker stasjon, juni 1942 45 Ein grammofon i Tydalsfjella, juni 1942 53 Ei hirdjente i Molde, august 1942 60 Sjalusi i Mosjøen, august 1942 69 Ei ugift mor i Molde, september 1942 73 Gjestar i Innherredsveien 125, oktober 1942 79 Ein hybel på Rianhjørnet, november 1942 84 Ein Gestapo-agent på Grini, desember 1942 93 Ein togtur til Grong, desember 1942 102 Ein prest i Brattørgata 12 b, januar 1943 107

2 Etterretning og tortur

Funkisvillaen i Gamle Åsvei 48, februar 1943 123 Ei natt på Steinkjersannan, februar 1943 131


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

6

25-08-11

14:08

Side 6

innhald

Kleset i Selbu, mars 1943 136 Konfirmasjon i Britannia Hotel, mai 1943 141 Drap og valdtekt i Bymarka, august 1943 148

3 Etterretning, tortur og drap

Ein andreklassing i Haus Gitta, oktober 1943 157 Ei Milorg-kvinne i Jonsvannsveien 46, desember 1943 166 Første blikk i Palmehaven, desember 1943 175 Ein frigitt fange frå Falstad, mars 1944 181 Eit giftarmål hos byfogden, april 1944 192 Til Shetland med MK «Gangar», mai 1944 198

4 Etterretning, tortur, drap og militære aksjonar

Bryllaup i Nidarosdomen, juni 1944 205 Tre kvinner i Mellomveien 8, august 1944 212 Ei rolig natt i Jonsvannsveien 46, september 1944 222 Mary Pickford i Kristiansund, oktober 1944 227 Likvidering i St. Jørgensveita, oktober 1944 231 Utflytting frå pikeværelset, oktober 1944 237 Ein radiotelegrafist på Frøya, november 1944 242 Førjulsfest i Jonsvannsveien 46, desember 1944 246 Sjølmord i Småbergan, januar 1945 254 Rekonvalesens i Vuku, mars 1945 263 Flyktningtransport bak Bakke kirke, april 1945 269 Tre drap i Jonsvannsveien 46, april 1945 274 Fottur i Verdalsfjella, mai 1945 282

5 Etterkrigstid

Dom over løvetemmaren, august 1945 293 Trondheim tinghus, september 1946 296 Kristiansten festning, februar 1947 301


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 7

innhald

Ein aldersheim sør for Molde, august 1998 303 Bandemedlemmar 305 Kjelder 311 Notar 322 Personregister 356 Sakregister 365

7


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 9

Trondheim tinghus, april 1946 I morgontimane den siste aprildagen 1946 sto ein liten kø av kvinner og menn utafor det enno uferdige tinghuset i Munkegata i Trondheim, i håp om å få ein av dei drygt tretti ledige tilskodarplassane inne i rettssalen. Atten væpna fengselsbetjentar, ei av desse kvinne, gjekk inn i bussen som skulle opp til Kristiansten festning for å hente dei tolv første av i alt tretti tiltalte. Fangane kom eit kvarters tid seinare, lenka saman to og to. Neste pulje vart frakta frå Vollan kretsfengsel på andre sida av elva for Nidarosdomen, bak Studentersamfundet. Resten kunne gå dei få metrane frå fengslet i Munkegata til rettssalen. Den siste av dei tiltalte var lenka til ein betjent frå Fengselsstyrets landssvikavdeling. Ein av journalistane noterte at Henry Rinnan var nesten like påskebrun som forsvararen sin, og at det måtte ha vore bra med sol i luftegarden, sjøl om dette ikkje kunne merkast på dei andre fangane. Ti–tolv fotografar og fire filmfotografar var i aktivitet utafor Tinghuset og inne i den provisorisk innreidde rettssalen. Det skulle enno gå meir enn fem år før den offisielle opninga av bygningen, men landssvikoppgjeret hadde gjort at retten måtte styrkast med ekstra lagmann og lagdommarar som no hadde flytta inn i halvferdige kontor. Frå første stund var det klart at den store kraftprøven for rettsapparatet ville bli saka mot Henry Oliver Rinnan og hans bande av angivarar, torturistar og drapsmenn. Av praktiske grunnar skulle dei tiltalte stillast for retten i to puljar, den første på tretti, den andre på tjue. Som ein slags generalprøve var det i tillegg gjennomført ei rettssak mot ein mindre sentral bandemedlem. Hans Birger Egeberg vart


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

10

25-08-11

14:08

Side 10

trondheim tinghus, april 1946

dømt til døden og avretta på Kristiansten festning 4. oktober 1945. Dette gjorde at dei tiltalte i hovudpuljen ikkje kunne vera i tvil om alvoret. Gjennom avisene fekk også lesarane som ikkje hadde skaffa seg tilhørarplass, detaljerte skildringar av hendingane. Framstillinga bekrefta og bygde ut mytane som hadde utvikla seg i året som var gått etter arrestasjonane. Ikkje minst gjaldt det dei kvinnelige angivarane, desse som bar skylda for så mykje sorg og liding mellom gode nordmenn, men som like fullt smilte som frekke og utfordrande statistar i ein forbrytarfilm og gav inntrykk av å nyte interessa frå fotografar og publikum. Kitty Grande og Inga Lerfald såg ut til å meine at dette måtte vera stunda og staden for å prøve seg på ein augeflørt med somme av dei utanlandske journalistane. Velstelte satt dei kalde og kyniske kvinnene i tiltaleboksen, med uklanderlig makeup og nyondulerte på håret, som om dei kom direkte frå frisøren. Kitty Grande, enka etter Rinnans nestkommanderande, poserte som den reinaste Greta Garbo for filmfotografane og dikterte eit forslag til bilettekst for ein journalist: «Banden smiler og later til å være uberørt av det hele.» Om Inga Lerfald vart det sagt at hennes fysiognomi sikkert hadde ført til stor suksess i den provokatoriske overtalingskunsten, og om «Pus» Dundas at kjælenamnet sto godt både til utsjånaden og til karrieren som elskarinna til bandeføraren. Ein journalist skildra henne som ein følelseslaus representant for det tyske kvinneidealet, med tysk hårfasong, grå skjorte og svart slips til den grå drakta. Ho følte seg ikkje trykt av tiltalens alvor, men behandla retten som luft og gav lagmannen så stramme og infame svar at det var beundringsverdig at han ikkje sette jentungen på plass. Skyldspørsmålet ville ho ikkje uttale seg om og sette nasen i sky som om den ho avviste, var ein påtrengande mann ei natt på gata. Av dei namngitte var det to som viste avvikande oppførsel. Olga Marie Sørensen, mor til Kitty Grande, følte seg tydelig ille til mote. Ho bøygde seg ned bak skranken og prøvde å gjømme hovudet for fotografane. Solveig Kleve verka svært tilbakehalden og såg ut til å vera utan lyst til å kommunisere med dei andre på tiltalebenken.


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 11

trondheim tinghus, april 1946

11

Av mennene var det berre hovudpersonen sjøl som fekk særlig spalteplass. Like kald og uklanderlig kynisk som Henry Oliver Rinnan avgjorde skjebnen til sine landsmenn, like kald og upåverka såg han ut til å gå sin eigen i møte. Som ein meisterregissør kontrollerte han situasjonen. Med slangeblikket hypnotiserte han dei andre tiltalte, med minespel og umerkelige hevingar av augebrunene dirigerte han sine tidligare tilsette dit sjefen sjøl ønskte det, oppmuntra menn og kvinner – særlig dei siste – med eit smil, eit nikk eller eit muntert blikk frå augekroken. Berre i få tilfelle var Rinnan djupt alvorlig. Eitt av dei var da hans siste kjærleik, Gunlaug Dundas, kommenterte tiltalepunkta. Da hang auga hans heile tida ved det bleike ansiktet og dei lyse lokkane, mens ho på si side ikkje ofra han eit einaste blikk.


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 13

1 Etterretning Fr책 januar 1942 til februar 1943


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 15

Dahls kafé på Steinkjer, januar 1942 Tyskartøs, feltmadrass og Scheinekvinns er tre av mange uttrykk som karakteriserte ei viss gruppe i åra 1940–45. Det siste hadde utgangspunkt i ordet for passersetel, Schein. I okkupasjonsåra var det stadig spørsmål etter slike ved ulike kontrollpostar, også når norske kvinner skulle inn i militærleirar. Det å ha tysk kjærast var verre enn å fylle ein av dei mange kvinnearbeidsplassane som okkupasjonen skapte. Samtidig førte ei tilsetting som sentralborddame eller tolk gjerne til sosial omgang med arbeidsgivarane, noko som igjen kunne få romantiske konsekvensar. Fraternisering med fienden var ille, men særlig når det tok form av eit tredobbelt svik mot kjønnsmoralen, mot kampen for fridom og mot norske menn. I medieomtalen av opninga av den første rettssaka mot Rinnanbanden er det ingen tvil om at dei sju kvinnene på tiltalebenken representerte det verste av det verste. Dei kjønnsfikserte haldningane fann vegen langt inn i det offentlige byråkratiet. Da saka til Gunlaug Dundas skulle førast inn i justisprotokollen hos Statsadvokaten i Trondheim, vart det under «stilling» notert: «Kontordame og elskerinne for Henry Rinnan.» I Trondheim og Trøndelag skulle kvinnene frå Rinnanbanden få ein sentral posisjon i det kollektive minnet om Krigen med stor K. Det er særlig den erotisk ladde karakteristikken «lokkedue» som stadig går igjen. Denne generaliseringa er ikkje bygd berre på mytar, men i det store og heile var kjønnslig omgang med forførte motstandsmenn ein marginal aktivitet. Av dei norske kvinnene som arbeidde som betalte agentar for tysk etterretningsteneste, var nesten halvparten medlemmar av den trøn-


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

16

25-08-11

14:08

Side 16

1 etterretning

derske Rinnanbanden. I alt tretten vart dømte, åtte av desse i dei to store rettssakene. I tillegg ville to til ha fått strenge dommar om dei ikkje hadde dødd før landssvikoppgjeret. Av drygt sytti medlemmar i det som er blitt den mest berykta gruppa av quislingar og kollaboratørar, var meir enn ein femdel kvinner. På landsbasis er dette ein heilt unik overrepresentasjon. Banden vart bygd opp med base i Trondheim, men rekrutteringa starta på Steinkjer i Nord-Trøndelag. Tre av dei første kvinnelige medlemmane i Rinnanbanden kjente kvarandre frå det nasjonalsosialistiske miljøet som gjerne møttest ved kafébord i ei brakke nokre meter frå Steinkjersannan. Militærleiren hadde overlevd dei tyske bombene som 21. april 1940 la det meste av sentrum i ruinar. Det var elles ikkje mange bygningar å bombe på Sannan, anlegget var langt frå stort nok til å romme dei mange Wehrmacht-soldatane som flytta inn. Behovet for meir plass gav oppdrag til bygningsbransjen og dermed inntekt for den som ikkje var så kresen at han nekta å arbeide for okkupasjonsmakta. Her som elles i landet førte aktiviteten til gode ringverknader for det lokale næringslivet. Både tyske soldatar og norske bygningsarbeidarar la igjen ein god del av lønna si i J. Dahls kafé. Brakka sto på pålar og var reist etter bombinga. I den eine enden dreiv ektemannen til kafévertinna frisørsalong. Ho sjøl tok godt imot dei tyske soldatane, som kalla henne Mutti, ein kjærlig variant av mor. Stadig skreiv ho også innlegg i lokalavisa og underteikna med NS-helsinga «Heil og sæl». Mindre tyskvennlige element prøvde å sabotere drifta gjennom å spreie rykte om smittsam sjukdom på kafeen, men lokalet vart ein populær møtestad for medlemmar av det einaste lovlige partiet i Norge. Ein kveld midt i januar 1942 arrangerte Nasjonal Samling juletrefest i Dahls kafé. Den tjuesju år gamle sydama Ragnhild Strøm frå nabokommunen Ogndal hadde aldri før sett den jamgamle karen som tok plass ved bordet. Han presenterte seg ikkje og snakka berre med andre som satt der, ikkje henne. Mannen med dei intense auga og det skeive smilet må likevel ha gjort inntrykk, for da Ragnhild Strøm nokre dagar


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 17

dahls kafé på steinkjer, januar 1942

17

seinare fekk ein telefonbeskjed med spørsmål om ho kunne ta turen inn til i Trondheim for ein samtale, var svaret positivt. Slik vart den første kvinnelige medlemmen av Rinnanbanden verva. Det var ikkje løfte om pengar som førte Ragnhild Strøm inn i Rinnanbanden. Tilbod om betaling skal ho ikkje ha fått før i etterkant av det første oppdraget. Men det tilbodet var til gjengjeld raust: Da ho no vart verva som hemmelig agent med ei fast vekelønn på 100 kroner, vart inntekta hennes mangedobla. Den hadde trulig alt anna enn auka etter at sydama opent begynte å flagge dei politiske standpunkta sine gjennom å gå med partimerket. Av kvinnene som frivillig lét seg verve av Henry Rinnan, var Ragnhild Strøm den som sterkast hadde satsa på ein sjølstendig yrkeskarriere. Ho vart fødd i Trondheim i 1915, og mora dødde da jentungen var fire år. Resten av oppveksten budde ho dels hos faren, dels hos tante Hilda på Steinkjer. Tanta var kjent som ei «klok kone» som kurerte både folk og dyr, og niesa skal også ha hatt desse evnene. Etter fullført sjuårig folkeskole var Ragnhild Strøm tre månader i lære som syerske i Bilstads skredderforretning på Steinkjer, seinare sydde ho i ein sesong ved Star kjolesalong i Oslo. I 1938 ville ho prøve seg i Stockholm, men her var arbeidsmarknaden stram for sydamer. Først arbeidde Ragnhild Strøm på eit gartneri i utkanten av den svenske hovudstaden. Etter jul fekk ho huspost inne i sjølve byen. Heile tida prøvde ho å få ein fot innafor bransjen, men gav opp og reiste heim da sommaren kom. Da Henry Rinnan den kvelden i januar 1942 gjekk opp dei fire trappetrinna til Dahls kafé, hadde han trulig ingen planar om å rekruttere ei kvinne som agent for den tyske etterretningstenesta. Men evna til å improvisere var ei av dei sterke sidene hans, og kanskje var det meir enn profesjonelle motiv som låg bak at Rinnan bestemte seg for å inkludere ei kvinne i det kommande oppdraget. På det seksuelle området var han umettelig, fortalde ektefellen Klara mange år seinare. Ho visste at det ikkje berre gjaldt heime, for ekteskapet hadde berre vara i kort tid da ho oppdaga at han var utru. Gjennom okkupasjonsåra kom Henry Rinnan til å ha erotiske for-


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

18

25-08-11

14:08

Side 18

1 etterretning

hold til fleirtalet av kvinnene i banden, men det er ikkje kjent om dette også var tilfellet med Ragnhild Strøm. Ved årsskiftet 1941–42 var det enno ikkje meininga at Henry Rinnan skulle bygge opp ein permanent organisasjon. Av dei tyske arbeidsgivarane hadde han fått i oppgåve å infiltrere flyktningtrafikken som gjekk med båt frå Sunnmøre til England, og dette arbeidet kunne han ikkje utføre aleine. Sjefane for etterretningstenesta Sicherheitsdienst, oftast forkorta SD, gav Rinnan frie hender til å verve ei lita handfull medarbeidarar til aksjonen. Han valde å leite etter kandidatar i det nasjonalsosialistiske miljøet i Inntrøndelag. To mann vart verva under juletrefesten i Dahls kafé. I dagane som følgde, forhørte han seg på Steinkjer og kom fram til at Ragnhild Strøm var overbevist nasjonalsosialist. Han la igjen ein telefonbeskjed til henne, trulig hos kafévertinna. Ettersom ho uansett kunne tenke seg ein trondheimstur, takka Ragnhild Strøm ja til ein samtale. Møtestaden var Hospitset kafé i det såkalla NS-huset i Thomas Angells gate 10 b, bygningen der Nasjonal Samlings Ungdomsfylking heldt til. Den kortvaksne, svarthåra mannen presenterte seg trulig som «Bjarne Asp». For at dei skulle prate uforstyrra, tok han med seg Ragnhild Strøm til eit rom på hotellet i etasjane over. Henry Rinnan var ein trollmann med røysta, skreiv ein fascinert svensk journalist under rettssaka, han spela på den som ein meister, han kunne seie kva han ville, få løgner og overdrivingar til å høyrast som sanning, han kunne snakke seg gjennom det svake vernet av reservasjon som eit menneske har. Drygt ti år seinare kommenterte bandemedlemmen Per Wiik sarkastisk den svenske reporteren som fall pladask for talemåtane til bandesjefen og «den atmosfære av mystikk han omga seg med, godt oppblandet med klisjeaktige vendinger som var hans spesialitet, og som tydet på inngående studium av Allers Journal». Og Wiik la til: «Har ikke dette alltid vært rikelig nok til lykke hos en større del av det svake kjønn, selv om mannen tilsynelatende var en pusling og livende redd tannlegen.» Henry Rinnan hadde ikkje utdanning ut over folkeskolen. Da det under rettssaka vart ironisert over det klossete språket og den dårlige


Kvinnene i Rinnanbanden ferdig.qxd:a

25-08-11

14:08

Side 19

dahls kafé på steinkjer, januar 1942

19

grammatikken i rapportane han skreiv til dei tyske oppdragsgivarane sine, repliserte Rinnan at norsk aldri var det beste faget hans. Men ingen har nokon gong vore i tvil om at han meistra det talte ordet. Til Ragnhild Strøm fortalde Henry Rinnan verken sitt eige namn eller at han i halvtanna år hadde arbeidd for den tyske etterretningstenesta. Han sa at han representerte ein reint norsk organisasjon underlagt Nasjonal Samling. Oppgåva var å stoppe flyktningrutene over havet. Da kampane mot tyskarane var over i 1940, fortalde Rinnan, slapp den norske hæren internering mot å lova at det ikkje skulle bli løfta våpen mot den tyske Wehrmacht. No hadde offiserane organisert seg og prøvde å smugle soldatar over til England. Om tyskarane greip inn, ville reaksjonane bli harde, trulig også med represaliar mot sivilbefolkninga, derfor var det viktig at det var norske interesser som gjorde ein innsats for å stoppe aktiviteten. Om ho vart med på den planlagte aksjonen i Ålesund, ville oppgåva til Ragnhild Strøm bli å passe telefonen og gå med beskjedar. Men ho måtte bestemme seg fort, for avreisa var dagen etter. Argumentet om at aktiv handling frå nasjonalsosialistisk innstilte nordmenn kunne mildne konsekvensane av den tyske okkupasjonen, går ofte igjen i landssviksaker. Også i Ragnhild Strøm sitt tilfelle er det umulig å seie sikkert om dette var kynisk sjølforsvar eller ekte naivitet, men det er liten grunn til å tru anna enn at ho opplevde reisa si til Ålesund som ein innsats for norske interesser, ikkje for tyske. Dei neste månadene måtte partimerket med det gule solkorset på raud botn leggast unna. Ragnhild Strøm skulle møte folk i den uvante rolla som rotekte jøssing.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.