Meining?

Page 1


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 1

1


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 3

Jon Hellesnes

MEINING?

Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

Samlaget Oslo


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 5

Innhald Forord  Religionskritikk? Ei førebels avgrensing av emnet  Forviklingar? Merknader om ein konstellasjon  Frå evangelium til dysangelium  Den historiske Paulus?  Nietzsches fortellingar om oppstoda av vesterlandsk moral  Genealogi?  Vitskapskritikk og fri dikting hos Nietzsche  Diskursiv religionskritikk hos Arne Garborg  Meining? Eit spørsmål i Garborgs livsførselsfilosofi  Garborgs forsøk med gudlaus kristendom  Den historiske Jesus  Historiefilosofi, monoteisme, kritikk  Litteratur  Referanselitteratur 


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 6


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 7

Forord I  møtte eg ein Nietzsche-entusiast i Shanghai. Han var professor i filosofi ved eit universitet på Taiwan. Han fortalde at det var stor interesse for Nietzsches filosofi både der og i Folkerepublikken Kina. Med stor energi markerte han at Nietzsche har hatt (posthum) suksess i fleire delar av verda enn Europa og Amerika (sør og nord). Interessa for Nietzsche kringom i verda går i bølgjer, og bølgjer løyser seg opp. Men det kjem alltid ei ny. Då interessa for Nietzsche vakna den første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Til liks med Thomas Mann seinare tok han imot sterke impulsar frå Nietzsche utan å ende som servil disippel. Over tid har eg – nærmast for eksperimentet si skuld – prøvd å lese Nietzsches bøker som om dei har ein ukjend forfattar. Då har eit spørsmål tvinga seg fram: Er der ikkje eit misforhold mellom det Nietzsches religionskritiske bøker faktisk byr på av kognitivt innhald, og den enorme verknadshistoria dei har hatt? Om Arne Garborg stiller det seg eit omvendt spørsmål, rett nok avgrensa til norsk kulturhistorie: Er det ikkje merkeleg at den religionskritiske delen av forfattarskapet hans i -åra – som representerer eit høgt filosofisk nivå, jamført med akademisk standard – er gløymd, sletta frå det kulturelle minnet? Perioden hans med diskursiv (rasjonalistisk) religionskritikk, som blant anna resulterte i meisterstykket «Prof. 7


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 8

Petersen: Om Skabelsen etc.», var rett nok kort. Den tok slutt då Garborg oppdaga Nietzsche. Først var han (altfor) entusiastisk. Men etter ei tid greidde han å vidareføre impulsar frå den tyske kulturfilosofen på ein sjølvstendig måte. Han endra då tilnærminga si til eksistensielle spørsmål. Det resulterte blant anna i interessant livsførselsfilosofi. Ei av problemstillingane hans gjeld distinksjonen mellom meining med livet og meining i livet. Berre den sistnemnde forma for livsmeining blir framstilt som oppnåeleg utan metafysisk illusjon eller sjølvbedrag. Denne delen av forfattarskapet er ikkje gløymd. Faglitteraturen om Garborg er overkomeleg. Men det er ikkje faglitteraturen om Nietzsche. Den er enorm. Skulle eg ha tatt omsyn til den, måtte eg ha undersøkt og drøfta eit relativt stort utval av representative studiar med sterkt divergerande syn – slik eg gjorde i tilfellet Descartes, som eg gav ut bok om i . Alternativet var å konsentrere seg om originaltekstane. Det er det eg har gjort. At boka mi har få referansar til andre Nietzsche-granskarar, er på ingen måte uttrykk for arroganse. Det er derimot ein konsekvens av ein diskutabel metode. Rett nok har eg med nokre Nietzsche-studiar på litteraturlista bak; det er bøker som eg har lese for lenge sidan, og som har påverka meg, gitt meg forarging eller glede. Nietzsche og det moderne () av Trond Berg Eriksen plasserer Nietzsche i det store idéhistoriske landskapet der han høyrer til. Det er ei bok eg likte. Spartacus Forlag har gjort ein fin innsats med utgivinga si av Nietzsches verk i norsk omsetting. Likevel siterer eg Nietzsche i mi eiga omsetting. Grunnen er at eg har 8


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 9

hatt tysk som sidemål i lang tid. Eg skriv språket, og eg har førelese ved ei rad tyske universitet. Dessutan er det Nietzsche-utgåva til Colli og Montinari eg har vent meg til. Ein tilleggsbonus er at mi eiga omsetting til nynorsk høver til boka elles. Med omsyn til originalverk, referanselitteratur, forkortingar og liknande viser eg til orienteringa og boklista bak. Ersfjordbotn, januar  Jon Hellesnes


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 10


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 11

Religionskritikk? Ei førebels avgrensing av emnet Monoteistiske religionar gir til tider opphav til sekter og rørsler med merkelege førestillingar. Dei reduserer Gud den Allmektige til eit dumt og pedantisk vesen med umåteleg interesse for hovudplagg, matvanar og kjønnsliv. Blir slike sekter og rørsler oppfatta som blasfemiske? Taper dei oppslutnad? Nei, slett ikkje! Det er heller omvendt. Di meir absurd komikk det finst i det teologiske grunnlaget, di mektigare og fryktelegare blir rørsla! Denne sørgjelege sida ved saka kjem på adekvat og komisk vis til uttrykk i den framifrå Monty Python-filmen The Life of Brian (). Dersom religiøs villskap slår inn i ein situasjon med økonomisk krise og massearbeidsløyse, kan mangt uhyggeleg skje. Det kan bli høgreradikal mobilisering i grupper av folket og vald. Men også storpolitikk kan bli «religiøs» på ein uheldig måte. I  kravde presidenten i USA, George W. Bush, ut frå evangelisk kristendom at amerikanske helsearbeidarar i Afrika skal påverke folk til seksuelt avhald heller enn å lære dei å bruke kondom. Ifølgje New York Times (. oktober, ) har religiøst motiverte vedtak i US-regjeringa effektivt stoppa ei mengd tiltak mot AIDS, noko som har hatt enormt mange dødsfall som konsekvens. Dette kjem i tillegg til massedød blant sivile som konsekvens av krigane USregjeringa starta, og som president Bush ved minst eitt 11


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 12

høve kalla «crusade» (krossferd). Også romarkyrkja definerer bruken av prevensjonsmiddel som synd og har lagt ned forbod mot distribusjon av kondom i Afrika. Det er rapportert om grupper av helsearbeidarar, inkludert ulydige nonner, som har prøvd å stoppe denne innblandinga i ei sak som gjeld liv og død, nettopp i land der AIDSpandemien herjar. Kva skal vi så seie om motsetnaden mellom dei kristne sømdrøktarane og helsearbeidarane? Burde dei sistnemnde ha vist større respekt for dei religiøse kjenslene og tolerert intervensjonen? Eg meiner nei. Eg vil heller tolke situasjonen som ein konflikt der moralsk ansvarlege menneske prøver å hjelpe ein svakare part mot mektige menneske med forskrudde idear. Eksempla syner at forfallsformer av kristendom, til liks med forfallet i andre religionar, kan slå ut som livsfarleg ideologi. Religionskritikk er altså viktig. Det har også teologar naturlegvis innsett – vel å merke ikkje-fundamentalistiske teologar. Det er eit sentralt poeng i denne boka at det kan finnast religionskritikk av radikalt ulike slag. Dette blir framheva blant anna ved at studien fokuserer på to framståande, men ulike religionskritikarar, Friedrich Nietzsche (– ) og Arne Garborg (–). At dei var aktive for meir enn hundre år sidan, gir oss dessutan ein distanse som kanskje kan gjere det lettare å få til roleg ettertanke over ein dagsaktuell, kontroversiell og stundom eksplosiv emnekrins. Begge har også relevante ting å seie om andre sider ved livsorienteringa enn religion og ateisme. I motsetnad til Nietzsche var Garborg ingen militant ateist. Han hadde vørdnad for religion og kyrkjelege tra12


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 13

disjonar. Han forakta berre det som i dag blir kalla religiøs fundamentalisme. Religionskritikken hans har to ulike fasar, før og etter oppdaginga hans av Nietzsche. Den første fasen har hittil vore lite påakta. Den er heller ikkje undersøkt innanfor Garborg-forskinga. Den andre fasen er kjend, den går saman med essaya hans om Nietzsche og om livssyn, bøkene om Hòve-ætta og boka Jesus Messias (). I den første fasen leverte Garborg, som nemnt i forordet, diskursiv religionskritikk. Slik kritikk er i seg sjølv velkjend. Den høyrer inn under kritisk religionsfilosofi av akademisk type. Men det som har vore ukjent, er at Garborg var ein særs kompetent utøvar. Denne varianten av religionskritikk finst i fagprosaboka Fri Forhandling, ymse Stykkje paa norsk og dansk um Tru og Tanke, utgjevet av Mons Litleré (Bergen ). Boka er bygd opp av artiklar. Nokre få av desse, for eksempel «Vantroens Væsen», er trykt opp att seinare. Men sjølve boka med sin særeigne komposisjon er det ikkje. Den suverent beste delen, skriftstykket «Prof. Petersen: Om Skabelsen etc.», er gløymd. Dette gjer det meiningsfullt å snakke om «den skjulte Garborg». Diskursiv religionskritikk kan seiast å ha følgjande kjennemerke: 1 Den har fokus på religiøse oppfatningar og teologiske læresetningar.

2 Den undersøkjer dette stoffet med omsyn til sanning, logisk konsistens og moralsk inneburd.

3 Den jamfører religion med andre måtar å orientere seg på, særleg vitskaplege.

4 Den er argumenterande på ein overtydande (ikkje overtalande) måte.

13


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 14

Denne varianten skil seg dermed frå den typen kritikk som undersøkjer kristen religion i ein større historisk og kulturkritisk samanheng, slik Nietzsche gjer, og som uttalar seg om korleis den blei til, og om kva kulturelle verknader den har hatt. Diskursiv religionskritikk skil seg like klart frå marxistisk religionskritikk som inneber gransking av religionens plass og funksjon i eit kapitalistisk klassesamfunn, eventuelt også i eit føydalt klassesamfunn. Ulike fasar i Garborgs religionskritikk og livsførselsfilosofi blir presentert og undersøkt i boka. Nietzsche er verdskjend som kritikar av kristendomen. Mindre påakta er det at han skil seg sterkt frå hovudstraumen i ateistisk religionskritikk. Innanfor hovudstraumen hentar ein kritisk kraft frå naturvitskap, opplysningsfilosofi og fornuftsetikk. Men Nietzsche går imot alt slikt! Det kan neppe framhevast sterkt nok at hans kritikk av kristendomen ikkje inneber opplysningsfilosofi. Kritikken hans er ein del av eit meir vidfemnande opprør. Abstrahert frå dette forsvinn eigenarten ved hans form for religionskritikk. Slik sett er kapitlet (uti boka) om Nietzsches forsøk på kritikk av naturvitskapen like nødvendig som kapitlet om moralkritikken hans. Dei får fram kva kontekst Nietzsches religionskritikk står i, og dermed eigenarten ved den. Det er elles verdt å merke seg at det er andre delar av forfattarskapet hans enn religionskritikken som har vore i framgrunnen i seinare år. For tida er populariteten til den tyske kulturfilosofen i ferd med å dabbe av. Det var bølgja med postmoderne tenking og poststrukturalisme som bar Nietzsche fram denne gongen. Den bølgja er no gått i oppløysing. Kule mediefigurar veiknar og visnar, bleiknar bort. Men i mot14


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 15

setnad til avblømde motefilosofar vil Nietzsche få løft av ei ny bølgje. Om kort eller lang tid er han atter i framgrunnen. Slik har det vore i meir enn hundre år. Bøkene hans vekkjer interesse hos stadig nye generasjonar. Anten ein likar det eller ikkje, har Nietzsche status som klassikar i filosofihistoria. Dette betyr blant anna at dei som skriv filosofihistoriebøker, vanskeleg kan unngå å ta han med. Ikkje eingong Copleston og Russell slapp unna. Eg kan tenkje meg at særleg Bertrand Russell skar tenner mens han skreiv kapitlet sitt om Nietzsche. I ein del bøker om den tyske kulturfilosofen står det mykje om kva tendensar i vesterlandsk kultur som kom til uttrykk hos han, eller om kva verknader skriftene hans har hatt i ulike samanhengar. Religionshistorikarar har gjort Nietzsche til den som på effektivt vis varsla om det radikalt nye som sekulariseringa kunne innebere. I vitskapshistoria kan Nietzsche tene som eksempel på at der var «vitskapsteoretisk skepsis» til naturvitskap alt i det . hundreåret. Politiske historikarar har peika på at Nietzsche såg at ideologiske og geopolitiske konstellasjonar i Europa ved slutten av det . hundreåret var eksplosive, og at dei ville resultere i store krigar i det . hundreåret. Han var med andre ord vellykka som spåmann. Dette er viktige bøker, for Nietzsches verknadshistorie er stor og stundom uhyggeleg. Det er, med andre ord, fullt muleg å finne Nietzsches forfattarskap svært viktig, historisk sett, også om ein har oppdaga kognitiv svikt i utgreiingane hans. I ei bok som dette er det rimeleg å forvente at forfattaren seier frå om kor han sjølv står med omsyn til tru og livssyn. Eg er agnostikar, ikkje ateist. Det betyr at eg er sekulær, men ingen fiende av religion generelt. Eg respek15


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 16

terer det somme kallar spiritualitet. Eg trur endåtil at religiøse menneske som er gode, ikkje er det trass i at dei er religiøse, men på grunn av det. Men det er også slik at religiøse idear har fått menneske i ulike trussamfunn til å dømme kvarandre til helvetet. Dei har endåtil forfølgt kvarandre med våpen. Forfallsformer av religion utgjer i dag fordummande og farlege ideologiar. Det er misforstått toleranse å tabuisere religionskritikk – ja, det er verre, det er ein farleg dårskap. Radikal relativisme med sitt absolutte vern av folks religiøse kjensler motverkar kritikk av undertrykkande og stundom dødelege ideologiar.


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 17

Forviklingar? Merknader om ein konstellasjon I mars  tok eg ferja frå Napoli til øya Ischia. Turen var ikkje lang, men vêret var uhorveleg. Det blei ei slingring utan like. Heime, like før reisa, hadde eg lese eit brev frå Friedrich Nietzsche til Maldiwa von Meysenburg av . mai . Det handla om uvêr på Middelhavet etter utreise frå Napoli. Det var sterke saker. Mens eg heldt meg fast på ferja, blei skildringa hans sterkt nærverande. Sørgjeleg komikk på havet og oppi fjellheimen

Rett nok stod det verre til med Nietzsche enn med meg. Han spydde og verkte og ønskte å gjere slutt på det heile: «Det menneskelege elendet under ei sjøreise er skrekkeleg og likevel latterleg. (…) På skipet hadde eg berre dei svartaste tankar, og med omsyn til sjølvmord var tvilen min avgrensa til spørsmålet om kor havet var djupast, slik at ein ikkje straks blir fiska opp att og endåtil må betale bergingsmennene sine skrekkeleg masse gull liksom i takksemd.» Skjelvande og bleik vakla Nietzsche inn i salongen. Men der var det folk. Ikkje nok med at dei sat der. Jaggu åt dei også! Ekkelt! Han måtte ut att for å spy. Etterpå gjekk han og la seg. Men alt på skipet larma – gryter og kjelar, knivar og gaflar. Ungar skreik og vinden hylte. Brevet er belegg for at Nietzsche faktisk var i stand til å 17


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 18

skildre sin eigen skrøpelege tilstand på ein sjølvironisk og tilnærma humoristisk måte; dette i kontrast til uttrykksmåten i dei verka han sjølv publiserte. Skildringa hans har endåtil ein viss likskap med innslag i Arne Garborgs Kolbotnbrev og andre skildringar (). Men hos den sistnemnde er det berre så mykje meir av dette: galgenhumor og sjølvironi i skildringar av praktisk ugreie og anna elende. Det var oppseiinga frå stillinga i Statsrevisjonen og direkte fattigdom som sende Arne og Hulda Garborg og babyen deira (Tuften) inn i fjellheimen på ei hytte ved Savalen. Der blei nesten alt vanskeleg. Ikkje eingong hønsehaldet gjekk greitt: «Det er matknipe her uppe um sumaren; særleg er her kjøtnaud; so fann me på at me vilde hava høns; den som hev høns hev egg med same, veit du. Eg til Strålsjøåsen; kaupte tri høns og ein hane av Gardsen, og bar desse fuglane heim i ei korg. (…) Um natti heldt Tuften oss vakne til klokka eitt og tvo; då kunne det nok smaka med sovefred. Men takk skal du ha; klokka tri vakna hanen! Som brandrop, som låt av hèrlur tona det inn til oss frå vedskålen: Kykeliky-y! Sol-er-i-sky! Og uppatt og uppatt. (…) Dermed var Tuften uppskræmd og tok til å jamre (…) og so kom hønune. Og so hanen (…) me måtte vakne um me låg i gravi. Ikkje svært blid stod eg upp; gjekk ut og jaga hønsi på skogen; med torv og stein og brennande bønir dreiv eg deim so langt eg kunde få deim og ynskte dei eit stykke til. Tri minuttar etter stod hanen utanfor vindauga og song upp som på den yttarste dag. (…) Ja det var liv. (…) Me var snart so fornøgde av hønseflokken vår, at me dømde han til dauden. Men so vakna eit nytt spørsmål. Kvar skulde me få ein skarprettar frå? (…) Eg er ein ugudeleg kropp, som vil 18


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 19

øydeleggje heile menneskja og då visst det norske folk; men hogge hovudet av tri hønur og ein hane det hadde eg ikkje hug på: ’Eg kunde koma til å skjelve på handi,’ sa eg.» Eit par andre kom til hjelp, éin hadde børse og skaut vilt. Då rømde ho Hulda til skogs. Men på hønsehaldet var det slutt. I -åra blei Arne Garborg sterkt påverka av Nietzsche. Men i ettertida er det helst ulikskapen mellom dei som har vore påakta. Ja, ein kunne vere freista til å seie at skilnaden mellom ein påverkar og den som blir påverka, sjeldan har vore større. Georg Brandes karakteriserte Nietzsches posisjon som aristokratisk radikalisme, og Nietzsche var nøgd med den karakteristikken. Han var imot alle demokratiske rørsler, både borgarlege og sosialistiske. Han dyrka høgkultur og forakta «folket», det vere seg industriproletariat, småbønder på landet eller fattigfolk i slummen. Garborg var derimot prega av den moderniseringa og danninga som dei folkelege og demokratiske rørslene i Norge representerte (jf. G. Skirbekk ). Han var progressiv og engasjerte seg i mange samanhengar. Kva er så samanlikningslekken, tertium comparationis, når det gjeld to så ulike mennesketypar som Friedrich Nietzsche (–) og Arne Garborg (–)? Er der noko? Eg trur at det dei hadde sams, låg meir i det ytre enn i det indre: Det var sjølve den ustabile kulturtilstanden i den andre helvta av -talet som utfordra dei.

19


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 20

Kulturell endring og ideologisk oppløysing

I dei siste par hundreåra har samanhengen mellom produksjonsmåte, styringssystem og kultur vore granskingsemne i filosofi og samfunnsvitskap, inkludert politisk økonomi. Det har gitt kunnskap om at sosiomaterielle prosessar kan drive fram kulturelle endringar som lett blir mistolka som reint åndelege hendingar. Men av og til kan også nye idear, i samverknad med andre faktorar, få sterke ringverknader på fleire nivå i samfunnsformasjonen. Utviklinga av den nye, matematiske naturvitskapen er eit eksempel. Med Thomas Kuhns ord innebar den ein vitskapleg revolusjon. Ein slik revolusjon skil seg frå ein politisk på ymse vis, blant anna ved at den tar lengre tid. Den nye naturvitskapen blei til i ein periode som strekkjer seg frå renessansen utover i nytida. Det er blitt sagt at overgangen frå det gamle til det nye tok om lag  år, frå , då Kopernikus gav ut verket sitt om omløpsbanane til himmellekamane, til , då det store fysikkverket til Isaac Newton kom ut, Philosophiae naturalis principia mathematica. Descartes og Bacon var tidleg ute med ideen om at vitskapleg kunnskap kan omsettast til teknologisk styring av prosessar i naturen. I løpet av denne tida fekk den etablerte tenkjemåten stadig fleire påkjenningar. Den teologisk-metafysiske einskapsideologien gjekk ut på at alt som eksisterer, går inn i eit velordna og harmonisk kosmos, og at alt og alle har ein plass, høgt eller lågt, i denne heilskapen. Ved å handle slik ein skal, gitt denne plassen, lever ein i samsvar med Guds viselege ordning av det verande. Men i ein kulturell situasjon der det gjeld å kausalforklare naturfenomen og 20


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 21

etter kvart ordne dei inn i opplegg for teknisk kontroll, er det vanskeleg å tru på ein slik kosmologi med etisk imperativ. Oppgjeret med teologi og tradisjonell metafysikk kom med opplysningsfilosofien på -talet. Det . hundreåret blei ein tidbolk då sosioøkonomiske og politiske prosessar endra Europa. Der var veksande kapitalisme og industrialisering, klassekamp og ein serie politiske skakingar i form av revolusjon og kontrarevolusjon. Korleis ulike samfunnskrefter verka inn på kvarandre, samverka eller hindra kvarandre, høyrer til granskingsfeltet for historiefag og samfunnsvitskap. Mitt emne er tenkjemåtar og ymse former for religionskritikk. Men også eit slikt emne har ein sosiomateriell bakgrunn. På -talet hadde alle føresetnader for ei teologiskmetafysisk einskapslære gått i oppløysing i Europa. Vitskap hadde alt lenge vore åtskild frå både religion og moral. Rett nok var kristentrua framleis utbreidd, men det var tydeleg for svært mange at kyrkja og teologien hadde tapt tolkingsmonopolet. Endåtil i det provinsielle Kristiania var dette tydeleg. Professor i systematisk teologi Fredrik Petersen skreiv i  sutefullt om «Modsætningen mellem Nutidens dannede Bevidsthed og den religiøse Tro». Ved større europeiske universitet var det høgsesong for filologisk bibelkritikk og sekulær religionshistorie. Fleire framståande samfunnsteoretikarar trudde faktisk at religion ville kome til å forsvinne frå Europa i løpet av det . hundreåret. I den litterære offentlegheita, inkludert allmennkulturelle tidsskrift, var religionskritikk eit sentralt emne; det var ikkje lenger ei sak berre for intellektuelle pionerar, for eksempel Hume og Voltaire, 21


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 22

som på -talet. Det er denne tilstanden Nietzsche artikulerer i det kjende formularet sitt «Gud er død». I dag er han den mest kjende, men han var slett ikkje den første. Nokre tiår før Nietzsche var to andre minst like ordhage. Den eine var Arthur Schopenhauer. Ved midten av hundreåret skildra han sin eigen tidsalder der religionen, i hans framstilling, var døyande. Heinrich Heine var den andre. I fortalen til bok II av det essayistiske meisterverket sitt Philosophie und Religion in Deutschland () skriv han blant anna dette: «Hjarto våre er fylte av medynk. Det er den gamle Jehova sjølv som bur seg til dauden. (…) Bøy kne! Dei fører fram sakramenta for ein døyande gud!» Så lenge livsmeininga er sjølvsagd for folk flest, eksisterer det ikkje noko problem som heiter «meininga med livet». Men det meiningstapet som mange opplevde på -talet, gjorde det muleg å artikulere meininga-medlivet-problemet. Det er neppe heilt misvisande å seie at det var på -talet dette problemet blei funne opp. Situasjonen blei utlagd på ymse vis. Somme gav uttrykk for eksistensiell angst ved å finne seg sjølv i eit enormt univers, der det berre er eit spel av blinde krefter. I Zur Genealogie der Moral () peikar Nietzsche på at det er mest inga grense for kor mykje materielt elende og liding menneska er i stand til å finne seg i, så lenge det finst ei religiøs lære med truverdige svar på kvifor somme skal plagast og andre velsignast, somme er fattige og andre styrtrike, somme er vanmektige og andre mektige. Men krisa er der, straks det manglar svar. Moderne nihilisme inneber at svara ikkje er der lenger.

22


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 23

Pessimisme og aktiv nihilisme

Ein del filosofar og litteratar såg mørkt på framtida. Dei la til grunn at livsmeining berre er muleg innanfor ein religion eller ut frå eit metafysisk system, men samtidig meinte dei seg å kunne konstatere at grunnlaget for alt slikt var forsvunne for alltid. Dei forventa eit forferdeleg resultat: eit kollektivt tap av livsmeining! Melankoli og svartsyn kom til uttrykk i diktekunst, litteraturkritikk og kulturfilosofi. Nietzsche utnemnde alle desse svartsynte til passive nihilistar. Han stilte opp sitt eige alternativ: den aktive nihilismen! Den inneber feiring av at religiøse og moralske livstolkingar går i oppløysing. Ut frå hans kulturdiagnose er ikkje nihilisme noko som først oppstår etter at religion og teologi har tapt det kulturelle tolkingsmonopolet. Også kristendomen ber i seg ei form for nihilisme. Den kjem til uttrykk i den kristne fornektinga av alt som høyrer jordelivet til, og i underordninga av mennesket under fiksjonen om det guddommelege. Nietzsche hadde ei tilråding som han varierte på ymse vis: Det som er i ferd med å falle, bør ein straks velte! Og i åtaket sitt på kristendomen viste han kva han meinte med dette. Ein aktiv nihilist, slik han sjølv ville vere, driv nihilismen til sine ytste grenser for så å få den til å overskride seg sjølv. Han vil vinne over nihilismen ved å fullende den. Når han etterlyser frie ånder, nye filosofar og overmenneske, er det for å få gjennomført dette. Ifølgje han finst det altså ingen gitte verdiar, langt mindre nokon standard for vurdering. Men ein kan sette sine verdiar sjølv gjennom viljestyrke. Den aktive nihilisten seier eit 23


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 24

dionysisk ja til alt jordisk og nei til alle ideale konstruksjonar. Men eit ja til det jordiske livet krev også aksept av alle tilfeldige samantreff, hell og uhell, forandring og død. Dette er amor fati, elsk av lagnaden. Kunsten til ja-seiaren er å kunne elske livet også i sine mest rå og grufulle former, inkludert krig og massakrar. Til alt dette seier den aktive nihilisten: «Ja, det var slik eg ville det. Det var slik eg ville ha det.» Og ikkje nok med dét. Han vil ha alt saman på nytt og på nytt. Umetteleg ropar han ut sitt da capo. Nietzsche gjennomfører ikkje kulturkampen sin ved hjelp av filosofisk kritikk av det slaget som går via strengt rasjonell argumentasjon. I staden tar den form av ein særeigen kulturfilosofi med innslag av kunstprosa – ja, endåtil prosalyrikk, som i Zarathustra-verket. Nietzsche driv med andre ord med ei form for «åndsliv» som skil seg radikalt frå religionskritikk à la Hume og Kant, og at Hegel er ein viktig tenkjar med omsyn til institusjonar, mentalitet og makt, ignorerer han fullstendig. Garborg, Lou Salomé og påverknaden frå Nietzsche

Mange intellektuelle kring i Europa på -talet følgde intenst med i dei lidenskaplege diskusjonane om religion og livssyn eller dei tok aktivt del. Dette galdt naturlegvis også den fremste intellektuelle i Norge ved slutten av hundreåret, Arne Garborg. Han var sju år yngre enn Nietzsche. Frå om lag  blei han ein ivrig Nietzschelesar, først under påverknad av Ola Hansson og deretter under endå sterkare påverknad av Lou Salomé (alias Lou Andreas-Salomé). Ho var ein viktig medlem av den venne24


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 25

krinsen Hulda og Arne Garborg hadde i Tyskland. Dei heldt kontakten seinare. Dei brevveksla, og Hulda Garborg omsette også ei bok av Lou Salomé til norsk-dansk (Henrik Ibsens Kvindeskikkelser, Kristiania ). Om dette hopehavet står det ein del i ein fin biografi om Hulda Garborg (Skre ). Den rettleiinga i Nietzsches tenking Arne Garborg fekk av Lou Salomé, både munnleg og skriftleg, var indirekte sertifisert av kulturfilosofen sjølv. Tidlegare hadde Nietzsche, blant anna i brev, sagt tydeleg frå om at Lou hadde forstått det vesentlege av hans eiga tenking. Lou Salomé var ei slags intellektuell famme fatale, og frå april til november  var ho og Nietzsche saman. Han var forelska og fridde to gonger. Lou Salomé dyrka Nietzsche som skribent og tenkjar, men ikkje som mann. Ho stakk av med Paul Reé. Nietzsche blei knekt, men prøvde å trøyste seg med Overmennesket. Han gav seg til å skrive Also sprach Zarathustra. Trekanten Salomé, Nietzsche og Reé utgjer eit kapittel i dei fleste Nietzsche-biografiar. I  blei det også laga ein italiensk spelefilm om denne historia: Al di là del bene e del male («Bortanfor godt og vondt»). Regien var ved Liliana Cavani. Svensken Erland Josephson spela Nietzsche, og Dominique Sanda spela Lou Salomé. Den store Nietzsche-artikkelen til Garborg frå  er i stor monn ein presentasjon av Salomés bok Friedrich Nietzsche in seinen Werken (Wien ; boka blei utgitt på nytt hundre år etter, Frankfurt ). Dermed er artikkelen hans også styrt av Nietzsche-tolkinga hennar. Garborgs artikkel får fram viktige sider ved Nietzsches forfattarskap, og den er særs velskriven, men har også ein veik25


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 26

skap. Trass i dei kloke merknadene sine om at Nietzsche ikkje bør lesast politisk, er Garborg altfor beundrande. Han skriv òg at Nietzsche ikkje ville skape parti, men ønskte seg frie ånder som lesarar; dei var nemleg i stand til å gå sin eigen veg, liksom han sjølv hadde gått sin. Etter kvart greidde Garborg å rette seg etter si eiga tilråding. Han blei nettopp ein slik sjølvstendig Nietzschelesar som gjekk sin eigen veg. Påverknaden frå Tolstoj og hans etiske livstolking gjorde òg sitt. Garborg snudde opp ned på mangt, særleg ideen om overmennesket. Hos han er ikkje overmennesket eit krigersk vesen som stadig utvidar makta si på kostnad av andre. Det kan tvert om vere ein som greier å gjere seg sjølv fullkomen i ein egalitær og moralsk samanheng, altså eit slags etisk overmenneske. Garborgs eksempel på dette er Jesus frå Nasaret (jf. Garborg ). Kyrkjekristendomen hadde han forkasta alt før han oppdaga Nietzsche. Hans eigen versjon av «kristindom» er utan tru på slikt som transcendent, personleg guddom, ein frelsar à la konstruksjonen til Paulus og liv etter døden. At Garborg politisk sett var venstreorientert, betyr ikkje at han – etter ein kort raptus i -åra – kvitta seg med alt han hadde frå Nietzsche. I Garborgs polemikk mot Peter Hognestad i  er Nietzsche framleis med. Gangen vidare

Det hos Nietzsche og Garborg som blir presentert og kritisk kommentert frå mi side, er primært skriftene deira om religion, etikk og livstolking. Men skrifter om andre emne blir dratt inn i den monn dei utgjer ein relevant bakgrunn. Diktekunsten til Garborg er ikkje tema, og det 26


Meining? ferdig_A 13.03.14 13.36 Side 27

er berre ein avgrensa del av sakprosaen hans som er i fokus. Til gjengjeld er det eg tar opp frå han, lite kjent. Både hos Nietzsche og hos Garborg er kritikken av kristendomen spesiell på det viset at Jesus går fri. Han er ikkje objekt for polemikk. Begge framstiller det slik at Jesus er misbrukt av kyrkjekristendomen. Slik sett er det verken absurd eller søkt å stille dei saman: Jesus, Nietzsche, Garborg.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.