Alf Kjetilo Walgerm
Samlaget Oslo
Til minne om Tomine
INNHALD
INNHALD Forord................................. 9
MOSEBØKENE..........................................................19 * 1. til 5. Mosebok
EVANGELIA................................................................. 197 * Matteus, Markus, Lukas og Johannes
DEI HISTORISKE BØKENE....................69 * Josva, Dommarane, Rut, 1. og 2. Samuelsbok, 1. og 2. Kongebok, 1. og 2. Krønikebok, Esra, Nehemja og Ester
APOSTELGJERNINGANE........................ 269
DEI POETISKE BØKENE........................... 113 * Job, Salmane, Salomos ordtak, Forkynnaren, Høgsongen og Klagesongane PROFETBØKENE.................................................143 * Jesaja, Jeremia, Esekiel og Daniel * Småprofetane: Hosea, Joel, Amos, Obadja, Jona, Mika, Nahum, Habakkuk, Sefanja, Haggai, Sakarja og Malaki
BREVLITTERATUREN................................ 289 * Paulus’ brev til romarane, korintarane (1. og 2.), galatarane, efesarane, filipparane, kolossarane, tessalonikarane (1. og 2.), Timoteus (1. og 2.), Titus og Filemon * Andre brev: Brevet til hebrearane, Jakobs brev, 1. og 2. Peters brev, 1. til 3. Johannes’ brev og Judas’ brev APOKALYPSEN...................................................... 325 * Johannes’ openberring
DEI GAMMALTESTAMENTLEGE APOKRYFANE.......................................................... 179 * Tobit, Judit, Visdomsboka, Sirak, Baruk og 1. og 2. Makkabearbok Personregister.....343 Litteraturliste........352 Sluttnotar...................355
FORORD
FORORD
«
I
opphavet skapte Gud himmelen og jorda.» Slik lyder den første setninga i Bibelen. Dei sju orda spenner opp eit enormt lerret for oss. Korleis er det å vere eit menneske under stjernehimmelen? På den eine sida verkar ikkje stjerneskimmeret å lyse tilstrek keleg opp i mørket: Adam og Eva braut det einaste forbodet i Edens hage og blei drivne ut. Kain slo i hel bror sin, Abel, i rein misunning. Kong David sende krigaren Uria i døden for å sikre seg kona hans. Kong Herodes drap alle gutebarn under to år for å rydde unna ein mogleg konkurrent til trona. Judas Iskariot sveik Jesus med eit kyss. På den andre sida er Bibelen full av lys. Frå Guds første replikk i 1. Mosebok, der han skaper lyset, til Bibelens siste bok, er lyset ei gjennom gripande positiv kraft.1 Jesus seier det sjølv i Johannesevangeliet: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»2 I ei rekke av historiene i Bibelen blir mørket vendt til lys. Josef blir kasta i ein brønn og seld som slave av brørne sine, men får etter kvart ei høg stilling i Egypt og endar med å berge folket sitt. Kong David erkjenner brotsverket sitt, får større ære enn dei fleste andre i Bibelen og blir stamfar til Messias. Og Simon Peter, som fornekta Jesus tre gonger, blir grunnvollen for den første kristne kyrkja. Det er denne kyrkja apostelen Paulus er med på å utbreie når han skriv orda som framleis er kjende over heile verda: «Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst blant dei er kjærleiken.» 9
Bibelen lærer oss mykje om korleis vi menneske skal oppføre oss, og ikkje oppføre oss, mot kvarandre. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei», seier Jesus i Matteusevangeliet. Med den gylne regelen, som setninga blir kalla, skapte Jesus ein etisk gullstandard. Men han gjorde meir enn det. Han forkynte også håpet om himmelriket, eit rike som høyrer barna til. Jesus snudde opp ned på etablerte samfunnsstrukturar. Han løfta barnet opp som ideal i eit samfunn der barn hadde låg status. Han forkynte nåde og tilgiving som motstykke til hemn og straff. Han talte venleg med prostituerte, sjuke og fattige, men utfordra rikfolk og refsa den religiøse eliten. Bibelen fortel at han gjekk frivillig i døden, før han stod opp att frå dei døde den tredje dagen. Skaping, liv, død og frelse – dei bibelske tematikkane kunne neppe ha vore større. Så står då også Bibelen si verknadshistorie i ein særklasse i vår del av verda. Bibelen utgjer trusgrunnlaget for over to milliardar kristne og er ein grunnstein i den vestlege sivilisasjonen. Men veit vi eigentleg kva som står i han? Eg trur det finst ganske mange som tenker at dei burde ha kunna meir om Bibelen. Ein må ikkje vere religiøs for å oppdage at bibelkunnskap framleis er viktig for å knekke ein del av kodane i samfunnet, i språket, kunsten og kulturen. Litteraturen, musikken og den bildande kunsten har gjennom tidene drukke så mykje av bibelske kjelder at manglande bibelkunnskap kan bli ei vesentleg hindring for kunstopplevinga. Og tenk berre på populærkulturen. Fleire av dei mest populære TV-seriane er spekka med bibelsitat og bibelallusjonar. Vi risikerer å gå glipp av mykje dersom Bibelen er ukjent for oss. Ei rekke språklege uttrykk stammer frå Bibelen. Til dømes kjem ordet «uriaspost» frå den nemnde historia om kong David som sende Uria i krigen for å døy. Ein «laban» er ein lømmel – og svigerfaren til patriarken Jakob i 1. Mosebok. Mens «Davids kamp mot Goliat» er ein av dei fremste gjengangarane i samfunnsdebatten – og i sportsjournalistikken. Bibelkunnskap har i mange hundreår vore ein del av det vestlege 10
FORORD
danningsidealet. Dette er kanskje ikkje så sjølvsagt lenger. Mange har ein bibel i hylla, men få tek seg tid til å lese i han. Ifølgje ei nyleg undersøking eig 67 prosent av alle nordmenn ein bibel eller eit nytestamente, men berre 18 prosent har lese i han det seinaste året.3 Vi har ikkje lenger ei statskyrkje i Noreg. Bibelen har likevel ein viktig posisjon i det norske samfunnet. Bibelsk tankegods har påverka språket vårt, styresettet vårt, lovverket vårt, flagget vårt – ja, dei fleste sider av samfunnslivet. Vår kristne og humanistiske arv er rett og slett uforståeleg utan Bibelen. For nokre år sidan kom det ei ny omsetting av Bibelen til bokmål og nynorsk, den såkalla Bibel 2011. Eit verk som Bibelen må stadig omsettast på nytt, så teksten blir mest mogleg forståeleg for nye generasjonar. Rundt 500 år etter at Martin Luther omsette Bibelen til tysk, ligg han i dag open for dei fleste som ønskjer å lese i han, på ei mengd med språk.4 Det finst fleire land i verda der folk kan bli forfølgde for å eige eller lese i ein bibel. Og det finst mange døme i historia på menneske som har brukt Bibelen til å legitimere brutale eller undertrykkande handlingar. Å lese Bibelen kan definitivt vere farleg. På den andre sida er Bibelen ei frigjerande bok som menneske over heile verda reknar som heilag, og som mange bygger livet sitt på. Å skulle skrive ein guide til dette overveldande stoffet kan fylle ein kvar forfattar med ærefrykt. Så også meg. Ei bok om Bibelen kan aldri bli ein fyllestgjerande fasit, og ein kan skrive lange avhandlingar om kvart einaste vesle vers eller tema. Prosjektet mitt har vore å trekke fram noko av det viktigaste, og gi eit breitt overblikk. Eg har skrive denne boka til dei som aldri rakk å ta fatt på Bibelen – og til lesarar som kjenner behovet for å friske opp att bibelhistoriene frå barndommen. Eg ser ikkje bort ifrå at også aktive bibellesarar kan lære noko nytt. På dei neste sidene tek eg for meg alle bøkene i Bibelen og gir ei lita innføring i kvar av dei. Eg går grundigare inn i nokre bibelske kjerne tekstar, og raskare gjennom andre. Det er uråd å få med alt, men målet 11
er å peike på noko av det eg ser som det mest sentrale – og litt av det artigaste, fælaste og raraste – i dei ulike bibelbøkene. Eg har lagt vekt på å trekke fram og forklare bibelstader som alle burde kjenne til, peike på aspekt som er viktige i kristendommen, gi korte riss av bibelforskinga og tilby noko av det «vesle ekstra». Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan ganske mykje meir enn dei fleste. Sjølve ordet bibel kjem frå greske «biblia». Det er fleirtalsforma for «biblíon», som tyder «lita bok». Bibelen kan lesast både som 66 separate bøker og som eit stort samanhengande verk. Han er inndelt i Det gamle testamentet (GT), som kristne og jødar har felles, og Det nye testamentet (NT), som står sentralt i kristendommen. Den katolske bibelen opererer med 73 bøker, ikkje 66. I protestantisk tradisjon blir dei sju ekstra bøkene rekna som gammaltestamentlege apokryfar, med lågare status enn dei 66 kanoniske skriftene.5 I denne boka har eg også skrive om desse sju. Korleis blei eigentleg Bibelen til – og kven bestemte kva slags skrifter som skulle få bli med i han? I det nyleg omtalte tilfellet, skilnaden mellom den katolske og den protestantiske Bibelen, er det korte svaret Martin Luther. Luther meinte at Det gamle testamentet berre skulle inkludere bøkene som fanst i den hebraiske bibelen.6 Dermed heldt protestantane fram med ein «mindre» bibel enn katolikkane og dei ortodokse. Eit anna og nokså omfattande spørsmål er korleis Det nye testamentet blei til. Dei første kristne hadde ikkje noko nytestamente, men hadde Det gamle testamentet som si heilage skriftsamling. Etter kvart blei det likevel skrive ulike typar kristne skrifter som blei brukte i gudstenestelivet og til undervising av truande – starten på vårt nytestamente. Tidlege kriterium i den kristne kyrkja var om skriftene kunne førast attende til ein apostel (eller nære medarbeidarar av apostlane) og om dei var lesne og anerkjente i dei kristne kyrkjelydane. Etter kvart var det fleire og fleire som stilte opp lister over såkalla anerkjente bøker, der dei fire evangelia, Apostelgjerningane og Paulus-breva på eit tidleg tidspunkt hadde «sikker plass».7 12
FORORD
Formelt var ikkje Bibelen ferdigstilt før langt ut på 300-talet.8 Etter kyrkjemøtet i Kartago i år 397 var Bibelen definert og anerkjent av heile den vestlege kyrkja – også dei gammaltestamentlege apokryfane som Luther seinare fekk vippa ut. Utanom denne reformatoriske slankeprosessen er Bibelen den same i dag som på 300-talet etter Kristus. Men er Bibelen verkeleg Guds ord? Somme vil hevde at tekstane er ufeilbarlege, mens andre ser dei som menneskelege uttrykk for religiøs lengsel. Spennet kan vere stort mellom posisjonane. På alle kantar finst det bibellesarar som meiner at deira eiga forståing av Bibelen er den rette. Eg nærmar meg difor bibelstoffet med stor respekt. Eg har sjølv ei lang og mangslungen historie som lesar av Bibelen, som kristen og søkande, og som kritikar, forfattar og redaktør. Eg har gjennom åra nærma meg Bibelen både truande, tvilande og undrande. I mange år las eg i Bibelen kvar dag, i mange år klarte eg knapt å opne han. Men heilt frå eg fekk min første bibel som sjuåring, har han vore med meg som eit grunnelement i tilværet: Han har stått sentralt i å forme livssynet mitt. Han har vore ein grunnkode i det litteraturkritiske arbeidet mitt, i møte med klassisk verdslitteratur så vel som norsk samtidslitteratur.9 Og han har vore ein hjørnestein i den skjønnlitterære skrivinga mi, som ein urtekst å vere i tilbakevendande samtale med.10 Bibelen har på fleire måtar vore den viktigaste boka i livet mitt. Mot slutten av arbeidet med denne boka opplevde eg mitt livs største sorg. Kona mi, Tone, og eg gledde oss til å bli foreldre til ei lita jente. Sunniva på to år gledde seg til å få ei veslesøster. Men vesle Tomine skulle aldri få oppleve dagslyset. Ho døydde i mors liv berre tre dagar før fødselsterminen. Det er mange måtar å lese Bibelen på. Den seinaste tida har eg lese han som ein sørgjande far, med himmelhåp for det vesle barnet vi mista. Det ligg noko vanskeleg, men også godt, i at Gud ifølgje Bibelen valde å komme til jorda gjennom ein fødsel, som eit lite barn. Den same Jesus som låg i krybba i Betlehem, skulle seinare forkynne at himmelriket høyrer barna til. 13
Så er det kanskje barneblikket som ser klarast, slik den to år gamle Sunniva sa det då ho fekk sjå kunstnaren Lucas Cranach den eldres målarstykke La de små barn komme til meg: «Å! Det er Jesus og Tomine!» Dette er sprengkrafta i den bibelske bodskapen, som stadig maktar å fylle oss menneske med håp. For om eg skal nemne ein einaste ting eg sit att med i møte med alt bibelstoffet, blir det denne enkle, men radikale tanken: Livet er sterkare enn døden. Ein grunnleggande tanke med denne boka har vore å ha ei open tilnær ming til bibelstoffet. Frå den oldkyrkjelege tradisjonen til den nyaste bibelforskinga finst det ulike innsikter som kan kaste lys over dei innhaldsrike tekstane. Eg skriv ikkje som representant for ei bestemt teologisk retning. Samtidig har det vore nødvendig med ein god porsjon pågangsmot for å kunne skrive ei slik bok om Bibelen. Alle i overkant konservative eller liberale tolkingar, alle fromme, frekke eller opprørande kommentarar, må eg sjølv ta ansvaret for. Elles søker eg først og fremst å peike mot bibeltekstane og diskusjonane rundt dei. Sjølv er eg berre ein av mange lesarar i møte med Bibelen, ei bok vi aldri blir ferdige med, verken som samfunn eller som enkeltindivid. Gjennom Bibelen kjem vi tett på korleis det er å vere eit jordisk menneske under himmelen. Det handlar om død og liv. Det handlar om å tvile, feile og snuble. Det handlar om å be om tilgiving, og klare å reise seg igjen. Det handlar om å elske, håpe og tru. Bibelen er både verdslitteratur og heilag skrift, den mest utbreidde boka på jordkloden. Røff guide til Bibelen er ei starthjelp til å komme seg gjennom dette gudsinspirerte gigaverket. Det er eit danningsprosjekt i seg sjølv. Alf Kjetil Walgermo
MOSEBØKENE
MOSEBØKENE
«
D
et skal bli lys!» Den som blar opp i Bibelen for første gong, gjer lurt i å starte med 1. Mosebok. Denne boka inneheld nokre av dei mest spektakulære forteljingane i verdshistoria. Først blant desse er forteljinga om Gud som skaper himmelen og jorda. Det har alltid fascinert meg at Gud kunne skape ved bruk av ord. «Gud sa», står det i bibelteksten, og skaparverket myldrar fram.11 Det er vel berre rett og rimeleg at Gud, når han skaper lyset, har Bibelens første replikk. Det kviler eit særskilt lys over dei første sidene i Bibelen. I dei første elleve kapitla, som gjerne blir kalla for «Urhistoria», finst dei universelle forteljingane som bind menneska saman i eit lagnadsfellesskap frå starten av. Vi kan lese om Adam og Eva i Edens hage. Om Kain som slår i hel Abel. Vi kan lese om Noahs ark og tårnet i Babel. Kvar einaste forteljing har stoff i seg til ei eiga bok. Men dei bibelske forfattarane kan ofte vere knappe i sin forteljekunst. 1. Mosebok er den første av dei fem skriftene jødane kallar for Toraen og kristne kallar for Mosebøkene.12 Der Urhistoria er utprega universell, er resten av teksten, den såkalla Fedrehistoria, utprega nasjonal: Ho handlar om jødane som Guds utvalde folk. Dette er ei historie som byrjar med Abraham og held fram med sonen Isak og sonesonen Jakob – dei tre patriarkane. Den jødiske lovgivaren Moses gjer ikkje entré før i 2. Mosebok. Likevel er det Moses som etter jødisk og kristen tradisjon er blitt rekna som 19
forfattaren av dei fem Mosebøkene. Slik tenkte dei også på Jesu tid, då Det gamle testamentet gjerne blei omtalt som «Moses og profetane».13 I sjølve bibelteksten kjem det fleire stader fram at Moses skreiv.14 I tillegg viser Mosebøkene til skriftkjelder som for lengst er gått tapt. Eg kunne til dømes godt tenke meg å lese den ukjente Boka om Herrens krigar, som blir sitert i 4. Mosebok.15 Bibelforskarar flest er likevel samde om at det ikkje kan vere Moses som har skrive Mosebøkene. Det er fleire årsaker til dette. Blant anna måtte Moses i så fall ha gitt seg sjølv sterkt rosande omtale, slik bibelteksten kan lyde: «Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.» Endå meir påfallande er det at forfattaren også måtte ha omtalt sin eigen død: «Moses var hundre og tjue år gammal då han døydde, men auga hans var endå ikkje matte, livskrafta var ikkje borte.»16 Somme tenker seg slike avsnitt som tillegg til den opphavlege teksten. Men mange bibelforskarar reknar ikkje eingong med at Moses var ein historisk person. Dei aller fleste tidfestar uansett Mosebøkene til eit langt seinare tidspunkt enn tida då Moses skal ha levd rundt 1200-talet f.Kr. Både jødisk og kristen tradisjon har sett 1.–5. Mosebok som eit heilskapleg fembandsverk. Ifølgje mange bibelforskarar er derimot ikkje 5. Mosebok ein del av det same verket som dei fire første mosebøkene. Eit vanleg syn er at 1.–4. Mosebok er eit separat verk som stammar frå ulike kjelder og blei redigert ferdig på 400-talet f.Kr. Redigeringa har naturleg nok mykje å seie for korleis verket til slutt er blitt sjåande ut, og den litterære framstillinga i dei føreliggande tekstane er vel så viktig som spørsmålet om historisitet. Få bibelforskarar held til dømes forteljingane i Urhistoria for å vere faktisk historie, men dei er like fullt sanne i den litterære samanhengen dei inngår i: Mosebøkene skildrar historia til menneskeheita, ei historie der israelittane skal få ein sentral plass. Ifølgje bibelforskarane er 5. Mosebok starten på eit anna verk, det deuteronomistiske historieverket, som fortel nettopp Israels historie frå Moses til det jødiske eksilet i Babylon. Dette verket held fram med dei 20
MOSEBØKENE
historiske bøkene eg skal handsame i neste kapittel: Josva, Dommarane, 1. og 2. Samuelsbok og 1. og 2. Kongebok. Det deuteronomistiske historie verket er moglegvis blitt nedskrive i eksilperioden på 500-talet f.Kr. og redigert saman med dei fire første mosebøkene på 400-talet f.Kr. Det litt innfløkte ordet «deuteronomium» tyder «den andre lovsamlinga», ettersom mange av lovene frå 1. til 4. Mosebok blir repeterte her. Men dersom Moses ikkje er forfattaren, kven står då bak Mose bøkene? Ein hypotese som stod sterkt på 1900-talet, er den såkalla firekjeldehypotesen. Ved å følgje tekstlege spor kom bibelforskarane på 1700- og 1800-talet fram til at Mosebøkene bygger på fire ulike tekstkjelder frå ulike tidsepokar. Den tyske teologen Julius Wellhausen kom på slutten av 1800-talet med ein hypotese som tydeleggjorde dei fire kjeldene:17 1) Jahvisten, som bruker ordet Jahve (JHWH) om Gud, stammar frå 900-talet f.Kr. 2) Elohisten, som bruker ordet Elohim om Gud, stammar frå 800-talet f.Kr. 3) Deuteronomisten, som står bak 5. Mosebok, stammar frå 600-talet f.Kr. Og 4) Presteskriftet, den yngste kjelda, som også bruker Elohim om Gud, stammar frå tida etter det babylonske eksilet på 500-talet f.Kr. Grunntrekka i firekjeldehypotesen stod fast utover store delar av 1900-talet. I nyare bibelforsking er han omstridd. Det er uansett mogleg for den jamne bibellesar å gå på jakt i Mosebøkene etter stader der Gud blir omtalt som Herren Gud (omsett frå Jahve), og der han «berre» blir omtalt som Gud (omsett frå Elohim). Dei fleste bibelforskarar meiner at slike tekstparti kjem frå ulike kjelder. Eit illustrerande døme er skapingssoga som fyller dei to første kapitla i Bibelen. Her har nemleg Gud og Herren Gud kvar sin skaparstrategi. Det er altså to ulike skapingssoger i 1. Mose bok, føydde saman til ei.18
21
SKAPINGSSOGENE Den første setninga i 1. Mosebok – og dermed også den første setninga i Bibelen – lyder som sagt slik: «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.» Eg kan knapt tenke meg ein meir storslått start på ei bok. Her blir både det fysiske og det metafysiske universet spent opp for oss i ei einaste setning. Men etter at vi har lese om korleis Gud skapte verda, kjem det endå ei skapingssoge, denne gongen med Herren Gud i hovudrolla. Og denne skapingssoga skil seg frå den første på ganske så vesentlege punkt. På den første sida i Bibelen kan vi lese om korleis Gud først skapte lyset og skilde dagen frå natta. Deretter skapte han himmelkvelven som skilde vatnet på jorda frå vatnet utanfor kvelven – noko som ikkje må lesast med naturvitskaplege briller. Det rådande verdsbiletet på den tida dette blei skrive, var svært annleis enn i dag: Ein tenkte seg ei flat jord fundert på fjell og søyler, med ein himmelkvelving full av stjerner og blått hav så langt du kunne sjå – himmelhavet utanfor kvelven. Sjølv om Bibelen er ei bok som søker å formidle andre sanningar enn dei reint naturvitskaplege, har likevel skapingssoga for mange vore ein bøyg i møte med teksten. 1. Mosebok fortel at verda blei til på seks dagar. Og Gud skapte artane ein etter ein, før han til sist skapte mennesket. Bibelteksten gir altså ingen plass til Darwin – her kan det umogleg ha skjedd nokon evolusjon? Dette er ei feilslutning. Det finst rett nok somme kristne som trur at Gud skapte verda på seks faktiske dagar, dei blir gjerne kalla for ungjord-kreasjonistar, men dette er ikkje eit svært utbreidd syn i dag. Langt viktigare for dei fleste truande er tanken om ein skapande Gud som står bak universet, noko som ikkje står i direkte motsetning til evolusjonslæra. Såleis er dei bibelske skapingssogene i stor grad å forstå som biletlege, utan at det er til hinder for at kristne flest held fast ved skapartrua. Vi skal tilbake til bibelteksten, for det er mykje å hente i denne forteljinga. På den tredje dagen seier Gud noko som burde appellere til miljøforkjemparar i alle politiske leirar, nemleg: «Jorda skal bli grøn!»19 22
MOSEBØKENE
Ein av Guds første tankar er altså ei grøn jord, eit poeng som truleg kjem til å bli stadig viktigare for truande i framtida. Grøne vekstar, plantar som set frø, og frukttre av alle slag var det første Gud skapte då jorda låg klar. Og som det heiter i bibelteksten etter kvar av skapardagane: «Og Gud såg at det var godt.» Deretter skaper Gud sola, månen og stjernene – eit nytt uttrykk for verdsbiletet på den tida, der jorda var i sentrum av universet. Denne første skapingssoga har ifølgje firekjeldehypotesen opphav i Babylon på 500-talet f.Kr. (Presteskriftet), der astrologien stod sterkt. Hos dei bibelske forfattarane har måne, sol og stjerner funksjon som lyskjelder for menneska – eit velretta spark mot astrologien. Vidare skaper Gud livet i havet, fuglane i lufta, fe, krypdyr og villdyr av alle slag. Først på den sjette dagen skaper Gud mennesket i sitt eige bilete. Mennesket er såleis krona på verket. Samtidig peikar skapingssoga på det essensielle ved den jødiske sabbatsfeiringa: Gud kviler på den sjuande dagen – då skal folket hans også kvile. I den andre skapingssoga står det motsett av den første. Der skaper Herren Gud først mannen av støv frå jorda – deretter feet, fuglane og villdyra.20 Det er også ein annan vesentleg skilnad. I den første historia skaper Gud mennesket som mann og kvinne, etter først å ha uttalt seg i fleirtalsform: «La oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss!» I den andre historia skaper Herren Gud kvinna til slutt, når han skjøner at feet, fuglane og villdyra ikkje er ein god nok hjelpar for mannen. Guds omtale av seg sjølv i fleirtalsform har mange potensielle tolkingar. Ei læresetning i kristendommen er den såkalla treeiningslæra, som kort fortald går ut på at Gud er både tre og ein. Gud er Gud, om alle mann låg døde, som Petter Dass formulerte det – men Gud er også Faderen, Sonen og Den heilage ande. Det finst ikkje ei slik treeiningslære i Det gamle testamentet, men ei treeinig forståing av Gud hentar støtte i formuleringa frå skapingssoga om at «Guds ande svevde over vatnet». Og i Det nye testamentet skriv forfattaren av Johannesevangeliet at Ordet (Jesus) var hos Gud heilt frå skapinga av verda: «I opphavet var 23
Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.»21 I den kristne tradisjonen inkluderer altså den skapande Gud, slik vi møter han i 1. Mosebok, både Jesus og Den heilage ande. Når Gud seier «i vårt bilete», kan det i denne tradisjonen tolkast som den treeinige Guds bilete. I så måte er det interessant at Gud i den første skapingssoga skaper mennesket til mann og kvinne, eller til mannleg og kvinneleg, som det eigentleg står i originalteksten. Bibelen har mange referansar til Gud som mann, og Jesus blei fødd som mann, men det finst også kvinnelege bilete på Gud i Bibelen. I vår samanheng er det verdt å nemne at det hebraiske ordet for Guds ande i den første skapingssoga – «ruach» – er eit hokjønnsord. I mine auge er det altså plausibelt å tenke seg at Gud representerer begge kjønn når han skaper mennesket i sitt bilete, til mann og kvinne. Det som på den andre sida øydelegg litt av dette poenget, er det hebraiske ordet menneske, som er identisk med namnet til den første mannen: Adam. Vi kjenner noko av det same frå engelsk, der både mann og menneske heiter «man». I bibelteksten er Adam også eit ordspel på «jord», som på hebraisk heiter «adamah». Og kvinne («isja») er eit ordspel på mann («isj»), sidan Herren Gud tek eit sidebein frå Adam og skaper Eva. Berre så det er sagt: Dei bibelske forfattarane er råare på ordspel enn ein Kjartan Fløgstad, noko som gjer det til ei stor utfordring å få med seg alle nyansane når ein skal omsette frå hebraisk til norsk. Dei to skapingssogene i 1. Mosebok rommar svært mykje, både kvar for seg og saman. Sogene skal ikkje først og fremst slå fast rekkefølgja på kva Gud skapte, men nærmar seg skapinga med ulikt perspektiv. I den første historia fungerer det meste harmonisk og godt: Like stillinga er intakt, Gud har synt seg som miljøaktivist og har i første omgang sett menneska til å vere vegetarianarar: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta.» Det viktige poenget er forvaltaransvaret, som ofte er blitt feiltolka som herrevelde: Menneska 24
MOSEBØKENE
skal fylle jorda med etterkommarar og blir sette til å råde over resten av skaparverket: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» Den andre skapingssoga fortel at Herren Gud plantar livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt midt i Edens hage. Det er her han har sett Adam til å vere gartnar, det første yrket i verdshistoria: «Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han. Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: ‘Du må gjerne eta av alle trea i hagen. Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.’» Soga avsluttar med følgjande skildring av Adam og Eva: «Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre.» For ein opptakt til historia som no følgjer!
SYNDEFALLET Historia om Adam og Eva som trassar Guds bod i Edens hage, er ei av dei mest kjente forteljingane i Bibelen.22 (Heretter skriv eg oftast Gud også der bibelteksten bruker Herren Gud.) Eigentleg er det berre Adam som har fått forbodet direkte frå Gud, for ifølgje den andre skapingssoga er ikkje Eva eingong skapt på det tidspunktet Adam set i gang med gartnargjerninga si. Likevel er det Eva som først skal bli lokka til å forsyne seg av den forbodne frukta. Det skjer ved bruk av snikande list. Kampen mellom det gode og det vonde gjennomsyrer heile Bibelen. Det gode er representert ved Gud og boda hans. Det vonde er representert ved djevelen og hans freistingar. Djevelen, eller Satan, dukkar opp ei rekke stader i Bibelen. Det første opptrinnet hans, ifølgje den kristne tradisjonen, er som slange i Edens hage. Og her er han kanskje på sitt aller mest listige. Måten slangen freistar Eva på, er ved å vri på orda i Guds forbod: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 25