Selbuvotten

Page 1


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 1


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 3

TERRI SHEA

Selbuvotten vakre mønster frå ein norsk strikketradisjon omsett frå engelsk av Annemor Sundbø

det norske samlaget oslo


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 4


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 5

Forord Begge desse scenene kunne ha vore verkelege. Velståande kvinner valde å strikke for å hygge seg. Andre historier fortel om harde kår der strikking var til stor hjelp, til dømes på Shetland. Strikking var husflid og heimeindustri mange stader i Europa, ei ekstrainntekt ein ikkje kunne klare seg utan i økonomisk harde tider. Eg vil prøve å komme bak stereotypiane og i staden teikne eit meir nyansert bilete av ein bestemt strikketradisjon, eit bilete som syner dei koselege gamle damene, men også målmedvitne forretningsmenn, historikarar og ikkje minst alle kunnige kvinner – og menn – som strikka med ein kjærleik til sjølve arbeidet og for å kunne tene nokre ekstra kroner. Interessa for dette prosjektet fekk eg litt tilfeldig. I 2005 tok eg eit kurs i museumsstudium ved universitetet i Washington. Eg hadde vore i svangerskapspermisjon og ønskte å gjere noko anna enn å gå tilbake til jobben min som webutviklar. I løpet av studiet fekk eg praksisplass ved Nordic Heritage Museum i Seattle, eit museum som dokumenterer historia til immigrantane frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Museumssamlinga er innhaldsrik trass i at museet er lite, og ho inneheld mykje tekstil.

For oss strikkarar i det 21. hundreåret, som sit i opplyste og godt oppvarma rom og lastar ned strikkemønster frå ein eller annan plass ute i verda, er det lett å bli nostalgiske og drøyme seg tilbake til strikkinga sin barndom. Når vi lukkar auga, kan vi sjå det for oss: Ei gammal kone sit i gyngestolen ved kakkelomnen, ho har eit sjal rundt skuldrene og pledd over knea. Ved føtene hennar ligg ein hund og ei korg overfylt med garn i alle fargar. Ved sida av henne sit ein gammal mann med pipa si, han spikkar eller les ei bok. Dei gyngar stille saman, og den gamle kona strikkar på eit fint handarbeid. Kanskje skal det bli eit sjal eller ei stasstrømpe. Ute blæs det, men inne i den koselege gamle bondestova er det varmt og godt. Vi kan også sjå for oss det motsette: ein fattig familie der faren må slite hardt for å tene pengar, mens den stakkars mora må streve kvart ledige minutt med strikkepinnane for å kunne brødfø familien. Ein stor ungeflokk sit radmagre og bleike og held garnhesplane mellom spinkle hender slik at mor kan få nysta opp garn. Sidan gir ho barna ei tynn velling før dei blir sende til sengs. Dei hutrar og frys under tynnslitne teppe, mens ho sit oppe og strikkar i lyset frå grua, langt inn i den mørke natta.

5


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 6

til dømes korleis handflata på mange av vottane var identiske, og korleis mansjetten på nokre av vantane gjekk igjen på tommelen til dei andre. Tidlegare hadde eg vore mest interessert i ullkvalitet og ulike strikketeknikkar, men etter å ha sett alle mønstervottane fekk eg lyst til å prøve å strikke dei sjølv. Ein morgon fall eg heilt i stavar over eit særleg vakkert par med ein feminin blondeaktig mansjett. Eg fortalde Lisa kor lyst eg hadde til å teikne av mønsteret på rutepapir og kopiere det. Lisa svarte at dette ville vere eit utmerkt praksisprosjekt for meg, og i løpet av få dagar hadde museumsdirektøren og universitetet godkjent at eg kunne få arbeidet vurdert som avslutningsoppgåve. Enkelt og greitt, ikkje sant? I løpet av den tida eg teikna mønstra over på rutepapir, oppdaga eg at meir enn halvparten av samlinga inneheldt det ein kunne karakterisere som selbuvottar, den norske stilen som som regel har svart mønster på kvit botn, med ulike former av åttebladsstjerna. Etter å ha sett gjennom heile samlinga bestemte eg meg for å konsentrere meg om selbumønstra. Ikkje meir enn ei veke etter at eg teikna ned det siste mønsterdiagrammet, fekk eg besøk av innbrotstjuvar i huset mitt. Den berbare pc-en min med alle

Ansvarleg for museumssamlinga, Lisa Hill-Festa, kjende til bakgrunnen min som strikkar og sette meg til å dokumentere og katalogisere votte- og vantesamlinga på museet. Du som er strikkeinteressert kan sikkert forstå kor spent eg var da eg opna den første grå eska. Frå det syrefrie silkepapiret tok eg fram det eine praktfulle votteparet etter det andre, vakkert og fint strikka. Eg var så freista til å stikke hendene inn i den mjuke ulla at eg måtte stå med dei på ryggen for å halde meg fra det! I staden måtte eg nøye meg med å sjå på dei. Tre dagar i veka, nokre timar kvar dag, målte eg lengd og breidd, skildra mønster og sjekka om arkiva hadde fleire opplysningar om desse meisterverka. Desse timane på museet blei ei heilag stund for meg, der eg fann att meg sjølv og ikkje berre var småbarnsmor lenger. Eg kjende ei sterk samkjensle med strikkarane som hadde skapt desse vakre vottane, som om dei var laga berre for meg! Ettersom Nordic Heritage Museum er eit lite museum med få tilsette, hadde ikkje vante- og vottesamlinga blitt katalogisert tidlegare av nokon med strikkekunnskapar. Dette blei ei særskild moglegheit for meg. Eg granska kvart par inngåande og kjende att likskapar som ein ikkje-strikkar aldri ville ha oppdaga,

6


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 7

Sandy om prosjektet mitt. Ho rådde meg til å kontakte Annemor Sundbø («for ho er veldig grei!»). Så eg sende ein e-post til Annemor, og ho var verkeleg hjelpsam og gav meg løyve til å gi att sine favorittvottar og -vantar. Da pakken kom i posten, blei eg forelska på ny. Boka som du held i handa no, er eit resultat av forskinga mi, men enda viktigare er det at ho også er eit resultat av ein lang strikketradisjon, ein tradisjon som startar med ei ung kvinne oppe i eit grisgrendt dalføre, og som endar med at du feller av den siste maska på votten din. I dette arbeidet ligg det rundt hundre og femti år, tusenvis av mil, tonnevis med ull og generasjonar av strikkarar. Det er ein endelaus tråd, som går gjennom tid og rom, eit eventyr med ein spesiell start, men utan nokon bestemt slutt. Det er to slags strikkarar: dei som skaper ein tradisjon, og dei som held tradisjonen levande. Denne boka er tileigna begge.

mønstra blei stolen. Eg hadde heile tida tenkt å ta sikkerheitskopi, men gjorde det aldri. Utan datautstyr og med ein tidsfrist som nærma seg med raske skritt, visste eg at eg berre måtte starte på nytt og teikne kvart diagram om att. La det vere ein lærepenge: Du må ta sikkerheitskopi, både titt og ofte! Men eg fann fort ut at bak regntunge skyer skin sola alltid. Ein kveld mens eg sukka over å måtte gå i gang med diagramma på nytt, surfa eg litt på nettet for å sjå kva eg kunne finne. Det var eit resultat av arbeidsvegring framfor noko anna. Da fann eg fram til norske garnprodusentar, og eg fann heimesida til Selbu Bygdemuseum, i bygda der den norske vottetradisjonen blei fødd. Eg leita etter historiske fakta som eg kunne bruke i tillegg til det eg hadde lært av å studere sjølve vottane, men lite var utgitt på engelsk. Men ein e-post til museet og eit norsk-engelsk omsetjarprogram redda meg, og eg fann inspirasjonen på nytt. Få veker seinare trefte eg Sandy Blue, ein lokal garnforhandlar, i ei garnforretning. Eg hadde møtt henne tidlegare, men eg hadde ikkje sett henne på lenge, så vi blei ståande og prate mens butikkinnehavaren var oppteken med å planleggje innkjøpet for haustsesongen. Eg stod med eit par vottar, og fortalde

Terri Shea

7


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 8


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 9

Innhald 11 11 12 13 14 15 18

historia Selbustrikkingas mor Brudestas Strikking blir business Husflidssentralen Strikkemisjonæren Krigen og etterkrigstida

21 21 21 26 29

grunnteknikkar Før du startar Vottens anatomi Vantar – ein variant av vottane Lag votten på din eigen måte

31

oppskrifter

158

kjelder

160

litteratur

161

takk

162

kontaktinformasjon

9


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 10


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 11

Historia sjølvstende. Landet reiv seg laus frå Danmark og blei ein eigen stat under svensk trone. Med den politiske uavhengigheita kom òg ei ny nasjonalstoltheit. Avisene oppmuntra til å vere patriotiske og nytte lokale råvarer. I 1839 kom lova om handverksdrift, som oppheva mange av laugsprivilegia og gjorde det enklare for kvinner å drive handel med eigne varer. Strikkinga kom no til å spele den same politiske og økonomiske rolla som handspinning og handarbeid gjorde under den amerikanske revolusjonen. Ved å satse på lokale bedrifter som laga varer til eige forbruk, skulle landet bli uavhengig av utlandet. Noreg skulle dekke sin eigen marknad med norske varer, og den norske identiteten skulle visast fram gjennom handverket. Ein ny norsk stil måtte derfor utviklast, og det blei behov for fleire strikkarar over heile landet. Utover på 1800-talet blei strikking ei veletablert, berekraftig næring over heile Europa, og både menn og kvinner strikka. Det var på denne tida at den tofarga mønsterstrikkinga blomstra opp i Nord-Europa, særleg i Storbritannia og Skandinavia.

Historia til strikkinga, også den skandinaviske, er godt dokumentert gjennom bøker som A History of Hand Knitting av Richard Rutt og Traditional Scandinavian Knitting av Sheila McGregor. Eg skal ikkje gjenta dei her, men vil prøve å setje strikkinga inn i ei norsk kulturhistorisk ramme. Strikkekunsten blei truleg oppfunnen av nomadar på den arabiske halvøya; deretter tok maurarane han med seg til Europa via Spania. På 1500-talet hadde strikking blitt vanleg over heile Europa. Spania og England produserte og eksporterte strikkevarer som til dømes fine silkestrikka nattrøyer, silkestrømper og vantar. Folk i dei lågare klassane strikka kvardagsklede til seg sjølv. Ein strikka helst einsfarga, mens mønstra blei skapt av vrangmasker på rettstrikka botn. Danmark hadde hatt herredømme over Noreg heilt sidan svartedauden herja på 1300-talet. Under Napoleonskrigen var Danmark-Noreg nøytralt, men hadde i hemmelegheit handla med Frankrike, og slik kom dei i praksis med i krigen mot England. Dei dansk-norske styrkane blei nedkjempa av England i 1814, og engelskmennene sette deretter i verk restriksjonar på utskiping av varer til Danmark-Noreg. For å erstatte importen av luksusvarer, blant anna silkestrikkevarer frå Spania og England, måtte folk starte å produsere desse heime i Noreg, på sin eigen måte og med lokale råvarer. Seinare same året tok Noreg dei første skritta mot

selbustrikkingas mor Selbu er ei brei bygd om lag ein times køyring frå Trondheim. Bygda er omringa av fjell, og midt i bygda ligg Selbusjøen og elva Nea. Frå gamalt av var hovudnæringsvegane skogsdrift, gruvedrift og jordbruk.

11


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 12

stad, fødd 1841, fortener stor ære for arbeidet sitt. Det starta med et stort pågangsmot og enda opp som ein lokal tradisjon. Marit er seinare blitt kjend som «mora til selbustrikkinga». Ho opplevde mens ho levde å bli anerkjend for arbeidet sitt gjennom ein stor avisartikkel i ei Trondheimsavis i 1927. Ho døydde i 1929.

Før i tida var det vanleg for jenter å ta strikketøyet sitt med seg til fjells når dei gjette på lange sommardagar. Sommaren 1856 hadde ungjenta Marit Guldseth teneste for bonden Jo Kjøsnes. Ei anna jente som arbeidde på same garden, hadde laga eit par strømper med eit svart mønster som slyngde seg oppover leggen. Jo spurde om Marit kunne lage ei slik strømpe. Gamle fotografi av Marit viser ei jente med eit målbevisst uttrykk i ansiktet, ho tok nok utfordringa på strak arm. Marit prøvde å strikke med masker i to ulike fargar. Ho eksperimenterte og øvde heile sommaren mens ho testa ut ulike mønster. Noreg hadde fleire hundre år gamle tradisjonar med veving og broderi, og Marit hadde sett mange vakre tekstilar heime: brodert brudeutstyr og vovne biletteppe som mor, bestemødrer, tanter, kusiner og naboar hadde laga. Marit tok no dei gamle åttebladsrosettane og fletta inn i strikkinga si. Seksten år gammal laga ho kvite vottar med «selburoser» i svart ullgarn. Ein søndag hadde Marit og systera på seg dei nye vottane i kyrkja. Familien var velansette folk, og andre jenter ville snart ha makne vottar. Takka vere Marit og sambygdingane hennar blei vottane svært populære, og den eine etter den andre i området rundt Selbubygda lærte å strikke på den nye måten. Alle freista å overgå kvarandre i vakker utforming. Det er ganske sjeldan at ei enkelt hending gjer det mogleg å identifisere når og kvar ein spesiell kultur og kunstform oppstod. Kven fann opp elden? Kven brukte hjulet først? Kven vov det første tøyet? Kven strikka den første genseren? I boka Aran Knitting fortel Alice Starmore at gensertradisjonen på Aran-øyane blei starta av ein bestemt strikkar, men at identiteten hennar er ukjend. Det er heilt unikt at Selbu kjenner opphavet til sin strikketradisjon. Marit Guldseth Em-

brudestas Vottane til Marit blei så populære at alle ville ha eit par. Ho og systera lærte opp venner og naboar i å strikke på den nye måten. Frå å vere ei lita og enkel oppfinning blei den kvite og svarte mønstervotten ein del av folkedraktskikken i området. Votten erstatta dei gamle nålebindingsvottane som var vanlege tidlegare. Selbumønster blei frå no av brukt på plagg til alle store festdagar og tilstellingar, på same måten som til dømes i Estland, der vottar blei brukte som gåver og statussymbol i bryllaupsritual på 1800-talet. Å bli forlova og seinare gift var inga enkel sak for ei jente på denne tida, og heller ikkje for ei jente frå Selbu. Ifølgje tradisjonen måtte ho starte å strikke lenge før bryllaupet. Først skulle ho strikke eit par strømper med selburoser til brudgommen, deretter måtte ho strikke strømper til svigerfaren, svograne og eventuelle gudbarn. Samstundes skulle svigermor ha nytt kjoletøy, og systrene til brudgommen fekk nytt blusetøy. Alt dette skulle brura sørgje for. På butikken kunne ho byte til seg varer for selbustrikken, og slik blei det ofte mange ekstra masker å strikke før bryllaupet. Alle mannfolk som var inviterte til bryllaupet, skulle få eit nytt vottepar som dei kunne ta med seg heim. Dei var ikkje strikka av brura, men av kvinner som var inviterte til festen, og som hadde levert vottane nokre

12


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 13

det var ein marknad for dei. Saman med ein annan handelsmann, Gustav Christophersen, begynte han å kjøpe opp eller byte til seg vottar frå lokale strikkarar. Dei selde så vottane vidare til forretningar i andre delar av landet, og på slutten av 1890-åra utgjorde dette vottesalet rundt fire til fem hundre kroner årleg, med ei krone i forteneste for kvart par. Ved hundreårsskiftet gjekk kvernsteinsindustrien nedover, og hundrevis av arbeidarar mista arbeidet. Men kvinnene var i stand til å erstatte den tapte inntekta gjennom strikkinga si. Strikkevarer, inkludert vottar, vantar, luer, skjerf, sokkar og strømper, kunne seljast eller bytast inn i varer som kaffi, sukker og tobakk, men også større varer som sko eller klede. Ein norsk bondefamilie kunne såleis dyrke korn og grønsaker om sommaren, skaffe seg litt kjøt og fisk og i tillegg selje strikkevarer for å få kontantar til å kjøpe dei tinga som ikkje kunne lagast heime. Etter at Den Norske Husflidsforening blei stifta i 1891, blei det danna husflidsbutikkar over heile landet. Dei skulle tene to føremål. Det eine var å hjelpe det tradisjonelle handverket med å skaffe informasjon, utstyr og råvarer. Det andre var å vere ein marknadsplass der bygdekunstnarane kunne få selje arbeida sine. Marit leverte sitt første par med kvitt og svart mønster til Husfliden i Trondheim i 1897. I eit distrikt med berre 4000 innbyggjarar var talet på strikkarar nokså avgrensa. Men dei som strikka, gjorde det så sant dei fekk høve. Den folkelege tradisjonen utvikla seg i stadig større målestokk etter som produksjonen kunne bli utnytta kommersielt. Mange kvinner strikka overalt der dei gjekk og stod, på veg til butikken, mellom gardane og med korga på armen når de handla i krambuene. Kvart ledige minutt kunne brukast til å tene pengar. Strikkarane elska å samle

dagar før bryllaupet. Når brura stelte til og dekorerte festlokalet, blei vottane festa på ei snor eller ei stong, og slik hang dei utstilte gjennom heile festen. Brura måtte vere særleg merksam, det var nemleg hennar ansvar at kvar mann fekk dei vottane som kona hans hadde strikka. Det ville slett ikkje ta seg godt ut om Erling valde å ta med heim vottane som kona til Karl hadde laga! Desse bryllaupsskikkane utvikla seg fram til siste delen av 1800-talet og litt inn på 1900-talet, men døydde ut under andre verdskrigen. Av vottane i denne boka kan namnevotten på s. 40 og «rosevotten» på s. 136 ha blitt strikka som bryllaupsgåver. Begge para har om lag same masketettleik – 36 masker på 10 centimeter – som er typisk for vantar frå før krigen. (Etterkrigsvantar var ofte strikka i tjukkare garn med mindre masketettleik, som 28 eller 30 masker på 10 centimeter.) I 1932 strikka ein jo framleis vottar til bryllaup; «S.O.» kan vere initialane til brudgommen. Og kanskje kona til Erling strikka namnet hans inn slik at ingen skulle ta feil når tida var inne for å dele ut gåvene.

strikking blir business Den første landhandelen i Selbu blei opna i 1860 av Fredrik Birch. Han var fødd i Trondheim i 1826, men flytta til Selbu. Birch var ein framgangsrik handelsmann, og familien dreiv etter kvart gard, bakeri og postkontor. I tillegg dreiv han eit steinbrot på Kvernfjellet i Selbu, den største kvernsteinsprodusenten i Noreg. Birch reiste til Kristiania i 1883 for å vere til stades på ei industriutstilling og tok med seg nokre mønstervottar. Vottane blei svært populære, og han såg at

13


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 14

Det er ikkje vanskeleg å skjøne korleis dei må ha kjent det. Handelsmennene hadde blitt rike på arbeidet deira gjennom 30 år, og plutseleg var dei ikkje lenger gode nok? Etter kvart blei strikkarane likevel overtydde om at det å produsere varer med minstekrav og høgare standard ville gi ei kvalitetsmerkevare som kunne auke fortenesta for alle – både for dei som strikka, og for distributørane. Den 8. juli 1934 blei Selbu Husflidscentral etablert, ei samanslutning av 13 forretningsmenn. Dei fekk sitt eige hus, Kristian Kvennås blei den første leiaren, og Johan Hårstad blei styreleiar. Husflidscentralen var likevel ikkje den einaste salskanalen for strikkarane. Ifølgje den norske strikkeeksperten Annemor Sundbø hadde ein kjøpmann på Støren, Sverre Flagestad, ei biverksemd som heitte Selbuartikler Engros. Det nolevande barnebarnet hans, Lene, kan fortelje at bestefaren dreiv landhandelen A. Flagestads Eft., som far hans igjen, Anton, etablerte i 1888. Flagestad drog ut med Raumagarn til strikkarar og kom tilbake seinare for å kjøpe ferdige strikkevarer. Han reiste deretter rundt i Noreg og selde varene til husflids- og suvenirbutikkar. Selbuartikler Engros spesialiserte seg dessutan på minivottar – ubrukelege, men vakre. Sverre Flagestad dreiv verksemda si heilt fram til han døydde i 2000, 94 år gammal. Fleire liknande småbedrifter har også eksistert. Selbu Husflidscentral spesialbestilte garn frå spinneria til strikkarane sine. Namdal Ullvarefabrikk produserte ein type garn som blei kalla Selbugarn, spesiallaga for selbustrikking. Andre i Selbu brukte garn frå Brødrene Krog på Røros og frå Alver i Nord-Trøndelag. Mange av vantane eg undersøkte, brukte same garntype, eit glatt 3- eller 4-tråda kamgarn. Sannsynlegvis var det Selbugarn.

seg rundt ein kopp kaffi og dele lys og selskap medan dei arbeidde. Tusenvis av strikkarar i og utanfor bygda konkurrerte om å lage nye mønsterkombinasjonar, ut frå eigen fantasi eller på grunnlag av andre tekstilar. Ferdselsvegen mellom Trondheim og Sverige går gjennom Selbu, og plasseringa av bygda hjelpte til med både å bringe strikkeplagga ut av bygda og å få inn nye mønsteridear. Det er framleis mogleg å lokalisere dei ulike mønstertypane til ulike plassar i distriktet. Eit mønster kan vere oppkalla etter ein gard eller ein familie, som Emstadrosa eller Kallarstrørosa. Motiva kan dessutan ha fått namn etter ting i dagleglivet, til dømes «verhonnrosa» (vêrhornrosett), «tellrosa» (grankvistrosett), «kaffekånnet» (kaffibønna) og «spyttklysa» (tvi tvi, sa ein og spytta for å ønskje lykke til med noko. I folketrua hadde dessutan spyttet magisk verknad, det kunne hugvende). Marknaden for strikkevarene blei stadig større. Strikkarane i Selbu klarte etter kvart ikkje å dekkje den store etterspurnaden, og hastverket gjekk utover strikkekvaliteten. Det blei strikka mønsterfeil, enkelte brukte for tjukke pinnar, andre strikka for små vantar som blei blokka ut slik at dei kunne bli selde som vaksenstorleik. Prisen stod heller ikkje alltid i forhold til kvaliteten. Handelsmennene i Selbu måtte gjere noko for å vinne tilbake Selbus gode namn og rykte.

husflidssentralen På 1920-talet gjekk derfor handelsmennene saman i organisasjonar. På den måten kunne dei krevje høgare kvalitet av strikkarane. Mange strikkarar blei provosert over dette, og fleire var fornærma over at nokon blanda seg inn og freista å kontrollere produksjonen.

14


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 15

tar ut mønsteret, tek nesten 30 % lengre tid å lage enn den andre. Det er enkelt å gjere på nytt noko ein allereie har gjort ein gong før. Om eg skulle strikke for å betale for kaffikoppen min, ville eg truleg òg ha fokusert på eitt eller to mønster og ikkje utvikla nye design heile tida. Mange av dei som strikkar i Noreg i dag, bruker òg det same mønsteret om att og om att, sjølv om dei strikkar berre til eigen familie. Slik har det alltid vore, og slik vil det halde fram med å vere. Sjølv om Selbu produserte uvanleg store mengder strikkevarer, klarte ein etter kvart ikkje å dekkje den store etterspurnaden. Det Selbu ikkje klarte å produsere, måtte folk lære seg å strikke sjølv.

Husflidscentralen nytta dei beste eksempla av kvart strikkeplagg som standardmodellar for storleik, vekt og form. Trykte oppskrifter med mønster og tekst peikte også ut fallgruver: I skrivet «Herrevanter nr. 28/16» står det: «De almindeligste feil har hittil vært at avstanden fra håndleddet til tommelfingeren har vært for kort.» Varer som blei laga etter den nye standarden, var merkt med eit segl. Dei som hadde levert dårleg kvalitet eller strikkefeil, kunne få varene i retur eller oppgjeret redusert. Strikkarane måtte akseptere å ta i bruk standarden og i tillegg love å ikkje selje strikkevarene sine andre stader. Kvar medlem teikna seg for ein lott på minst 50 kroner. Vottesentralen marknadsførte strikkevarene frå Selbu til heile landet. Som varemerke for produkta nytta dei bilete av bestemoraktige, landsens koner, som blei assosierte med tradisjon, sunnheit og høg kvalitet. Etter som kvaliteten blei betre, steig salet. I 1935 fekk Selbu Husflidscentral eit rentefritt lån på 10 000 kroner. I 1937 nådde salet 141 128 kroner, og i 1939 var det oppe i heile 250 000 kroner, ein sum som svarte til salet av 1000 tonn med korn. Salet omfatta 90 000 par vottar og vantar, i tillegg til sokkar, luer, skjerf og kufter. Ein selde ikkje berre i Noreg, men eksporterte til heile Europa og også Nord-Amerika. Det var ingen dårleg butikk i eit samfunn med rundt 4000 innbyggjarar. Mens standardiseringa hjelpte til å forbetre kvaliteten, minka utvalet av mønstervariantar. Selbu Husflidscentral trykte oppskrifter og såg helst at strikkarane nytta desse framfor å finne på eigne mønster. Strikkarane produserte såleis etter dei same mønstra om og om igjen. Fortenesta auka når strikkarane kunne mønstra utanåt. Det var meir tidkrevjande å lage nye originale mønster kvar gong. Den første vanten, der ein tes-

strikkemisjonæren Sjølv om Marit Emstad blir omtalt som mora til selbustrikkinga, er det ei anna kvinne som spreidde bodskapen vidare, nemleg Annichen Sibbern Bøhn, fødd i Oslo i 1905. Ho ville finne ut meir om den norske strikkehistoria og ta vare på henne for ettertida. I 1920-åra gjekk Annichen på Kunst- og håndverkskolen i Oslo, og i 1927 reiste ho rundt på landsbygda på jakt etter strikkemønster. Med støtte frå Den Norske Husflidsforening gav ho i 1929 ut boka Norske strikkemønstre. Boka inneheld ruteteikningar av mønster til vottar, luer, strømper og kufter, og i tillegg bordar, enkeltmotiv og heilmønster som kunne brukast i alle moglege strikkeprosjekt. Boka var enormt populær og blei trykt opp mange gonger gjennom fleire tiår. Ho blei også omsett til engelsk. Annemor Sundbø omtaler boka som «ein strikkebibel» og meiner ho gav nytt liv til strikkinga i Noreg. I 1930-åra publiserte Annichen oppskrifter på saum og broderi i kvinnetidsskriftet Urd og avisa Morgen-

15


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 16

mange av dei fine detaljane frå tidlege mønster gjekk tapt. Kanskje var det fordi garnprodusentane ønskte at strikkarane skulle bli fort ferdige, slik at produsentane kunne selje meir garn og gi ut stadig nye oppskrifter? Mønstra viste uansett at kvinner i og utanfor Noreg ønskte seg selbuvottar, dei ville strikke dei, og dei ville ha oppskrifter. Annemor Sundbøs vottesamling, som er samla inn over eit stort tidsrom, inneheld svært mange av mønstra som er viste i boka til Annichen Sibbern. Oppfatninga av at strikkarane i gamle dagar var ekspertar som kunne skape alt dei ønskte, ut av eige hovud, utan feil eller problem, er misvisande. På same måten som i dag ville alle som spesialiserte seg innanfor eit felt, bli gode på akkurat dette feltet. Dei som strikka selbuvottar profesjonelt, blei sjølvsagt ekstra gode til det. Om ikkje alle vottane blei perfekte, er det ingen tvil om at standarden bidrog til å betre kvaliteten. For dei fleste vil eit nedteikna og utprøvd mønster vere ein garanti for eit godt resultat. Annichen Sibbern Bøhn gav også ut andre bøker. Før Norske Strikkemønstre gav ho ut ei bok om babyog barneklede. Denne inneheldt både saum- og strikkemønster. Ho skreiv i tillegg ei bok om gjenbruk, Gammelt til nytt, som blei veldig populær under krigen. Annichen skreiv dessutan artiklar og heldt kurs, og ho arbeidde som assistent for onkelen, arkitekt Magnus Poulsson. I løpet av livet blei Annichen høgt verdsett som strikkeekspert, og da ho i 1955 besøkte den eine av døtrene som hadde emigrert til USA, fekk dette avisomtale. Annichen Sibbern Bøhn døydde i 1978. Døtrene Annichen Lillan Bøhn Kassel i Denver og Sidsel Kringstad i Sverige gav seinare ut ei bok til ære for mora, som dei kalla Stick-Knit. Fysiske prov på kor populær selbustrikkinga var,

bladet. Her blanda ho gammal og moderne stil med mønster henta frå strikk. Urd hadde et stort spekter av artiklar og reportasjar, til dømes meldingar av arkitektur, kunst og kunsthandverk. Råd om mote stod saman med annonsar frå meir eller mindre tilfeldige produkt, som omnar, skjønnheitsprodukt, garn og utstyr til saum og broderi. Stilen på tidsskriftet var typisk for dameblad på den tida, der kvinner fekk råd om moderne, sofistikert smak – sjølv om dei budde på gardar langt oppe i fjellet. Redaktøren av Morgenbladet skreiv i 1930 at Annichens artiklar fekk komplimentar frå mange lesarar, både for stilen og for innhaldet. Når først selbustilen var blitt kjend og utbreidd, smitta han fort over til andre område. Sandnes Uldvarefabrik gjorde dei tradisjonelle selbumønstra til eit viktig grunnlag for verksemda si. Enkelte gonger blei mønstra laga av fabrikkens eigne designarar og fekk namn etter stader dei ikkje hadde noka tilknyting til. Denne stilen finn vi døme på i ei bok som kusina til Annichen, Elsa Poulsson, gav ut i 1940-åra. Mot slutten av 1940-åra blei selbuvottar så vanlege i vekeblad og mønsterbøker at dei gjekk under nemninga «Vottar med mønsterstrikking», utan at det blei vist til selbustilen i det heile. Var det noko ein gløymde, eller blei selbutradisjonen oversett? Var namnet Selbu blitt overflødig? Utanfor Noreg brukte ein berre uttrykket «norske vottar», og trådane tilbake til opphavet var kutta av. Elizabeth Zimmermanns Knitter’s Almanc tilbyr eit mønster til «norske vantar» utan å nemne Selbu. Mary Thomas’s Knittingbook viser ein vante med reinsdyr som der blir omtalt som litauisk. Reinsdyrmotivet ser ein ofte i selbustrikk, men aldri i baltiske mønster. Vottane frå etterkrigstida er laga med tjukkare garn og pinnar. Mønstra blei derfor enklare og grovare, og

16


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

27-11-09

08:44

Side 17

«Votteteppe» med selbustrikk frå samlinga til Annemor Sundbø. Teppet er laga av over 1200 vottar og vantar frå fillehaugen hennar på Torridal Tweed og Ulldynefabrikk.


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 18

Isle Knitting har mange vakre stjernemønster med i diagramdelen. Alle desse kunne eigentleg godt høyrt heime i selbustrikkinga. Etter krigen skaut industrialiseringa ny fart, og utviklinga nådde også Selbu og strikkeproduksjonen. Strikkemaskiner hadde vore tilgjengelege i distriktet frå 1920-åra, men det var ikkje før litt seinare at dei vann terreng. I 1947 skaffa Randi Kvennås nokre gamle strikkemaskiner og sette dei opp i kjellaren til Selbu Husflidscentral. Ho hyra inn arbeidsfolk som kunne køyre maskinene, og starta opp med eit mykje større varespekter enn før, mellom anna genserar og bomullsvarer. Produksjonen måtte aukast for å dekkje behovet, særleg fordi skisporten blei stadig meir populær. Likevel blei ikkje fabrikken nokon suksess, og han måtte leggje ned etter 5 år. Men heimestrikkinga heldt seg. I 1960-åra var omsetnaden på over ein million årleg. Rundt 2000 unge jenter og husmødrer stod for produksjonen, der det meste blei strikka heime eller i lokala til vottesentralen. Selbustrikk var aktuell skimote på denne tida. Kjendisar og skiheltar reklamerte for selbustrikk, og vottesentralen sende ut rundt 15 % av produksjonen til heile Europa og Nord Amerika. Men mot slutten av 1960-åra skjedde det noko. Det kom billige masseproduserte strikkevarer, noko som gjekk ut over marknaden til selbustrikkinga. Samstundes gjekk selbustrikk meir eller mindre av moten, og salet fall rett ned. Selbu Husflidscentral ønskte likevel å utvide varespekteret sitt og tilpasse det til turistmarknaden. Men dei meinte at det ikkje lenger var nødvendig å handstrikke. I 1960-og 1970-åra blei tradisjonelt husflidshandverk i mange vestlege samfunn oppfatta som lite

viser seg i fillene som blei funne på Torridal Tweed og Ulldynefabrikk, Noregs siste fabrikk som resirkulerte ull. Gjennom fleire tiår tok fabrikken imot ullfiller for gjenvinning. Utslitne vottar, sokkar, kufter, undertøy m.m. blei omdanna til ullvattdyner, madrassar, soveposar, ullteppe og pledd. Annemor Sundbø, fabrikkeigaren, henta Noregs strikkehistorie ut av dette lageret. Selbuvottar og strømper frå rundt 1900 og fram til 1990-talet var av dei mest vanlege plagga i fillehaugen. Annemor har skrive om funna sine i boka Kvardagsstrikk, Kulturskattar frå fillehaugen.

krigsåra og etterkrigstida Som mykje anna opplevde strikkeindustrien ein tilbakegang under andre verdskrigen. Men samstundes tok strikkemønstra nye vegar. Nokre av dei som flykta frå Noreg, drog til England og Skotland. Selbumønstra begynte no å påverke strikkinga på dei britiske øyane. Britiske strikkarar tok selburosa inn i dei mønstra som bygde på den såkalla Fair Isle-strikkinga. Fair Isle er ei lita øygruppe utanfor Shetland som hadde utvikla ein heimeindustri lik den i Selbu. På dei britiske øyane blei selburosa kalla «Large Star», eit omgrep som kom inn i vokabularet etter at dei hadde lært stjernemønsteret av dei norske flyktningane. Vi ser det oftast brukt på genserar med vertikale mønsterstriper. Vottar og vantar som er viste i boka Traditional Fair Isle Knitting av Sheila McGregor, har store stjerner på handbaken, sjakkmønster på tommelkilen, småmønster i handflata og i tillegg den karakteristiske delelinja framme/ bak som vottane frå Selbu har. Det einaste som manglar, er den spisse avfellinga på handa og fingertuppane. Traditional Fair

18


# Selbu del 1, 07.10_hbo:Layout 1

26-11-09

12:19

Side 19

utanfor Noreg, særleg etter at nye strikkekreasjonar blei laga av kunstnaren Ellinor Flor. Delar av kolleksjonen hennar er samla og omtalt i boka Rosa heimanfrå. Selbu Husflidscentral satsa på ein massiv ny marknadsføringskampanje, men produksjonen gjekk ikkje så godt. Den offisielle årsaka var problem med å skaffe riktig kvalitet på garnet. Styreformannen sa opp midt i dei finansielle vanskane, og i 1992 gjekk Selbu Husflidscentral konkurs. Nitten kvinner mista jobben, og folk i Selbu tok det tungt. Men litt over ein månad seinare blei verksemda bygd opp att under namnet Selbu Husflid AS. Edwin Dahlø blei ny leiar, 11 damer blei tilsette på fulltid, og rundt 200 lokale heimestrikkarar skulle i tillegg produsere for selskapet. Strikkinga er også i dag ein viktig og anerkjend del av Selbus kulturliv. Bygda har fått Selbu Bygdemuseum, den største permanente strikkeutstillinga i Noreg. Heimestrikkarar lagar framleis vottar og vantar, og samtidig blir det maskinprodusert meir moderne plagg. Selbu Husflid AS sel kolleksjonen med merket «Orginal Selbu» både i heimbygda og på nettet. Selbumønstra er etter kvart innarbeidde i internasjonal mønsterterminologi. Motiv som stjerner, dansarar og reinsdyr er vanlege å sjå; vi finn påverknaden frå Selbu på strikkeplagg over heile verda. Dei fleste bryr seg kanskje ikkje om mønstra på kleda sine, men strikkarar som er kulturhistorisk orienterte, vil alltid kjenne sambandet med fortida når dei ser eit kjent mønster. Dei kjenner den nære slektskapen med generasjonar av dyktige strikkekunstnarar, både dei før oss og dei som kjem etter oss.

kreativt og nyskapande. Slik var det også i Noreg. Haldninga var at tradisjonell husflid som broderi, strikking og trearbeid ikkje var «ordentleg» kunst. Det blei oppfatta som syslar ein ikkje trong gå på skole for å lære. Denne haldninga har eksistert på mange utdanningsinstitusjonar fram til i dag. Annemor Sundbø skildrar korleis tradisjonell form blei oppfatta som fantasilaust og var lite akseptert da ho tok kunstutdanning i 1970-åra. Den rådande oppfatninga var at handarbeid, inkludert strikking, var ein litt gammaldags damesyssel og terapi for sosialt mistilpassa. Først no er det stereotypiske biletet av kona i gyngestolen i ferd med å endre seg, og det er strikkarane sjølv som er med på å skape denne endringa. Dessverre blei denne negative haldninga nådestøyten for Selbu strikkeindustri. Etterspurnaden etter tradisjonell form stoppa opp, og verksemda leid store tap ettersom kundane ville ha ein meir nymotens stil. Tidleg på 1980-talet var det berre nokre få eldre heimeprodusentar att som strikka for Selbu Husflidscentral, og dei eldste mønstra stod i fare for å gå tapt. Det blei sett i gang ei innsamling av gamle mønster, og det blei laga planar for å få nytt liv i heimeindustrien. Selbu Huslfid A/S laga eit eige hefte der mønstra blei samla. Leiar ved Husfliden, Elizabeth de Jong, og husflidskonsulent i Sør-Trøndelag, Eli Nistov, starta i 1985 ein kampanje som fokuserte på kvinnemote: «Nå satser vi på kvinner.» Den nye kolleksjonen skulle bruke dei gamle mønstra og tilpasse dei til ein spennande og meir moderne stil. Femten maskinstrikkarar blei tilsette ved den nye produksjonslinja. Denne «Original Selbu»-kolleksjonen vekte stor merksemd både i og

19


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 30


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 31

OPPSKRIFTER Oppskriftene i denne boka er basert på to ulike kjelder: vottar frå Nordic Heritage Museum i Seattle og Annemor Sundbøs private votte- og vantesamling. Dessverre finst det få opplysningar om kor dei enkelte plagga stammar frå. Slik gjekk eg fram for å utarbeide oppskriftene ut frå plagga eg hadde: Først målte eg breidd, lengd og strikkefastleik, og fann ut kor mange masker som måtte leggjast opp. Deretter teikna eg mønsteret over på rutepapir, i den retninga ein strikkar: først mansjetten, så underhanda med tommelkile, deretter handflata, så tuppen av handa eller fingrane og til slutt baksida av tommelen. Mønstra blei testa ut ved å strikke modellar, anten sjølv eller med hjelp frå dei tjue medhjelparane mine. Deretter retta og justerte eg mønstra og gjorde dei ferdige. Undervegs blei eg fleire gonger stilt overfor valet mellom å lage ein nøyaktig kopi eller utarbeide eit nytt mønster, kanskje med ein litt meir moderne og funksjonell stil. Enkelte av vantane hadde til dømes fingrar i same lengd. Eg bestemte meg for å halde meg strengt til originalvottane eg hadde, framfor å prøve å gjere dei meir tidsriktige. I staden lèt eg brukaren av boka få endre mønstra slik at dei passar eigen smak. La fingrane dine tilpasse det som skal passe på fingrane!

31


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 32


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 33

Vante med slangebord Desse vantane er uvanlege fordi fingrane har ulike mønster. På to av fingrane held borden frå handbaken fram, på dei andre finn vi att stjernene.

kjelde: annemor sundbøs privatsamling storleik: kvinne medium lengd: 22,5 cm breidd: 11 cm garn: hifa 2 ullgarn, ubleikt 6057 – 50 g, melert brun 6103 – 50 g pinnar/strikkefastheit: nr. 2/ca 30 m

auk 1 maske til 54 masker. Strikk deretter diagram C. Avslutt med ein omgang med botnfargen slik: auk 1 maske etter kvar 9. maske; gjenta til det er 60 masker.

hand med tommelkile Begynn på diagram D og strikk etter høvesvis høgre og venstre hand. Strikk nedste delen av handa med tommelkilen og auk ut masker som vist på diagrammet til det er 73 masker.

mansjett Legg opp 52 masker i botnfargen. Fordel maskene likt på 4 pinnar; set saman for å strikke rundt. Strikk to omgangar med 2 rette / 2 vrange. Strikk deretter ein omgang i botnfargen, før du byrjar på diagram A. Strikk ein omgang i botnfargen igjen, auk 1 maske til 53 masker. Strikk deretter mønsteret på diagram B. Strikk så ein omgang med botnfargen igjen,

set av tommelmasker På neste omgang set du av tommelmaskene, som er merkte med ei grå ruterekkje. Set av 16 masker på hjelpetråd og legg opp 15 nye masker på baksida. Strikk etter resten av diagram D.

33


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 34

del inn masker til fingrane

peikefinger

Streken over diagram D viser inndelinga til fingrane. Set av alle maskene på ein hjelpetråd bortsett frå dei som skal brukast til veslefingeren.

Strikk som veslefingeren, berre spegelvendt og litt lengre (sjå diagrammet).

tommel veslefinger

Plukk opp dei 15 maskene som blei lagt opp tidlegare og set maskene frå hjelpetråden over på strikkepinnar. Plukk i tillegg opp 1 maske på kvar side av tommelopninga ( = 33 masker). Strikk framsida av tommelen etter diagram E, auk ut 2 masker som vist. Hald fram med handflatemønsteret på baksida. Avslutt med å felle av, trekk tråden igjennom og stram.

Fordel maskene til veslefingeren på 4 pinnar. Legg opp 3 nye masker på innsida av fingeren, tilpass fargane etter veslefingerdiagrammet og handflatemønsteret. Pass på at du får overgangen frå borden på handbaken rett. Avslutt med felling, trekk tråden igjennom.

ringfinger og langfinger

etterbehandling

Set maskene frå hjelpetråden over på strikkepinnar, plukk opp dei 3 ekstra maskene frå førre finger, legg opp 3 nye. Følgj diagrammet for ring-/langfinger. Det blir lange trådsprang, så pass på å tvinne tråden bak. Strikk fingeren ferdig og avslutt med felling.

Belegg alle trådendane på vranga. Dersom det visest små hol ved rota av tommelen etter dei maskene som blei plukka opp, kan du sy dei igjen med trådenden. Vask, blokk og press etter ønske.

34


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 35

Diagram A

Diagram B

Diagram C Veslefinger

Diagram E

Peikef.

Diagram D

Langf.

Ringf.

Veslef.

Ringfinger

Peikef.

Langf.

Ringf.

Veslef.

Veslef.

Ringf.

Langf.

Peikef.

Venstre hand

Langfinger

Veslef.

Ringf.

Peikefinger

Langf.

Høgre hand

35

Peikef.


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 36


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 37

Vott med granbar Desse vottane er skoleeksempel på selbustrikking. Den stripete vrangborden og «dansemaur»-linja på sidene er klassiske, og tommelkilen er elegant utforma. Mønsteret på handbaken består av granbar med små rombeformer imellom. Dei kan sjå ut som åttetakkete stjerner – eller kanskje dei er små edderkoppar som spinn eit kjærleiksnett mellom dei eviggrøne greinene? Heile utforminga er ungdommeleg og rein. Vottane er smale og passar til jenter.

kjelde: annemor sundbøs privatsamling storleik: barn medium lengd: 21,5 cm breidd: 8 cm garn: hifa 2 ullgarn, ubleikt 6057 – 50 g, olivengrøn 6090 – 50 g pinnar/strikkefastheit: nr. 2/ca 30 m

annankvar omgang i mønsterfarge og botnfarge til du har 5 striper (eller så mange som du ønskjer). Avslutt med 6 omgangar i botnfargen igjen. Skift til glattstrikk, samstundes som du aukar på denne måten: Strikk 5 masker i botnfargen, auk 1 maske, gjenta ut omgangen = 48 masker. Strikk deretter diagram A. Avslutt med ein omgang i botnfargen.

mansjett

hand med tommelkile

Legg opp 40 masker i botnfargen. Fordel maskene på 4 pinnar; set saman for å strikke rundt. Strikk vrangbord med 2 rette / 2 vrange, der du begynner med 6 omgangar i botnfargen. Strikk deretter

Start med diagram B og følg høvesvis venstre og høgre hand. Strikk nedste delen av handa med tommelkilen og auk ut masker som vist til det er 58 masker.

37


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 38

set av tommelmasker

tommelopninga. Du har no 26 masker. På neste omgang, i det du begynner på diagram C, feller du dei 2 ekstra maskene att, til 24 masker. (På den måten unngår du å få hol ved tommelen.) Hald fram med handflatemønsteret på baksida av tommelen. Avslutt med felling, trekk tråden igjennom dei maskene som er att.

På neste omgang set du av tommelmaskene, som er merkte med ei grå ruterekkje. Set av 16 masker på hjelpetråd og legg opp 9 nye masker på baksida. Du har no 52 masker. Strikk vidare etter diagrammet. Avslutt tuppen av handa med felling, trekk tråden gjennom dei maskene som er att.

etterbehandling tommel

Belegg alle trådendane på vranga. Dersom det visest små hol ved rota av tommelen etter dei maskene som blei plukka opp, kan du sy dei igjen med trådenden. Vask, blokk og press etter ønske.

Plukk opp dei 9 maskene som blei lagt opp tidlegare og set maskene frå hjelpetråden over på strikkepinnar. I tillegg plukkar du opp 1 maske frå kvar side av

Diagram A

Diagram C

38


# Selbu del 2, 07.10 :Layout 1

26-11-09

12:07

Side 39

Diagram B

Høgre hand Venstre hand

39


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.