Sirkus spetakkel

Page 1


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 1

1


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 3

Kari Smeland

Sirkus Spetakkel Illustrert av Bibbi Omtveit

Samlaget Oslo 2014


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 4

© Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Bibbi Omtveit/Scangraphic Førtrykk: Samlaget Trykkeri: Scangraphic AS Printed in Poland ISBN 978-82-521- 8435-8


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 5

Kapittel ein – Ein morgon er som dei fleste andre morgonar. Ei stund I den tette, grøne skogen står ein solgul campingbil og latar seg. I campingbilen bur dei to klovnane Mikko og Rasmus og den vesle sirkusjenta Ada. Saman er dei tre Sirkus Spektakulær, og som alle sirkus er dei ikkje berre eit sirkus, men også ein liten familie. Familien er kanskje ikkje heilt som alle andre familiar, men om ein tenker seg om, så er det vel ingen familiar som er akkurat som alle andre. Sirkus Spektakulær er eit reisande sirkus, og på reisene sine møter dei folk som elskar det vesle sirkuset, og det er slett ikkje rart, for Sirkus Spektakulær både syng og tryllar, balanserer på liner og sjonglerer med faklar og knivar, økser og egg. Og slike ting er det ganske få som ikkje elskar. Små jenter som Ada bur vanlegvis saman med ei mamma eller ein pappa, eller til og med begge

5


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 6

delar, men Ada bur med dei to klovnane, og det har ho gjort så lenge ho kan hugse. Ada har kokesjokoladebrune auge og hår bustete som eit fuglereir. Ho er ni år og lågare enn dei fleste andre på sin alder, men til gjengjeld ler ho lysare enn ein operasongar og lyg lettare enn ein røvar. Likevel er hjartet til Ada varmt og godt som ein rykande kopp med heimelaga kakao. «Sirkusprinsessa vår!» seier Rasmus og Mikko ofte til Ada, og så klemmer dei ho så hardt at ho nesten ikkje får puste. Endeleg er natta i ferd med å forlate den grøne skogen, og morgonstrålane frå sola tittar søvnig fram mellom greinene. Det er snart tid for ein ny dag for Sirkus Spektakulær, og i den solgule campingbilen ligg Ada i køya si og kjenner etter kva slags dag det, er med nasen. Dei skikkeleg gode dagane luktar ferske brød eller nybaka smultringar. Dei ganske gode dagane luktar nykoka kaffi og appelsinjuice, mens dei ordentleg dårlege dagane luktar ròtne bananar, mugne brødskalkar og mjølk med klumpar i.

6


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 7

Ada ligg med heile seg under dyna. Berre nasen stikk fram og sniffar etter ein skikkeleg god, ein ganske god eller ein ordentleg dårleg dag. Ho sprett opp. Dyna fyk i taket. Puta ramlar i golvet. «Smultringar!» Rasmus er sjefkokken i Sirkus Spektakulær. Håret hans er så langt at det når han heilt til rumpa, og på begge armane har han gigantiske tatoveringar av raude roser, vakre damer og eldsprutande drakar. Munnen hans er stor og raud og nesten alltid forma i eit breitt smil. Nå har Rasmus tatt på seg sitt spygrøne forkle og trillar elegant ut smultringar som han legg til blaut i feittgryta. Etterpå fiskar han dei opp og henger dei til tørk på ein pinne som stikk ut frå veggen. Pinnen er snart full allereie. «Det stemmer. Dette er ein smultringdag,» seier han og gliser fornøgd. «Ein skikkeleg god dag,» smiler Ada. «Pøh!» fnyser det under dyna til Mikko. Mikko er lang som ein stige og har så stort skjegg at det ser ut som han har rappa all ulla til ein sau og limt den fast i fjeset. Nå kikkar han forsiktig fram

7


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 8

frå den prikkete dyna, og han er slett ikkje blid under alt skjegget. Men då er i grunnen alt som det brukar, for Mikko er nesten aldri blid. «Så sur som du er i dag, trur eg aldri eg har sett deg før,» seier Ada. Ho tar på seg ei olabukse og ei rutete skjorte som heng over stolen. Buksa har eit hòl på det eine kneet og grønske på det andre, så då er det ikkje så farleg om ho blir skitten i dag heller. «Eg trur jammen du har rett, Ada,» nikkar Rasmus. «I dag er han surare enn den suraste sokk, surare enn den suraste sitron.» Rasmus hevar augebryna, og så sprutar han ut i ein latter så høg og brølande at han ramlar saman over kjøkkenbenken. Endå så sur Mikko er, må Ada også le når Rasmus ler på den måten. Latteren boblar opp frå magen hennar som lykkelege brusbobler, og jo lenger og høgare dei to ler, jo surare blir Mikko. «Denne dagen er like god som menneskeetande flaggermus,» stønnar Mikko, som framleis ligg under dyna. «Nemleg ikkje god i det heile tatt!» «Det seier du jo kvar dag,» påpeikar Ada og tar

8


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 9

eit stort bit av den rykande ferske smultringen. Mikko er nemleg den suraste klovnen som noko sirkus har sett. Det er lettare å få tak i ein gitarspelande elefant enn ein surare klovn enn meg, seier Mikko ofte. «Men i dag, mi gode Ada, meiner eg det verkeleg. Med ein gong eg vakna, kjente eg med kvar vesle krik og krok av kroppen at denne dagen byr på noko ekstra grufullt!» «Eg tippar det var morgonanden din,» seier Rasmus og henger tre drypande varme smultringar til tørk. «Alle som bur i denne bilen, veit jo at den er grufull nok til å ta livet av ein heil dyrepark.» Ada fniser så halve smultringen ho har i munnen, sprutar utover bordet. «Ta deg ein smultring,» trøystar Rasmus blidt og set eit fat med rykande ferske smultringar på bordet. «Smultringar hjelper mot det meste,» nikkar Ada. «Ikkje mot stinkande dagar som denne,» svarar Mikko. Men han krabbar fram frå dyna, set seg tungt på stolen og gomlar i seg tre smultringar på ein gong likevel. «Berre slik i tilfelle,» mumlar han. «Kvar dag som begynner med ein smultring, er

9


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 10

ein lykkeleg dag,» nikkar Rasmus og tar eit digert jafs. «Og i dag, mi modige Ada, kjem det til å skje store ting!» Denne dagen begynner som dei fleste andre dagar.

10


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 11

Uansett om dagen er skikkeleg god, ganske god eller ordentleg dårleg, er Rasmus like blid og optimistisk som Mikko er sur. For sjølv om Mikko og Rasmus er brør, er dei like ulike som salt og pepar, som natt og dag, som krig og kjærleik. «Kva slags store ting?» lurar Ada. «Det veit eg ikkje heilt ennå, men dei er ikkje berre store. Dei er enorme!» «Korleis veit du det?» «Åh! Det er då berre slikt eg veit,» svarar Rasmus og er like mystisk som ei spåkone. Etter smultringfrukosten går Ada gjennom den tette, grøne skogen og inn til den vesle byen. Ho går heilt aleine gjennom dei tomme gatene og sparkar i småsteinane som ligg og kjedar seg på bakken. Alle andre har visst andre ting å gjere. Alle utanom Ada, som ikkje har noko som helst å gjere og ingen å gjere det med heller. Dei kom til skogen og den vesle byen i går. Sirkus Spektakulær er aldri lenge på same stad. Dei elskar nemleg landevegen. «Det er på landevegen vi høyrer heime,» seier Mikko og Rasmus ofte.

11


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 12

Ada stoppar opp ved eit gult hus. I hagen veks det raude rosebuskar, og ein utsparka fotball ligg einsam i eit hjørne. Ein gråhåra mann sit på verandaen og legg kabal. Han er sikkert nokon sin bestefar, tenker Ada og kikkar nysgjerrig på den gamle mannen gjennom gjerdet. Akkurat då kjem ei jente ut døra. «Bestefar!» ropar jenta og kastar seg rundt halsen på den gamle mannen. «Eg trudde små jenter var på skulen midt på dagen,» kviskrar Ada for seg sjølv. Jenta er høgare enn Ada, men ho ser omtrent like gammal ut likevel. Ho har på seg raude bukser, og håret er fletta i to lange fletter. Ein gong prøvde Rasmus å flette håret til Ada, men det lugga så fælt at Ada ikkje heldt det ut. «Det er betre at eg har bustete hår, enn at du riv det av,» sa ho, og Rasmus måtte til slutt gje opp. «Er det ei venninne av deg?» spør bestefaren og peikar rett på Ada. Ada hikkar av overrasking. Ho var sikker på at ho var usynleg her bak gjerdet, men nå kikkar jenta rett på ho med små, nysgjerrige auge. «Nei, det er ikkje ei venninne av meg,» svarar jenta bestemt.

12


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 13

«Då kan det jo kanskje bli det,» smiler bestefaren og går inn i huset. Jenta går ned frå verandaen og gjennom hagen mot Ada. Ho ser jo snill ut, tenker Ada, og i eit lite sekund ser ho for seg ho og jenta sparke fotball saman i hagen og kviskre hemmelegheiter til kvarandre under rosebusken. For Ada veit at det er slike ting gode venner gjer. Jenta er framme ved gjerdet, og Ada bit seg nervøst i leppa. «Kvifor er du ikkje på skulen?» spør jenta. «Kvifor er ikkje du på skulen?» spør Ada tilbake. Ho har ikkje lyst til å fortelje jenta at ho ikkje går på skule, men at Mikko og Rasmus lærte ho å lese for mange år sidan. Og ho har i alle fall ikkje lyst til å fortelje at både Mikko og Rasmus hatar tal, og derfor kan Ada berre pluss og ikkje minus, og gongetabellen kjem ho nok aldri til å lære, for den synest Mikko og Rasmus er det verste som finst. «Fordi eg har brekt armen og måtte på sjukehuset og få gips,» forklarer jenta. «Sjå!» Ho viser stolt fram den eine armen, som er surra inn i ein lyseblå gips. «I morgon skal eg på skulen igjen, og då skal

13


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 14

alle i klassa mi teikne og skrive på den. Trur du ikkje den blir fin då?» Ada nikkar taust. Ho har aldri sett ein lyseblå gips før og synest allereie den er veldig fin. «Eg trur ikkje eg har sett deg før,» seier jenta og studerer Ada grundig. «Er du ny i byen?» Ada veit ikkje kva ho skal svare. Ho er jo ny i alle byar. «Kanskje du skal begynne i klassa mi,» seier jenta og smiler. «Då er du heldig, for vi har den kulaste læraren på heile skulen. Ho bakar kaker til oss når vi er flinke, og ho har reist jorda rundt og tilbake igjen.» Det stikk litt i magen til Ada. Ho skulle gjerne begynt i klassa til jenta, særleg dei dagane læraren har med kake. Men då ville det nok blitt veldig vanskeleg å reise rundt i den solgule campingbilen saman med Mikko og Rasmus. Sidan Sirkus Spektakulær reiser så mykje, er ikkje dette første gong Ada snakkar med framande. Alle Ada møter, er jo framande, men ofte skjer det noko rart med Ada når ho skal snakke med folk ho aldri har sett før. Ho veit ikkje kva ho skal seie til dei, men så opnar ho munnen likevel, og ut

14


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 15

kjem ei feit og saftig løgn. Og det er akkurat det som skjer i dag også. «Eg har også reist jorda rundt og tilbake igjen,» lyg Ada. «Fem gonger faktisk. Eg segla med båt og flaug med luftballong.» Jenta på den andre sida av gjerdet gispar. «Er det sant?» «Like sant som at eg ikkje har greidd håret mitt i dag,» nikkar Ada. Jenta gispar og ser på det bustete håret til Ada. Det er altså heilt sant. «Reiser du saman med mor di?» spør jenta med store auge. Ada nikkar fort. Når ho først har kome på ei løgn, er det inga sak å kome på fleire. «Jepp,» svarar ho. «Eg reiser med mamma og broren min. Eg har ein bror som har like lurvete hår som meg, og ei mor som er verdsberømt sirkusstjerne.» Det hadde passa meg bra, tenker Ada og smiler fornøgd. Eit augeblikk gløymer ho at alt saman er oppdikta, og det er akkurat som om mora og den lurvete broren hoppar ut av fantasien hennar og blir lys levande rett framfor ho. Det er så herleg ein tanke at Ada kjenner det prikke i magen.

15


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 16

«Pøh!» fnyser jenta og kastar Ada rett ut av dagdraumen. «Det finst ikkje mammaer som er verdsberømte sirkusstjerner!» «Det gjer det vel,» påstår Ada. «Det må jammen vere ein søppelskule du går på, sidan du ikkje har lært såpass!» «Bestefar!» hyler jenta sint. «Den nye jenta berre lyg!» Og når små jenter med fletter i håret ropar på bestefaren sin, er det best å springe, og det gjer Ada. Ho spring så fort ho berre klarer bort frå det gule huset. Ho spring forbi eit rosa hus, eit stort hus, eit tomt hus og eit samanrasa hus. Ada spring heilt til ho snublar i ein spiss støvel, og den støvelen sit fast på foten til ein høg mann med rund mage og vest med gullblanke knappar og ein spiss rottekjeft midt i fjeset. Ada snappar etter pusten og tenker at denne typen ser så skummel ut at ho skulle ønskje han var ein ho hadde dikta opp.


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 17

Kapittel to – Ada møter direktøren som bestemmer alt Men det er verken Ada eller nokon annan som har dikta opp rottekjeften. Rottekjeften er like verkeleg som Ada sjølv, og då han vakna denne morgonen, låg han ei lang stund og smilte lurt for seg sjølv. I fleire månadar har han nemleg pønska på ein heilròten plan, og i dag er dagen planen skal gjennomførast, og slike planar får vondskapsfulle typar som rottekjeften til å smile både lurt og lenge. Ada stirar med store auge opp på den spisse rottekjeften. På hovudet har han ei litt slapp krone, som eigentleg liknar mest på ei lue, og munnen er krølla i eit smil som gjev Ada frysningar. «Dette var då ein usedvanleg lurvete jentunge,» seier den spisse rottekjeften og kikkar på Ada med stikkande auge. Stemma er raslande og kvesande, omtrent som

17


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 18

ein slange som buktar seg gjennom sivet, tenker Ada. Bak han står ein liten mann tjukk som ein ferdigheva bolledeig og ei dame som er lang som ein lyktestolpe. Dei stirar nysgjerrig på Ada, som framleis ligg så lang ho er på grusen. «Eg er då ikkje usedvanleg,» svarar Ada, sjølv om ho slett ikkje veit kva usedvanleg betyr. Ho reiser seg fort. «Dessutan har eg alltid hatt lurvete hår.» Rottekjeften ler ein høg og ekkel latter så dei små håra på armane til Ada reiser seg. «Den var god,» seier han og kikkar på bolledeigen og lyktestolpen. Dei to nikkar ivrig og ler nervøst. «Ha ha! Kj…kjempegod,» stammar dei i kor. «Du er nå i alle fall den mest lurvete ungen eg har sett på lenge, og det håret ditt hadde hatt godt av ein børste,» snerrar rottekjeften og stirar hardt på Ada. «Slik er det berre!» «Slik er det berre,» gjentar lyktestolpen. «Slik er det berre,» seier bolledeigen også. «Det var jo det eg akkurat sa,» freser lyktestolpen og set den lange nasen sin i det mjuke kinnet til bolledeigen.

18


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 19

Lyktestolpen er frykteleg mager og har den lengste nasen Ada nokon gong har sett. «Du liknar så veldig på ein unge eg leitar etter,» seier rottekjeften med den raslande stemma mens han stirar på Ada og trommar fingrane mot knappane i vesten. «Kor er foreldra dine, vesle jente? Verda er ein skummel stad for små ungar, så dei bør passe godt på deg.» Han bøyer seg så nær Ada at ho kan kjenne lukta av frukosten hans. Egg og sardinar. Han smiler eit smil så gyseleg at det ville gjeve dei fleste ungar hjartestans på flekken, men Ada blir berre såpass nervøs at ho begynner å fortelje ei historie. Og sjølv om ho ligg heilt i verdstoppen blant alle suverene løgnhalsar, begynner ho av ein eller annan merkeleg grunn å fortelje sanninga til den ufyselege rottekjeften. «Eg veit ikkje kor foreldra mine er. Eg kan faktisk ikkje hugse nokon av dei, men det er ikkje så farleg. Eg har jo både Rasmus og Mikko og verdas finaste solgule campingbil. Dessutan er vi landevegens minste, men absolutt mest spektakulære sirkus. Ja, faktisk heiter vi Sirkus Spektakulær.»

19


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 20

Ada kunne prata i fleire minutt om alt det fantastiske Sirkus Spektakulær finn på, hadde det ikkje vore for at ein bolledeig, ein lyktestolpe og ein rottekjeft omtrent stirar hòl i ho med måpande munnar og seks trillrunde auge. Alle tre er så nære at pusten deira blæs ho i fjeset som ein stinkande hauststorm. «Eg pratar visst litt mykje,» unnskylder ho seg til slutt og tar forsiktig eit lite skritt bakover, men dei tre følgjer like fort etter. «Kven er eigentleg de, og er det ikkje merkeleg stille i denne byen? Er det berre de som bur her, kanskje?» Ada bablar i veg mens ho nervøst kikkar oppover og nedover gata, men det er ingen andre å sjå. Ikkje eit menneske, ikkje eit dyr, ikkje ein lyd å høyre. Det er visst berre ho og desse tre skumle typane med dårleg ande i heile denne byen. «Eg er Boll… AU!!» Bolledeigen hyler til og hoppar rundt seg sjølv på ein fot. «Kva er det med deg? Eg skulle jo berre seie at eg heiter Boll… AU!» Han hyler til igjen og hinkar rundt på den andre foten.

20


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 21

«Vi skal ikkje seie namnet vårt, din du… AU!» Nå er det lyktestolpen sin tur til å brøle. «Du får unnskylde,» snerrar rottekjeften. «Eg er dessverre så uheldig at eg må jobbe med desse tåpelege, hylande skapningane.» Han peikar på bolledeigen og lyktestolpen. «Kanskje dei hyler mindre om du ikkje slår og trampar på dei,» seier Ada og kjenner hjartet dunke raskare enn vanleg. Alle engstelege hjarte dunkar i galopp. Rottekjeften snerrar ein latter ut mellom dei spisse tennene. «Du er jammen morosam. Er ho ikkje morosam?» Bolledeigen og lyktestolpen jamrar noko som liknar på kvart sitt ja. «Skal eg fortelje deg noko som er endå morosamare?» spør rottekjeften og ser på Ada. Ada nikkar nervøst. Ho er liksom ikkje heilt sikker på om det typar som rottekjeften synest er morosamt, eigentleg er så veldig morosamt. «Eg har leita etter deg, og du har neimen ikkje vore lett å finne, men nå har eg altså funne deg.» Han peikar på Ada med ein dirrande peikefin ger.

21


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 22

«Eg burde jo skjøna det med ein gong eg såg det lurvete reiret du har på hovudet.» Han ler den ekle latteren igjen så magen dissar og knappane klirrar. «Men kvifor leitar du etter meg?» lurar Ada og bit seg nervøst i leppa. «Har ikkje klovnane dine fortalt deg det?» spør rottekjeften og ser plutseleg veldig forskrekka ut. «Fortalt meg kva då?» spør Ada forvirra. «Har dei ikkje fortalt deg at eg, den store sirkusdirektøren som bestemmer alt, leitar etter deg? Og at det er av den aller viktigaste viktigheit at eg finn deg. Fordi du snart er den einaste som ikkje veit det.» Ada ristar sakte på hovudet mens ho tenker seg om, men ho er heilt sikker på at Mikko og Rasmus ikkje har fortalt at det er nokon som leitar etter ho. Og ho har aldri høyrt om ein sirkusdirektør som bestemmer alt. «Kva er det eg ikkje veit, då?» spør ho. Sjølv om sardinlukta renn som ein foss ut av den spisse rottekjeften og auga hans stikk av kulde, krib lar det i heile Ada etter å høyre kva meir han har å fortelje. Tenk at ho er den einaste som ikkje veit det!

22


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 23

Rottekjeften sukkar høgt og ristar på hovudet. «Du veit jo ingenting om konkurransen! Og du veit ikkje at den begynner ganske snart! Og du veit ikkje at du må delta!» ropar han så høgt at magen dansar. «Kva slags konkurranse?» «Hundreårets store sirkuskonkurranse! Alle sirkus, store og små, fantastiske og elendige, må delta. Dei som ikkje deltar, får ikkje lenger lov til å opptre langs landevegen. Dei får ikkje lov til å eige ein apekatt eller ein dansande hest. Dei får ikkje lov til å eige klovnebukser, klovnesko eller klovnenasar. Og vinnarpremien er ei krukke stappande full med pengar av gull!» «Og kva skjer med dei som tapar?» spør Ada. «Det har eg ikkje bestemt meg for ennå,» svarar rottekjeften og trommar neglene mot knappane i vesten. «Men eg trur nok eg kjem til å bestemme at taparen må rydde elefantmøkk hos det vinnande sirkuset, eller så må dei vel gjere noko anna ekkelt som eg ennå ikkje har hatt ufyseleg nok fantasi til å kome på.» Han smiler spydig. Korleis får ein som bestemmer så grufulle ting, lov til å bestemme noko som

23


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 24

helst, lurar Ada, men ho tør ikkje seie noko. Ho synest ikkje rottekjeften ser ut som ein type som likar slike spørsmål. «Det er sjølvsagt av den viktigaste viktigheit at du deltar,» forklarer rottekjeften. «Mine hårreisande uintelligente og klønete assistentar har reist ut til det store havet og inn i dei tjukke skogane for å finne deg, vesle Ada.» Bolledeigen og lyktestolpen nikkar, og det verkar slett ikkje som dei høyrde at rottekjeften akkurat kalla dei både dumme og klønete. «Dei har vore i dei store byane oppi fjella, dei har vore i dei små fiskarlandsbyane og i dei små elvebyane, men dei kunne ikkje klare å finne deg. Derfor måtte eg, den mektige direktøren for verdas største og mest fabelaktige sirkus, reise frå alle mine ekstremt viktige plikter for å hjelpe dei. Du skjønar det, vesle jente, det var frykteleg viktig for meg å finne deg, og nå når eg har funne deg, må du bli med meg. Kom nå!» Han vinkar på Ada, men Ada blir ståande. Ho har ingen planar om å reise nokon stad utan Mikko og Rasmus. Ho ristar på hovudet så håret står rett til vêrs. Rottekjeften ser overraska ut.

24


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 25

«Eg skal fortelje klovnane mine at Sirkus Spektakulær må delta i konkurransen,» seier ho. Men då ristar rottekjeften bestemt på hovudet. «Nei, nei,» seier han. «Konkurransen er ikkje for klovnar som Mikko og Rasmus. Du må reise utan dei. Det forstår du vel?» «Nei, det forstår eg ikkje,» svarar Ada høgt og tydeleg, og sjølv om det har dukka opp ei irriterande skjelving i stemma, høyrest ho likevel ganske modig ut. Bolledeigen og lyktestolpen smiler, men smila deira forsvinn fort når rottekjeften trampar hælen hardt i bakken. «Nei, nei, då må eg vel forklare det for deg, då,» sukkar han og legg armane i kors over magen. «Du skjønar det, vesle jente, at eg leitar etter mi neste store stjerne, og eg som jo bestemmer alt, har bestemt at det skal bli deg, og då er det klart du må delta i den store sirkuskonkurransen.» «Sirkusstjerne? Meg?» Ada hikstar. Ho er så overraska at ho nesten lettar frå bakken. «Men eg er inga sirkusstjerne, eg er jo berre ei lita sirkusjente,» forklarer ho. «Det er nok nokon andre du leitar etter likevel.»

25


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 26

«Å nei,» freser rottekjeften bestemt. «Eg er heilt super, mega, dobbel og trippel sikker på at det er akkurat deg og ingen andre eg leitar etter, og nå når eg har funne deg, må du bli med meg. Du skjønar vel at om du skal bli ei stor sirkusstjerne, må du delta i hundreårets store sirkuskonkurranse?» «Jo,» mumlar Ada. «Men kvifor kan ikkje Mikko og Rasmus også delta?» «Fordi,» seier rottekjeften med raslande stemme. «Konkurransen er i byen under dei taggete fjella, og dit får ikkje Mikko og Rasmus lov til å reise. Det veit du vel?» Det er som om nokon slår Ada i magen. Ho mistar nesten pusten. Så lenge ho kan hugse, har ho drøymt om å reise til byen under dei taggete fjella, men Mikko og Rasmus seier alltid at dei må vente til ho blir litt større. Det er ein farleg by å vere i for Sirkus Spektakulær, seier dei to klovnane. Likevel drøymer Ada om å reise dit. Og nå har ho endeleg sjansen. «Mikko og Rasmus kjem aldri til å klare å gjere deg til ei stor sirkusstjerne. Det er det berre eg som

26


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 27

kan klare. Det er ikkje lenge før konkurransen startar, heller. Kom nå!» Rottekjeften tar tak i skjorta til Ada, men ho riv den til seg. «Nei takk.» Ho ryggar sakte mens hjartet dunkar så hardt at ho lurar på om det har planar om å hoppe ut gjennom huda. «Eg vil helst tilbake til klovnane mine nå. Middagen er nok klar for lenge sidan, så eg bør skunde meg. Det er jo ikkje noko godt med kald middag.» Rottekjeften trampar hælen hardt i bakken igjen, og som om det var ein kommando, fyk bolledeigen og lyktestolpen mot Ada og tar eit godt tak i kvar sin arm. «Slepp meg!» Ada hyler og veivar med armane, men bolledeigen og lyktestolpen klorar seg fast. Dei er så mykje større og sterkare, og Ada føler seg mindre og svakare enn nokon gong før. Ho ønskjer seg berre heim til den solgule campingbilen og langt bort frå den skumle rottekjeften. «Hysj,» kveser rottekjeften. Han borar dei lysande auga sine i Ada og legg

27


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 28

peikefingeren over munnen hennar. Ho blir stiv som ein planke og tør ikkje seie eit pip. Rottekjeften set seg på huk framfor ho. «Det er ingenting å vere redd for,» seier han med ei stemme som eit augeblikk nesten er vennleg. «Eg skal ikkje gjere deg noko vondt. Du skal jo bli mi store stjerne, og store sirkusstjerner passar eg godt på.» Han smiler, men det er eit ekkelt smil som gjer Ada redd og kald i heile kroppen. «Du vil vel bli med til byen under dei taggete fjella og bli ei stor og berømt sirkusstjerne?» «Ikkje akkurat nå,» mumlar ho. «Nå vil eg heim og ete middag med Mikko og Rasmus!» «Då er det best ho blir med oss nå! Ho likar nemleg ikkje kald middag!» ropar ei stemme som Ada har kjent så lenge ho har levd. Det er den snille stemma til Rasmus. Ho blir varm av lette, og for første gong sidan ho møtte rottekjeften, tør ho smile, sjølv om det blir eit skjelvande smil. Dei sjanglete klovnane hennar står midt i gata, og sjølv om dei er merkeleg bleike i ansiktet, har Ada aldri vore gladare for å sjå dei.

28


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 29

«Og den vesle sirkusjenta vår reiser ingen stad,» seier Mikko bestemt. «Men har du gløymt det, usle Mikko?» kveser rottekjeften. Fort pressar han ein krøllete konvolutt i handa til Ada, set hendene bestemt i sida og brøler: «Det er jo eg som bestemmer alt!» «Ikkje alt,» brummar Mikko. «Ta imot!» ropar Rasmus og kastar tre sjongleringsknivar til bolledeigen og lyktestolpen. Dei to blir så forfjamsa at dei slepper Ada for å ta imot knivane. Plutseleg er det ingen som held Ada fast lenger. «Spring!» brøler Mikko og Rasmus. Dei små beina til Ada dundrar gjennom den stille gata. Mikko og Rasmus pustar og pesar rett bak ho. Bolledeigen trampar etter med tunga på slep, og lyktestolpen er snart i hælane på dei, men både bolledeigen og lyktestolpen er i elendig form, og ganske snart er rottekjeften, lyktestolpen og bolledeigen langt borte, og stemma til rottekjeften høyrest ikkje like farleg ut når den ropar gjennom den folketomme gata: «Det er ikkje for seint, vesle sirkusjente!»

29


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 30

Verken Rasmus, Mikko eller Ada sakkar ned på farten før dei er eit godt stykke inne i den tette skogen. Etter kvart som stien blir smalare og greinene lågare, kjenner dei seg endeleg trygge, og snart ser dei den solgule campingbilen som står og ventar på dei som om ingenting hadde hendt. Dei to klovnane pustar framleis tungt og legg seg rett ut i graset. Det er ikkje kvar dag dei må springe så fort og langt som i dag. Ada set seg ved sida av dei. Utan at ho vil det, kikkar ho engsteleg rundt seg, men skogen er tett og fredeleg, og ho kjenner seg trygg saman med klovnane. «Eg visste det var noko grufullt som kom til å skje i dag,» sukkar Mikko. «Neimen ikkje rart eg var så sur då eg vakna.» «Den mannen er den mest grufulle skapningen som har lurt seg til eit liv på denne jorda,» seier Rasmus. «Kva har han gjort?» spør Ada. «Ein gong var han vår aller beste venn, men så gjorde han noko grufullt som vi aldri kan tilgje han,» fortel Mikko og ser trist ut. «Sidan har han budd i byen under dei taggete fjella, og han har

30


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 31

lova oss at fæle ting vil skje med oss og sirkuset vårt om vi nærmar oss byen hans.» Dei to klovnane er grå av uro. Ada har sett Mikko og Rasmus jublande glade, triste, trøytte og brølande sinte, men ho har aldri sett dei så urolege og redde som dei er nå. «Er det fordi de er redde for han? Det synest eg er pysete,» seier Ada. Ho legg armane bestemt i kors, men skulle verkeleg ønskje at dei skremte fjesa til klovnane kunne forsvinne. «Vi er ikkje pyser, Ada,» seier Mikko surt. «Vi vil berre ikkje at det skal skje noko fælt med nokon av oss i Sirkus Spektakulær,» forklarer Rasmus. «Og særleg ikkje med deg, Ada.» Han legg den tunge handa si på det bustete håret hennar mens han ser veldig tankefull ut. «Men tenk om det ikkje skjer noko fælt med nokon av oss? Og det er vel ingenting som er verre for eit sirkus enn at vi ikkje får lov til opptre meir?» spør Ada. Dei to klovnane sukkar i kor. Mikko drar seg i skjegget, og Rasmus riv seg i håret igjen, slik dei alltid gjer når dei ikkje veit kva dei skal gjere.

31


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 32

«Jo, det er noko som er langt verre,» seier Rasmus til slutt. «Og det er at den sleipe rottekjeften får dei lange fingrane sine i deg igjen, Ada.» «Då er det ikkje godt å seie kva som kan skje,» nikkar Mikko. «Vi reiser ikkje til byen under dei taggete fjella. Ikkje nå!» Sjølv om Ada ikkje har lyst til å møte rottekjeften igjen, blir ho frykteleg skuffa. Ho lengtar så veldig etter å reise til byen under dei taggete fjella, og ho er redd for at Mikko og Rasmus aldri kjem til å synast at ho er stor nok til at ho kan reise dit. «Nå gløymer vi heile rottekjeften,» seier Rasmus og opnar døra til den solgule campingbilen. «Vi går inn og får oss noko mat.» Han lausnar strikken i det svarte håret og ristar på hovudet så håret dansar nedover ryggen. Mikko tømmer tran i tre mjølkeglas, og så løftar dei opp kvar sitt, og utan å rynke på nasen tømmer dei glasa i store slurkar. «Herleg!» sukkar Rasmus fornøgd. «Snart er du sterkare enn oss begge til saman,» skryter Mikko og klemmer rundt overarmen til Ada.

32


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 33

Det kilar, og Ada ler den lette, lyse latteren sin som alltid får klovnane til å humre. Ho kikkar ut i den grøne skogen, som er i ferd med å bli tung og mørk av kvelden. Plutseleg hugsar ho på dei stikkande auga til rottekjeften og får vondt i magen. «Heldigvis skjedde det ikkje noko grufullt i dag heller, slik som Mikko var så sikker på,» seier Rasmus. «Men det var jammen nære på,» gryntar Mikko. Han stenger døra og vrir låsen hardt rundt. «Huff, eg får frysningar når eg tenker på den rottekjeften!» Dei tre medlemmene i Sirkus Spektakulær krabbar opp i kvar si køye og krøllar seg saman under kvar si prikkete dyne. Snart blir mørkret i den solgule bilen fylt av snorkinga til Mikko og Rasmus. Dei har kjent kvarandre så lenge at dei har lært seg å snorke i samstemt duett. Når Ada er heilt sikker på at dei to klovnane søv tungt, tar ho fram den krøllete konvolutten rottekjeften gav ho. Ada har aldri fått brev før og er så spent at ho skjelv på hendene nå når ho endeleg kan opne konvolutten. Papiret er tynt og mjukt

33


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 34

som silke. Bokstavane er tynne, vakre og krøllete. Ada synest det er rart at den stinkande rottekjeften kan skrive så fint, men kanskje det ikkje er han som har skrive det heller. Kanskje han har tenarar til slikt. Ho lener seg heilt inntil vindauget, og i det svake lyset frå månen les ho: Kjære sirkusjente Ada! Eg, den store direktøren som bestemmer alt, har den store glede å bestemme at du er invitert til å delta i hundreårets store sirkuskonkurranse. Du må derfor møte på torget i morgon den dag for å kjøpe billett. Pris: ein sekk med klirrande myntar Stad: byen under dei taggete fjella Hugs! Klovnane Mikko og Rasmus har ikkje lov til å kome til byen under dei taggete fjella, og om dei likevel prøver å kome seg inn i byen, er det slett ikkje godt å seie kva som kjem til å skje med dei. Helsing den største sirkusdirektøren verda nokon gong har sett.

34


Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 35

For ein uflaks, tenker Ada. Når eg endeleg får eit brev, så er det eit slikt skrekkeleg brev som dette! Ho får mest lyst til å krype bort til klovnane og fortelje dei alt saman, men ho blir likevel liggande stille under dyna. Ho er heilt sikker på at Mikko og Rasmus kjem til å nekte ho å reise aleine til byen under dei taggete fjella, og sjølv kan dei jo ikkje reise. Ho sukkar og gøymer brevet under puta. Snart sovnar ho også, men sjølv i drøymeland snerrar og kveser ein farleg rottekjeft, og Ada aner at sjølv ikkje for små sirkusjenter er verda heilt utan farar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.