Strikk til dei minste nøstebarna

Page 1


M_001_013_Strikk.indd 2

30/11/15 09.52


Tove Fevang

Strikk til dei aller minste nøstebarna

samlaget • oslo • 2016

M_001_013_Strikk.indd 3

30/11/15 09.52


Innhald ♥♡♥♡♥♡♥♡♥ 7

Forord

10

Premature barn

10

Kva treng for tidleg fødde på sjukehuset?

11

Kva treng for tidleg fødde når dei er komne heim?

12

Råd og tips før du går i gang!

13

Korleis vaske ull?

Oppskrifter: 15

på sjukehuset:

17

Teppe med stigemønster

20

Skuggetrekant-teppe

25

Teppe i rillestrikk med melert midtfelt

29

Hjarteteppe

34

Teppe med rillestrikk i enkelt eller dobbelt garn

37

Teppe i dominostrikk

41

Teppe med fletter

44

Avlangt teppe hjørne til hjørne

4

M_001_013_Strikk.indd 4

30/11/15 09.52


49

Lue, sokkar og teppe

52

Vottar med og utan fletter

56

Flettelue, vottar og spiralsokkar

63

Strikka kuvøse

67

heime:

69

Posedress

72

Ribbestrikka bukse med høg linning

77

Glattstrikka bukse med selar

81

Ribbestrikka body

86

Glattstrikka body

92

Lue med øyreklaffar

96

Stripete omslagsjakke, bukse og lue

103

Jakke med raglanfelling, lue og teppe

108

Jakke med rundfelling og sparkebukse

116

Hjelpeprosjekt for premature

11 7

Takk!

11 7

Kontaktinformasjon

5

M_001_013_Strikk.indd 5

30/11/15 09.52


M_001_013_Strikk.indd 6

30/11/15 09.52


Forord mitt første møte med prematurstrikk var ein artikkel i A-magasinet våren 2011. Den handla om eit foreldrepar som mista dottera. Ho vart berre ti dagar gammal. I tida medan dottera låg på sjukehus, ville dei gjerne gjere noko godt for henne. Dei vart oppfordra til å strikke! Varmetapet på slike små er stort frå hovud, hender og føter. Bestemora strikka eit lite teppe, sokkar, lue, alt det den vesle jenta trong. Familien fekk vite at sjukehuset trong mange slike små, varmande plagg til dei for tidleg fødde. Slik starta det som seinare vart Amandaprosjektet, kalla opp etter den vesle dottera deira, Amanda. Amandaprosjektet handlar om å strikke teppe, luer, vottar og sokkar til for tidleg fødde på sjukehus i heile landet. Vekebladet Familien skreiv om Amandaprosjektet, og eg vart spurt om å lage oppskrifter til nokre teppe, luer, vottar og sokkar til desse aller minste. Det fanst ikkje slike oppskrifter. Lite visste eg om at oppskriftene eg designa til Familien, berre nokre månader seinare skulle bli brukt til mine eigne tvillingbarnebarn Oscar og Nicolai. Dei vart fødde mange veker for tidleg. Eg leitte etter oppskrifter til bukse og jakke, men fann fort ut at slike oppskrifter ikkje var å oppdrive. I butikken var det heller ikkje klede å få kjøpt i prematurstorleik. Eg leita etter målskjema til desse små babyane, men noko slikt var ikkje å få tak i. Slik starta prosessen med å konstruere og strikke klede til tvillingane. Eg oppdaga at mange andre også leita etter oppskrifter til for tidleg fødde, og eg tenkte at dette måtte eg gjere noko med. Det har vore ein lang veg og stort sett nybrottsarbeid. Mange har brukt oppskrifter på dokkeklede til desse aller minste, noko som ikkje fungerer særleg godt. Premature babyar er svært slanke og treng klede som sit tett inntil kroppen for å halde best mogleg på varmen. Ullklede i tynn ull som ikkje loar, er det beste. Dessutan er kombinasjonen ull og silke perfekt til prematurklede. Ulla held på varmen, og silken både regulerer varmen og gjer plagga mjuke og gode. Mange har vore delaktige i dette prosjektet, ikkje minst Else Marie Gundesbø som er sjukepleiar på nyføddintensivavdelinga på Rikshospitalet. Ho har vore ein god samtalepartnar når det gjeld kva desse små treng, og korleis kleda kan bli mest mogleg funksjonelle. Sjukepleiarar på nyføddintensivavdelinga på Rikshospitalet har skildra korleis ein posedress til premature burde vere, og så har eg laga ei oppskrift etter kva dei tenkjer trengst. Modellstrikkarar har kvalitetssikra oppskriftene. Og tvillingane, dei er akkurat fylt fire år og er friske og raske!

Tove www.tovefevang.no

M_001_013_Strikk.indd 7

30/11/15 09.52


M_001_013_Strikk.indd 8

30/11/15 09.52


M_001_013_Strikk.indd 9

30/11/15 09.52


Premature barn Det vert fødd kring 4000 premature barn i Noreg kvart år. I resten av verda er talet kring 13 millionar årleg. Kring 500 000 av desse vert fødde i Europa. I Noreg finst det i dag kring 300 sengeplassar på landets nyfødtintensivavdelingar og dei er stort sett fulle året rundt. Premature er fødde med låg feittprosent, difor frys dei svært lett. Det er viktig for desse små å halde seg varme.

Kva treng for tidleg fødde på sjukehuset? Premature babyar har eit stort varmetap gjennom hovudet, og det aller viktigaste for desse babyane er varme luer, både når dei ligg i kuvøse og på ei varmeseng. Og lua må sjølvsagt vere i ull! På sjukehuset treng premature babyar dessutan teppe, sokkar og vottar. Dei aller minste teppa i denne boka kan ein bruke til kuvøsebarn. Desse må sjølvsagt vere i ull, eller i ein kombinasjon med andre naturfibrar. Men hugs, alltid størst prosentdel ull. Teppa må ikkje vere tjukke. Ullgarn som passar til pinnar nr. 2 ½–3, er veleigna. Mange av dei aller, aller minste har veldig sart hud og kan lett få sår og trykkskadar om teppet blir for tjukt, men også om garnet ikkje er i ein mjuk kvalitet. Ull og silke er ein perfekt kombinasjon til prematurstrikk. Ulla held barnet varmt, og silken regulerer varmen og gjer garnet ekstra glatt og mjukt. Ein sjukepleiar sa til meg at om ein kan tenkje seg å ha garnet på ei sår brystvorte, så er garnet godt nok for ein prematur baby. Det same gjeld sjølvsagt luer, sokkar og vottar. Teppa vert ikkje berre brukt til å pakke inn babyane, men kuvøseteppe ned i A4-storleik vert brukt til å legge lett over babyen. Dei toler gjerne ikkje å ha for mykje rundt seg, men har det bra med eit teppe over seg. Det er grunnen til at oppskriftene på teppe også er i svært små storleikar. Likeins dei større barna må ha teppe, så i boka er det fleire storleikar på kvart teppe.

♥♡♥♡♥♡♥♡♥

10

M_001_013_Strikk.indd 10

30/11/15 09.52


eit lite tips! Skal du strikke ei lue og ikkje veit kor stor omkrinsen på lua skal vere, strikk ei ribbestrikka lue med litt god oppbrett. Ei slik lue passar godt til veldig små hovud og vil «vekse» med barnet.

Kva treng for tidleg fødde når dei er komne heim? Dei fleste premature babyar blir skrivne ut av sjukehuset når dei har nådd termindato. Då er dei framleis mykje mindre enn babyar fødde ved termin, og det kan vere vanskeleg å finne klede til dei. I denne boka finn du alle typar klede som babyar treng dei første månadene. Her er jakker i ulike fasongar, med raglan- og rundfelling, ulike bukser, luer og vottar og teppe i ulike storleikar. Posedressen er laga etter ønske frå sjukepleiarar på Rikshospitalet. Posedressen skal ikkje vere for lang. Dei små likar å ha det litt trongt og må kunne få beina ned i botnen av dressen. I boka finn du berre jakker, ingen genserar. Det er fordi desse små barna ikkje skal ha noko på seg som må over hovudet. Alle klede må vere lette å ta på. Bodyane i boka kan knappast opp, slik at barnet kan leggjast på ein oppknappa body og så bli kledd på. Ribbestrikka bukser og bodyar er lurt fordi desse formar seg tett inntil kroppen og gir god varme. Sjølvsagt har eg også laga litt meir ledige klede, slik at barnet kan ha andre klede under. Alle kleda i boka er i tre storleikar: prematur, nyfødd og tre månader. Kleda er smalare enn vanlege babyklede fordi dei fleste premature også ved nyfødd storleik framleis har slanke armar og bein.

11

M_001_013_Strikk.indd 11

30/11/15 09.52


Råd og tips før du går i gang!

♥ Les alltid nøye gjennom heile oppskrifta før du begynner å strikke.

♥ strikkefastheita er nøkkelen til eit godt resultat. Den oppgitte strikkefastheita viser kor mange masker som utgjer 10 cm i breidda med tilrådd pinnestorleik. Strikkar du lausare enn oppgitt strikkefastheit, går du ned i pinnestorleik, og strikkar du fastare enn oppgitt strikkefastheit, så går du opp i pinnestorleik. Det er særs viktig å strikke ein prøvelapp på ca. 15 x 15 cm. Deretter måler du opp 10 x 10 cm midt på prøvelappen og tel kor mange masker du har på 10 cm. Dermed har du di eiga strikkefastheit. Ut frå dette veit du om du må opp eller ned i pinnestorleik. Vrangbordar trekker seg saman og gir alltid ei anna strikkefastheit enn glattstrikk. Difor er strikkefastheita i boka oppgitt ut frå glattstrikk.

nokre gonger strikkar ein dessverre feil og må rekke opp att. Sett då inn ein strikkepinne i den høgre delen av maskeledda rundt heile omgangen ei eller to maskerader nedanfor punktet du treng å rekke opp til. Så kan du ta ut pinnen og rekke opp til du har alle maskene på pinnen under. Då slepp du å vere redd for å miste masker undervegs.

diagram Når du strikkar etter diagram, les du det frå første rute nedst i høgre hjørne og mot venstre, og nedanifrå og oppover. Alle diagram er sett frå retta. Rapporten som står i klamme, gjentek du på omgangen, men ofte startar omgangen med eit visst masketal før rapporten. Deretter gjentek du rapporten og avsluttar eventuelt med dei siste maskene som står etter rapporten. Start og avslutt alltid ved pila for vald storleik viss diagrammet har slike piler. Nokre gonger skal du også gjenta ein rapport i høgda. Då står rapporten avmerkt i ei klamme på høgre side av diagrammet.

12

M_001_013_Strikk.indd 12

30/11/15 09.52


Korleis vaske ull? Alle oppskriftene i denne boka er strikka med garn frå Nøstebarn. Nøstebarngarnet er laga av ubehandla ull eller ei blanding av ull og silke fri for kjemisk behandling. Ulla inneheld lanolin (ullfeitt) som naturleg bryt ned bakteriar. Plagg i ubehandla ull treng ikkje vaskast så ofte som bomullsklede fordi smuss set seg utanpå ullfibrane og fordi ubehandla ull har denne naturlege bakteriehemjande eigenskapen. Skal ull tole maskinvask, må ulla behandlast kjemisk med eit kunststoff som vert lagt utanpå fibrane. Garnet frå Nøstebarn er ikkje behandla kjemisk. Det er tryggare for desse aller minste, og dessutan er då alle dei gode eigenskapane i ulla tekne vare på. Ullgarnet frå Nøstebarn skal ikkje vaskast i maskin, og er merkt med symbolet for handvask. Mange har funne ut at det går greitt å vaske også garnet merkt handvask i maskin på ullprogram, men det er stor kvalitetsskilnad på ullprogramma. Dei fleste nyare vaskemaskiner vaskar forsiktig nok og med lik vasstemperatur gjennom heile vaskesyklusen. Ull krympar ved for mykje rørsle, høg temperatur eller temperatursvingingar og mykje såpe.

slik gjer du Vask plagga i Nøstebarnull sjeldnare enn andre plagg. Etter bruk luftar du plagget, og du vaskar det berre når det er flekkete eller ikkje kjennest «friskt». Søl kan du tørka bort med det same, gjerne under rennande vatn. Tørk med tørr klut. Fordi ulla ikkje er kjemisk preparert for maskinvask, er ho ikkje godkjent for vask i maskin, men eit godt ullprogram kan fungere like godt som handvask.

maskinvask på godt ullprogram: Ullprogram (viktig!) maks 30°C med ullsåpe.

handvask av ull Handvask plagget i 30°C med ullvaskemiddel utan parfyme. Vatnet skal kjennast kjølig mot huda. Kryst plagget forsiktig i vatnet. Ull skal ikkje bløytleggast. Skyl plagget til vatnet er klårt (30°C). For raskare tørketid, rull plagget i ein handduk og klem vatnet ut eller sentrifuger. Naturleg ullsåpe er det beste for å unngå syntetiske tilsetjingar. Legg alltid plagga til tørk, form eller strekk plagga i fasong til rett storleik. For å ta vare på det naturlege ullfeittet (lanolin) kan ny lanolin «ullkur» tilsetjast etter lang tids bruk. Skyljemiddel med lanolin kan brukast som ein mild ullkur for å mjukgjere og tilføre lanolin. 13

M_001_013_Strikk.indd 13

30/11/15 09.52


M_014_065_Strikk.indd 14

30/11/15 09.23


Oppskrifter ♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

På sjukehuset ♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_014_065_Strikk.indd 15

30/11/15 09.23


M_014_065_Strikk.indd 16

30/11/15 09.23


Teppe med stigemønster ♥♡♥♡♥♡♥♡♥ Teppet er strikka i to ulike strukturmønster, noko som gir ein flott effekt. Teppet passar like godt til dei minste kuvøsebarna som til krabbeteppe når barnet er blitt større. Vel mellom tre ulike storleikar.

♥♡♥♡♥♡♥♡♥ storleik: ca. 40 x 50 (60 x 80) 80 x 100 cm materiale: Silkeull (65 % ull, 35 % silke) 100 g hespe = 600 m Støvrosa f nr 831, 100 (200) 200 g pinnar: Rundpinne nr 3, rundpinne nr 3 ½ opplegg og felling. strikkefastheit: 30 m rettstrikk = riller på pinne nr 3 = 10 cm i breidda. Hugs at strikkefastheita må stemme dersom resultatet skal bli vellukka. Strikk prøvelapp. Pinnenummer er rettleiande. Kontroller strikkefastheita nøye, og byt eventuelt til tjukkare eller tynnare pinnar. kantmasker: Strikk den første maska på pinnen rett. Strikk den siste maska på pinnen rett. Les heile oppskrifta før du tek til å strikke.

17

M_014_065_Strikk.indd 17

30/11/15 09.23


rutemønster: Mønsterrapport = 6 + 3 m stigemønster: Mønsterrapport = 6 + 3 m Teppet skal strikkast fram og tilbake.

mønster 1 – rutemønster: 1. pinne: * 3 rett, 3 vrangt *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt med 3 rette 2. pinne: * 3 vrangt, 3 rett *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt med 3 vrange 3. pinne: som 1. pinne 4. pinne: som 2. pinne 5. pinne: som 2. pinne 6. pinne: som 1. pinne 7. pinne: som 2. pinne 8. pinne: som 1. pinne Repeter 1.–8. pinne gjennom heile arbeidet mønster 2 – stigemønster: 1. pinne: Alle masker rett 2. pinne: 1 vrangt, 2 rett * 4 vrangt, 2 rett *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt med 1 vrangt 3. pinne: som 1. pinne 4. pinne: som 2. pinne 5. pinne: som 1. pinne 6. pinne: som 2. pinne 7. pinne: som 1. pinne 8. pinne: som 2. pinne 9. pinne: som 1. pinne 10. pinne: som 2. pinne 11. pinne: som 1. pinne 12. pinne: som 2. pinne 13. pinne: alle masker rett

18

M_014_065_Strikk.indd 18

30/11/15 09.23


14. pinne: 4 vrangt * 2 rett, 4 vrangt *, repeter frå * til * ut pinnen 15. pinne: som 13. pinne 16. pinne: som 14. pinne 17. pinne: som 13. pinne 18. pinne: som 14. pinne 19. pinne: som 13. pinne 20. pinne: som 14. pinne 21. pinne: som 13. pinne 22. pinne: som 14. pinne 23. pinne: som 13. pinne 24. pinne: som 14. pinne Repeter 1.–24. pinne gjennom heile arbeidet Legg opp 119 (179) 239 masker på pinne nr 3 ½. Skift til pinne nr 3, start og avslutt kvar pinne med 1 kantmaske (sjå over). Strikk 1 kantmaske, strikk mønster 1, rutemønster, over 117 masker, avslutt med 1 kantmaske. Strikk 1.–8. pinne fram og tilbake 3 gonger til saman. Neste pinne: 1 kantmaske, strikk mønster 1, rutemønster, over dei neste 15 maskene, strikk mønster 2 «stigemønster» over dei neste 87 (147) 207, og auk 1 maske på slutten av stigemønsteret = 88 m (stigemønster), strikk mønster 1, rutemønster, over dei neste 15 maskene, 1 kantmaske. Hald fram med mønster 1 og 2 og fordel mønster som på førre pinne gjennom heile arbeidet. Strikk 7 (11) 15 rapportar av stigemønster i høgda. Hald fram med rutemønster over alle masker. Første pinne: Fell den auka maska i stigemønsteret på same stad som ho vart auka, ved å strikke to masker rett saman, strikk 3 rapportar i høgda. Fell laust av eller bruk ein pinne 3½ i høgre hand og fell av med denne. Då vil ikkje fellekanten stramme. montering: Fest alle lause trådar.

19

M_014_065_Strikk.indd 19

30/11/15 09.23


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.