2 minute read

Kjemikaliar og gassar

Figur 13.3 Ein helse-, miljø- og sikkerheitsplan. som bør inngå i ein HMS-plan for arbeidsplassen. I kolonnen til høgre er det sett av plass slik at personellet kan notere kva som er gjort med kvart punkt i planen.

Pkt. HMS-verktøy

1 arrangere vernerundar 2 kartleggje farar 3 opprette og registrere tiltak om helse, miljø og sikkerheit 4 registrere avvik knytte til helse, miljø og sikkerheit for å lære korleis ein kan hindre at dette skjer fl eire gonger 5 registrere sjukefråvær 6 utarbeide arbeidsinstruksar 7 lage eit opplæringsprogram 8 lage stoffkartotek over farlege stoff som blir nytta i bedrifta 9 ha regelmessige reinhalds-, ordens- og vedlikehaldsrutinar Kommentar til hovudpunkta

HMS-planen blir nytta som eit verktøy for systematisk og jamleg å gå gjennom viktige element i den daglege drifta av verksemda. Dette skaper engasjement og forståing for HMS og vil vere med på å byggje positive haldningar til arbeidet med helse, miljø og sikkerheit.

Kjemikaliar er ei fellesnemning på stoff som blir nytta i industrien og på laboratorium. Kjemikaliane kan vere baserte på grunnstoff eller kjemiske sambindingar. Dei kan fi nnast i både væske- og gassform. Farlege kjemikaliar er stoff eller sambindingar som kan føre til helse-, miljø-, brann- eller eksplosjonsfare.

Figur 13.4 viser korleis farlege kjemikaliar skal merkast. Alle verksemder skal ha eit kartotek med ei oversikt over dei farlege kjemikaliane dei bruker. Informasjon i form av eit sikkerheitsdatablad for kvar kjemikalietype skal òg vere lett tilgjengeleg på arbeidsplassen. Datablada skal innehalde informasjon om farlege eigenskapar og tilrådde vernetiltak ved bruk av kjemikaliane.

Figur 13.4 Merking av farlege kjemikaliar.

Oksiderande Svært brannfarleg Etsande

Gassar under trykk Akutt helsefare Kronisk helsefare

Irriterande Eksplosiv Miljøskadeleg

Klassifi sering av kjemikaliar Måten kjemikaliane blir klassifi serte, merkte og oppbevarte på, er regulert av forskrifta om klassifi sering, merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP-forskrifta). Forskrifta er laga for å sikre at bruken av kjemikaliar ikkje utgjer ein fare for menneske og miljø.

Med giftige kjemikaliar meiner vi kjemiske stoff som endrar eigenskapane til cellene i kroppen på ein slik måte at cellene sin funksjon blir endra eller øydelagd. Grada av giftigheit blir fastsett etter kor stor dose av kjemikalien som gir eit sannsyn for 50 prosent dødelegheit.

Løysemiddel Løysemiddel er kjemikaliar i væskeform som vi bruker for å løyse opp faste stoff og tynne ut væsker. Løysemiddel bruker vi mellom anna til reinsing, avfeitting, målararbeid, lakkering, reingjering, fortynning og liming. Døme på løysemiddel er vatn, etanol, raudsprit, white-spirit, aceton, trikloretylen, benzen og bensin.

This article is from: