3 minute read
Sikkerheitsbrytar med interlock
Figur 13.27 Sikkerheitsbrytar som er kopla til dekselet på ei maskin. Magnetbrytar
Figur 13.28 Sikkerheitsbrytar på ei dør. Permanentmagnet
Figur 13.28 viser eit døme på bruken av sikkerheitsbrytarar. Døra fører inn til ei arbeidscelle med ein robot. På grunn av sikkerheita skal ikkje døra opnast når roboten er i drift. Ein sikkerheitsbrytar blir derfor montert på døra, slik at roboten stoppar dersom døra blir opna.
Interlock er eit omgrep du kan støyte på i samband med maskinsikkerheit. Men kva er interlock? Her er eit enkelt døme: I bilar kan det installerast ei innretning som hindrar at bilen kan startast dersom sjåføren er påverka av alkohol. Denne innretninga blir kalla for ein tenningsinterlock og er kopla til startsystemet til bilen. Når sjåføren set seg i bilen, blæs vedkommande inn i eit instrument som analyserer lufta frå lungene. Tenningsinterlocken er installert slik at startsystemet til bilen blir kopla ut
Figur 13.29 Døme på korleis ein sikkerheitsbrytar er utforma. dersom det er alkoholmolekyl i utpusten til sjåføren. Når startsystemet er kopla ut, kan ikkje bilen startast.
Nokre døme på sikkerheitsbrytarar med interlock er → reléspole med spindel som koplar inn reléet → relé → lås og nøkkel → mekanisk sperre (interlock) for elektromagnetar
Hovuddelane til ein sikkerheitsbrytar ser du i fi gur 13.29.
No skal vi sjå på eit anna døme: Vi har ei maskin med eit stort el-skap. Skapet inneheld 400 V forsyningspenning til motorar og styre- og reguleringssystem. Døra til skapet skal alltid vere lukka når maskina er i drift. Dersom døra blir opna under drift, skal maskina stoppe automatisk. Sikkerheitsbrytaren er montert på utsida av skapet og inngår i forriglinga.
Under normal drift verkar sikkerheitsbrytaren som eit relé med ein reléspole. Når reléet er aktivert, er det kontakt over 21/22 og 32/31. På døra og karmen i el-skapet er det montert ein magnetbrytar. Straumen til sikkerheitsbrytaren sin reléspole går over til ein relékontakt i magnetbrytaren.
Dersom sertifi sert personell skal feilsøkje på el-anlegget/styresystemet under drift, må dei ha høve til å opne døra til el-skapet utan at maskina stoppar. Då må dei bruke interlocken som
Mekanisk sperre
Spole og spindel Lås/nøkkel
Relé
høyrer til sikkerheitsbrytaren. Interlocken er ei mekanisk sperre som kan låse spindelen til reléspolen i «driftsposisjon».
Vi gir plass til den mekaniske sperra ved å vri om nøkkelen i forkant av eininga. Deretter set vi den mekaniske sperra på plass. Då er stempelet til reléspolen låst. Sikkerheitsbrytaren er dermed sperra når døra til el-skapet blir opna. Når oppdraget er utført, blir døra til el-skapet lukka. Deretter fjernar vi den mekaniske sperra. Brytaren kan også låsast slik at reléet ikkje kan aktiverast når vi skal utføre arbeid i farlege soner på maskina.
Automatiseringssystem 2
Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i programfaget automatiseringssystem for vg2 og vg3 etter fagfornyinga. Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre ny kna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein innhaldsrik nettressurs med mellom anna fagomgrep, yrkesoppdrag og animasjonar. Automatiseringssystem 2 dekkjer temaa sikkerheit, mekanisk arbeid, pådragsorgan, hydrauliske anlegg, reguleringsteknikk, system, standardar og protokollar, utstyr og prosessar, metodar for gass- og væskeanalyse, robotisering og programmering, og dessutan vedlikehald og tilstandskontroll.
Forfattarar
Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i ti år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning. Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå Oslomet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.
ISBN 978-82-11-04416-7