2 minute read

Maskinsikkerheit

Figur 13.22 (ovanfor) Døme på High Breaking Capacity-probar.

Figur 13.23 (til høgre) Einpola og topola spenningstestar.

Figur 13.24 Ein lett tilgjengeleg stoppknapp stansar maskina. Jord- og kortslutningssikre spenningstestarar Figur 13.23 viser to typar spenningstestarar: einpola og topola testar. Når du skal bruke spenningstestar i målingar, bør du bruke ein topola testar. Grunnen til det er at topola testarar som oftast er jord- og kortslutningssikra. Topola testarar viser òg rett spenningsnivå.

Som du har lese tidlegare i dette kapittelet, må sikkerheit alltid ha førsteprioritet. Dette gjeld ikkje minst når vi jobbar med robotar, CNC-maskiner og roterande maskineri. Maskiner og sikkerheitskomponentar må konstruerast slik at arbeidstakarar, forbrukarar, dyr og gjenstandar er verna mot skade og ikkje blir utsette for uheldige belastningar.

Maskinsikkerheit i si enklaste form er ein lett tilgjengeleg stoppknapp. Når vi trykkjer på knappen, stansar maskina.

Direktiv, lover og forskrifter Styresmaktene stiller krav til produsentar og brukarar av maskiner gjennom eit nokså komplekst hierarki av dokument. Øvst i hierarkiet er det ofte eit direktiv som er utarbeidd av EU. Dette direktivet gir overordna og generelle krav. Når vi jobbar med maskiner, er det til dømes maskindirektivet (2006/42/EF) vi må ta omsyn til.

Til dei ulike direktiva er det utarbeidd lover og forskrifter som beskriv korleis direktivet skal utførast, kven som har ansvaret, og kva som er konsekvensen dersom lova eller forskrifta blir broten.

Produsentar og eigarar av maskiner må til dømes ta omsyn til forskrift om maskiner (FOR-2009-05-20-544). Denne forskrifta beskriv mellom anna krav til sikkerheit og teknisk dokumentasjon, og kva lover som gjeld dersom forskrifta blir broten.

Normer

For å gjere det enkelt å forstå direktiva, lovene og forskriftene er det i tillegg laga normer. Desse beskriv konkrete metodar og prosedyrar som produsentane skal følgje. Her er nokre døme: → NS-EN ISO 12100:2010 – beskriv metodar for å designe sikre maskiner → NS-EN ISO 14121-1 – beskriv kva som må leggjast til grunn for ei risikovurdering, og kva vurderingar som må gjerast → NS-EN ISO/TR 14121-2 – beskriv metodar for å estimere og vurdere risiko → NS-EN ISO 13849-1:2008 – beskriv korleis ein skal designe mekaniske sikkerheitssystem, og kva arkitekturprinsipp ein skal følgje for å designe elektroniske sikkerheitssystem (dette blir oppgitt som Performance Level med ein skala frå PLa til PLe, der PLa er lågast, og PLe er høgast) → NEK EN 62061:2005 – beskriv korleis ein skal designe og verifi sere sikkerheitsfunksjonar og komponentar i styrings- og overvakingssystem som er baserte på elektronikk (denne norma tek omsyn til Safety Integrity Level (SIL), der SIL1 er lågast, og SIL4 er høgast)

Figur 13.25 viser eit døme på korleis vi kan setje opp eit fl ytskjema for å vurdere risiko når vi konstruerer ei maskin. For å

This article is from: