1 minute read

Kapittel

Next Article
Kapittel

Kapittel

Figur 13.5 Kjemikaliar, som til dømes lynol, kan gi tørr hud og eksem.

Løysemiddel, med unntak av vatn, kan vere farlege dersom vi bruker dei på feil måte. Derfor er det viktig å handtere løysemidla riktig. Statistikken viser at kvar tiande arbeidstakar er i kontakt med løysemiddel. Skadar på kroppen som er forårsaka av løysemiddel, lèt seg ofte ikkje lækje.

Løysemiddel blir tekne opp i kroppen Dei fl este løysemiddelskadane oppstår fordi vi pustar inn luft som er forureina av løysemiddeldamp. Nokre løysemiddel trengjer òg inn i kroppen gjennom hudcellene og vidare inn i blodomløpet. Gjennom blodet kan løysemidla samle seg i feittvev og skade viktige organ, som til dømes hjernen. Løysemidla kan òg forårsake synleg skade på hud og slimhinner.

Når vi pustar inn luft som er forureina med løysemiddel, går løysemidla gjennom lungeblærene og inn blodet. Løysemidla blir transporterte saman med blodet til viktige organ og feittvev, der dei blir lagra i lengre tid. Kor mykje løysemiddel som blir teke opp i blodet, kjem først og fremst an på kor lett løysemidla blir absorberte i blodet. Dette varierer frå løysemiddel til løysemiddel.

Nokre løysemiddel kan også takast opp i kroppen gjennom huda, som til dømes løysemidla lynol og xylen. Kroppen tek opp meir løysemiddel viss det er rifter og sår i huda. Løysemiddel kan tørke ut huda og gi tørr, sprokken hud og eksem.

This article is from: