1 minute read
Tilleggsutstyr
Kategori 1 Kategori 2 Kategori 3 Kategori 4
Figur 13.20 (ovanfor) Områdekategoriane I til IV.
Figur 13.21 Instrument for måling av sann RMS. Instrumentet kan nyttast i kategori IV. Vern mot transientar er eit anna krav. Med transientar meiner vi kortvarige elektriske impulsar. Store spenningstoppar kan oppstå ved mellom anna lynnedslag. Derfor er krava til krypstraumavstandar og isolasjon større i områdekategori IV.
Instrumentet i fi gur 13.21 måler sann RMS. Instrumentet kan nyttast i kategori IV. Merkinga seier at instrumentet kan nyttast for 1000 V i kategori III og for 600 V i kategori IV. Instrumentet må ha CE-merking. Ver merksam på at instrumentet skal vere merkt med kva for eit testlaboratorium som har testa instrumentet, i tillegg til CE-merking.
Figur 13.22 viser døme på såkalla HBC-probar (High Breaking Capacity-probar). Desse nyttar ein der det er fare for høg kortslutningsstraum. Måleleidningar eller probar kan ha innebygd HBCsikring. Formålet med HBC-sikringa er å vareta personsikkerheita. Sikringa skal bryte kortslutningsstraumen før han når toppverdien sin, og på den måten hindre at instrumentet eksploderer. Ved å nytte HBC-proben kan ein altså avgrense personskadar.