Automatiseringssystem 2 NYN (9788211044167)

Page 24

Automatiseringssystem 2

Kategori 1

Figur 13.20 (ovanfor) Områdekategoriane I til IV.

Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit

Kategori 2

Kategori 3

Kategori 4

Vern mot transientar er eit anna krav. Med transientar meiner vi kortvarige elektriske impulsar. Store spenningstoppar kan oppstå ved mellom anna lynnedslag. Derfor er krava til krypstraumavstandar og isolasjon større i områdekategori IV. Instrumentet i figur 13.21 måler sann RMS. Instrumentet kan nyttast i kategori IV. Merkinga seier at instrumentet kan nyttast for 1000 V i kategori III og for 600 V i kategori IV. Instrumentet må ha CE-merking. Ver merksam på at instrumentet skal vere merkt med kva for eit testlaboratorium som har testa instrumentet, i tillegg til CE-merking.

Tilleggsutstyr

Figur 13.21 Instrument for måling av sann RMS. Instrumentet kan nyttast i kategori IV.

22

Figur 13.22 viser døme på såkalla HBC-probar (High Breaking Capacity-probar). Desse nyttar ein der det er fare for høg kortslutningsstraum. Måleleidningar eller probar kan ha innebygd HBCsikring. Formålet med HBC-sikringa er å vareta personsikkerheita. Sikringa skal bryte kortslutningsstraumen før han når toppverdien sin, og på den måten hindre at instrumentet eksploderer. Ved å nytte HBC-proben kan ein altså avgrense personskadar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.