2 minute read

Sikkerheitsbarrierar

Next Article
Tilleggsutstyr

Tilleggsutstyr

som mogleg. Dette inneber ikkje at all mogleg risiko er fjerna, men at målsetjinga vår er null skadar.

Vi kan nemleg aldri nå 100 prosent sikkerheit. Derfor må alle på arbeidsplassen ha sikkerheita i bakhovudet heile tida. Det gjeld for alt arbeid som blir utført eller planlagt.

Styresmaktene krev at bedrifta kartlegg og dokumenterer farar som kan oppstå under arbeid. Det er derfor utarbeidd ei forskrift som alle verksemder må ta omsyn til. Dette er internkontrollforskrifta, og i § 5 nummer 6 står det at «virksomheten skal kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene», og at dette «må dokumenteres skriftlig».

Sikkerheit på tre nivå Vi arbeider med sikkerheit på tre ulike nivå: → Førebyggjande arbeid: Korleis sikrar vi oss mot uønskte situasjonar? → Handling: Kva gjer vi dersom det oppstår ein nødssituasjon? → Etterarbeid: Kva gjer vi etter ei uventa og kritisk hending?

Det er viktig at alle verksemder har ein plan for alle dei tre nivåa, og at det blir jobba systematisk med sikkerheit. Dette skal vi no sjå nærare på.

For å arbeide så sikkert som mogleg er det viktig at vi set i verk tiltak som kan forhindre farlege situasjonar. Desse tiltaka kallar vi sikkerheitsbarrierar. Dess fl eire og meir innarbeidde barrierar vi har, dess betre sikkerheit oppnår vi.

Om du hoppar ut av eit fl y med ein fallskjerm på ryggen, er det ikkje gitt at du landar mjukt på bakken. Du ville aldri ha hoppa ut av fl yet utan sikkerheitsbarrierar som til dømes → grundig opplæring → analyse av risiko → planlegging → rett utstyr → vurdering av vêr og lokale forhold

Slik må du òg tenkje på arbeidsplassen. Eit av dei viktigaste elementa ved sikkerheitsbarrierane er å gjere ein analyse av

Figur 13.1 Ulike typar sikkerheitsbarrierar.

Figur 13.2 Sikker-jobb-analyseskjema. risikoen ved å utføre ei handling. I industrien er dette kjent som sikker-jobb-analyse (SJA). Dette skal vi sjå nærare på nedanfor.

Figur 13.1 viser ein illustrasjon av ulike sikkerheitsbarrierar. Hola viser svakheiter i barrierane. Er det hol i alle barrierane, vil det vere sannsynleg at ei ulykke kan skje.

Sikker-jobb-analyse (SJA) Sikker-jobb-analyse er ei kartlegging av risiko som du skal gjennomføre før du startar eit arbeid. Figur 13.2 viser eit døme på eit SJA-skjema.

Sikker jobbanalyse Planlegging Kommunikasjon Deg sjølv

Uønskt hending

Teknisk tilstand Arbeidsleiing og arbeidsrutinar Opplæring og kompetanse

Sikker-jobb-analyse (SJA) Nr. Spør deg sjølv 1 Har du arbeidsløyve? 2 Er du på rett stad i anlegget? 3 Har du gjennomført gasstest? 4 Har du teke med gassmålar? 5 Har du brannsløkkingsutstyr? 6 Har du gitt alle partane det vedkjem, nødvendige meldingar? 7 Har du inspisert området? 8 Har du alt nødvendig verneutstyr? 9 Er alt verktøyet godkjent for dette arbeidsoppdraget? 10 Har du alt nødvendig sikringsutstyr for denne jobben?

Dato: ……………………….........… Signatur: …………………………… Stadfest med X

This article is from: