Automatiseringssystem 2
Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit
som mogleg. Dette inneber ikkje at all mogleg risiko er fjerna, men at målsetjinga vår er null skadar. Vi kan nemleg aldri nå 100 prosent sikkerheit. Derfor må alle på arbeidsplassen ha sikkerheita i bakhovudet heile tida. Det gjeld for alt arbeid som blir utført eller planlagt. Styresmaktene krev at bedrifta kartlegg og dokumenterer farar som kan oppstå under arbeid. Det er derfor utarbeidd ei forskrift som alle verksemder må ta omsyn til. Dette er internkontrollforskrifta, og i § 5 nummer 6 står det at «virksomheten skal kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene», og at dette «må dokumenteres skriftlig». Sikkerheit på tre nivå Vi arbeider med sikkerheit på tre ulike nivå: → Førebyggjande arbeid: Korleis sikrar vi oss mot uønskte situasjonar? → Handling: Kva gjer vi dersom det oppstår ein nødssituasjon? → Etterarbeid: Kva gjer vi etter ei uventa og kritisk hending? Det er viktig at alle verksemder har ein plan for alle dei tre nivåa, og at det blir jobba systematisk med sikkerheit. Dette skal vi no sjå nærare på.
Sikkerheitsbarrierar For å arbeide så sikkert som mogleg er det viktig at vi set i verk tiltak som kan forhindre farlege situasjonar. Desse tiltaka kallar vi sikkerheitsbarrierar. Dess fleire og meir innarbeidde barrierar vi har, dess betre sikkerheit oppnår vi. Om du hoppar ut av eit fly med ein fallskjerm på ryggen, er det ikkje gitt at du landar mjukt på bakken. Du ville aldri ha hoppa ut av flyet utan sikkerheitsbarrierar som til dømes → grundig opplæring → analyse av risiko → planlegging → rett utstyr → vurdering av vêr og lokale forhold Slik må du òg tenkje på arbeidsplassen. Eit av dei viktigaste elementa ved sikkerheitsbarrierane er å gjere ein analyse av 8