Drift og entreprenørskap NYN (9788211049063)

Page 1


Drift og entreprenørskap

Heste- og dyrefag

Drift og entreprenørskap

vg2 heste- og dyrefag Nynorsk

Innhald

Drift og entreprenørskap

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

→ planleggje, tilby og vurdere aktivitetar, produkt eller tenester for ulike målgrupper

→ gjere greie for etablering, utvikling og drift av næringsverksemd, hensikta med og innhaldet i ein forretningsplan

→ rettleie, instruere og samarbeide med andre i utføring av arbeidsoppgåver

→ arbeide etter hygieniske prinsipp og ivareta smittevern mellom dyr, og mellom dyr og menneske

→ arbeide i tråd med gjeldande lov- og regelverk og gjere greie for aktuelle krav om dokumentert kompetanse

→ utføre arbeidsoppgåver på ein ergonomisk riktig måte, gjere greie for vanlege belastningsskadar og setje i verk tiltak for å unngå desse

→ vurdere risiko og handtere dyr på ein sikker og trygg måte

→ gjennomføre og dokumentere helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, setje i verk førebyggjande tiltak og følgje rutinar, kvalitetssystem og arbeidsinstruksar

→ velje, bruke, tilpasse og vedlikehalde anlegg, utstyr, verktøy, materiale og metodar

→ informere og rettleie kundar og yte kundeservice

→ utforske og gjere greie for dyrehaldet og næringa si tyding for folkehelse, samfunn og natur i Noreg

→ identifisere faktorar som påverkar arbeidsmiljø, økonomi, kvalitet og verksemda si berekraft og påverknad på miljøet, og føreslå og setje i verk forbetringstiltak

→ føre enkelt budsjett og rekneskap, gjere greie for sentrale element i økonomistyring og tydinga av korrekt rekneskapsføring, og tolke nøkkeltal

→ gjennomføre marknadsføringstiltak og vurdere prissetjing av tenester og produkt

→ arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Kapittel 1

Arbeidsvanar og HMS

Gode arbeidsvanar bidreg til at du får eit lengre og friskare arbeidsliv. Mange jobbar innanfor heste- og dyrebransjen kan vere fysisk krevjande. Då er det viktig med gode rutinar for å førebyggje yrkesskadar som kan føre til langvarig sjukefråvær – eller i verste fall koste liv. Det finst lover og reglar i arbeidslivet som skal verne dyr og menneske mot skadar, og som hjelper oss til å ta vare på helse, miljø og tryggleik (HMS). Gode arbeidsvanar er ein del av dette. Ved å avgrense skadar vil også samfunnet spare tid og pengar.

Arbeidsmiljølova

På dyreklinikkar skal alle undersøkingsbord vaskast etter kvart besøk for å hindre smitte. På biletet blir det vist eit reingjort undersøkingsrom, klart til neste kunde.

Arbeidsmiljølova gjeld for alle som er i arbeid, òg om du er lærling eller har sommarjobb i ei bedrift. Lova skal sikre at alle har eit trygt og inkluderande arbeidsliv og eit arbeidsmiljø som er meiningsfylt og helsefremjande. Noreg er eit av få land som har ei eiga lov som sikrar alle arbeidstakarar grunnleggjande rettar. Difor er det viktig å ha kjennskap til arbeidsmiljølova, både som arbeidstakar og som arbeidsgjevar.

Det er inga fastsett minstelønn i Noreg, men dei fleste bransjar har ein eigen tariffavtale der minsteløna er bestemt.

Tariffavtale

Arbeidsmiljølova er eit overordna lovverk som gjeld for alle. Innafor kvar bransje kan det igjen skrivast eigne tariffavtalar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Ein tariffavtale vil vere meir detaljert og gje arbeidstakaren fleire rettar enn det arbeidsmiljølova kan gjere. Her kan ting som arbeidstid, lengda på arbeidsdagen, ferie og minstelønn bestemmast. I tariffavtalen kan det òg vere andre spesielle føresegner som gjev unntak frå arbeidsmiljølova.

Fagforeining

Ei fagforeining er ein organisasjon for arbeidstakarar. Fagforeiningane skal jobbe for saker som lønn og arbeidsvilkår på vegner av deg som arbeidstakar, og jobbar opp mot arbeidsgjevaren. Ei fagforeining skal vere eit fellesskap for folk som er i arbeid, og arbeide for gode arbeidsforhold, likeverd og demokrati på arbeidsplassen. Har du som arbeidstakar utfordringar i arbeidet, kan fagforeininga hjelpe deg. Saman står de sterkare, og arbeidstakarar i ulike bransjar kan støtte kvarandre. Arbeidsgjevarane har sine eigne organisasjonar. Ei fagforeining kan til dømes jobbe for likeverd på arbeidsplassen. Påbod om eigne skiftebrakker for kvinner på byggeplassen, eller ønskje om arbeidsklede tilpassa både menn og kvinner i industrien, er døme på dette.

Dei som jobbar i stall, er ofte glade for moglegheita til å trene hest, men har ofte dårlege arbeidsforhold.

Lockout, streik og tvungen lønsnemnd

Når nye tariffavtalar skal lagast, møtest organisasjonane for arbeidstakar og arbeidsgjevar. Her kan dei diskutere saker som lønn og arbeidsvilkår. Arbeidsvilkår handlar om korleis folk har det på jobb. Om arbeidsgjevarane nektar å gå med på krava til arbeidstakarane, kan fagforeininga ta ut arbeidarar i streik. Det betyr at nokre arbeidstakarar, eller alle, blir nekta av fagforeininga å utføre arbeidsoppgåvene sine fram til dei får gjennom krava sine. Også arbeidsgjevarorganisasjonane kan bruke pressmiddel mot arbeidstakarane i ein konflikt. Ein lockout betyr at dørene til verksemda blir «låste» og arbeidstakarane ikkje får møte på jobb før krava til arbeidsgjevaren blir oppfylte. Det er sjeldan at lockout blir brukt i Noreg. Streik er meir vanleg.

Berre kvalifiserte folk bør leggje sele på hesten. Viss dette blir gjort riktig, vert arbeidet behageleg for hesten og trygt for kusken.

Tvungen lønsnemnd

Når forhandlingane ikkje når fram, må ein eventuell streik eller lockout varslast til riksmeklaren fire dagar før han tek til. Jobben til riksmeklaren er å forhandle mellom arbeidsgjevaren og arbeidstakarane når dei ikkje blir samde i forhandlingar om nye tariffavtalar. Om det likevel går til streik, og riksmeklaren meiner at streiken går ut over tryggleik, liv og helse eller vil kunne gje store materielle tap, kan hen nekte arbeidstakarane moglegheita til å streike. Då vil riksmeklaren innføre tvinga lønsnemnd. Det vil seie at partane ikkje kan gå til streik eller lockout, og at usemja blir avgjord av ei eiga nemnd.

Nokre gjeremål må skje kvar dag, medan andre berre treng å gjennomførast av og til. Viss du ikkje har ei liste over det som skal gjerast kvar veke, går dei fort i gløymeboka, så lag ei liste òg for desse.

Rutinar

Dagsplan

Alle bedrifter bør ha ein rutine for at alle oppgåvene som må gjerast kvar dag, faktisk blir gjorde. Desse rutinane bør stå på ei liste slik at det er lett å få dei utførte. I staden for at du ser deg rundt og lurer på kva som bør gjerast, tek du utgangspunkt i ein plan som er utarbeidd på førehand. Det kan vere nyttig å ha rutinane skrivne ned på ein synleg stad, for då kan du overlate stellet til ein annan person viss du ikkje kan kome sjølv. På anlegg for dyr krevst det òg at rutinane blir skrivne ned. Det kan fort skje at nokon trur ei oppgåve er gjort når ho ikkje er det, spesielt i bedrifter der fleire menneske har ansvar for dei same dyra.

Daglege oppgåver

Fôre til frukost

Ha på dekken og sleppe ut bokshestar

Møkke boksar

Koste stallen

Fôre lunsj

Fylle fôrposar

Leggje inn kveldsfôr i boksane

Møkke paddockar

Fylle vatn i paddockar

Rake rundt paddockar

Koste stallen

Trene hestar

Fôre middag ute

Ta inn hestar og hengje dekken på tørkerom

Bére ut kveldsmat til utegangshestane

Skru av lys og stengje stallen

Vekeoppgåver

Rake hallen

Vatne hallen

Køyre ny rundball

Køyre vekk møkkahengjar

Tømme trillebåra i hallen

Tømme søppeldunkar

Koste vaskespilt

Rydde stallen

Gå over gjerde (bruk straummålar)

Namn

Marie og Magnus

Jonas

Natalie

Emma Marlene

Jonas og Marie

Natalie

Magnus

Namn

Jonas

Natalie

Marie

Ein ryddig verkstad lettar arbeidet. Det vert enklare å finne att reiskapane, og det er lettare og trivelegare å arbeide på ryddige flater.

Vekeplan eller årsplan

Nokre oppgåver treng ikkje å gjerast kvar dag. Desse er det ekstra fort å gløyme fordi det ofte er andre ting som hastar meir i kvardagen. Likevel er det lurt å ha ei rutine på dei sjeldnare oppgåvene, slik at standarden på anlegget ikkje forfell. Viss du let fôrlageret stå lenge utan opprydding, kan du risikere at skadedyr flytter inn og gjer store øydeleggingar, noko som kan vere dyrt å reparere. Enkelte oppgåver høver i ein plan med lengre tidsspenn. Det er for eksempel ikkje tid til å ta vareteljing kvar dag i ei vanleg dyrebedrift. Ei rutine kan difor vere å lage ei årleg sjekkliste som følgjast opp ved starten av året, for å sjå om det er gjort. Ei anna slik oppgåve kan vere å ta ein grundig nedvask av hesteboksane før beiteslepp. Det kan òg lagast ei vekesjekkliste med oppgåver som kan gjerast når det er tid i kvardagen. Anlegget har kanskje ein utplasseringselev som kan få ansvaret for oppgåvene, eller det kan setjast av ein dag i veka til at de skal gjere dei. Her må kvar enkelt bedrift sjå kva for behov dei har, og tilpasse rutinane til desse.

Effektivitet

Gode rutinar aukar effektiviteten i ei bedrift. Nokre oppgåver er det lurt å ta samtidig. Dette vert kalla «batching». Du kan gruppere oppgåvene etter stad eller funksjon. Rekkefølgja kan tilpassast slik at det vert best mogleg effektivitet i oppgåvene. Det gjev for eksempel lita meining å tørke over glaset på akvaria før vassbyte ettersom det er stor sjanse for at du vil søle vatn

Stallkatten et gnagarar som kan skade inventar og fôrlager. Han gjer skadedyrbekjempinga på ein meir effektiv måte enn menneske og musefeller.

når du held på. Det er heller ikkje lurt å gå ut med trillebåra til paddocken for å møkke, og deretter gå ut endå ein gong med fôr. I staden kan du fyrst gje alle hestane mat og deretter ta møkkinga. Det er lettare å møkke når alle hestane er opptekne med å ete, og du kan i tillegg observere hestane medan du arbeider. Når hestar står i gruppe, er det ikkje alltid at alle hestane får like mykje mat. Dermed får du dekt fleire punkt samtidig i éi oppgåve. Planlegg korleis rutinane kan flyttast på for å dekkje mest mogleg arbeid på kortast mogleg tid.

Vaktordning

Viss det er fleire oppstallørar i ein stall, er det vanleg at fôringane skjer samla på rullering. Ein oppstallør er ein person som leiger ein stallplass. Det tek kort tid for kvar oppstallør å fôre sin eigen hest, men i løpet av ei veke vert det mange fôringar som må takast. Det tek meir tid å fôre fleire hestar enn å fôre ein, men tida per hest vert redusert fordi du slepp å dra fram og tilbake til stallen fleire gonger. I løpet av ei veke vil kvar oppstallør spare tid på ei slik vaktordning. Alt i alt er rullering mest effektivt.

Dette høynettet er hengt opp med ei stor løkke i enden av tauet. Her kan ein hest i verste fall setje fast hovudet og skade seg kraftig.

Kvalitetssikring

Kva er kvalitetssikring?

Kvalitetssikring er det vi planlegg og gjer for at tenesta eller produktet vi tilbyr, skal verte betre. Gode rutinar er ein god start, men du må òg kontrollere at rutinane vert gjennomførte, og at resultatet vert godkjent. Kvalitetssikring kan òg vere dokumentasjon, som ein kontrakt, der leiaren og dei tilsette i bedrifta på førehand vert einige om kva som vert forventa av båe partar. Det gjev færre konfliktar og gjer den daglege drifta meir føreseieleg. Gode system bør vere på plass slik at drifta held fram på same måte uansett kven som er på jobb. Viss du har system i hyllene på eit verkstad, vert det ikkje berre trivelegare på verkstaden, men òg lettare å finne reiskapane raskt. Reglane på anlegget bør gjelde det som er viktigast å systematisere, for eksempel at røyking ikkje er lov. Du kan òg sende tilsette på kurs. Slik aukar du kvaliteten på produktet og systemet. Viss ein kunde vert møtt av eitt blidt andlet, vil berre den eine tilsette gje eit godt inntrykk. Viss derimot alle tilsette har for vane å smile til kundane, får heile bedrifta eit betre rykte. Sjå meir om kundeservice i kapittel 9. Gjennom kvalitetssikring kan bedrifta auke standarden over tid.

Denne stallen har oppbevaringsmoglegheiter til oppstallørar, slik at alle har god plass til ekstrautstyr. Dette gjer stallen ryddig og aukar standarden på anlegget.

Viss du oppbevarer hestegodteri i salskapet, oppmodar du samtidig skadedyr til å flytte inn i stallen. Skadedyr reduserer kvaliteten på verksemda.

Sju gonger «kvifor»

Vi greier ikkje alltid å tenkje på alt når vi kvalitetssikrar, ofte fordi problemet allereie har oppstått. For å løyse eit problem i ei bedrift må du ikkje berre sjå på symptomet, men kome til botnar i kvifor det har gått gale. Ei øving frå japansk bilindustri er å spørje seg sjølv «kvifor» sju gonger. Då finn du årsaka til problemet. For eksempel kan du ha fått ein klage frå ein kunde:

→ Kvifor klaga kunden?

– Kunden var misnøgd med at ho ikkje fekk svar på førespurnaden på nett.

→ Kvifor brukar vi så lang tid på å svare?

– Ingen har ansvaret for å svare på kommentarar på nettsida.

→ Kvifor er det ingen som har fått ansvar for dette?

– Den som kunne det, pensjonerte seg i fjor.

Løysing: Lær opp ein ny person i kommentarfunksjonen på nettsida, og ha rutine på at denne personen får varsel på telefonen når nokon kommenterer. I dette tilfellet trongst det berre tre spørsmål for å finne løysinga på problemet. I verste fall kan du trenge sju spørsmål. Ved å kome til botnar i problemet lagar du løysingar som varer lenger, og sparer tid og pengar seinare.

Tannsjekk tek tid. Men regelmessig trening på tannsjekk gjer katten rolegare, slik at oppgåva går fortare og tannproblema kan fangast opp tidleg.

Digitale og analoge verktøy

Det finst verktøy som kan hjelpe til med planlegging og kvalitetssikring. Du bør våge å tenkje annleis når du skal kvalitetssikre, og ikkje gjere ting berre fordi det «alltid» har vorte gjort slik! Listene som er nemnde tidlegare i kapitlet, kan skrivast ut og laminerast. Då kan dei skrivast på med whiteboardtusj, og skrifta kan viskast ut for kvar dag. Ein ulempe med denne metoden er at du må vere fysisk til stades på anlegget for å sjekke

Denne flate plastskiva vart skrive ut med 3D-skrivar og fungerer som lås på eit terrarium. Dette sikrar at reptilet ikkje rømmer.

kva som er gjort. Viss du ikkje er til stades der lista heng, vil du altså ikkje kunne sjå om oppgåvene er løyste. Ei anna løysing er å bruke eit digitalt verktøy. Då kan du bruke ein spesiallaga app som fungerer spesifikt for oppgåvene du vil ha gjennomførte. Ulempa er at det kan bli for mange ulike verktøy å halde styr på viss bedrifta har ulike dyreartar. Ei anna metode er å bruke ei felles digital notatblokk med skylagring som fleire har tilgang til. Ei digital notatblokk kan redigerast frå mobil eller PC, slik at de sparer tid. Du unngår òg at to personar går for å byrje med same oppgåve samtidig. Digitale verktøy tek heller ikkje opp plass på kontoret, men det er viktig å halde orden i systemet og vite korleis det fungerer for at det skal verke effektivt.

Logg for Leopold 2023

Veke Vekt Mat Avføring Hamskifte

36 09.09

Denne tabellen dokumenterer nokre viktige hendingar og stell av ein to år gammal kongepyton. I den alderen et dei kvar veke.

Logg

Loggskriving er ein nyttig reiskap for å auke kvaliteten på dyrehaldet. I ein logg kan vi dokumentere trening, stell eller livshendingar som har skjedd med dyret. Loggskriving kan gjere at vi finn svake ledd i drifta fordi loggen inneheld informasjon om kva som faktisk har hendt, i motsetnad til rutinar som skildrar kva som bør skje kvar dag. Du kan for eksempel ta bilete av dei daglege rutinane på tavla på slutten av dagen og lagre dei i ei mappe på PC-en. Viss ei oppgåve aldri vert gjort frå veke til veke, kan det vere teikn på at betre opplæring eller tilrettelegging må til.

Slik kan ein slange vegast. Hugs at behaldaren berre skal brukast til veging. Bruk gjerne ein gamal isboks eller liknande.

Det er lett å gå glipp av endringar som skjer over tid, for eksempel vekttap hos eit dyr. Dette kan skje fordi du ser dyret kvar dag og dermed «venjer» deg til korleis det ser ut. Å vege dyr jamleg er ein vanleg rutine for mindre dyr som fuglar og reptiler. Ved å vege og skrive ned vekta på ein fugl dagleg, kan

du sjå om dyret plutseleg taper seg eller legg på seg. Å leggje på seg kan vere teikn på leggjenød hos fugl, som kan vere livsfarleg. Viss eit reptil går ned i vekt over tid, tyder det anten at det ikkje får nok mat, eller at det er sjukt. I ein logg kan du dokumentere skadar, talet på gjester på ein besøksgard, dyra si vekt, mengda fôr eller anna som bedrifta treng å følgje med på.

Merking av dyrebur

Biletet syner fôrbehaldarar i ein stall som er tydeleg merkte med namn, slik at ingen tek feil fôr.

Desse høyposane er merkte både på knaggane og på posane. Ute er paddocken òg merkt med tal. Dette gjer det vanskelegare å ta feil når ein fôrar.

Merking kan hjelpe tilsette med å gjennomføre oppgåver med dyr. Ein god rutine er å merke alle dyrebur eller hesteboksar med namn og bilete av dyret, pluss eventuelle andre detaljar. Dette hindrar at dyr vert plasserte på feil stad eller får feil fôr. Hugs at ikkje alle kan namna på dyra, så her hjelper det å liste opp rase, alder og kjønn, i tillegg til bilete. I ein stall med mange hestar av same farge og rase kan det vere krevjande å identifisere dyra. På lappen bør òg eigaren sitt telefonnummer og namn stå skrive, i tilfelle dei må kontaktast. Nokre kjernerutinar kan òg skrivast opp, som fôrplan, medisinering og reinsing av bur til gnagarar. Hugs òg å merke fôrbehaldarane for å sikre at dei kjem til riktig dyr.

Dyrestell

På denne besøksgarden vert det donert mat frå ein lokal matvarebutikk. Maten vert sortert etter kva dyra trygt kan ete. Ved å merke bøttene, kan born gje mat til dyra.

Med god kunnskap om dyra sine behov og åtferd kan du forbetre rutinane slik at du får betre dyrevelferd og HMS. Veging er ein vanleg rutine for mindre dyr. Du kan for eksempel oppdage leggenød hos fuglar, som bør vegast kvar dag. Du kan òg fange opp spisevegring hos mindre dyr, spesielt dei som bur i gruppe. Når det gjeld andre rutinar, vil åtferda til dyra spele inn. Slangar er meir defensive etter fôring, og handtering bør difor ikkje skje før to dagar etter fôringa. Hestar skal helst ikkje ha mat rett før trening, så planlegg å trene omtrent midt mellom to måltid for å redusere stress. Hesten skal òg ha tannrasp og vaksine årleg. Då er det lurt å planleggje å gjere dette samtidig, for å sleppe å betale for to veterinærbesøk. Viss du derimot gløymer å ta vaksine, er konsekvensen at du må starte med grunnvaksine, og då kostar det dobbelt så mykje. Bruk kalenderpåminningar eller sjekklister til hjelp for å hugse gjeremål som må gjennomførast. Å få gode rutinar krev erfaring!

På dette skjemaet kan hesteeigaren planleggje året slik at vaksinar og anna viktig stell ikkje vert gløymt.

Heste-planleggar

Rutine Dato for siste

Vaksine – fornyast årleg

Tannrasp – årleg

Sko – kvar 8. veke

Kalender

Før inn neste dato i kalendaren under

• vaksine

• tannrasp

• sko

• beitetilvenning – etter 17. mai, 15 minutt og doble tida annankvar dag i 2 veker

• ormekur – før beiteslepp, etter slutt på beitesesongen

August September Oktober

November Desember

Risikovurdering

Det er vårt ansvar å sørgje for at arbeidsplassen er best mogleg utforma for å ivareta HMS. Det vert sagt at det er dei mest erfarne dyrepassarane som oftast skader seg. Dette kan vere fordi dei trur dei ikkje lenger treng rutinar og risikovurderingar. Ei risikovurdering er eit godt verktøy for å oppdage og løyse HMSrisikoar i bedrifta. Fyrste steg i ei risikovurdering er å skrive ei liste med alle ting som kan gå gale. Desse vert kalla faremoment. Det kan vere ein spikar som står ut frå ein vegg, ei burdør som ikkje lukkar seg skikkeleg, eller ein ridesti som går litt for nært ein hovudveg. Mange ulykker oppstår uventa, så du må vere kreativ for å finne ut kva som kan vere faremoment. God

Du må vurdere om det er lurt å ferdast ute med dyr på ein så tåkete dag som dette. Sjølv om du held deg unna vegen, kan dyret kome seg laust og springe ut i vegen der bilane har dårleg sikt.

Det grøne skiltet som lyser over denne døra, syner at det er ei naudutgang. Alle naudutgangar skal vere frie for gjenstandar og hindringar. Her har nokon stabla fôr på ein stad som kan gjere det vanskeleg å kome

kan vere farleg ikkje berre for hesten som kan skade seg om han set seg fast, men òg for personar som prøver å hjelpe den skremde hesten.

kunnskap om dyreatferd treng du òg. Ein spikar kan vere farleg i ein stall fordi hesten ofte klør ansiktet på veggar og hjørne. Kaninar har stort tyggebehov, så leidningar på golvet kan verte tygde på. Viss du har ei skadebok, kan det vere lettare å oppdage faremoment der òg. Du bør ta ei ny risikovurdering kvart år for å friske opp tryggleiksrutinar og ta tak i nye faremoment. Når faremomenta er lista opp, bør du skrive dei inn i ein tabell. Fyrste kolonne er for faremomenta, medan dei neste kolonnene skal vere for alvor, sannsyn, risiko og tiltak.

→ Alvor – kategorisert som 1, 2 eller 3. Det mest alvorlege utfallet er talet 3. Det tyder at faremomentet kan utgjere livsfare eller langvarige skadar. 1 er det minst alvorlege utfallet.

→ Sannsyn – kategorisert som 1, 2, eller 3. Det mest sannsynlege utfallet er 3, altså at det kan skje ulykker veldig ofte eller fleire gonger i veka. 1 er det minst sannsynlege, det vil seie veldig sjeldan, kanskje éin eller to gonger i året.

→ Risiko – Her skal dei to føregåande kolonnene gongast saman. Viss alvoret er 2 og sannsynet er 2, vert risikoen 4. For 2 × 2 = 4.

→ Tiltak – Etter at risikoen er vurdert, får du god oversikt over kvar problemområda er. Jo høgare tal du får, desto raskare

Risikomoment Alvor

Hunden kjem seg laus og går ut i trafikken.

Hunden bit tilsette, spesielt under pelsstell.

Hunden slåss i hundegarden, og tilsette blir skadd når dei prøver å skilje hundane.

Risikomoment

Hesten trakkar på føtene til born under børsting.

Hesten spring ut på ridetur.

Hesten bit fingrane til elevane når dei matar hestane.

Alvor

må du setje inn tiltak for å redusere risikoen. Viss det for eksempel er høgt sannsyn for at ein hund ikkje kjem tilbake på innkalling, må det brukast band når hundane er ute på tur.

Døme på risikovurdering – hundepensjonat

Sannsyn Risiko Tiltak

→ dobbel grind → bandtvang på hundar utanfor bur

→ kursing av tilsette i korrekt trening → ekstra betaling til kennelen for spesielt stell → bruk av munnkurv

→ lause hundar kun saman under oppsyn, og då kun i mindre grupper → ingen tisper med løpetid

Eksempel på risikovurdering – rideleir

Sannsyn Risiko Tiltak

påbod om ridesko av lêr kurs i trygg børsting bruk av rolege hestar

av rolege hestar trygge ridevegar langt unna hovudveg to turleiarar med på alle turar

skilt om trygg mating av hestar fôrkassar der godbitar kan kastast inn til hestane

Hestesko kan slå gneistar mot betongen, så gangen må kostast jamleg for å unngå brann. Gummimatter kan òg hjelpe.

Brannsikring

Når du byggjer rom for oppstalling av dyr, er det viktig å tenkje på brannsikring. Gode rutinar hindrar at det oppstår brann. Tips for å førebyggje brann:

→ Avgrens skadedyr som kan bite på leidningar.

→ Hald dyreanlegget reint: Fjern spindelvev og støv, og kost eller vask golv. Hugs ekstra reingjering av ventilasjonsanlegg og elektrisk anlegg. Spesielt fuglar lagar mykje støv.

Denne leidningen låg tilgjengeleg for ein unghest som gnog på han. Dette kunne ha ført til brann. Spesielt unghestar er nysgjerrige og utforskar ting med munnen.

Når du tilbyr oppbevaring av utstyr, får du både ryddige og trivelege stallgangar. I tillegg får du redusert faremomenta.

→ Sjekk grovfôr jamleg for å oppdage varmegang – rundballar kan ta fyr.

→ Oppbevar møk forsvarleg.

→ Unngå at hestar spring i stallgangen – hestesko kan lage gneistar mot betong.

Dersom brann eller naudssituasjon oppstår, skal det vere mogleg å sleppe dyra ut på ein effektiv måte. Viss det gjeld oppstalling av smådyr eller katt, er det lurt å ha transportbur ståande lett tilgjengeleg ved bura, for å effektivt kunne frakte dyra ut av bygningen. Ha band og halsband hengande lett tilgjengeleg i kennelen. I ein stall er det lurt med branngrimer som det er enkelt å ta på, eller sluse der hestane effektivt kan jagast inn i eit inngjerda område. Hugs at hesten er eit steppedyr. Ved brann kan han springe mot flammene for å kome til den andre sida av brannen. Dette er eit instinkt som førte til overleving på steppene, men som kan vere dødeleg viss han spring inn i ein overtent stall.

Stallar som har fleire enn ti hestar, har ekstra krav til brannsikring. Desse krava bør eigentleg alle følgje som stallar opp dyr over tid:

→ Som brannvarslingsanlegg skal du bruke lys framfor lyd for ikkje å skremme dyra. Du skal òg få varslinga direkte på telefonen og inn i huset.

→ Det elektriske anlegget skal kontrollerast av fagperson minimum kvart tredje år.

→ Det skal vere minst to utgangar.

→ Brannsløkkeutstyret skal vere lett tilgjengeleg.

→ Du skal lage ein beredskapsplan og halde jamlege brannøvingar.

Yrkesskadar

Skadar er ikkje uvanleg i yrke der du er i aktivitet og held på med levande dyr. Det er vårt ansvar å følgje reglane som er laga for å verne oss på jobb. Det er òg mykje vi kan gjere sjølv for å hindre skadar.

Leier du hesten utan hanskar, tek du ein stor risiko. Berre det at hesten snublar, kan føre til alvorlege brannskadar i handa.

Skadar og sjukdomar

Zoonosar

Dei aller fleste smittsomme sjukdomar er tilpassa éin enkelt art, men zoonosar er sjukdomar som kan smitte mellom forskjellige dyreartar og mellom menneske og dyr. Vi går ut frå at den første covid-19-pasienten vart smitta av eit dyr, som kan ha vore ei flaggermus. Reptil kan bere salmonella, noko som er grunnen til at vi alltid vaskar hendene etter å ha handtert reptil. Hundar i India kan gje rabies til menneske, men her finst det vaksinar som hindrar sjukdom. Det gjeld å gjere seg kjend med dei aktuelle sjukdomane for arten og området du skal reise til, og lære om korleis du førebyggjer desse sjukdomane. Generelt er det god praksis å ha eigne klede og sko på arbeidsplassen, som du berre brukar der. Det er lurt å vaske hendene med såpe for å hindre spreiing av sjukdom, og du skal alltid vaske hendene før du et, og før du går for dagen. Følg med på teikn som kan tyde på sjukdom, og isoler dyr som verkar sjuke.

Belastningsskadar

Utstyr som er tilpassa personen si arbeidshøgd, reduserer belastninga på kroppen over tid. Denne hundevasken er tilpassa høgda til hundefrisøren.

Arbeidsstilling og gjentekne rørsler

Du kan få belastningsskadar av å gjere dei same rørsler mange gonger over lengre tid. Stillingane og rørsler kan slite på sener, brusk eller ligament. Viss du alltid brukar same arm til ei oppgåve, kan kroppen slite med å reparere desse skadane før neste arbeidsdag. Difor er det lurt å byte hand når du gjer repetitivt arbeid. Prøv òg å variere oppgåvene i løpet av dagen. Viss du har veldig mange bur å vaske mot slutten av sesongen, kan du prøve å spreie burvasken over fleire dagar ved å gjere andre oppgåver innimellom. Det gjeld å bruke riktig teknikk når du gjer oppgåvene. Viss det finst mekaniske løysingar, er det òg lurt å bruke desse. Det finst ergonomisk utstyr som er utforma for å redusere belastningsskadar. Det kan vere trillebårer med fleire hjul så du slepp å justere vekta med armane, eller reiskapar som er bøygde for å rekke ned til bakken, utan at du sjølv må bøye deg ned. Ta kontakt med lege dersom du kjenner «stikkande» smerter i kroppen medan du jobbar, eller smerter som vedvarer store delar av dagen. Då kan du verte vist til ein fysioterapeut, som jobbar spesifikt med slike skadar. Det kan ta mange år før du merkar symptom frå belastningsskadar, og då kan skaden vere vanskeleg å

Dette er ein lys og ryddig stall, og det kan vere med på å redusere skadar. Stallen har ein fire meter brei stallgang.

Gummimattene hindrar støy og reduserer risikoen for høyrselsproblem. I tillegg reduserer dei faren for brann på grunn av gneistar.

lækje. Ein god treningsplan med mobilitetsøvingar kan hindre at du får belastningsskadar, og er ofte ein del av behandlinga.

Løfteteknikk

Denne møkakontainaren er plassert under ei rampe, noko som gjer det lett å tømme trillebåra. Dette kan redusere slitasjeskadar på rygg og ledd over tid.

Ein viktig del av skadeførebygging er god løfteteknikk. Det aller viktigaste for å få til gode løft, er å løfte og setje ned tunge gjenstandar nært kroppens balansepunkt, som er mellom fotsålene dine. Det er dette folk meiner når dei seier «løft med beina, ikkje ryggen». Eit typisk døme på kva som kan forårsake skade, er det å skulle setje frå seg ein tung fôrsekk i bilen. Då må du strekke vekta bort frå kroppen, og dette belastar ryggen meir. Ved for eksempel å setje ein fot i bilen, kan du halde vekta nær balansepunktet så lenge som mogleg. Viss du skal bere vatn, er det lurt å bere i to halvfulle bøtter framfor éi full bøtte. Grunnen er at kroppen bøyer seg sidelengs viss det blir skeiv belastning. Viss du kjenner at det blir for tungt, kan du alltid gå to gonger, for om du løfter tyngre enn kroppen greier, blir det skade uansett kor god teknikk du har. Kuleløfting, eller kettlebell, er ei treningsform som går ut på å trene kjernemuskulatur og løfteteknikk. Her finst det mange gode øvingar som kan hjelpe deg med å trene kroppen opp til arbeid. Slik trening blir ofte brukt i rehabilitering etter skade fordi god kjernemuskulatur førebyggjer skadar.

Denne stallarbeidaren har god løfteteknikk for å bere ein kraftfôrsekk på 25 kg. Armane er bøygde, og føtene står så nær sekken som mogleg. Kjernemuskulaturen vert aktivert i det beina vert retta ut.

Kattebitt er berykta for å føre til infeksjon. Her har ein teikna på ein sirkel for å halde kontroll på kor langt hevelsen har spreidd seg.

På ein arbeidsplass med dyr kan det vere støv og hår i lufta, og skadelege kjemikaliar som ammoniakk. Over tid kan dette skade lungene og i verste fall føre til varige problem. Døme på luftvegssjukdomar er astma, kols og kronisk bronkitt. Astma er kjenneteikna av at luftvegane «klemmer» seg saman når dei blir påverka av små partiklar. Eit astmaanfall gjer det vanskeleg å puste, og det kan vere skremmande å oppleve. Luftvegssjukdomar kan redusere evna til å prestere fysisk sidan kroppen ikkje får inn nok oksygen til musklane. Du kan unngå luftvegssjukdomar viss du brukar andletmaske i støvete omgjevnader, men maska må vere riktig utforma for oppgåva. Dei minste støvpartiklane kan trenge igjennom masker som er meint for andre typar forureining, og det er dei minste støvpartiklane som går djupast ned i lungene og skapar irritasjon. Ein god regel er at viss du ser støv i lufta, inneheld ho truleg òg små, usynlege støvpartiklar. Når du for eksempel kostar stallgangen, er det lurt å bruke ein brei kost og ta heile gangen før du forlèt stallen, i staden for å ta litt og litt. Då blir du berre gåande i støvet lenger. Kost mot deg, og ikkje frå deg. Du kastar meir støv opp i lufta om du kostar frå deg. Eit anna tiltak er godt reinhald i stallen eller dyrebura. Urin som ligg lenge, vil gradvis omdannast til ammoniakk, som er skadeleg for lungene.

Traumatiske skadar

Traumatiske skadar er skadar som skjer som følgje av ei enkelt hending. Når ulykka fyrst er ute, kan du oppleve biteskadar, kutt frå klør, klemskadar eller fall eller spark frå hest. Desse skadane kan ha alvorlege konsekvensar for menneske og dyr. Bite- og kloreskadar kan vere svært farlege, mellom anna ved at dei kan

Denne stallarbeidaren vart biten under saling av ein hest. Stallarbeidaren hadde på seg genser og jakke då skaden skjedde.

Hoggormbit kan vere farleg fordi gifta fører til heveisar som kan hemme pusten.

spreie sjukdomar. Klemskadar frå hest kan gje brot i knoklar og føre til indre blødingar. Fall frå hest kan føre til brot og hovudskadar, i verste fall død. Også konsekvensane for dyret kan vere alvorlege. Dyr kan få rykte på seg for å vere farlege, og viss politiet meiner at dyret utgjer ein fare, kan dei krevje det avliva. Dei fleste traumatiske skadar skjer når dyret blir skremt. Bråkete bilar, uvêr eller veterinærbesøk kan utløyse sterke fryktreaksjonar hos dyr. Viss det er sjanse for at det kan oppstå ein fryktreaksjon, bør du alltid bruke tryggleiksutstyr førebyggande. Døme på dette er at hunden alltid skal gå i band viss han er i byen, og ein ryttar alltid skal ri med hjelm. Munnkorg kan førebyggje bit viss nokon skulle trakke på hunden sin hale på ein fullpakka buss. Forarbeid med miljøtrening og handteringstrening kan i stor grad hindre skadar, men det hjelper alltid å bruke tryggleiksutstyr i tillegg. I nokre situasjonar har du ikkje moglegheit til å trene dyret i forkant av ei skummel hending. Ein hund som har blitt skadd, kan bite i sjølvforsvar, og då er det nyttig å kunne lage ei enkel munnkorg for å handtere dyret.

Sjå kapittel 20 Trening med hund i Dyrelære-boka (eller i nettressursen) for å lære korleis du trenar hunden til å gå med munnkorg. Du skal aldri gripe inn når dyr slåst. Prøv heller å helle vatn over dei eller leggje på eit tjukt teppe. Ein katt som er veldig skremt, kan rullast inn i eit handkle, kalla «purrito». Hugs at dette er naudtiltak som ikkje skal nyttast under vanleg trening, fordi det påfører dyret stress.

Hoggormen er ein av tre slangeartar i Noreg. Han er giftig og bit i sjølvforsvar. Fargen kan variere mykje, og han er vanskeleg å få auge på i naturen.

HMS-utstyr som hanskar, høyrselsvern og vernebriller er tilrådd når du skal bruke vinkelslipar.

Hoggormbit er ein risiko spesielt for hundeeigarar. Hoggormen er ein av tre slangeartar som finst i Noreg, og den einaste som er giftig for dyr og menneske. Hoggormen trivst i myrområde der han lever av frosk og små pattedyr. Nysgjerrige hundar kan bli bitne i nasen eller i halsen, og hovne opp. Mistenker du at ein hund har blitt biten av hoggorm, må du ta han til veterinæren snarast. Ber helst dyret for å unngå at det brukar kroppen, sidan anstrengelse kan få gifta til å spreie seg raskare.

Meldeplikt

Arbeidsgivaren har meldeplikt viss ein arbeidstakar får ein yrkesskade eller yrkessjukdom som krev behandling eller påverkar arbeidsevna. Dette skal meldast til Arbeidstilsynet og politiet. Arbeidstilsynet jobbar med ulike bedriftshelsetenester som dei godkjenner. Bedriftshelsetenesta har som oppgåve å rettleie bedrifter om arbeidsmiljølova § 33. Bedriftshelsetenesta skal sikre at alle arbeidsplassar er trygge. Når det blir meldt frå om ein alvorleg skade, blir bedrifta følgd opp. Bedriftshelsetenesta kan krevje å sjå dokumentasjon, som risikovurdering (sjå side 16) eller skadebok. Ein mindre skade kan gje etterverknader over tid, og difor må du ha oversikt over kva skadar som har skjedd på arbeidsplassen. Lova seier at skadar som skjer på arbeidsplassen, er dekte av andre reglar enn skadar som skjer på fritida. Bedrifter har plikt til å tilby ein trygg arbeidsplass, og viss ein arbeidstakar blir skadd, må arbeidsplassen si forsikring dekkje behandlinga. Bedrifta skal lagre skademeldingar i ti år etter hendingar.

Skadebok

Alle små og store ulukker, avvik og nestenulukker bør førast opp i ei skadebok. Dette kan vere ei fysisk bok eller eit delt dokument på PC-en. Spesielt viss det er fleire tilsette i bedrifta, kan det vere vanskeleg å få oversikt over farlege situasjonar. Viss forskjellige tilsette tek dei ulike fôringane i ein stall, er det kanskje ingen som oppdagar at ein hest ligg nede heile dagen. Det kan vere eit alvorleg teikn på sjukdom. Ein hest som flyg ut porten ved utslepp, kan vere eit enkelttilfelle, men viss det skjer ved inn- og utslepp kvar dag, kan det bety at noko er gale. Det kan for eksempel skuldast at strømgjerdet ligg nedi ein sølepytt, slik at hesten får støyt ved utslepp. Viss alle slike avvik og skadar førast opp i ei skadebok, kan du ta tak i situasjonen og hindre fleire ulukker.

Repetisjon

– kva har du lært?

1 Kva er arbeidsmiljølova?

2 Kva er fordelen ved å vere medlem i ei fagforeining?

3 Kan du nemne nokre grunnar til at rutinar bør skrivast ned?

4 Kan du nemne nokre døme på rutinar som ikkje skjer kvar dag?

5 Kva skjer om du gløymer å vaksinere hesten din?

6 Kvifor bør du vege dyr med jamne mellomrom?

7 Kva for ting kan du notere i ei loggbok?

8 Kva kallast det når du grupperer liknande oppgåver saman?

9 Kvifor skal du merke alle bur som er meint for dyr?

10 Kva er skilnaden på kroniske og traumatiske skadar?

11 Kan du gi to døme på traumatiske skadar?

12 Kan du gi to døme på kroniske skadar?

13 Kva heiter dei ulike kolonnene i ei risikovurdering?

14 Korleis reknar du ut risiko for eit fareelement?

15 Kvifor driv bedrifter med risikovurdering?

I djupna – kva tenkjer du?

1 Skriv om ein organisasjon innan heste- og dyrebransjen.

a Når blei den oppretta, og kvifor?

b Kva har den gjort for bransjen?

c Er det noko den har gjort som er negativt for bransjen?

d Vel ein av desse eller finn ein eigen: Norsk Kennel Klub (NKK), Veterinærhøgskulen, Norsk Hestesenter, Det Norske Travselskap, NOAH, PETA.

2 Tenk på eit problem som kan oppstå ved eit dyreanlegg.

a Spør «kvifor», og sjå kor mange gonger du må spørje før du kjem til botnen i problemet. Kor mange gonger spurde du «kvifor»?

b Kva kan vere ei varig løysing på problemet?

3 Lag eit døme på ein merkelapp til eit dyrebur. Bruk gjerne ditt eige dyr eller eit du kjenner som modell.

a Skriv ned alle punkta du vil ha med, og ta gjerne med eit bilete av dyret.

b Skriv ned daglege rutinar på ein stall eller eit dyreanlegg du har vitja. Er det nokre endringar du ville ha gjort? Har du døme på noko som fungerte godt?

4 Vel ein yrkesskade. Svar på følgjande:

a Kva er namnet på skaden?

b Kva er symptoma på skaden?

c Kva er årsaka til skaden?

d Korleis påverkar skaden arbeidet ditt?

e Kva er prognosen til pasienten – korleis er utsiktene til å bli frisk?

5 Ta ein runde i stallen eller dyrerommet.

a Skriv ned risikomomenta du finn.

b Diskuter dykk fram til alvorlegheitsgrad og sannsynet for kvart av momenta.

c Rekn ut risiko for kvart fareelement.

d Skriv ned eit tiltak for kvart fareelement som kan redusere alvoret eller sannsynet for skade.

Copyright © 2024 by Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1.utgåve 2024 / 1. opplag 2024

ISBN: 978-82-11-04906-3

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Design: Scandinavian Design Group Omslagsfoto: venstre: © Aliya Valeeva / Shutterstock; høgre: © Anzhelina / Shutterstock

Alle illustrasjonar: Ida Meyer

Forfattarane har motteke støtte frå Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining.

Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget

Kanalveien 51 5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.

Drift og entreprenørskap

Boka Drift og entreprenørskap er ein del av læreverket for vg2 naturbruk frå Fagbokforlaget. Boka dekkjer læreplanen til det eine av dei to programfaga i Heste- og dyrefag vg2. Boka Dyrelære og aktivitet (Fagbokforlaget) dekkjer læreplanen til det andre programfaget.

Drift og entreprenørskap tek for seg

→ planleggjing, oppsett og drift av dyreanlegg

→ entreprenørskap

→ økonomi

→ lovverket som gjeld for hald av dyr og drift av dyreanlegg

I kvart kapittel finn du korte repetisjonsoppgåver og meir omfattande refleksjonsoppgåver.

Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese.

Til læreverket høyrer det til ein nettressurs med innhald for eleven og læraren.

Nettressursen inneheld

→ sjølve læreverket, som følgjer strukturen i boka

→ undervisningsfilmar

→ fagomgrepsdatabase med 350 forklarte fagomgrep

→ repetisjons- og djupneoppgåver

→ digitale oppgåver

→ skriveverktøy tilpassa faget

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.