GRIP naturfag 1 grunnbok NYN (9788211047939)

Page 1


Naturfag Naturfag

GRUNNBOK • NYNORSK

Tove Haugsland

Stian Hermann Røst

Naturfag

GRUNNBOK • NYNORSK

Tove Haugsland

Stian Hermann Røst

Dette er ei bok i naturfag. Naturfag er eit viktig fag fordi du lærer om deg sjølv og kroppen. Du lærer òg om livet i naturen.

Du blir kjent med desse menneska i GRIP naturfag. Dei kjem frå forskjellige land. Det nye heimlandet deira er Noreg.

Namn: Ayan Aden

Alder: 40

Kjem frå: Somalia

Namn: Kabir Ravani

Alder: 52

Kjem frå: Pakistan

Namn: Samira Saleh

Alder: 27

Kjem frå: Syria

Namn: Yonas Dawit

Alder: 22

Kjem frå: Eritrea

Namn: Ibrahim Saleh

Alder: 32

Kjem frå: Syria

1 Kroppen

Dette skal vi lære om:

y Kva er ein kroppsdel?

y Kva heiter dei viktigaste kroppsdelane?

y Korleis samarbeider kroppsdelane?

Snakk saman

1 Kva gjer mannen på bildet?

2 Korleis klarer han å gjere dette?

3 Kan du namnet på nokre kroppsdelar?

4 Kva kroppsdelar har vi to av?

Kroppsdelar

Kroppen har mange kroppsdelar. Nokre kroppsdelar er store, og nokre er små. Kroppsdelane har forskjellige namn og forskjellige oppgåver.

Utanpå kroppen

Vi kan sjå kroppsdelane utanpå kroppen. Kroppsdelane utanpå kroppen har forskjellige oppgåver.

Vi høyrer med øyra.

Vi ser med auga

Vi snakkar og et med munnen

Vi går med beina

Vi pustar og luktar med nasen.

Vi løftar med armane

Vi tissar med kjønnsorganet.

Inni kroppen

Vi kan ikkje sjå kroppsdelane inni kroppen. Kroppsdelane inni kroppen har forskjellige oppgåver.

Hjernen bestemmer over kroppen.

Blodet går rundt i kroppen fordi hjartet jobbar. Lungene gir kroppen luft.

Magen og tarmen deler opp maten vi et.

Skjelettet held kroppen oppe.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva kroppsdel bruker vi når vi går?

2 Kva kroppsdel bruker vi når vi ser?

3 Kva kroppsdel lagar tiss?

4 Kva kroppsdel gir kroppen luft?

Snakk saman

5 Kva kroppsdelar er store?

6 Kva kroppsdelar er små?

7 Kva kroppsdelar må vi ha for å leve?

Vi kan bevege oss når musklane jobbar. Nyrene lagar tiss.

Kroppsdelane samarbeider

Kroppsdelane jobbar saman. Dei samarbeider slik at vi kan bevege oss, puste, snakke, ete og leve.

Vi har to armar. Når vi jobbar, bruker vi armane. Armane beveger seg når musklane og skjelettet samarbeider. Armen har ei hand med fem fingrar.

Vi har to bein. Når vi går og spring, bruker vi beina. Beina beveger seg når musklane og skjelettet samarbeider. Vi bøyer beina i hoftene og i knea. Eit bein har ein fot med fem tær.

Hals Nakke
Rygg
Hofte
Lår
Fot
Rumpe
Legg

Bryst

Skulder

Arm

Hand

Finger

Kjønnsorgan

Mage

Der beina begynner, er kjønnsorganet. Kjønnsorganet til kvinner og menn er forskjellige. Vi bruker kjønnsorganet når vi tissar, og når vi har sex. Vi har sex fordi det er godt. Nokre gonger har menneske sex fordi dei vil lage barn.

Inni brystet og magen er det mange viktige kroppsdelar. Skjelettet beskyttar dei viktige kroppsdelane.

Kne

Lunger

Hjarte

Inni brystet er det to lunger. Når vi pustar, kjem det luft ned i lungene. I lungene går lufta inn i blodet i kroppen. Inni brystet ligg òg hjartet. Hjartet sender blod til kroppen. Blodet tar med seg mat og luft til heile kroppen. Vi døyr når hjartet stoppar.

Vi pustar mykje, og hjartet jobbar hardt når vi går i lange trapper. Hjartet jobbar ekstra mykje når vi spring og jobbar hardt. Det er ikkje farleg.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kor mange fingrar er det på ei hand?

2 Kvifor har vi lunger?

3 Kvifor har vi hjarte?

4 Kva skjer når hjartet stoppar?

5 Kor mange tær er det på ein fot?

6 Kva bruker vi kjønnsorganet til?

Snakk saman

7 Sjå på bildet på førre sida. Kva kroppsdelar samarbeider når Ayan sit?

8 Kan du kjenne at hjartet jobbar?

9 Når jobbar hjartet ditt fort?

10 Kva gjer lungene i kroppen?

Sansane

Vi har fem sansar. Vi bruker sansane når vi luktar, smaker, høyrer, ser og føler. Sansane finn ut kva som skjer rundt oss. Sansane gir informasjon til kroppen.

I ansiktet er øyra, auga, nasen og munnen. Hud har vi på heile kroppen.

Vi høyrer med øyra.

Vi ser med auga.

Vi

Vi smaker med tunga.
føler med huda.
Vi luktar med nasen.

Øyre

Vi har to øyre på sida av hovudet. Øyra bruker vi til å høyre. Vi høyrer når lyd kjem inn i øyra våre.

Veldig høg lyd kan øydelegge høyrselen.

Nokre unge menneske og mange eldre menneske har dårleg høyrsel. Når vi høyrer dårleg, kan høyreapparat hjelpe oss.

Auge

Vi har to auge i ansiktet. Vi bruker auga til å sjå med.

Augebryn

Augelokk

Augevipper

Utanpå auget er det augelokk. Augelokka kan vi opne og lukke. Når vi søv, lukkar vi augelokka. Augelokket beskyttar auget.

Augelokka har augevipper. Augevippene er små hår. Dei beskyttar auga mot støv og skit.

Augebryn er over auget. Augebryn er hår. Augebryna beskyttar auga mot vatn. Vatnet renn ikkje ned i auga.

Auga er alltid våte. Auga lagar alltid tårer. Tårene vaskar auga. Vi lagar mykje tårer når vi græt.

Menneske har forskjellig farge på auga. Vi kan ha brune, blå eller grøne auge.

Mange unge og eldre menneske ser dårleg. Dei kan bruke briller for å sjå godt.

Leit i teksten

1 Kva bruker vi øyra til?

2 Kvifor bruker nokre menneske høyreapparat?

3 Kva bruker vi auga til?

4 Kvifor bruker nokre menneske briller?

Snakk saman

5 Kva er eit ansikt?

6 Kva farge har du på håret?

7 Kva farge har du på auga?

Yonas høyrer dårleg

Yonas går på førebuande opplæring for vaksne. Han sit bak i klasserommet. Det er vanskeleg å høyre når læraren snakkar. Yonas synest at læraren må snakke høgare. Dei andre deltakarane i klassen høyrer det læraren seier. Læraren trur at Yonas høyrer dårleg. Ho seier at Yonas må sitte framme i klasserommet. Ho seier at Yonas må gå til legen. Yonas går til legen.

Hos legen

Y onas : Hei!

L egen : Hei! Kva kan eg hjelpe deg med?

Y onas : Eg treng hjelp. Eg kan ikkje høyre kva læraren seier.

L egen : Kanskje du har nedsett høyrsel? Kan eg få sjå inn i øyra dine?

Y onas : Kva ser du?

L egen : Øyra dine er reine. Eg ser ikkje noko gale, men du kan få hjelp av ein øyrespesialist. Ein øyrespesialist er ein lege som kan mykje om øyre. Om nokre veker får du eit brev. I brevet står det når du skal komme til spesialisten.

Tilbake på skolen

Nokre veker seinare har Yonas vore hos øyrespesialisten. Yonas kjem på skolen. Han har to nye høyreapparat. Yonas går bort til læraren.

Y onas : God morgon, lærar!

L ærar : God morgon, Yonas!

Y onas : Sjå, no har eg fått høyreapparat.

L ærar : Så bra! Dei er veldig små. Eg kan nesten ikkje sjå dei.

Y onas : Legen seier at det er viktig å høyre godt når eg skal lære norsk.

L ærar : Ja, det er viktig å høyre alle lydane. Det er lettare å seie lydane når vi kan høyre lydane.

Y onas : No høyrer eg kva vennene mine seier til meg. Det er fint.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kvar i klasserommet sit Yonas?

2 Kvifor går Yonas til legen?

3 Korleis ser høyreapparata til Yonas ut?

4 Kvifor er det viktig å høyre godt når vi skal lære norsk?

Snakk saman

5 Kva er ein spesialist?

6 Kvifor er det nokon som ikkje vil ha høyreapparat, trur du?

5 og 6 år.

Vi bruker tennene når vi et. Vi tygg maten i små bitar. Tunga beveger maten rundt i munnen. I munnen har vi spytt. Vi lagar meir spytt når vi et. Spyttet blandar seg med maten. Blandinga liknar på graut.

Vi bruker tunga til å smake på maten. Vi kan smake søtt, surt, salt, bittert og umami.

Kaker og sjokolade smaker søtt.

Sitron og eddik smaker surt.

Lepper
Tenner
Tunge

Chips smaker salt.

Kakao og kaffi smaker bittert.

Kjøtt og tomatar smaker umami.

Heile livet må vi passe på tennene og tunga. Vi bør pusse tennene og tunga både morgon og kveld med tannbørste og tannkrem.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva bruker vi munnen til?

2 Kor mange tenner har vaksne menneske?

3 Kva smaker surt?

4 Kva smaker bittert?

5 Kva smaker umami?

6 Kva smaker søtt?

7 Kva smaker salt?

Snakk saman

8 Korleis kan vi ta vare på tennene og tunga?

9 Kvifor har vi tenner?

10 Kvifor har vi tunge?

Copyright © 2024 by

Vigmostad & Bjørke AS

All Rights Reserved

1.utgåve 2013

2.utgåve 2024 / 1. opplag 2024

ISBN: 978-82-11-04793-9

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Grafisk design: Bøk Oslo AS

Omslagsdesign: Hanne Sjøtrø

Illustratør: Håvard Legreid @leketoys

Omsetjing til nynorsk: Kari Gjerdevik, Språkkonsulentene

Spørsmål om denne boka kan rettast til:

Fagbokforlaget

Kanalveien 51

5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

GRIP naturfag 1 grunnbok

GRIP naturfag 1 grunnbok dekker kompetansemåla etter modul 1 i læreplan i naturfag for førebuande opplæring for vaksne (FOV).

GRIP naturfag 1 grunnbok har sju kapittel: 1 Kroppen, 2 Helse, 3 Kosthald, 4 Livet i naturen, 5 Årstider, 6 Menneske og naturen, 7 Stoff og temperatur. Kvart kapittel har ein hovuddel og ein fordjupingsdel. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.

Forfattarane Tove Haugsland og Stian Hermann Røst underviser vaksne innvandrarar i naturfag ved Johannes Læringssenter i Stavanger.

GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på nivået under vidaregåande. Verket kombinerer fag og språkopplæring.

Verket består av grunnbok og arbeidsbok til kvar modul, i tillegg til GRIPportalen, ein digital portal for førebuande opplæring for vaksne (FOV).

GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skolebakgrunn frå heimlandet. Læreverket tar utgangspunkt i praktisk språkbruk og legg vekt på kvardagssituasjonar, studium og yrkesliv.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.