Samfunnsfag GRIP 1
INGRID VÆRUM LARSEN | MARI HØIVIK
Grip 1 Samfunnsfag Grunnbok Nynorsk
Ingrid Værum Larsen og Mari HøivikHei!
Dette er ei bok i samfunnsfag. Samfunnsfag er eit viktig fag fordi du lærer om verda og om Noreg. Du lærer også om å leve og jobbe saman med andre menneske.
Du blir kjend med desse menneska i GRIP 1 Samfunnsfag. Dei kjem frå ulike land. Det nye heimlandet deira er Noreg.
Namn: Benjamin Garang
Alder: 20 år
Kjem frå: Sør-Sudan
Namn: Sabah al-Habib
Alder: 37 år
Kjem frå: Syria
Namn: Nadim al-Habib
Alder: 38 år
Kjem frå: Syria
Namn: Freta Tesfay
Alder: 28 år
Kjem frå: Eritrea
Verda 1
Dette skal vi lære om:
• Korleis ser jorda ut?
• Korleis bruker menneska jorda?
• Kva er klima?
• Kva er eit kart?
• Kva betyr «nord», «sør», «aust» og «vest»?
• Kva heiter verdsdelane?
SNAKK SAMAN
1 Kva ser du på biletet?
2 Kva lever menneska av på jorda?
3 Kvar bur menneska?
4 Kva land kjem du frå?
5 Kva for nokre land kan du namnet på?
Jorda og menneska
Vi bur på jorda. Jorda heiter også verda.
Jorda er rund. Jorda har land og hav. Hav er salt vatn. Nokre stader har fjell. Nokre stader er flate.
Klima
Klimaet er veldig ulikt på jorda. Klima betyr det vanlege vêret på ein stad. Nokre stader er det kaldt. Andre stader er det varmt.
Nokre stader regnar og blæs det mykje. Andre stader er det tørt.
Klimaet bestemmer kva plantar som veks på ein stad. Klimaet bestemmer kva dyr som bur på ein stad. Klimaet bestemmer korleis menneska lever der.
Menneska bruker jorda
Menneska bruker jorda. Menneske dyrkar mat. Vi bygger hus og vegar. Vi lagar ulike varer vi treng for å leve.
Viss vi lagar for mange hus og vegar, mistar vi natur og matjord.
Mange fabrikkar og bilar slepper ut røyk. Røyken er ikkje bra for jorda. Røyken påverkar jorda. Jorda blir varmare.
Menneska må passe på jorda. Vi må bruke jorda slik at vi ikkje øydelegg ho.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kva har jorda?
2 Kva betyr «klima»?
3 Korleis bruker menneska jorda?
Snakk saman
4 Korleis er klimaet i landet du kjem frå?
5 Korleis kan vi passe på jorda?
Land
Det er cirka 200 land i verda. Nokre land er veldig store, og nokre land er veldig små. Russland, Canada, USA og Kina er dei fire største landa i verda. Det bur flest menneske i Kina og India.
Kart
Vi kan bruke kart for å lære om verda. Eit kart er ei teikning av heile eller delar av verda. På kartet under ser du heile verda. Karta viser land i verda. Karta viser også nokre hav på jorda. Dei store hava kallar vi verdshav.
Canada
USA
Atlanterhavet
Stillehavet
Sørishavet
Nordishavet
Noreg
Algerie
Nigeria
Brasil
nord sør
Russland
Kina Japan
aust vest
Indiahavet
Sør-Afrika
Oppe på kartet er nord. Nede på kartet er sør. Til høgre på kartet er mot aust. Til venstre på kartet er mot vest.
Noreg ligg i nord. Sør-Afrika ligg i sør. Kina ligg i aust, og Brasil ligg vest på kartet.
Det er mange store byar i verda. Tokyo i Japan er den største byen i verda.
Det bur over 39 millionar menneske i Tokyo.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kva er eit kart?
2 Kan du finne Noreg på kartet?
3 Kan du finne landet du kjem frå, på kartet?
4 Cirka kor mange land er det i verda?
5 Kva heiter det største landet i verda?
6 I kva for land bur det flest menneske?
Snakk saman
7 Kva for nokre land i verda kan du namnet på?
8 Kva for nokre land i verda har du vore i?
Verdsdelar
Ein verdsdel er eit veldig stort område på jorda. Det er mange land i ein verdsdel. Vi har sju verdsdelar.
Verdsdelane heiter Asia, Afrika, Sør-Amerika, Nord-Amerika, Europa, Oseania og Antarktis.
I heile verda bur det cirka åtte milliardar menneske. Det bur flest menneske i Asia og Afrika.
Nord-Amerika
Europa
Asia
Afrika
Antarktis
Oseania
Antarktis er ein stor verdsdel. Det er ingen land eller byar i Antarktis. Antarktis er den største kalde ørkenen i verda. Ein ørken er eit område med veldig lite nedbør. Nedbør kan vere regn eller snø.
Nokre menneske reiser til Antarktis for å jobbe. Dei studerer isen og lærer om klimaet.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kva er ein verdsdel?
2 I kva verdsdelar bur det flest menneske?
3 Kva er ein ørken?
Snakk saman
4 Kva verdsdel kjem du frå?
Asia
Asia er den største verdsdelen.
Det er meir enn 50 land i Asia. I Asia bur det flest menneske. Det bur omtrent 4,7 milliardar menneske i Asia. Dei største byane i verda ligg i Asia. Tokyo i Japan, Dehli i India og Shanghai i Kina er storbyar med mange menneske.
Land i Asia lagar mange ulike varer. I Kina lagar arbeidarar mobiltelefonar og datamaskiner.
Asia har mange gamle byar. Samarkand i Usbekistan er ein gammal by. Mange reiser på ferie for å besøke Samarkand og sjå på gamle bygningar.
Russland
Kasakhstan
Tyrkia
Syria
Usbekistan
Japan
Kina
Iran
Afghanistan
Pakistan
India
Vietnam
Singapore
Indonesia
I Singapore jobbar mange menneske i hamner. Frå hamnene sender dei varer med skip til heile verda.
Mange jobbar med jordbruk i Indonesia. Dei er bønder. Dei dyrkar grønsaker.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Asia?
2 Kan du namnet på nokon land i Asia?
3 Kva lagar dei i Asia?
4 Kan du namnet på nokon gamle byar i Asia?
Snakk saman
5 Kva land i Asia har du vore i?
Afrika
Afrika er ein stor verdsdel.
Det er meir enn 50 land i Afrika, og det bur omtrent 1,4 milliardar menneske i denne verdsdelen. Algerie er det største landet i Afrika. I Nigeria bur det flest menneske.
Nigeria har mykje olje. Dei bruker olje til å lage plast, bensin og diesel.
Den lengste elva i verda renn gjennom Afrika. Den heiter Nilen. Nilen er viktig for bøndene. Elva gir vatn til jorda. Då veks korn og grønsaker.
Marokko
Jordbruk er viktig i Afrika. I Kamerun dyrkar bønder bomull og kakao.
Egypt
Algerie SørSudan
Nigeria
Kamerun
Eritrea
Sør-Afrika
I Afrika ligg den største varme ørkenen i verda. Den heiter Sahara. Sola i Sahara er veldig sterk. I Marokko lagar dei straum av sola.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Afrika?
2 Kvifor er Nilen viktig?
3 Kva lagar dei i Afrika?
Snakk saman
4 Kva for nokre land i Afrika har du vore i?
Sør-Amerika
Sør-Amerika er ein stor verdsdel.
Sør-Amerika har 12 land. I Sør-Amerika bur det cirka 390 millionar menneske. Brasil er det største landet i Sør-Amerika. Andre land er Argentina, Chile, Peru og Venezuela.
Venezuela
Peru Brasil
Bolivia
Sør-Amerika har den største regnskogen i verda. I ein regnskog regnar det mykje. Her renn ei lang elv. Den heiter Amazonas. Mange menneske jobbar på båtar og sender varer på elva.
Chile
Argentina
Den lengste fjellkjeda i verda ligg i Sør-Amerika. Ei fjellkjede er mange fjell ved sida av kvarandre. Fjellkjeda i Sør-Amerika heiter Andesfjella. Hovudstaden i Bolivia heiter La Paz. La Paz ligg i Andesfjella.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Sør-Amerika?
2 Kva heiter det største landet i Sør-Amerika?
3 Kva er ein regnskog?
4 Kva lagar dei i Sør-Amerika?
Snakk saman
5 Kva for nokre land i Sør-Amerika har du vore i?
Nord-Amerika
Nord-Amerika er ein stor verdsdel.
Nord-Amerika har meir enn 20 land. Det bur cirka 593 millionar menneske i Nord-Amerika. Nord-Amerika har to store land, USA og Canada. Andre land er Mexico, Grønland og Cuba.
Mexico
Canada
Cuba
Haiti
Guatemala
Canada har mange fjell, sjøar og skogar. Arbeidarar hentar tømmer frå skogane. Dei lagar hus og papir av tømmeret.
I Mexico og USA lagar arbeidarar fly.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Nord-Amerika?
2 Kva heiter dei to største landa i Nord-Amerika?
3 Kva lagar dei i Nord-Amerika?
4 Kva heiter den største byen i USA?
Snakk saman
5 Kva dyrkar dei i Guatemala?
6 Kva for nokre land i Nord-Amerika har du vore i?
Europa
Europa er ein liten verdsdel.
Europa har 46 land. Det bur cirka 746 millionar menneske i Europa. Nokre land er store, og mange er små. Det største landet i verda er Russland. Russland ligg både i Europa og i Asia. Andre land i Europa er Noreg, Italia, Spania, Tyskland og Polen.
Sverige
Noreg
Tyskland
Storbritannia
Frankrike
Spania
I Noreg, Storbritannia og Danmark har dei mykje olje i havet. Dei lagar plast og bensin av oljen.
Polen
Italia
Russland
Ukraina
Hellas
Russland er det største landet i verda. Moskva er hovudstaden i Russland. Moskva er den største byen i Europa.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Europa?
2 Kan du namnet på nokon land i Europa?
3 Kva lagar dei i Europa?
Snakk saman
4 Kva andre land i Europa har du vore i?
Oseania
Oseania er den minste verdsdelen.
Oseania har 14 land. Det bur cirka 35,7 millionar menneske i Oseania. Mange av dei minste landa i verda ligg i Oseania. Australia er det største landet i Oseania. Australia er eit veldig stort land, men det bur berre cirka 25,8 millionar menneske der.
Australia har mange gruver. I gruvene hentar arbeidarar ut gull og kol.
Utanfor Australia ligg det største korallrevet i verda. I eit korallrev lever mange fiskar og plantar. Mange reiser til Australia for å dykke og sjå på korallrevet.
Jordbruk er viktig i Papua Ny-Guinea. Bøndene der dyrkar bananar og kakaobønner.
Australia
Papua Ny-Guinea
New Zealand
Mange bønder i New Zealand har kyr. Frå kyrne får dei mjølk og ost. Bøndene sel mjølka og osten til andre land.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kva heiter den minste verdsdelen?
2 Kva heiter det største landet i Oseania?
3 Kor mange menneske bur i Australia?
4 Kva lagar dei i Oseania?
Snakk saman
5 Kvifor trur du mange menneske vil dykke og sjå på korallrevet i Australia?
6 Har du vore i nokon land i Oseania?
Midtausten
Midtausten er eit område i Asia og Afrika. Midtausten har cirka 17 land. Egypt, Tyrkia, Syria, Iran, Israel og Jemen er nokre av landa i Midtausten. Dei fleste landa i Midtausten ligg i Asia. Egypt er eit land i Afrika, men det høyrer også til Midtausten.
Midtausten har over 400 millionar innbyggarar. Tabellen under viser innbyggartalet i nokre land i Midtausten. Innbyggartal betyr kor mange menneske som bur i eit land. Det bur flest menneske i Egypt, Iran og Tyrkia.
LandOmtrentleg innbyggartal
Egypt105 millionar
Iran86 millionar
Tyrkia85 millionar
Irak40 millionar
Jemen30 millionar
Syria19 millionar
Israel8 millionar
Tyrkia
Libanon
Syria Irak Israel Palestina
Libya
Egypt
Jordan
Saudi-Arabia
Iran
Bahrain
Qatar
Oman
I Iran jobbar mange menneske på marknader. På marknadene sel dei frukt, nøtter og andre varer.
I Egypt dyrkar bønder ris. Bøndene sel ris til andre land.
I Oman jobbar mange menneske som fiskarar. Dei sel fisken på marknader.
Eufrat er ei lang elv i Midtausten. Elva renn gjennom Tyrkia, Syria og Irak. Elva gir vatn til jorda. Då kan bøndene dyrke mat.
Mange menneske bur i store byar. Store byar i Midtausten er Teheran i Iran, Kairo i Egypt og Ankara i Tyrkia. Dette er Damaskus i Syria.
Språk i Midtausten
I Midtausten snakkar dei mange språk. Tabellen viser nokre språk dei snakkar i nokre land i Midtausten.
LandSpråk
Egyptarabisk
Irakarabisk, kurdisk
Iranpersisk, kurdisk, arabisk, azeri
Israelhebraisk, arabisk
Saudi-Arabiaarabisk
Syriaarabisk, kurdisk
Tyrkiatyrkisk, kurdisk
I mange land snakkar dei arabisk. Tyrkisk, hebraisk og persisk er andre språk. I nokre land i Midtausten lærer barna også engelsk på skulen.
? Halê we çawa ye?
Nasil gidiyor? ?
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kor mange menneske bur i Midtausten?
2 Kva land i Midtausten kan du namnet på?
3 Kva lagar dei i Midtausten?
4 Kva byar i Midtausten kan du namnet på?
5 Kva språk snakkar dei i Midtausten?
Snakk saman
6 Har du vore i nokon land i Midtausten?
7 Kva språk snakkar du?
Til læraren
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne.
Tilpassa målgruppa
Verket presenterer fagstoffet på ein enkel måte, og språket er tilpassa vaksne med lite skulebakgrunn. I arbeidet med boka har vi lagt vekt på
• enkle setningskonstruksjonar
• for det meste bruk av presenssetningar
• ei moderat mengd fagomgrep
I tillegg er boka gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.
Oppbygging
Du finn åtte kapittel i denne boka. Kvart kapittel består av ein hovuddel og ein fordjupingsdel. Vi håper kapittelstrukturen hjelper deg å tilpasse og differensiere undervisninga.
Det er tilstrekkeleg for deltakarar å jobbe med hovuddelen i kvart enkelt kapittel dersom målet er å nå kompetansemåla.
Viss nokre deltakarar treng ei ekstra utfordring eller klassen vil jobbe vidare med eit tema som engasjerer, kan fordjupingsdelen vere eit bidrag. Fordjupingstekstane finn du bakarst i kvart kapittel, alle merka med Lær meir og på lilla bakgrunn.
Arbeidsboka først
I arbeidet med boka har vi vore opptatt av å legge til rette for aktive deltakarar. Derfor oppmodar vi til å begynne arbeidet med kvart kapittel i GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok. Der finn du førlesingsoppgåver som set deltakarane i gang før dei bevegar seg over i denne boka.
Forfattarar
Ingrid Værum Larsen
Værum Larsen er adjunkt med faga norsk, norsk som andrespråk, historie og engelsk. Ho har jobba ved Johannes læringssenter i 25 år, men har også vore lærar i ordinær ungdomsskule og vidaregåande skule. Ved Johannes læringssenter underviste ho både innanfor norskopplæring, grunnskule for vaksne, på innføringsskulen for ungdom og i kombiklasse. Ho jobba også i rettleiarkorpset for arbeid med minoritetsspråklege i fleire år. No jobbar ho som lærar i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger.
Mari Høivik
Høivik er adjunkt med tilleggsutdanning og har faga norsk som andrespråk, norsk, samfunnsfag og engelsk. Ho har i fleire år undervist i ordinær ungdomsskule. Ho har også brei erfaring frå privat næringsliv, mellom anna som personalleiar i ei stor tenestebedrift der fleirtalet av dei tilsette var minoritetsspråklege. Dei siste ti åra har ho vore tilsett ved Arendal vaksenopplæring.
Kva
læreplanmål blir dekte av dei enkelte kapitla?
LæreplanmålEmne kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder
kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart
KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy
KAPITTEL 7 Utdanning
KAPITTEL 1 Verda
KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i
samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer
samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter
samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet
utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv
samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere
samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø
samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer
fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid
fortelle på en svært enkel måte om det norske skolesystemet og betydningen av utdanning
KAPITTEL 4 Samfunn
KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking
KAPITTEL 4 Samfunn
KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking
KAPITTEL 5 Menneskerettar
KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking
KAPITTEL 3 Familiar
KAPITTEL 5 Menneskerettar
KAPITTEL 4 Samfunn
KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking
KAPITTEL 8 Arbeid
KAPITTEL 1 Verda
KAPITTEL 4 Samfunn
KAPITTEL 8 Arbeid
KAPITTEL 1 Verda
KAPITTEL 8 Arbeid
KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy
KAPITTEL 5 Menneskerettar
KAPITTEL 7 Utdanning
KAPITTEL 8 Arbeid
KAPITTEL 7 Utdanning snakke på en enkel måte om variasjoner i familieformer, barneoppdragelse, variasjoner i arbeidsdeling i familien samt beskrive roller i egen hverdag
KAPITTEL 3 Familiar
Kva læreplanmål blir dekte av dei enkelte kapitla?
KAPITTEL 1 Verda
• kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart
• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere
• samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø
KAPITTEL 2 Reiser og digitale verktøy
• samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer
• kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder
• kunne orientere seg ved hjelp av digitale kart
KAPITTEL 3 Familiar
• samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet
• snakke på en enkel måte om variasjoner i familieformer, barneoppdragelse, variasjoner i arbeidsdeling i familien samt beskrive roller i egen hverdag
KAPITTEL 4 Samfunn
• samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i
• samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer
• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv
• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere
KAPITTEL 5 Menneskerettar
• samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter
• samtale med støtte om betydningen av forståelser av likeverd og likestilling i det norske samfunnet
• samtale med støtte om hvorfor mennesker flytter på seg med utgangspunkt i egne erfaringer
KAPITTEL 6 Demokrati og deltaking
• samtale med støtte om hva begrepene samfunn og demokrati betyr, og gi eksempler på ulike samfunn en selv er deltaker i
• samtale med støtte om begrepet medborger og hva medborgerskap innebærer
• samtale med støtte om begrepene ytringsfrihet og meningsmangfold og kunne gi eksempler på menneskerettigheter
• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv
KAPITTEL
7 Utdanning
• kjenne til og bruke aktuelle og relevante nettsteder
• fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid
• fortelle på en svært enkel måte om det norske skolesystemet og betydningen av utdanning
KAPITTEL 8 Arbeid
• utforme og praktisere regler sammen med andre for å få forståelse for demokratiske prosesser i skole, arbeid og samfunnsliv
• samtale med støtte om begrepet ressurs og lære å kildesortere
• samtale med støtte om hvordan mennesker påvirker klima og miljø
• fortelle på en enkel måte om egen kompetanse og ønsker om utdanning og arbeid
Copyright © 2023 by Vigmostad & Bjørke AS
All Rights Reserved
1. utgåve / 1. opplag 2023
ISBN: 978-82-11-04609-3
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Omslagsdesign: Bøk Oslo AS
Malverk og utforming: Hanne Sjøtrø
Illustratør: Håvard Legreid @leketoys
Omslagsfoto: Fitria Ramli/EyeEm/Getty Images
Mønster på omslaget: raynv37/Shutterstock
Sats av InDevelop
Omsetjing til nynorsk av Totaltekst ved Knut Olav Homlong
Spørsmål om denne boka kan rettast til:
Fagbokforlaget
Kanalveien 51 5068 Bergen
Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverklova.
Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.
1
Samfunnsfag
GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggande nivå.
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne. Boka har åtte kapittel: 1 Verda, 2 Reiser og digitale verktøy, 3 Familiar, 4 Samfunn, 5 Menneskerettar, 6 Demokrati og deltaking, 7 Utdanning og 8 Arbeid.
Dette kjenneteikner GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok
• Kvart emne inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel
• Oppgåver etter kvar tekst gir rom for lesetrening og refleksjon
• Språkleg nivå tilpassa målgruppa:
– Enkle setningskonstruksjonar
– Nesten utelukkande bruk av presens-setningar
– Moderat mengde fagomgrep
Boka er gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar.
Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.
GRIP 1 Samfunnsfag består av
• GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok (også som d-bok med innlesen lyd)
• GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok
• Nettressurs
Forfattarane Ingrid Værum Larsen og Mari Høivik har begge lang erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Værum Larsen har dei siste åra jobba som lærer i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger, og Høivik underviser ved Arendal vaksenopplæring.