essens
KAREN MARIE KVÅLE GARTHUS | JORUNN ØVELAND NYHUS | ANNE MARIE SCHULZE LAGD TIL RETTE AV MARIANNE KIRKHORNlagt til rette av marianne kirkhorn
lagt til rette av marianne kirkhorn
Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved
1. utgåve / 1. opplag 2022
ISBN: 978-82-11-03606-3
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign og layout: Björk Bjarkadottir (Blæst) Omslagsillustrasjon og illustrasjonar på delopnarar og på s. 180–181, 258, 265: Helene Brox Omsetjing til nynorsk: Ingelin Ladsten og Anja Østlid Bastviken, Totaltekst Rettskrivinga i eldre tekstar i tekstsamlinga og teoridelen er varsamt modernisert. Dette gjeld også eldre gjendiktingar av norrøne tekstar.
Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget
Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00
e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av Intertekst vg3. I Intertekst essens er tekstane kortare, språket forenkla, og fagord og omgrep er grundig forklarte. Boka er laga for deg som følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.
I nokre av kapitla finn du i tillegg «Pluss-sider», som er for deg som følgjer ordinær læreplan i norsk. Her får du ein kort gjennomgang av det du treng i tillegg for å vere godt førebudd til ordinær eksamen.
Denne delen hjelper deg med skriving, kjeldebruk og munnlege ferdigheiter. Her finn du mange gode tips som du kan bruke når du skal jobbe med dei ulike sjangrane i del 2, 3 og 4. Viss du ønskjer å trene meir, kan du bruke verktøya i nettressursen.
Her møter du sjangrane kortsvar, litterær analyse, retorisk analyse, fagartikkel og reflekterande tekstar. Vi viser deg heile framgangsmåten for korleis du kan jobbe med tekstar, frå oppgåveforståing og planlegging til ferdig eksempeltekst.
Du får ein repetisjon av litteraturhistoria frå vg2, i tillegg til «eg-ser-modellen», som hjelper deg til å lese og forstå litteratur. Deretter følgjer kapitla som handlar om tekstar, forfattarar og tema i litteraturhistoria frå 1850 til i dag.
Også her får du ein repetisjon av språkhistoria på vg2. Kapittelet «Utforsk språket» viser korleis du jobbar sjølvstendig med språklege problemstillingar. Det siste kapittelet tek for seg språk i Noreg i dag.
Tekstsamling og oppslagsdel
Tekstsamlinga inneheld eit utval av tekstane frå Intertekst. Tekstane har ordforklaringar, førlesingsoppgåver og spørsmål til teksten. Bak i boka finn du ein nyttig oppslagsdel med ei tematisk oversikt over tekstane, kjenneteikn på dei litterære periodane, språkhistorisk tidslinje, litteraturhistorisk tidslinje, skrivehjelp til ulike sjangrar og ei omfattande omgrepsliste.
Lykke til med norskfaget!
8
1 Skrivetips 10
Bli betre til å skrive 11
Skriving på 1-2-3 12
Viktige sider ved teksten 14
Problemstilling 16
Struktur 18
Avsnitt 19
Setningar 19 Tekstbinding 20
Grammatikk 21 Rettskriving 22 Oppgåver 26
2 Kjeldebruk
28
Kjelder 29 Kjeldekritikk 31
Å føre kjelder 34
Oppgåver 38
3 Munnlegtips
40
Munnleg kompetanse 41
Presentasjon 42
Fagsamtale 43
Munnleg eksamen
45
Uttale 47
Oppgåver 50
4 Kortsvar
54
Sjangertrekk – kortsvar 55
Framgangsmåte
Kortsvar 57
Eksempeltekst 60 Oppgåver 61
5 Litterær analyse 62
Sjangertrekk – litterær analyse 63 Å analysere og tolke
ein skjønnlitterær tekst 65
Framgangsmåte
Samanlikne to skjønnlitterære tekstar 67
Eksempeltekst 75
Framgangsmåte
Tolking av novelle eller roman 77 Eksempeltekst 84
Oppgåver 86
6 Retorisk analyse 88
Sjangertrekk – retorisk analyse 89 Å tolke sakprosatekstar 90
Retorisk analyse 90
Retoriske appellformer 91
Reklameanalyse 95
Framgangsmåte
Retorisk analyse 97
Eksempeltekst 101
Oppgåver 104
Pluss-sider 106
Retorisk analyse 106
Argumentasjonsformer 107
Retorikk 108
Framgangsmåte
Retorisk analyse 110 Eksempeltekst 115
Oppgåver 117
7 Fagartikkel 118
Sjangertrekk – fagartikkel 119 Å skrive fagartikkel 120 Framgangsmåte
Fagartikkel 121
Eksempeltekst 128 Oppgåver 130
Pluss-sider 132
Drøftande fagartikkel 132 Å sjå ei sak frå fleire sider 132
Framgangsmåte
Drøftande fagartikkel 133
Eksempeltekst 138
Oppgåver 140
8 Reflekterande tekstar .............................. 142
Sjangertrekk – reflekterande tekstar 143 Å skrive en reflekterande tekst 144 Hjarteskriving 144 Hjerneskriving 146 Framgangsmåte
Reflekterande tekstar 148
Eksempeltekst 152
Oppgåver ........................................................... 154
Pluss-sider 156
Å prøve ut tankar 156
Framgangsmåte
Essay 158
Eksempeltekst 165
Oppgåver 168
9 Litteraturhistoria fram til 1850, på 1-2-3 ....................................................... 172
Litteraturhistorisk samanheng 173
Litteraturhistoriske periodar fram til 1850 174 Oppgåver 177
10 Utforsk litteraturen .................................. 178 Å utforske litteratur 179 Eg-ser-modellen 180 To litterære tradisjonar 183 Oppgåver 185
11 Den realistiske tradisjonen 1850–1940 186
Samfunnet blir moderne 188 Realisme 1850–1880 189 Naturalisme 1880–1890 192 Nyrealisme 1900–1940 194 Oppgåver 196
12 Den modernistiske tradisjonen 1890–1945 198 Tidleg modernisme 1890–1900 ............. 200 Modernisme i 1930-åra 204 Oppgåver 206
13 Krig og uro 1930–1950 .......................... 208 Før krigen 209 Andre verdskrigen – Noreg blir okkupert 211 Etter krigen 213 Oppgåver 214
14 Den realistiske tradisjonen etter krigen 216 Politisk litteratur 1950–1980 218 Oppgåver 222
15 Den modernistiske tradisjonen etter krigen ................................................. 224
Modernisme i 1950-åra 226 1960-talet: nyenkelheit 228 Postmodernisme –modernismen etter modernismen 231 Oppgåver 234
16 Tema i samtidslitteraturen 236 Kva er samtidslitteratur? 237
Utanforskap og identitet 238 Familie, oppvekst og vanskelege relasjonar 240 Røyndomslitteratur 242 Klimalitteratur 244 Oppgåver 246
DEL 4 Språk i samfunn
17 Språkhistoria på 1-2-3 250 Norsk språk 1814–1850 251 Norsk språk 1850–1905 252 Norsk språk 1905–2000 253 Norsk språk i dag 253 Oppgåver 254
18 Utforsk språket .......................................... 256 Korleis kan vi utforske språk? 257 Utforsk-språket-modellen 258 Oppgåver 266
19 Talespråk i Noreg i dag 268 Språk og identitet 269 Kultur 270 Talespråk 270 Talespråket endrar seg 276 Oppgåver 278
ELDRE TEKSTAR .................................. 282
Realisme 1850–1940 282 Camilla Collett Amtmannens døtre (roman, utdrag) 283 Henrik Ibsen Et dukkehjem (drama, utdrag) 286 Amalie Skram Karens jul 294 Arne Garborg Um pengar 300 Cora Sandel Kunsten å myrde 302
Modernisme 1890–1945 ........................ 308 Knut Hamsun Sult (roman, utdrag) 308
Krig og uro 1930–1950 ............................ 313 Torborg Nedreaas Kruttrøyk 313 Nordahl Grieg Til ungdommen 322 Inger Hagerup Aust-Vågøy 324 Halldis Moren Vesaas Tung tids tale 325 Tarjei Vesaas Regn i Hiroshima 326
Den realistiske tradisjonen etter krigen 327 Olav H. Hauge Under bergfallet 327 Gerd Brantenberg Egalias døtre (utdrag) 328
Tarjei Vesaas Fall 331 Paal Brekke Som i en kinosal 336
Dag Solstad
Novelle 338
Jan Erik Vold [køen usynlig] 340 Kjell Askildsen Mennesker på kafé 341
Dikt 343 Cecilie Løveid Straff 344
Sumaya Jirde Ali En asylsøkers jantelov 345 Frode Grytten Nyheitsvarsel 347 Yahya Hassan BESØKSFORBUD 349
Endre Lund Eriksen
Alle vet at Petter er homo 351 Ingrid Senje Stupeteknikk 358 Tomas Espedal
En mann i kostyme (roman, utdrag) 364
Karl Ove Knausgård
Fugletrekk ......................................................... 367 Ingebrigt Steen Jensen Rip Curl 369 Abid Raja Mållinjen (biografi, utdrag) 371 Klaus Sonstad Hundre prosent 379
Bufdir: #deterhat
1 av 3 med funksjonsnedsettelse har opplevd hatefulle ytringer 382 Helsedirektoratet
Hva skjer hvis antibiotika ikke lenger virker? ......................................... 384 Bergans of Norway: #dinturteller
Vi går for et hav av muligheter 386 Unicef
Ikke la vaksinen bli en luksusvare 387
Oppslagsdel 388
Tematisk inndeling av tekstane i boka ..... 388
Språkhistorisk tidslinje 390
Litteraturhistorisk tidslinje ............................ 392
Litteraturhistoriske kjenneteikn 394
Skrivehjelp og hugselister .......................... 400 Kortsvar 400
Novelle- og romananalyse ....................... 401 Diktanalyse 402 Diktsamanlikning 403
Retorisk analyse (av tale, debattinnlegg) 404 Retorisk analyse (av reklame/kampanje) 405 Fagartikkel 406 Drøftande fagartikkel .................................... 407 Reflekterande tekst 408 Essay 409
Kompetansemål ............................................... 410
Omgrepslister 412
Stikkordregister .............................................. 429 Biletliste 432
I dette kapittelet skal du lære
• å skrive betre tekstar
• korleis du kan skrive ein tekst steg for steg
• skriveprosess
• problemstilling
• struktur
• avsnitt
• setning
• tekstbinding
• grammatikk
• rettskriving
• Kva er du god på når det gjeld skriving? Skriv ned nokre punkt.
• Kva slags tilbakemeldingar pleier du å få når du har skrive ein tekst?
• Kvar lagra du den siste teksten du skreiv? Finn teksten og les gjennom han. Kunne noko vore gjort annleis?
Skriving er ei ferdigheit du treng i alle fag, i utdanning og i yrkesliv.
Det å skrive er ein prosess og krev at vi tenkjer på fleire ting samtidig.
Vi må velje ut kva vi vil ta med i teksten, og korleis vi skal strukturere han. Vidare må vi kunne reglar for teiknsetjing, rettskriving og grammatikk. For at teksten skal vere god å lese, er det viktig å bruke tekstbindarar og variere språket. I dette kapittelet finn du tips til kva du kan gjere for å skrive betre.
• Kva ber oppgåva deg om å gjere? Les oppgåveteksten nøye. Strek under viktige ord, og slå opp ord du ikkje forstår. Les også kommentaren til oppgåva.
• Kva står det om sjanger? Skal du skrive ein artikkel, ei tolking, ein analyse eller ein annan type tekst?
• Sjekk vurderingskriteria! Kva er viktigast?
• Gå gjennom tidlegare tekstar: Kva gjorde du bra sist gong, og kva kunne bli betre?
• Leit etter fagstoff frå ulike kjelder, som bøker, artiklar og nettstader. Finn skriverammer, framgangsmåtar eller eksempeltekstar for sjangeren du skal skrive i.
• Les teksten i vedlegget grundig, og skriv ned stikkord til kvart avsnitt. Skriv gjerne ei kort oppsummering av teksten med eigne ord.
• Jobb fram ein struktur for korleis teksten din skal vere. Start med idémyldring eller med å lage eit tankekart. Set opp ei punktliste over det du vil ta med, og lag ein disposisjon ved å setje opp punkta i ei rekkjefølgje.
• Pass på at du ikkje blir forstyrra når du skriv: Slå av varsel på pc og telefon.
• Kjem du på noko nytt mens du jobbar? Ha eit dokument klart der du skriv ned nye tankar. Vent til etterpå med å sjå gjennom ideane.
• Jobb konsentrert i 20–30 minutt, og lov deg sjølv ein pause etterpå.
• Gå fram og tilbake i teksten din: Dersom du står fast, gå vidare til neste avsnitt. Skriv gjerne hovuddelen før du skriv innleiinga.
• Marker ting i teksten som du skal gå tilbake til, t.d. med XXX eller ved å markere tekst i ein farge.
• Les teksten høgt. På den måten kan du oppdage feil i til dømes rettskriving og ordstilling. Få gjerne nokon andre til å lese òg.
• Sjekk strukturen: Har du ryddige avsnitt? Er det eitt tema for kvart avsnitt? Er avsnitta omtrent like lange?
• Sjekk samanhengen i teksten: Heng setningane i kvart avsnitt saman? Korleis er overgangen mellom avsnitta? Bruker du tekstbindarar?
• Har du svart på oppgåva? Gå tilbake og les oppgåveteksten for å sjekke om du har gjort det du blei beden om å gjere.
• Arbeid aktivt med språket: Still skriveprogrammet inn på rett målform (bokmål eller nynorsk). Gjer skrifta større slik at du lettare ser om orda er skrivne rett.
konkluderer: kjem fram til noko
Dersom du står fast, er det lurt å berre begynne. Legg fingrane på tastaturet og begynn å skrive nokre ord og setningar:
• Start å skrive utan å tenkje på innhaldet. Start til dømes med å seie: «I det siste har eg tenkt på at …» og så ser du kva som skjer.
• Set på ei stoppeklokke og skriv i til dømes tre minutt. Ta tre minutt pause, og skriv i tre minutt igjen.
• Viss du møter på eit fagomgrep, skriv alt du hugsar om omgrepet.
• Dersom du kan eit anna språk, kan du skrive nokre setningar på det.
• Ikkje tenk på at du skal skrive rett, eller på kva rekkjefølgje du skriv i. Ikkje sjekk faktaopplysningar på dette tidspunktet. Sei til deg sjølv at du kan komme tilbake til dette seinare.
1 Kva ber oppgåva deg om å gjere? Må du lage ei problemstilling? Har du svart på det oppgåva spør om? Finn du ei skriveramme eller ein eksempeltekst i læreboka som du kan bruke?
2 Er teksten din for kort? Bygg ut hovuddelen ved å skrive eitt eller fleire avsnitt.
3 Er teksten din for lang? Gå gjennom teksten din og marker kva som er mest og minst viktig. Vurder om du kan kutte noko, eller slå saman to avsnitt til eitt.
Strukturen (sjå tips s. 18)
1 Har teksten innleiing, hovuddel og avslutning?
2 Innleiinga: Seier du kva teksten skal handle om? Heng innleiinga saman med hovuddelen og avslutninga?
3 Hovuddelen: Har du fleire avsnitt? Skriv du om eitt tema i kvart avsnitt? Er avsnitta passe lange? Bruker du tekstbindarar?
4 Avslutninga: Samanfattar du det viktigaste? Konkluderer du? Seier du noko om framtida? Kjem du tilbake til det du skreiv om i innleiinga?
Avsnitta (sjå tips s. 19)
1 Les kvart avsnitt for seg: Finn du temasetning, kommentarsetningar og avslutningssetning?
heilsetningar: setningar som kan stå aleine
leddsetningar: setning som er del av ei anna setning
2 Dersom du skriv ein analyse eller ei tolking: Bruker du døme frå teksten? Korleis har du sett sitata inn i teksten? Bruker du hermeteikn for å markere sitata?
Setningane (sjå tips s. 19)
1 Vurder lengda på setningane dine. Teksten blir lettare å lese dersom du har ei blanding av korte og lange setningar.
2 Sjekk kommareglane. Dersom du har lange setningar: Bør du setje inn eit komma?
Tekstbinding (sjå tips s. 20)
1 Bruker du tekstbindarar for å skape samanheng?
2 Gjentek du enkelte ord mykje? Finst det synonym eller pronomen du kan bruke i staden?
Grammatikk (sjå tips s. 21)
1 Har alle setningane subjekt og verbal?
2 Er ordstillinga rett? Står verbalet på andreplass i heilsetningane og på tredjeplass i leddsetningane? Er nektingsadverbet ikkje på rett plass?
3 Har substantiva rett form? (kjønn, bestemt, ubestemt, eintal, fleirtal)
4 Står verba i rett tid? (notid, fortid osb.)
5 Har du hugsa å bøye adjektiva i eintal/fleirtal slik at dei samsvarer med substantiva dei står til? (eit stort hus / to store hus)
Rettskrivinga (sjå tips s. 22)
1 Still inn skriveprogrammet på rett målform (nynorsk/bokmål), og leit etter raude strekar. Undersøk om ordet som har fått ein raud strek, er skrive feil. Hugs at raud strek ikkje alltid betyr at ordet er skrive feil, men la det vere ei påminning om at du må sjå på ordet ein gong til.
2 Finn du nokon særskrivingsfeil? (fiske kake – fiskekake)
3 Er og og å brukt rett?
4 Er då og når brukt rett?
Kjeldene (sjå kapittel 2 s. 28)
1 Har du kjeldeliste? Er ho sett opp på rett måte?
2 Har du ført opp alle kjeldene?
Ei problemstilling er eit spørsmål du ønskjer å finne svar på. I oppgåver du får på skulen og på eksamen, er problemstillinga ofte gitt. Andre gonger må du sjølv lage ei problemstilling som du arbeider ut frå. For at du skal klare å svare på problemstillinga, må ho vere konkret og tydeleg. Her er tre steg du kan følgje:
1 Først finn du eit tema, t.d. sosiale medium
2 Deretter må du prøve å avgrense. Det kan t.d. vere sosiale medium på skulen
3 Til sist prøver du å lage eit spørsmål – ei problemstilling: «Kva for nokre sosiale medium bruker elevane på skulen vår, og kva blir dei brukte til?»
Dersom du har fått delt ut ei oppgåve av læraren din, er det viktig at du les oppgåveteksten nøye. Kva blir du beden om å gjere? Består oppgåva av fleire delar? Kanskje du først skal greie ut om noko, og så svare på ei problemstilling? Oppgåveteksten kan til dømes sjå ut som denne: Skriv ein fagartikkel om modernismen i norsk litteratur, der du bruker døme frå «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder og «Det er ingen hverdag mer» av Gunvor Hofmo.
I denne fagartikkelen kan du skrive om ulike sider ved modernismen.
Du må lage ei problemstilling ut frå kva du vil leggje vekt på. Dei to forfattarane skreiv i to ulike periodar. Kva har dei felles – og kva er ulikt?
Vi kan sjå for oss to ulike problemstillingar. I innleiinga kan du skrive dette:
Døme der du ser mest på fellestrekk
Obstfelder og Hofmo er to store namn i norsk modernistisk lyrikk. Obstfelder skreiv på 1890-talet, mens Hofmo gav ut sine første dikt i 1946. Likevel har dei noko felles. Det å skildre ei kjensle av å vere framand er eit typisk modernistisk tema. Dette er eit tema vi finn i mange av dikta til både Obstfelder og Hofmo. I denne artikkelen skal eg sjå på korleis kjensla av å vere framand er skildra i to modernistiske dikt.
Døme der du ser mest på skilnader
Obstfelder og Hofmo er to store modernistiske diktarar. Mens Obstfelder skreiv på 1890-talet, publiserte Hofmo sine første dikt i 1946. De to diktarane skreiv i ulike tider, så samfunnet var ulikt. I denne artikkelen skal eg sjå nærare på korleis menneska sine møte med byen, teknologien og katastrofen blir skildra i modernistiske dikt.
Det er viktig å ha ei god innleiing. Det gjer teksten lettare å lese.
I innleiinga skal du seie noko om kva som kjem i hovuddelen. I tillegg bør du seie kva som er problemstillinga for teksten.
Innleiing som informerer
• presenterer emnet
• er sakleg
Døme frå ein artikkel om fantasylitteratur:
I denne oppgåva skal eg greie ut om temaet fantasylitteratur. Eg vil først forklare kva fantasylitteratur er, før eg kjem med nokre døme på fantasylitteratur som er populær i dag. Til slutt vil eg drøfte om lesing av fantasylitteratur kan lære oss noko om den verkelege verda.
• seier noko om kvifor emnet er interessant
Døme frå ein artikkel om litteratur:
Litteratur er ei spennande verd. Han tek oss med på ei reise som vekkjer noko i oss, anten det er glede, sorg eller spenning. Ofte lever vi oss inn i forteljinga, og vi har alle, ein eller annan gong, lese ei bok som har prega oss, og som vi aldri gløymer. Det kan vere ei barnebok eller ei bok vi har lese i vaksen alder.
Kjeldetilvising: (Barnebokinstituttet.no. Wahab 2019)
• Samanfatt det du har skrive om, men med andre ord.
• Svar på spørsmålet du stilte i innleiinga.
Døme frå ein artikkel om fantasylitteratur:
I denne oppgåva har eg forklart kva fantasylitteratur er, og gitt døme på ulike typar fantasylitteratur. Vidare har eg drøfta om denne typen litteratur kan vise oss noko om korleis verda fungerer. Svaret er at fantasylitteratur kan vise oss korleis menneske tenkjer, korleis fordommar påverkar oss, og korleis vi kan løyse problem. Og best av alt, han gjer det på ein underhaldande måte.
Temasetning
som presenterer temaet for avsnittet
Kommentarsetning 1
Kommentarsetning 2
Kommentarsetning 3
Avsluttande setning som samanfattar avsnittet
Det er to måtar å lage avsnitt på. Her må du velje éin måte og halde fram med å bruke han gjennom heile teksten:
• Blanklinje – du hoppar over ei linje, slik at det blir eit mellomrom mellom linjene. Still inn passe linjeavstand slik at mellomrommet ikkje blir for stort.
• Linjeskift med innrykk – du startar første linje i avsnittet ved å flytte første ord inn til høgre med tabulator-tasten.
• Avsnittet skal innehalde temasetning, kommentarsetningar og avslutningssetning, sjå døme under.
• Avsnittet bør vere minst tre linjer.
Obstfelder gav ut si første diktsamling, Digte, i 1893. I denne diktsamlinga finn vi dikt som «Jeg ser», «Regn» og «Byen».
Forfattaren braut reglane for korleis ein skulle skrive dikt. Dikta hadde ikkje fast form og rytme, og han skreiv om det indre livet og tankane til menneska. Denne måten å skrive dikt på starta ein ny litterær tradisjon i Noreg, kalla modernismen.
Varier mellom å skrive korte og lange setningar
Får du for mange korte setningar, blir teksten oppstykka. Får du for mange lange setningar, blir det vanskeleg å oppfatte kva dei tyder.
Her er eit avsnitt med god variasjon:
Kort setning
Middels lang setning Lang setning
Sigbjørn Obstfelder er ein forfattar som levde på slutten av 1800-talet.
Han skreiv dikt, noveller og ein roman. I alle tekstane Obstfelder skreiv, finn vi ein eg-person. På den måten kan han skrive om det som skjer inne i hovudet på menneska, og det hjelper oss til å forstå kva menneska tenkjer.
Plasser komma på rett stad
Pass på at du plasserer komma på rett stad i setninga. Det gjer det lettare å lese teksten.
Leddsetningar blir innleidde med ord som når, fordi, sidan, viss, at osb.
Merk at det er skilnad på for og fordi.
Viss du erstattar for med fordi, skal det ikkje vere komma: Eg gler meg til sommaren fordi vi skal surfe.
Komma etter leddsetning
Når dette er over, skal vi feire. At han var glad, var ingen i tvil om. Viss det er dette som skal til, så må vi gjere det.
Komma mellom to sideordna setningar som er bundne saman med og/eller/men/for
Komma etter innskoten som-setning
Av og til kan som vere utelate, men det skal likevel vere komma
Komma før og etter som-setning viss han kan kuttast ut
Komma før og etter innskoten setning som kunne ha stått i parentes
Eg gler meg til sommaren, for då kan vi surfe.
Prøva som vi skulle ta, var vanskeleg. Du som går på vidaregåande skule, veit kva vi snakkar om.
Bilen (som) vi køyrde, var veldig fin.
Bestefar, som hadde god råd, sa han ville betale for meg.
Jernbanen, det mest miljøvennlege framkomstmiddelet vårt, burde vore betre utbygd.
Komma i oppramsing På turen tok vi tog, buss, trikk og sparkesykkel.
Komma i direkte tale framfor utsegnsord
Komma før/etter tiltaleord, svarord og utropsord
• Bruk stemmeretten din, sa ordføraren.
• Spring alt du kan, Petter!
• Nei, det kjem ikkje på tale.
• Hei, Charlotte!
• No blei eg glad, bestemor!
Bruk synonym. Det finst alltid fleire ord som tyder (omtrent) det same.
Pass på å variere kva ord du bruker:
• å gjere – utføre – ordne – sørgje for – gjennomføre
• å seie – hevde – uttrykkje – meine – bekrefte – protestere –stadfeste
Byt mellom å bruke namn, pronomen og substantiv:
• Henrik Ibsen – Ibsen – han – forfattaren – dramatikaren
Unngå at fleire setningar startar med same ord, det gjer teksten tung å lese.
Bruk tekstbindarar. Ved å bruke tekstbindarar viser du samanhengen mellom ei setning og den neste eller mellom eitt avsnitt og det neste. Det finst ulike typar tekstbindarar:
• oppramsing (dessutan, i tillegg til, mellom anna, for det første, deretter, til slutt …)
• alternativ (eller, anten – eller, verken – eller …)
• motsetning (men, likevel, mens, derimot, trass i, på den andre sida …)
• likskap (på same måte, slik som, i likskap med, også …)
• årsaksforhold (derfor, dermed, fordi, altså, slik at, for at …)
Sjekk om alle setningane dine har subjekt og verbal. Subjektet er den eller det som utfører handlinga i ei setning. Verbalet er det nokon gjer, eller det som skjer i setninga, og inneheld ord frå ordklassen verb. I norsk må alle setningar ha både subjekt og verbal:
• Vi skriv.
Unntaket er setningar med verb i imperativ:
• Gå!
Sjekk om ordstillinga i heilsetningane er rett. I norsk er ordstillinga i heilsetningar ofte subjekt – verbal – objekt. Norsk er eit V2-språk. Det vil seie at verbalet må stå på andreplass i heilsetningar:
• Elevane skriv ein tekst.
Dersom du til dømes startar setninga med eit tidsadverbial, kjem subjektet etter verbalet:
• I dag skriv elevane ein tekst.
Sjekk om ordstillinga i leddsetningane er rett. Ei leddsetning begynner alltid med ein subjunksjon, subjektet kjem alltid på andreplass og verbalet på tredjeplass:
• Når du skriv tekstar, er det lurt å bruke sjekklista i kapittel 2.
• Eg er flink til å skrive fordi eg har øvd mykje
Setningsadverbial: ord som ikkje, aldri, kanskje, alltid, ofte, berre
Sjekk om du har plassert setningsadverbiala rett. I heilsetningar blir ikkje plassert etter bøygd verbal eller mellom hjelpeverb og hovudverb:
• Eg forstår ikkje teksten.
• Eg har ikkje forstått teksten.
I heilsetningar som startar med eit adverbial, blir ikkje plassert etter subjektet:
• I dag skriv eg ikkje
I leddsetningar plasserer du ikkje før verbalet.
• I dag skriv eg ikkje, fordi eg ikkje har pc.
Har substantiva rett form? I norsk har substantiva tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Pass på at du har brukt rett artikkel (ein/ei/eit), at bøyingsendingane er rette (guten/jenta/huset), og at dei står i rett tal (eintal/fleirtal).
Pass på at verba står i rett tid. Verb er ord som fortel om ein aktivitet, og dei vil vere ulike etter om hendinga skjedde i går, skal skje eller skjer akkurat no:
• Å skrive, eg skriv no, i går skreiv eg, eg har skrive
Hugs å sjekke om adjektiva står i rett form. Adjektiv er ord som seier noko om korleis nokon eller noko er eller ser ut. Adjektivet står til substantivet og blir bøygd i kjønn og tal:
• ein raud bil, to raude bilar, eit raudt hus
• Still retteprogrammet inn på den rette målforma (bokmål/nynorsk).
Sjekk orda som er streka under med raudt.
• Lag deg ei liste over ord du ofte skriv feil. Du kan også søkje på nettet etter «vanlege feil i nynorsk/bokmål». Desse orda søkjer du opp med søk-og-erstatt-funksjonen kvar gong du skriv ein tekst.
• Les teksten baklengs for å leite etter skrivefeil.
• Gjer skrifta større. Då ser du færre ord samtidig, og det er lettare å oppdage feil.
Hovudregel: Den gong då, kvar gong når. Når blir også brukt om framtid.
• Då eg begynte på vidaregåande skule, var eg 16 år. (fortid)
• Når eg skal på jobb, tek eg bussen. (kvar gong)
• Når eg er ferdig med vidaregåande skule, skal eg begynne å studere. (framtid)
Vi bruker også når i fortid når det er snakk om ei gjentakande hending:
• Når vi vann fotballkampar, ropte vi kampropet vårt. (fortid + kvar gong når)
• Då eg var liten, sykla eg når eg skulle på skulen. (fortid + kvar gong når)
Og bind saman to like ord eller ledd
• To substantiv: Ho speler fotball og handball
• To adjektiv: Ho var både flink og ivrig
• To setningar: Ho sprang fort, og ho skåra mange mål
• To infinitivar: Ho var flink til å støtte og hjelpe dei andre.
• To imperativar: Kom igjen og ta dei!
• Det begynner å bli seint. Han har slutta å jobbe på bensinstasjonen. Ho ville prøve å klare seg aleine.
• Alltid å etter begynne, slutte, prøve, ønskje, lære: Han ville lære å surfe, ho ville begynne å klatre.
• Alltid å i dei faste uttrykka sant å seie, vel å merke, så å seie
• Alltid og etter perfektum partisipp: Per blei ståande og sjå. Sekken blei liggjande og slenge på golvet.
• Alltid og etter vere snill: Kan du vere snill og hjelpe meg?
Les meir om kommareglar på side 20.
Er du i tvil? Bruk fortidsprøva. Set setninga i fortid (i går). Viss begge verba må setjast i fortid, skal det vere og.
Eg teiknar og/å målar.
Det sluttar å/ og regne.
I går teikna og måla eg. Her kjem begge verba i fortid, og det skal vere og
Det slutta å regne. Her kjem berre det eine verbet i fortid, mens det andre framleis står i infinitiv. Då skal det vere å
Teikn Forklaring Døme Punktum (.) Punktum avsluttar ei heilsetning.
Vi bruker også punktum etter forkortingar, i tidsuttrykk og etter ordenstal.
Komma (,) Komma markerer ein liten pause i setninga.
Utropsteikn (!) Utropsteikn markerer eit utrop, ein ordre, ei helsing, eit ønske eller sterke kjensler.
Spørsmålsteikn (?) Spørsmålsteikn markerer at noko er eit spørsmål.
Det er viktig å bruke gode kjelder. (heilsetning)
Første time begynner kl. 08.30. (tidsuttrykk)
Det er ca. ti minutt til pause. (forkorting)
I fjor gjekk vi i 10. klasse. (ordenstal)
Bussen går snart, så vi må gå no.
Vi kjøpte mjølk, brød og pålegg.
Huff! (utrop)
Stopp! (ordre)
Kjære brudepar! (helsing)
God jul! (ønske)
Eg er så lei av dette regnet! (sterke kjensler)
Kvifor er det viktig å øve på å skrive?
Kva skjer? Ferdig?
Kolon (:) Kolon blir brukt framfor døme, oppramsing, sitat, replikkar og forklaringar.
Vi skal lese mange typar tekstar: artiklar, dikt, noveller og romanutdrag. (oppramsing)
Læraren sa: «I morgon er det skulefri.» (replikk)
Kong Harald sa: «Noreg er dykk. Noreg er oss.» (sitat)
Semikolon er ein mellomting mellom eit punktum og eit komma. Vi bruker semikolon mellom heilsetningar og i oppramsingar.
I går jobba vi med grammatikk; i dag jobbar vi med skrivereglar. (mellom to heilsetningar)
Desse politikarane var til stades: Erna Solberg, Høgre; Jonas Gahr Støre, Arbeidarpartiet; Trygve Slagsvold Vedum, Senterpartiet. (oppramsing)
Herme teikn («…»)
Vi bruker hermeteikn for å markere eit sitat, ein replikk, titlar eller spesielle ord i teksten.
Kong Harald sa: «Noreg er dykk. Noreg er oss.» (sitat) «Kvifor vil du ikkje?» sa han. (replikk)
Vi syng alltid «Ja, vi elsker» på 17. mai. (songtittel)
Eg høyrer ofte døme på «kebabnorsk», eller kva det heiter. (spesielt ord)
På norsk lagar vi nye ord ved å setje saman to eller fleire ord: vaskemaskin, rekkjehus, eksamensangst. Slike ord skal alltid skri vast i eitt ord. Bruk øyra: Dersom det blir uttalt som eitt ord, skal det skrivast som eitt ord. På nokre språk, som engelsk, er det ikkje vanleg å skrive ord saman. Prøv å unngå å bli påverka av dette. Hugs også at stavekontrollen ikkje viser denne typen feil.
lammelår = låra til eit lam lamme lår = lår som er lamme
kongekrabbar = ein type krabbe konge krabbar = ein konge som krabbar, eller gode krabbar
vårkafé = kafé som er open om våren vår kafé = kafeen vår
1 Gi døme på kva du kan gjere før du skal skrive ein tekst.
2 Kva kan du gjere for å ikkje bli forstyrra når du skal jobbe konsentrert med noko?
3 Kva er ei problemstilling?
4 Kva er det viktig å ha med i ei innleiing?
5 Forklar kva eit synonym er. Vis med døme.
6 Korleis kan du sjekke om du har god samanheng i ein tekst?
7 Kva meiner ein med at norsk er eit V2-språk?
8 Kva er ei leddsetning?
9 Kva kan du bruke søk-og-erstatt-funksjonen i retteprogrammet til?
10 Kva meiner ein med «fortidsprøva»?
11 Korleis bruker vi hermeteikn?
12 Korleis kan du finne ut om ord skal skrivast saman i eitt ord?
1 Skriv eit avsnitt som handlar om forfattaren Amalie Skram. Start med ei temasetning, hald fram med to kommentarsetningar og ei avsluttande setning.
2 Arbeid i grupper: Hender det at de står fast når de skal skrive ein tekst? Kva kan de gjere for å komme vidare? Diskuter.
3 Vel eit emne du er interessert i. Tenk deg at du skal skrive ein fagartikkel om emnet. Sjå på tipsa til struktur på side 18, og skriv ei innleiing og ei avslutning.
4 I teksten nedanfor er det ingen tekstbindarar. Sjå på lista over tekstbindarar på side 21. Skriv av teksten, og set inn tekstbindarar du meiner passar.
Trygve Skaug er artist. Han skriv dikt og songar. Skaug publiserer tekstar på Instagram. Han gir ut diktsamlingar. Mange liker tekstane hans. Han sel mykje. Han har vore med i tv-program som «Hver gang vi møtes» på TV 2. Konsertane hans er populære.
Når du skal skrive ein tekst, er det lurt å førebu seg godt. Les oppgåveteksten nøye, sjekk vurderingskriterium, og gå gjennom tidlegare tekstar. I tillegg bør du finne gode kjelder og ei skriveramme som kan hjelpe deg med å strukturere teksten. Pass på at du ikkje blir forstyrra når du skriv, og planlegg når du skal ha pause. Etter at du har skrive teksten, kan du lese gjennom han for å finne feil og sjekke struktur og samanheng. Har du svart på oppgåva, er stavemåte/grammatikk rett, og er teksten passeleg lang? Sjekk også om strukturen er god, og om du har avsnitt med temasetning og oppfølgingssetningar.
I dette kapittelet skal du lære
• å bruke kjelder på ein kritisk måte
• korleis du skal sitere frå ei kjelde
• korleis du skal vise kva kjelder du har brukt (kjeldeliste)
• røyndomsbilete
• algoritmar
• falske nyheiter
• kjeldekritikk
• truverd
• sitat
• kjeldeliste
• plagiat
• Kva er falske nyheiter?
• Pleier du å lese nyheiter på nettet? Kva nyheitssider reknar du som truverdige? Og kva for nokre reknar du ikkje som truverdige? Forklar kvifor.
Når du skriv tekstar eller held presentasjonar, er det viktig å bruke kjelder som gir korrekt informasjon. Ei kjelde kan vere ein tekst, ei bok, ein film, ein podkast, ei nettside eller liknande, som gir deg informasjon om eit emne.
Måten vi forstår verda på, påverkar sjølvsagt korleis vi les og forstår røyndommen rundt oss. Vi seier ofte at vi har ulikt røyndomsbilete.
Det handlar om at vi opplever verda på ulike måtar. Nokon har eit
røyndomsbilete der ein gud har skapt verda, andre trur ikkje at det finst nokon gud. Vi har ulike syn på politikk, barneoppseding og kva som er gode verdiar. Når styresmaktene tilrår at vi skal ta ein vaksine, vil mange tenkje at det er lurt å følgje rådet. Andre vil vere meir skeptiske. Kanskje har dei mindre tillit til styresmaktene? Då vil dei ofte søkje informasjon som går mot vaksinen, mens dei som er positive, i større grad les informasjon som støttar det å ta vaksine. På den måten vil dei bli meir og meir ueinige, fordi begge sider får «stadfesta» at det dei trur, stemmer.
Har du opplevd å søkje etter eit bestemt produkt på nettet, for så å plutseleg sjå annonsar for den same tingen på andre nettstader du besøkjer? Dersom du har søkt på ordet «sykkel», vil du få opp fleire annonsar for syklar. Klikkar du deg inn på saker som handlar om klima, vil du bli anbefalt fleire nyheiter som handlar om dette temaet.
Dette skjer på grunn av algoritmar. Algoritmar er ei oppskrift som fortel korleis noko skal gjerast. Den seier noko om kva steg ein har teke, og kva steg det er naturleg å ta vidare. Søkjemotorar bruker algoritmar for å systematisere søka vi gjer på nett, og for å registrere kva nettsider vi besøkjer. Det betyr at mange ulike selskap lagrar informasjon om deg og tilpassar reklame og nyheitssaker ut frå kva du er interessert i.
Algoritmar er nyttige fordi dei hjelper oss til å lett finne fram til det vi søkjer etter. Men det er eit problem dersom algoritmane bestemmer at vi berre ser éin type nyheiter, basert på det vi har klikka på eller søkt på tidlegare. Dersom vi berre får informasjon som stemmer med oppfatningane våre om korleis noko er, kan det endre måten vi ser verda på. Vi treng å høyre fleire sider av ei sak før vi gjer oss opp ei meining.
Du har kanskje høyrt omgrepet «falske nyheiter» (fake news)? Omgrepet kan tyde to ting. Det eine er at ei hending blir sett inn i ein samanheng som eigentleg ikkje har noko med hendinga å gjere. Det andre er at det som står i ei nyheitssak, ikkje er sant. Begge delar blir laga av enkeltindivid eller organisasjonar som ønskjer å påverke oss til å tru noko, meine noko eller handle ut frå noko.
Kjeldekritikk handlar om å vurdere om ei kjelde er truverdig eller ikkje. Kven står bak informasjonen du har funne fram til, og kva er formålet deira med å dele han? Det er lett å finne informasjon om eit emne når du søkjer på nettet, men kan du stole på at informasjonen er rett?
Nedanfor er det ei liste som kan hjelpe deg å arbeide kritisk med kjelder.
Handlar informasjonen om temaet eller emnet du jobbar med? Vi leitar ofte etter kjelder for å grunngi ein påstand eller for å forklare kor leis noko heng saman. For å sjekke om kjelda er relevant, kan du stille følgjande spørsmål:
• På kva måte er denne teksten relevant for det eg skal skrive om?
2 Kven er avsendaren ?
Det er viktig å vurdere om avsendaren er truverdig. Kva er formålet med boka, filmen eller nettsida? Er det å informere om noko, selje eit produkt eller påverke nokon i ei sak? Viss du til dømes les om eit produkt i ein brosjyre, vil jo avsendaren ha interesse av at du skal velje dette produktet framfor andre produkt. Men viss du les om det same produktet i ein test i ei avis eller eit magasin, vil avsendaren ha som interesse at du skal tru på testen. Under er det nokre spørsmål du kan stille for å sjekke truverdet til kjelda du har funne:
• Er det ein enkeltperson?
Kva er personen kjend for? Har han eller ho god kunnskap om saka? (utdanning, erfaring osb.)
• Er det styresmaktene som står bak?
Er formålet å informere? Eller vil dei påverke haldningane våre?
• Er det ein organisasjon eller ei interessegruppe?
Kva står dei for? Er dei kjende? Kor mange støttar dei?
• Er det eit firma?
Tener dei pengar på å publisere innhaldet?
• Gir avsendaren opp kjeldene sine?
redaktør: person som har ansvar for innhaldet i ei avis, eit tv-program, eit vekeblad eller andre typar medium
Det er også viktig å sjå på kvar teksten er publisert. I ei avis eller eit forlag er det ein redaktør som har ansvar for at innhaldet er rett.
I tillegg følgjer dei fleste Ver Varsam-plakaten, som er eit sett med reglar som mediebransjen har blitt einige om. Det er også lurt å sjekke om avisa eller nettstaden prøver å selje eit produkt, eller om dei har eit politisk standpunkt der formålet er å prøve å påverke mottakaren i ei bestemd retning.
I andre tilfelle er teksten publisert på ein blogg, ein nettstad eller på sosiale medium, utan at ein ansvarleg redaktør har vurdert om innhaldet er rett eller truverdig.
Spørsmål du kan stille deg sjølv:
• Er teksten publisert i ei avis, på ein nettstad eller i eit forlag der det er ein redaktør som har ansvar for innhaldet?
• Er teksten publisert på ein blogg, ein nettstad eller på sosiale medium utan ein ansvarleg redaktør?
Er informasjonen oppdatert, eller har det komme ny informasjon? Dersom kjelda er gammal, er det større sjanse for at ho er utdatert. Ein artikkel som handlar om den politiske situasjonen i eit land, kan fort bli «feil», sidan situasjonen forandrar seg heile tida. For å sjekke om kjelda er relevant, bør du sjekke når ho blei gitt ut:
• På ein nettstad kan du sjå etter publiseringsdatoen. Fleire nettstader har ei åtvaring når artikkelen er meir enn eitt år gammal.
• I ei bok kan du sjekke kva årstal ho blei gitt ut, eller når ho sist blei endra.
• I eit tidsskrift finn du utgivingsdatoen på framsida av bladet.
Når du skal finne informasjon om eit emne, er det viktig å søkje på ein god måte. Du bør ha ein plan for kva du skal søkje etter, og kva nøkkelord du vil bruke. Spør deg sjølv kva du vil finne ut av, og kva ord og frasar som kan vere relevante. Dersom du finn ei interessant opplysning eller ein påstand du vil bruke, så sjekk om du finn den same opplysninga eller påstanden på fleire nettstader. Då er det meir sannsynleg at det er rett.
vitskap: å undersøkje og forstå verda gjennom systematiske måtar
tidsskrift: blad som kjem ut med jamne mellomrom, og som ofte handlar om eit fag eller eit interesseområde
Algoritmar gjer at du får treff på det du har søkt på tidlegare. For å få fleire ulike treff kan du
• bruke ulike nettlesarar og søkjemotorar når du søkjer
• slette søkjehistorikken din med jamne mellomrom
• bruke varierte søkjeord og -frasar. Eit anna ord eller ei lita endring kan gi nye treff som er meir relevante. Søkjer du etter ein artikkel om Edvard Munch, kan du til dømes skrive «Edvard Munch + film».
6 Er det ein vitskapleg artikkel? Ein vitskapleg artikkel har som formål å presentere ny forsking eller å gi ny innsikt i eit fagområde. Ein eller fleire forskarar skriv artikkelen, og før han blir publisert i eit vitskapleg tidsskrift, blir han vurdert av ekspertar på fagområdet. For å finne ut om artikkelen er ein vitskapleg artikkel, kan du stille deg dette spørsmålet:
• Finst det referansar og litteraturliste med namn på forfattarar og boktitlar som er brukte i arbeidet med artikkelen? Då kan du sjekke vidare for å vurdere kvaliteten på kjelda.
avsendaren: bedrifta eller personen som står bak teksten provoserte: sinte
7 Speler teksten på kjenslene dine? Nokre tekstar har som mål å appellere til kjenslene til lesarane. Årsaka er ofte at avsendaren vil få oss til å handle på ein spesiell måte. Kanskje vil ein at du skal gi pengar til noko, kjøpe eit produkt eller stemme på eit politisk parti? I andre tilfelle ønskjer avsendaren å provosere. Når vi blir provoserte, er det vanskelegare å tenkje klart, for det vekkjer sterke kjensler i oss. Slike innlegg fører ofte til at mange klikkar seg inn på teksten, og innlegget får mange lesarar og blir delt på ulike plattformer. På den måten får avsendarane betre betalt for reklameannonsar som ligg på nettsidene deira. Mange tekstar som appellerer til kjenslene våre på denne måten, kjem frå useriøse medium. Det er derfor viktig at vi er ekstra kritiske til innhaldet når vi kjem over slike kjelder.
For å finne ut om teksten speler på kjenslene dine, kan du sjå etter følgjande kjenneteikn:
• Har teksten ei overskrift som vekkjer kjensler? Mange useriøse kjelder har overskrifter som «Innvandrar fekk gratis leilegheit!», «Karrierekvinner er minst lykkelege!», «Hjerneforsking viser at menn ikkje kan vaske!»
• Er språket korrekt? Verkar det munnleg? Inneheld det utropsteikn? I kjelder som ikkje er seriøse, finn du ofte formuleringar som «den beste!», «verdssensasjon!», «Du vil ikkje tru kva som skjedde då …!»
• Finn du sterke visuelle verkemiddel, som blinkande tekst/bilete og spesielle fargar? Er teksten lett å lese og sett opp på ein ryddig måte? Seriøse kjelder ser som regel seriøse ut!
Slik fører du kjelder i sjølve teksten
Når du skriv fagartiklar, kan du også vise til kjelder undervegs i teksten. Då viser du at du er klar over kvar du har henta kunnskapen. Det er med på å styrkje truverdet ditt. Skriv kjelda inn i parentes i teksten.
I parentesen skriv du namnet på forfattaren, årstalet boka er gitt ut og sidetalet. På den måten kan lesaren finne ut kvar du har henta fagstoffet frå. I ein artikkel om nynorsk kan du til dømes skrive dette:
Er det lov å bruke lånord i nynorsk? Dette spørsmålet har mange elevar lurt på gjennom tidene. Det finst ikkje noko forbod mot å bruke lånord (Fridtun, 2013, s. 37). Likevel er det mange lånord frå tysk som ein bør prøve å erstatte med tradisjonelle ord frå dei norske dialektane.
Dersom du skal referere frå den same kjelda fleire gonger etter kvarandre, kan du skrive som over, eller bruke det internasjonale ibid Då skjønner vi at du viser til den same kjelda som du brukte sist gong. Døme:
[…] Likevel er det mange lånord frå tysk som ein bør prøve å erstatte med ord frå dei norske dialektane. Mange av desse orda har blitt vanlege å bruke i dei mange dialektane våre. For mange nynorskbrukarar er det derfor naturleg å bruke desse orda (som over).
Dersom du vil bruke sitat, kan du skrive det på denne måten:
I ein tale under ein hagefest i Slottsparken i 2016 sa kong Harald: «Men Noreg er framfor alt menneske. Nordmenn er nordlendingar, trønderar, sørlendingar – og folk frå alle dei andre regionane. Nordmenn har også innvandra frå Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria.» (Kong Harald, 2016)
Når du analyserer og tolkar ein tekst, må du bruke sitat i teksten for å forklare og underbyggje tolkinga di. I dømet under ser du korleis du kan bruke sitat i ein analyse:
Diktet «Jeg ser» handlar om å kjenne seg framand: «Jeg har visst kommet på feil klode / her er så underlig», skriv Obstfelder i siste vers. Diktar-eget beskriv verda som «feil klode» og «underlig». Han kjenner seg altså ikkje heime her. Det han opplever når han ser seg rundt, gir han ei kjensle av å stå utanfor samfunnet. Han ser på «de velklædte herrer» og «de smilende damer», men han tek ikkje kontakt med dei.
Til slutt i teksten din må du fortelje kva kjelder du har brukt. På den måten er det mogleg å sjekke kjeldene dine. Her ser du eit system for kva slags opplysningar som skal med.
Bok med éin forfattar Fridtun, K. (2013). Nynorsk for dumskallar
Etternamn, førenamn (utgivingsår). Tittel i kursiv
Bok med to forfattarar Mæhlum, B. og Røyneland, U. (2012). Det norske dialektlandskapet
Start med det etternamnet som kjem først i alfabetet.
Skjønnlitteratur Obstfelder, S. (1893). «Jeg ser». Frå Digte Diktet i hermeteikn, diktsamlinga i kursiv.
Artikkel frå nettleksikon
Allkunne (2021). «Sigbjørn Obstfelder» https://www. allkunne.no/framside/ biografiar/o/sigbjornobstfelder//98/87644/.
[Lesedato 05.04.2021]
Her fører du nettleksikonet på same måte som ein forfattar. Set søkjeordet i hermeteikn. Pass på å få med lesedato.
Artikkel frå internett
Psykologisk.no (2021). «Psykologen hyller TV-serien Rådebank» https://psykolo gisk.no/2021/03/psykologhyller-tv-serien-radebank/. [Lesedato 05.04.2021]
Set tittelen i hermeteikn, som med andre artiklar.
Du må alltid gi opp kjeldene du har brukt. Dersom du ikkje gjer det, kan du bli teken for plagiat. Å plagiere er å kopiere det nokon andre har gjort, for så å seie at det er du sjølv som har skrive eller laga det. Dersom du bruker kjelder utan å gi dei opp, vil teksten din ikkje bli godkjend.
1 Kva er ei kjelde?
2 Forklar kva omgrepet «røyndomsbilete» tyder.
3 Kva er ein algoritme?
4 Korleis fungerer algoritmar på internett?
5 Kva meiner ein med «falske nyheiter»?
6 Kva er kjeldekritikk?
7 Kva spørsmål kan du stille for å sjekke om kjelda er truverdig?
8 Korleis kan du sjekke om ei kjelde er oppdatert?
9 Kvifor er det viktig å gi opp kjelder du har brukt i ein tekst eller presentasjon?
1 Gå saman i grupper. Korleis finn de kjelder når de skal skrive ein tekst eller halde ein presentasjon? Kva for søkjemotorar kjenner de til? Korleis vurderer de om kjelda er truverdig eller ikkje? Diskuter.
2 Nokre meiner at klimaendringane er menneskeskapte, mens andre meiner at dei ikkje er det. Finn døme på artiklar eller kommentarar som støttar dei ulike sidene/syna.
3 Vel eit emne du er interessert i. Tenk deg at du skal skrive ein artikkel om emnet. Korleis vil du gå fram for å finne informasjon? Kva søkjeord kan du bruke?
4 Gå saman i par. Kjenner de nokon døme på falske nyheiter (fake news)? Lag ein kort presentasjon der de presenterer ei falsk nyheit og kva de trur er hensikta bak ho.
5 Diskuter: Korleis kan falske nyheiter påverke demokratiske val? Kva kan vi gjere for å unngå at dette skjer?
Røyndomsbiletet vårt påverkar korleis vi les og forstår nyheiter og annan informasjon. Fake news handlar om at ei sak bevisst blir framstilt feil i media. Algoritmar er med på å bestemme kva slags informasjon vi får tilgang til på nettet. Det er viktig at vi får høyre fleire sider av ei sak før vi gjer oss opp ei meining om korleis ho heng saman.
Det er viktig å bruke kjelder når vi skal skrive ein tekst eller halde ein presentasjon. Ei kjelde er ei bok, ein tekst, ein film, ei nettside eller liknande som gir informasjon om noko. Når du skal sjekke om ei kjelde er truverdig eller ikkje, er det lurt å bruke sjekklista i dette kapittelet. Hugs å føre opp alle kjeldene du bruker, i ei kjeldeliste, og hugs å sitere på ein korrekt måte.
Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av Intertekst vg3, norsk for studieførebuande utdanningsprogram.
Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget.
Intertekst essens har same struktur som hovudboka, og bøkene kan dermed brukast samtidig i klasserommet.
Fagsto et er enkelt presentert, og sjangerkapitla gir trinn-for-trinn-hjelp til skrivinga. Både teori og tekstsamling har rikeleg med ordforklaringar.
For elevar som følgjer ordinær læreplan, finst det tilleggssto på «Pluss»-sidene. Tekstsamlinga er tilpassa målgruppa, med eit utval av tekstane i Intertekst vg3
Boka har eigne nettressursar med mellom anna lese-, skrive- og munnlegverktøy, undervisningsopplegg og årsplanar.
Intertekst essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok. Alle komponentane til Intertekst essens finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.
ISBN 978-82-11-03606-3