Nynorsk på nytt (9788245034257)

Page 1



Norunn Askeland Ingrid Ertzeid Cecilie Falck-Ytter

Nynorsk på nytt 2. utgåve

LANDSLAGET FOR NORSKUNDERVISNING


Copyright © 2020 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve 2009 2. utgåve / 1. opplag 2020 ISBN: 978-82-450-3425-7 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Design og sats: Bøk Oslo AS Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Forord Frå forord til første utgåva

Denne boka er skriven med tanke på lærarstudentar og lærarar og er meint å vere ei hjelp til opplæringa i nynorsk som sidemål. Om andre lesarar har noko å hente, er det bra. Boka fell i to delar. I første delen av boka er det gjort greie for forsking, tiltak og forsøk innanfor nynorskopplæring og korleis desse kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserom og samfunn. Andre del av boka handlar om korleis det kan bli meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Denne delen er meint å vere ein idébank for måtar å arbeide med nynorsk som sidemål på. Det er viktig at lærarar skal kunne bruke resultat av forsking i eige arbeid. Men å få til dette er vanskeleg av fleire grunnar. Ein viktig grunn er at forskarar og lærarar har ulike perspektiv på arbeidet sitt. Forskarar er opptekne av kva som er sant, mens lærarar er opptekne av kva som fungerer i klasserommet. I denne boka prøver vi å sameine dei to perspektiva så langt råd er. Dei undervisningsopplegga som er skisserte, er prøvde ut i klasserom og har vist seg å vere slitesterke der. Det er vårt håp at lesarane vil ha glede av boka og vil kunne bruke henne som inspirasjon for eige arbeid i klasserommet. Tønsberg og Asker, april 2009

5


Forord til andre utgåva

Nynorsk på nytt frå 2009 har vore i bruk i ulike former for lærarutdanning frå 2009. Lesarane våre har sett pris på å få konkret hjelp og praktiske tips til arbeid med nynorskopplæring. Men éin ting har dei sakna i boka: meir kunnskap om det nynorske språksystemet. Det har vi prøvd å bøte på med å lage ein eigen bolk om kva elevar (og mange studentar) strevar med når det gjeld å skrive nynorsk. Her har vi også orientert om den nye rettskrivinga frå 2012. I tillegg har vi oppdatert den delen av boka som handlar om forsking, forsøk og tiltak. Her er det særleg kapittelet om lærebøker som er oppdatert, ut frå at læremidla i skulen ikkje lenger er lærebøker, men nettbrett og andre digitale hjelpemiddel som for det meste har programvare berre på bokmål. Dette skapar ei særleg utfordring for nynorskelevar, og dette har vi drøfta ut frå den nye språklova som skal vedtakast av Stortinget hausten 2020. Kapittelet «Meiningsfull moro» i utgåva frå 2009 vart høgt verdsett av lesarane. Vi har derfor utvida kapittelet med fleire idear til aktivitetar i klasserommet. Og sist, men ikkje minst, har vi gitt ei orientering om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) både i kapittelet om grammatikk og i kapittelet om skriving til eksamen. Siste delen frå utgåva av 2009, «Nynorske nettressursar», er utelaten. Vi viser her til lista over nynorske nettressursar og til Nynorsksenteret sine nettsider, som til kvar tid er oppdatert. Elles har vi halde fast ved dei same prinsippa for språklæring som i utgåva frå 2009. Desse har vi prøvd å framstille i setningane nedanfor, forma som ein hyllest til ein som verkeleg fortener det:

6

FORORD


I nviter elevane inn i ei verd der nynorsk er eit bruksspråk. Inspirer dei til å lære nynorsk godt. Involver dei i arbeidet. Korleis lærer dei best? Kva treng dei å øve på?

V arier undervisninga. Det er viktig i all undervisning, men kanskje ekstra viktig i nynorskundervisninga.

A rtig. Gjer det artig i timane. Elevane treng noko som aukar motivasjonen for å lære nynorsk. Leik og utforsk i timane.

R aus. Ver raus og bruk nynorsk mykje. Ikkje la nynorsk vere ein

isolert del av norskfaget. Ver raus i å la det bli ein naturleg del av skulekvardagen. Ver raus med ros når elevane får til noko.

A ktivitetar. Bruk ulike aktivitetar for å hjelpe elevane til å bli trygge og gode nynorskbrukarar.

A utentisk. Bruk autentiske tekstar. Leit på nettet og i ulike tidsskrift, aviser og bøker. Det er viktig at elevane får møte eit levande, autentisk språk. På den måten vil dei sjå at nynorsk er eit bruksspråk.

S kriv mykje! Skriv ofte, skriv kort, skriv langt, skriv kvar dag. Øving gir god skrivekondis, skrivekondis gir meistring, meistring gir gode og trygge nynorskbrukarar.

E legant. Nynorsk kan vere så elegant eit språk. La elevane få opp-

leve gleda ved det.

N orsk = bokmål + nynorsk. Dei haldningane du har til nynorsk, vil påverke elevane dine. Lykke til!

Tønsberg/Tvedestrand/Asker, mai 2020 Norunn Askeland Ingrid Ertzeid Cecilie Falck Ytter

FORORD

7



Innhald Forord ...................................................................... Frå forord til første utgåva ........................................................ Forord til andre utgåva ............................................................

5 5 6

Fleire språk og fleire tankar ....................................... 13 Er nynorsk normalt? ............................................................... Fakta om bokmål og nynorsk i dag .............................................. Er ungdommar negative til nynorsk? ............................................

Nynorsk – eit nasjonalspråk.......................................................

Eit språkvennleg miljø ............................................................. Eit språkvennleg miljø i skule og barnehage? .................................. Eit språkvennleg miljø i medium og samfunn? .................................

13 18 21 22 26 28 32

Forsking, forsøk og tiltak ........................................... 39 Forsking ............................................................................. Undervisningspraksis og haldningar ............................................ Nynorskelevar og tospråklegheit ................................................

Forsøk ............................................................................... Forsøk med valfritt skriftleg sidemål i Oslo 2004–2007 ....................... Nynorsk i lærarutdanninga – skrivemapper på nynorsk ......................

Tiltak ................................................................................. Betre sidemålsundervisning i Bærum ...........................................

Sidemålsløftet ved Holmlia skole i Oslo ......................................... Nynorsk ressursbase for skulen ..................................................

Korte tiltak i det språkvennlege klasserommet.................................

39 43 46 51 52 56 59 60 60 61 63

Det spesielle med nynorsk ......................................... 65 Talemålet som utgangspunkt.....................................................

Ny nynorskrettskriving............................................................. Nynorsk i framtida ................................................................. Minoritetsspråklege elevar og nynorsk .........................................

65 67 68 69

9


Om å starte opp med nynorsk .................................... 71 Nynorsk i eit heilskapleg norskfag ...............................................

Jo før, jo heller – og utan dårlege karakterar ...................................

Begynn positivt og lystprega ..................................................... Å kjenne til bakgrunnen for nynorsk ............................................

Legg vekt på innhald .............................................................. Å ta utgangspunkt i dialektar og talemål .......................................

Syng nynorsk! ....................................................................... Korte tekstar og dikt ...............................................................

Skriv, skriv og skriv!................................................................. Rim og ellingar – ikkje berre for småbarn.......................................

Ordtak ............................................................................... Bruk lesestoff som skapar tenning ..............................................

Motiver foreldra .................................................................... Utnytt foreldreressursen og nærmiljøet ........................................ Sluttord om uprofesjonelle lærarar ..............................................

72 73 74 75 76 77 77 78 78 79 80 81 82 83 84

Å lese nynorsk .......................................................... 85 Lesepraksis i barnehage og skule................................................ Modellering av tekst i klasserommet ............................................

Tipp på sjanger ..................................................................... Å lese dikt og kortare tekstar ..................................................... Å lese forteljingar, noveller og romanar .........................................

Å lese drama ........................................................................ Å lese sakprosa .....................................................................

Å lese og skrive fagtekstar ........................................................

88 91 93 96 105 107 109 111

Å skrive nynorsk ....................................................... 115

Skriv ofte og skriv kort ............................................................. 116

Råd om god nynorsk............................................................... 117

Skriveprosessen .................................................................... 118 Lesing som førskrivingsaktivitet .................................................. 120 Skriving på PC – den eine sida av medaljen .................................... 120

Skriving på PC – baksida av medaljen ........................................... 121 Retteprogram frå dag 1 ........................................................... 122

Legg ikkje stor vekt på feila i oppstarten ........................................ 122

Ikkje alt må bli retta og kommentert ............................................ 123

10

INNHALD


Skuleskriving og måling av reell kompetanse .................................. 123

Skuleskriving med konsulenthjelp ............................................... 124

Ordbok – best på nettet? .......................................................... 124 Ordliste til hjelp og nytte .......................................................... 125

Ein smørbukk for kvar feil ......................................................... 127 Mappeinnlevering .................................................................. 127

Kreative småoppgåver............................................................. 128 Tenkjeskriving....................................................................... 129

Sakprosaskriving ................................................................... 132

Skriving ut frå klassiske tekstar ................................................... 132 Å skrive ut frå eit essay ............................................................ 134 Oppgåver............................................................................ 136

Mindre er meir...................................................................... 137 Liste over ord som har ei anna tyding på nynorsk enn på bokmål

(og som ikkje blir oppdaga av staveprogrammet) ............................. 137

Grammatikk – ja, takk! .............................................. 139 Eit omstridt kapittel ................................................................ 139

Nynorsk og grammatikk ........................................................... 141 Utfordringar ved å undervise i grammatikk .................................... 142

Å oppdage forskjellar .............................................................. 143

Fokusert retting .................................................................... 143 Fokusert lesing ..................................................................... 144 Utfyllingsoppgåver i ny form ..................................................... 144 «La stå»-setningar på tavla ........................................................ 145 Grammatikkoppgåver som skriveoppgåve ..................................... 146

Nynorsk grammatikk ................................................ 149 Ord som bokmålselevar ofte skriv feil på nynorsk ............................. 151

Rettskrivingsnormalen ............................................................ 152 Verb .................................................................................. 154

Substantiv ........................................................................... 159

Pronomen ........................................................................... 160 Determinativ ........................................................................ 162

Adjektiv .............................................................................. 164

Å skrive godt på nynorsk .......................................................... 165

INNHALD

11


Gammalt, men godt .................................................. 169

Avskrift ............................................................................... 169 Omsetjing frå bokmål til nynorsk – og omvendt ............................... 170 Diktat – ordrett hermeskriving ................................................... 171

Attforteljing – hermeskriving etter korttidsminnet ............................ 172

Meiningsfull moro..................................................... 175 1 Bingo .............................................................................. 176 2 Slyngje ............................................................................. 179

3 Fire på rad ........................................................................ 181 4 Miming ............................................................................ 184 5 Passord ............................................................................ 184 6 Kappsortering .................................................................... 185

7 Froskehopp ....................................................................... 186

8 Snøballkrig ........................................................................ 187 9 Finn nokon som … ............................................................... 187

10 Kryssord ......................................................................... 189

11 Walk and talk, eller gå og snakk, om du vil .................................. 189 12 Stjerneorientering .............................................................. 190 13 Plukkfisk ......................................................................... 191

14 Stavekonkurranse .............................................................. 192

15 Trafikklysmetoden .............................................................. 192 16 Klippedikt ........................................................................ 193

17 Ordposedikt ..................................................................... 193 18 Memes ........................................................................... 193

19 Tekstarbeid som tar utgangspunkt i ein teikneserie ....................... 194

20 Bak ei kake med oppskrift på nynorsk ....................................... 194

Skriving til eksamen .................................................. 197 Eksamen etter 10. klasse (2019).................................................. 198 Eksamen etter vg3 studieførebuande program (2019) ....................... 199 Råd til generell eksamensførebuing i nynorsk ................................. 200

Elevbok .............................................................................. 200 Nokre generelle råd til eleven som førebur seg til eksamen ................. 201

Råd til eleven på sjølve eksamensdagen ........................................ 201 Kva slags kriterium vurderer sensor etter? ..................................... 202

Litteratur ................................................................. 205 12

INNHALD


Fleire språk og fleire tankar «Lese det, lære det, ja! Men å skrive det? Nei, det vil vi ikke!» Dette er tittelen på ein rapport med evaluering av valfritt sidemål i Oslo frå 2007. Vi skal om litt gå nærmare inn på både dette og andre forsøk og prøve å finne svar på korleis ein kan skape eit meir språkvennleg miljø i skule og samfunn. For å få til det må vi begynne å sjå på kvarandre som normale, trass i ulike språk. Derfor må vi begynne med spørsmålet: Er nynorsk eigentleg normalt?

Er nynorsk normalt?

Mange lærarar har erfart at det ikkje utan vidare er enkelt å skape motivasjon blant elevar for skriftleg opplæring i dei to skriftspråka bokmål og nynorsk. Men mange har også erfart at slik opplæring gjev elevane konkret innsikt i korleis makta ter seg i og gjennom språket. Når elevane får høve til å diskutere kva som er rekna for «fint» og «stygt» når det gjeld dialektar og talemål, lærer dei ikkje berre dialektkunnskap og sosiolingvistikk, dei lærer også om korleis språk og språkval kan vere uttrykk for makt. At språk er makt, er noko vi alle er kjende med. Men tenkjer vi over at det også gjeld tilhøvet mellom skriftspråk? Tenkjer vi at engelsk har meir makt enn bokmål, at bokmål har meir makt enn nynorsk, og at menn har meir språkmakt enn kvinner? Ei som har tenkt mykje over dette, er språkvitaren og forfattaren Helene Uri. Teksten som følgjer, er eit utdrag frå eit kapittel i boka Hvem sa hva? Kvinner, menn og språk, som fekk Brageprisen for beste sakprosabok i 2018.

FLEIRE SPRÅK OG FLEIRE TANKAR

13


Nynorsk er en kvinne, bokmål en brautende mann For noen år siden skrev jeg en kronikk (Uri 2013) der jeg sammenlignet nynorsk med en kvinne og bokmål med en mann. Bokmål ligner en mann fordi han er tidvis brautende, men mesteparten av tiden tenker han ikke over at han har mest makt; han bare oppfører seg, med den største selvfølgelighet, som om han har det. Nynorsk er en kvinne. Hun påpeker at hun er like mye verdt, at det er mye som er urettferdig, at bokmål er så dominerende. Bokmål gidder ikke alltid å høre etter når hun setter i gang med å bable og kreve. Kvinner må svelge uttrykksmåter som «forfattere og kvinnelige forfattere», slik nynorsk må svelge «norsk og nynorsk». Og på samme måte som en kvinne kan bli avspist med at «Tenk at feminister kan være så vakre», møter nynorskfolket nedlatende ros i form av «Nynorsk er så vakkert, og det passer i lyrikk».1

Uri rettar eit skarpt lys mot to område: maktfordelinga mellom kvinner og menn og maktfordelinga mellom bokmål og nynorsk. Som feminist har ho studert korleis menn bruker makta si til å breie seg fysisk på trikk eller buss og gjerne ta meir enn eitt sete (manspreading), og psykisk gjennom å ta ordet, behalde det og på ein nedlatande måte forklare kvinner det dei veit frå før (mansplaining). Det er denne mangelen på maktbalanse ho så overfører metaforisk til tilhøvet mellom bokmål og nynorsk. Det er nok mange som vil kjenne seg att i det ho skriv her, utan at dei treng å ha same bakgrunnen som Uri. Uri er ikkje berre feminist, ho er også språkvitar, språkpolitikar, medlem av Riksmålsforbundet og faglitterær og skjønnlitterær forfattar.2 Slik sett har ho mange vinklar å studere språk og makt frå; ikkje minst er forfattarvinkelen og interessa for skriving og litteratur svært viktig for å få auge på språkmakt. Ein annan forfattar med mange bøker bak seg er Ragnar Hovland. I eit debattinnlegg i Dagsavisen3 om korleis det er å vere nynorsk1 2 3 14

Uri 2018:308. Helene Uri er i skrivande stund også visepreses i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og fast språkspaltist for Aftenposten (frå 2018). Hovland, R. (2003). Draumen om det normale. Dagsavisen Morgen 1.11.2003..

NYNORSK PÅ NYTT


forfattar, svarte han at det er som å vere ein terrorist som plagar folk heile tida: Men eg visste ikkje betre. Eg trudde dette [nynorsk] var det normale. Rett nok visste eg at det også fanst eit skriftspråk som heitte bokmål, eg hadde trass alt vore borti bøker og teikneseriar på denne målforma. Men eg trudde altså at nynorsk var normalt. Iallfall like normalt som bokmål. Så feil kunne eg ta. Og i heile mi tid som skrivande nynorsking har det ikkje vore fred å få. Ikkje berre skal du skrive alle desse bøkene, du skal også forklare og forsvare korfor du gjer det på eit så merkeleg minoritetsspråk.

Overfor lesarane unnskyldar han seg med følgjande: «Eg visste ikkje betre. Eg trudde nynorsk var normalt.» Den som aldri har høyrt om Hovland før, kan kanskje finne på å tru at han verkeleg meinte det han sa. Men dei som kjenner han og litteraturen hans, veit at han er ein luring og ironikar som ofte seier det han ikkje meiner, nettopp for å få folk til å stoppe opp og tenkje seg om. For det er slett ikkje sjeldan dei som har vakse opp med nynorsk som hovudmål, får spørsmål om kvifor dei skriv på nynorsk. Slike spørsmål kjem gjerne frå folk som trur at nynorsk er «unormalt». Ein annan forfattar har dette å seie om det å skrive på nynorsk: «Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det.» Den som seier dette, er ingen ringare enn Jon Fosse, verdskjend dramatikar som er tildelt fleire litterære prisar. Det er eit svar som er godt nok, og som alle språkbrukarar bør unne seg å bruke: «Eg er veldig glad i språket mitt.» I eit slikt perspektiv blir alle språk «normale». Agnes Ravatn er ein annan kjend forfattar som har skrive både skjønnlitteratur og sakprosa, ofte med ironi og humor som verkemiddel. Då ho fekk spørsmålet om korleis det er å vere nynorskforfattar, hadde ho dette svaret: Å vere nynorskforfattar er vel omtrent som å vere homofil: Det er ikkje noko ein berre kan velje vekk. Men likevel blir me heile tida

FLEIRE SPRÅK OG FLEIRE TANKAR

15


spurt om kvifor me skriv nynorsk. Men det er jo berre tullingar som framleis spør homofile kvifor dei er det. […] Når nokon seier at eg skriv så godt at ingen merkar at det er nynorsk, tenkjer eg at det er ein slags «vi kan vere vener sjølv om du har aids-kompliment» eg får frå mange bokmålingar.4

Her ser vi at Ravatn spelar på lag med tolerante stemmer i samfunnet, dei som kjempar for rettane til homofile og andre som av ulike grunnar «skil seg ut». På same måten som dei homofile krev retten til å vere seg sjølve, til å vere «normale», kan nynorskingar også krevje det. Det er ein bodskap vi kan lese mellom linjene. Ein forfattar som har vore særleg oppteken av demokratiske rettar og rasisme, er Camara Lundestad Joof. Ho har nordnorsk mor, gambisk far og har vakse opp i Sandefjord, der ho fekk merke rasisme på mange måtar, blant anna fordi ho er brun. Dette har ho fortalt om i essaysamlinga Eg snakkar om det heile tida (2018). I eit intervju om boka fortel ho at ho har blitt både banka opp og diskriminert, men at ho aldri vil slutte å snakke om det (jf. tittelen). Ho fortel også at ho har valt å bruke nynorsk som det litterære språket sitt, og grunngjev det på denne måten: Ja, det valde eg då eg var 23. Nynorsk er eit politisk og revolusjonært språk. Dette forstod eg då eg lærte om historia til Bondeungdomslaget, om Hulda Garborg og Det norske teatret, og ikkje minst teaterslagsmålet. Å lære seg å bruke nynorsk må pitchast som ei politisk sak overfor ungdom. Her har lærarane forsømt seg. No skal ikkje eg klage på norsklærarane mine. Dei har i ettertid erta meg fordi eg ikkje forstod vitsen med å lære meg nynorsk. No har eg attpåtil tent pengar på det.5

Vi ser at Camara Lundestad Joof har teke til seg demokratiargumentet for nynorsk, det som stod sterkt då landsmål (no nynorsk) vart likestilt med «vort almindelige Skrift – og Bogsprog» (no bok-

4 5 16

DN Lørdag 26.12.2014 Askeland i KULT 3/2019:22 f.

NYNORSK PÅ NYTT


mål) som eit norsk språk i 1885, for snart 150 år sidan. Landsmålet var ikkje «normalt» då, og er kanskje heller ikkje «normalt» no. Derfor må vi framleis minne kvarandre om at nynorsk er «normalt». Ikkje minst gjeld dette i høgare utdanning, der nynorsken nærmast er usynleg i mange fag, også innan lærarutdanning. Førsteamanuensis i norsk språk, Eli Anne Eiesland, skriv i nettavisa Khrono6 at det er på høg tid at vurdering og opplæring i begge skriftspråk vert nedfelte eksplisitt i studieplanane til alle universitet og høgskolar som tilbyr lærarutdanning. Ho viser til Norsk Tidend (nr. 5 2019) der det står at elevar på nynorskskular får lese- og skriveopplæring av lærarar som ikkje har den nødvendige kompetansen i nynorsk til å undervise elevane i deira eige hovudmål. Vidare er det eit problem at elevar med nynorsk som opplæringsmål ikkje møter hovudmålet sitt i like stor grad som det bokmålselevar gjer. Tal frå 2015 viser at berre 6 prosent av nye barnebøker er på nynorsk. Nynorskelevane møter i liten grad digitale læremiddel på hovudmålet, og mange av dei digitale læremidla som er i bruk i skulen, finst ikkje på nynorsk. Eiesland tek også for seg situasjonen i grunnskulelærarutdanninga og fortel at ho har gått gjennom programplanar og studieplanar for grunnskulelærarutdanninga til alle norske institusjonar som har grunnskulelærarutdanning. Ho har dessutan fått rapportar om stoda frå andre universitet og høgskular for å finne ut kva som er praksis ved desse institusjonane. Funna er sprikande, og etter hennar meining ikkje særleg oppløftande. Nokre få institusjonar har vurdering i begge skriftspråk, og enkelte har også opplæring i form av skrivekurs. Men svært mange har inga systematisk vurdering eller opplæring. Eiesland stiller spørsmålet gjennom overskrifta til artikkelen: «Er det nynorskkrise på lærerutdanningene?» Svaret ser ut til vere «ja». Undersøkinga hennar tyder på at det er langt fram til nynorsk blir sett på som «normalt» i høgare utdanning. Vi har skrive denne boka for å bidra til at nynorsk skal bli sett på som eit «normalt» norsk skriftspråk i både skule og høgare utdanning. 6

Eiesland i Khrono 5.2.2020. FLEIRE SPRÅK OG FLEIRE TANKAR

17


Den første delen av boka handlar om forsking og forsøk som gjeld god praksis i språklæring. Den andre delen er laga som ein idébank for munnlege og skriftlege aktivitetar i nynorskopplæringa, aktivitetar der målet er å skape motivasjon for læring. Her er det også bakt inn eit lite grammatikk-kurs for den som treng repetisjon. Men aller først nokre grunnleggande fakta om den norske språksituasjonen.

Fakta om bokmål og nynorsk i dag

Hausten 2019 kom regjeringa med utkast til ny norsk språklov. Lova er no til høyring, og det er meininga at lova skal drøftast og vedtakast i løpet av hausten 2019. Utkastet går inn for at samisk og norsk er to offisielle norske språk. På same tid har lova framlegg om at bokmål og nynorsk skal omtalast som to ulike skriftspråk, ikkje som ulike målformer, slik det før har vore vanleg. I vår samanheng er dette interessant då det opnar for å bruke andre metodar i nynorskopplæringa. Det har vore vanleg å fokusere på likskapar i ordforråd og grammatikk mellom bokmål og nynorsk og det å bruke eigen dialekt som innfallsport til å lære nynorsk. Men om ein tillèt seg å tenkje at bokmål og nynorsk er ulike skriftspråk, kan ein like gjerne hente metodar frå framandspråkinnlæring i sidemålsundervisninga, i alle fall på nynorskområdet, der ein verkeleg treng å prøve ut nye metodar som supplement til dei tradisjonelle. Bokmål er fleirtalsforma i skrift. 85 til 90 prosent av befolkninga bruker bokmål. Nynorsk blir brukt i skrift av 10–15 prosent og mest på Vestlandet og tilgrensande område. Etter ein markert nedgang frå 1950 til 1976 heldt talet på nynorskbrukarar i grunnskulen seg stabilt på om lag 17 prosent. Men dei siste åra har talet gått ytterlegare ned og var i 2017 på 12 prosent.7 Tidlegare Sogn og Fjordane har det høgaste talet på nynorskbrukarar med 98 prosent. Sjølv om nynorsken står rimeleg sterkt innanfor litteraturen og humanistiske fag, i kyrkja og i lokalt næringsliv, er det likevel bokmålet som dominerer dei aller fleste samfunnsområde, ikkje minst 7 18

Dette er Norge. SSB 2018:11.

NYNORSK PÅ NYTT


populærkultur, reklame og internett, som ungdom gjerne frivillig lèt seg påverke av. I Noreg er det i 2020 i alt 356 kommunar. Av desse er det 90 kommunar som har gjort vedtak om nynorsk som målform, mens 117 kommunar har valt bokmål. I tillegg er det 149 kommunar som har erklært seg språkleg nøytrale.8 Nynorskkommunar utgjer med andre ord ein fjerdedel av kommunane, og saman med språknøytrale kommunar har dei om lag 67 prosent av folketalet i Noreg. Mange byar har erklært seg språkleg nøytrale, blant anna Oslo, Drammen, Tromsø og Trondheim. Å erklære seg språkleg nøytral kan forståast som eit uttrykk for språkleg respekt og toleranse. Regjeringa sitt forslag til ny språklov byggjer på stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk frå 2008. Innstillinga har eit eige kapittel der nynorskens stilling blir drøfta. Her blir det tydeleg sagt at nynorsk ikkje har ein like fullverdig posisjon som bruksspråk som det bokmål har – i alle fall ikkje på landsbasis. I somme delar av landet er nynorsk eit fullverdig bruksspråk og det dominerande språket. Men slik er det ikkje om ein ser landet under eitt, seier meldinga: Likevel, det gjennomgåande biletet når vi ser landet under eitt, er at nynorsk er eit språk som blir diskriminert. Ikkje minst slår dette ut overfor brukarane av språket. Særleg gjeld dette innanfor privat sektor, men det er i høg grad tilfellet også innanfor det offentlege. (St.meld. nr. 35 (2007–2008):195)

Døme på diskriminering er ikkje vanskelege å finne. Her treng ein ikkje gå lenger enn til skulen, der nynorskelevar som oftast må vente lenge på lærebøker på nynorsk, trass i at det er lovfesta at læremiddel skal liggje føre på både bokmål og nynorsk til skulestart. Og ikkje nok med det. Skulane manglar digitale løysingar for nynorskelevar. Dei innebygde operativsystema i dei vanlegaste 8

Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta) – https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2019-12-20-2114?q=Forskrift%20 om%20m%C3%A5lvedtak%20i%20kommunar. Lesedato 20.1.2020. FLEIRE SPRÅK OG FLEIRE TANKAR

19


datamaskinane er på bokmål. Skuleeigarane kjøper dei billegaste løysingane, og det fører til at mange av hjelpemidla til bruk i skulane ikkje finst på nynorsk. Nynorskelevar får dermed ikkje støtte for sitt eige språk i det operativsystemet dei bruker kvar einaste dag. Dette problemet er ikkje drøfta i forslaget til ny språklov. Ein grunn kan vere at ein ikkje har rekna til dømes nettbrett som læremiddel på linje med lærebøker. Ser ein på nettbrett som læremiddel, vil det vere brot på opplæringslova å tilby operativsystem berre på bokmål. Det er derfor komme framlegg om at den nye språklova må fastsetje rettane til nynorskelevar på dette området. Er lærebøker viktig for nynorsk? Ottar Grepstad hevdar at læremidla er ein av dei seks viktige skriftfaktorane som har tent til å etablere den norske skriftkulturen som finst i dag.9 Dei andre faktorane er songane, avisene, diktekunsten, sakprosabøkene og forvaltingstekstane (tekstane i stat og kommunar, som til dømes skattemeldingar). Når vi tenkjer på at mange av desse tekstane kan inkluderast i læremidla, forstår vi at skulen er ein stad der vi kan forvalte, ta vare på og fremje respekt for språk, inkludert nynorsk. Men etter den digitale revolusjonen i skulen ser det ut til at myndigheitene har svikta oppgåva si når det gjeld å ta vare på språket nynorsk. På den andre sida er det mykje som tyder på at nynorsk er blitt meir synleg både i media og i samfunnet elles. Vi ser stadig oftare at nynorsk blir brukt i reklame og i aviser, også i aviser som tidlegare har hatt nærmast ei avvisande haldning til nynorsk, som til dømes Aftenposten. Vidare er det sett inn tiltak for å auke nynorskprosenten i NRK, der kringkastingssjefen sjølv tek nokre rundar for å vekkje opp sovande nynorskbrukarar blant medarbeidarane sine.10 I 2019 nådde NRK for første gongen målet sitt om 25 prosent nynorsk i sendingane sine.11 9 10 11

20

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/spraklov/id2664141/? uid=4170d9cf-b793-47bb-b45c-7f3bed3c4932. Lesedato 3.2.2020. https://framtida.no/2018/11/01/kringkastingssjefen-med-lofte-til-nynorskbrukarane---neste-ar-skal-vi-fylle-nynorskdelen https://www.firda.no/nyheiter/nrk/sprak/nrk-nadde-malet-om-25-prosentnynorsk-i-2019/s/5-15-937741. Lesedato 3.2.2020.

NYNORSK PÅ NYTT



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.