Puls Kommunikasjon og samhandling (helseservicefag) NYN (9788211044242)

Page 1

Helseservicefag Hanne Ernstsen Siri Abel Linda Vinje Cecilia Rockwell
vg2 NYNORSK Puls Kommunikasjon og samhandling

Puls

Kommunikasjon og samhandling

vg2 helseservicefag nynorsk

Innhald

Innleiing ................................................ 5

Kapittel 1

Demokrati, medborgarskap og helsetenester ....................................... 9

Demokrati og medborgarskap i helseserviceyrka ............................................. 10

Demokrati ....................................................... 11

Demokrati og menneskerettar ................... 11

Demokrati og pasientrettar ........................ 15

Medborgarskap .............................................. 22

Sosiale fellesskap ...................................... 23

Medborgarskap i helseserviceyrka ............ 24

Helsetenester i Noreg ..................................... 26

Primærhelsetenester ................................. 27

Spesialisthelsetenesta ............................... 27

Fylkeskommunal helseteneste .................. 29

Forvaltningsnivå i helsevesenet ................. 30

Private helsetenester ................................. 35

Læringsutbyte ................................................ 36

Læringsaktivitetar ........................................... 38

Snakk saman ............................................. 39

Kapittel 2

Profesjonell kommunikasjon .............. 41

Kva er kommunikasjon og samhandling? ...... 42

Kommunikasjonsmodellar ......................... 44

Einvegskommunikasjon ............................. 46

Tovegskommunikasjon .............................. 47

Verbal og nonverbal kommunikasjon ........ 48

Visuell kommunikasjon .............................. 54

Støy ........................................................... 55

Kontekst .................................................... 58

Maktmisbruk .............................................. 59

Kulturelle forhold ............................................ 60

Kultur og identitet ...................................... 60

Kulturkonflikt.............................................. 60

Kultur, helse og sjukdom ........................... 60

Kulturuttrykk .............................................. 61

Språk i kulturar .......................................... 62

Verdiar........................................................ 63

Å lytte ............................................................. 64

Aktiv lytting ................................................ 64

Å tole stille ................................................. 65

Kommunikasjon har fire sider ......................... 66

Fakta .......................................................... 70

Framstilling ................................................ 70

Forhold ...................................................... 71

Forventing .................................................. 72

Kunsten å misforstå kvarandre....................... 73

Kommunikasjon med ulike grupper ............... 73

På same nivå ............................................. 74

Ver oppmerksam ....................................... 74

Tilpass kommunikasjonen ......................... 74

Ver ærleg ................................................... 75

Tryggleik med informasjon og småprat ..... 75

Medisinsk terminologi .................................... 76

Medisinske ord .......................................... 77

Forkortingar ............................................... 79

Oppkalling etter personar .......................... 79

Tal .............................................................. 80

Latin og gresk ............................................ 80

Anatomisk posisjon ................................... 80

Ordvariasjonar ........................................... 81

Læringsutbyte ................................................ 82

Læringsaktivitetar ........................................... 84

Snakk saman ............................................. 85

2

Kapittel 3

Profesjonelle relasjonar ...................... 87

Profesjonelle relasjonar .................................. 88

Respekt i profesjonelle relasjonar .............. 89

Toleranse i profesjonelle relasjonar............ 92

Relasjonskompetanse .................................... 94

Fasar i relasjonsbygging ............................ 95

Kompetanse i relasjonar ............................ 96

Prestasjonshjelp – korleis gjere andre gode? .............................................. 104

Å reflektere over eiga åtferd ........................... 105

Sjølvinnsikt ................................................ 105

Å sjå seg sjølv utanfrå................................ 107

Sjølvtillit ..................................................... 108

Ærlegdom og openheit .............................. 109

Personlegdomstypar – kven er du? ........... 110

Å øydeleggje ein profesjonell relasjon ............ 112

Tidspress og stress ................................... 112

Arbeidspress.............................................. 113

Konfliktar ................................................... 114

Framandgjerande språk ............................ 114

Fagleg utryggje .......................................... 115

Fordommar ................................................ 116

Læringsutbyte ................................................ 117

Læringsaktivitetar ........................................... 119 Snakk saman ............................................. 123

Kapittel 4

Helseservice......................................... 125

Kva er service? ............................................... 126

God eller dårleg service ............................. 128

Ulike typar service .......................................... 132

Kjerneservice ............................................. 133

Perifer service ............................................ 134

Frontservice ............................................... 135

Systemservice ........................................... 140

Sjølvservice ............................................... 142

Service i endring ............................................. 143

Kvalitetsutvikling ........................................ 143

Profesjonell helseservice ................................ 145

Profesjonell omsorg ................................... 147

Empati ....................................................... 148

Kollegaservice ........................................... 149 Når service blir vanskeleg.......................... 150

Læringsutbyte ................................................ 152

Læringsaktivitetar ........................................... 153 Snakk saman ............................................. 154

Kapittel 5

Informasjon og rettleiing .................... 157

Å informere ..................................................... 158

Informasjonsrett ......................................... 159

Pasientautonomi ........................................ 161

Å rettleie ......................................................... 162

Å gi råd ........................................................... 163

Informasjons- og rettleiarrolla......................... 164 Eiga framferd i rolla .................................... 167

Profesjonell kompetanse i informasjonsog rettleiingsrolla ....................................... 168

Planlegging av informasjon og rettleiing ........ 172

Spørjeteknikkar – korleis innhentar vi informasjon? .............................................. 174

Motiverande samtale ................................. 177

Skriftleg informasjon .................................. 178

Evaluering .................................................. 179

Informasjon om sjukdommar og plager ......... 180

Vanlege plager ........................................... 182

Vanlege sjukdommar ................................. 183

Kva påverkar helsa vår? ................................. 186

Individuelle faktorar ................................... 188

Miljøfaktorar ............................................... 190

Folkehelse og folkehelsearbeid ...................... 193

Læringsutbyte ................................................ 196

Læringsaktivitetar ........................................... 198 Snakk saman ............................................. 200

3 Innhald

Kapittel 6

Konflikt-, krise- og stresshandtering 203

Konfliktar ........................................................ 204

Konfliktførebyggjande kommunikasjon ..... 205

Ulike typar konfliktar .................................. 207

Når konfliktar eskalerer – konflikttrappa .... 211

Vald og truslar på arbeidsplassen ............. 214

Konflikthandtering på arbeidsplassen ....... 215

Strategiar for konflikthandtering ................ 217

Kriser .............................................................. 220

Ulike typar kriser ........................................ 220

Ulike fasar av ei krise ................................. 221

Beredskap for kriser .................................. 222

Krisehandtering ......................................... 223

Posttraumatisk stressliding ....................... 226

Stress ............................................................. 227

Toleransevindauget.................................... 227

Symptom på helseskadeleg stress............ 229

Arbeidsrelatert stress................................. 230

Stressførebygging ..................................... 231

Stressmeistring .......................................... 231

Læringsutbyte ................................................ 232

Læringsaktivitetar ........................................... 233

Snakk saman ............................................. 234

Omgrep ................................................. 235

Stikkordregister ................................... 245

Kjelder .................................................. 249

Biletliste ................................................ 251

4 Puls Kommunikasjon og samhandling

Innleiing

Læreverket som gjer sluttkompetansen og yrkesidentiteten til elevane tydeleg

I Puls vg2 helseservicefag møter elevane eit lettlese, ryddig og yrkesretta læreverk. Verket gjer aktiv bruk av casebasert storyline-pedagogikk – ein tverrfagleg, problemorientert metode som fremjar refleksjon, motivasjon og djupnelæring.

Lærebøkene følgjer dei tre programfaga i utdanningsprogrammet:

à Kommunikasjon og samhandling

à Helse og sjukdom

à Yrkesliv i helseservicefag

Til verket høyrer det ein tverrfagleg nettressurs som er organisert i fem modular:

à Omgrep: ein søkbar database med sentrale fagomgrep

à Aktivitetar: yrkesoppgåver for tverrfaglegheit og læring gjennom aktivitet

à Multimedium: utforskande læring med multimedium à Korleis har du det? eit kjenslekartotek for betre livsmeistring og læringsutbyte

à Dokumentasjonsverktøy: eit verktøy for å lære elevane dokumentasjon

I tillegg får læraren ei nyttig verktøykasse med opplegg, aktivitetar og støtte til undervisinga. Nettressursen er godt eigna til yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Ein visuell kapittelopnar

Kvart kapittel startar med ei tydeleg oversikt over kva kjerne element, tverrfaglege tema, kompetansemål og læringsmål kapittelet dekkjer.

5

Medisinsk terminologi er termar, ord og omgrep som blir brukte internasjonalt innan det medisinske fagområdet, t.d. «peroralt» i staden for «gjennom munnen».

?

Gjennom kapittelet

Alle kapitla følgjer eit oversiktleg oppsett:

à Illustrerte casar med situasjonar frå yrkeslivet, der vi følgjer karakterar vi blir godt kjende med, som eksemplifiserer teorien og gjer han levande. Fagstoffet blir meir handgripeleg og relevant og dermed enklare å setje seg inn i, forstå og hugse.

Petter får tannbehandling i dag. Tanja og Tuula kommuniserer med kvarandre undervegs. «Karies medialt til pulpa», seier Tuula. «Eg gjer klar til endodonti», svarer Tanja. «Kva er det de snakkar om?» spør Petter.

à Spørsmål til lesaren ryddar plass til refleksjon og undring.

Kvifor treng vi eit fagspråk? Er det greitt å bruke fagspråket framfor kundar og pasientar?

à Forklaring av nye omgrep kjem i margen rett ved sida av der ordet står i teksten. Dei same omgrepa er forklarte bak i boka i alfabetisk rekkjefølgje.

Avrunding av kapittelet

Kvart kapittel blir avrunda på same måten:

à Læringsutbyte: eit grundig samandrag summerer opp hovudlinjene i fagstoffet

à Læringsaktivitetar: eit breitt utval av aktiviserande oppgåver stimulerer til djupnelæring

à Snakk saman: spørsmål til samtale og drøfting i fellesskap

6 Puls Kommunikasjon og samhandling

Læreplanen og oppbygginga av boka

Den nye læreplanen for programfaget Kommunikasjon og samhandling består av ni kompetansemål. Oversikta under viser korleis denne læreboka er bygd opp, og korleis kompetansemåla blir dekte.

Tverrfagleg temaDemokrati og medborgarskapKapittel 1 Demokrati, medborgarskap og norsk helsevesen

KS1kommunisere og samhandle profesjonelt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Kapittel 2 Profesjonell kommunikasjon

KS2bruke grunnleggjande medisinske ord og uttrykkKapittel 2 Profesjonell kommunikasjon

KS3bruke ulike strategiar for konflikt-, stress- og krisehandtering i yrkesutøvinga

KS4informere om ulike helsetenester og forvaltningsnivå i helsevesenet

KS5informere brukarar og pasientar om dei vanlegaste sjukdommane og plagene

KS6gjere greie for informasjons- og rettleiingsrolla overfor pasientar og pårørande

KS7drøfte kjenneteikn på god service og utføre profesjonell kunde- og pasientbehandling

KS8reflektere over eiga åtferd og vise relasjonsferdigheiter i møte med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

KS9gjere greie for individuelle og miljømessige faktorar som kan påverke den psykiske og fysiske helsa, og rettleie om kva som fremjar psykisk og fysisk helse

Lykke til med læring og undervising!

Kapittel 6 Konflikt-, stress- og krisehandtering

Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og norsk helsevesen

Kapittel 5 Informasjon og rettleiing

Kapittel 5 Informasjon og rettleiing

Kapittel 4 Helseservice

Kapittel 3 Profesjonelle relasjonar

Kapittel 5 Informasjon og rettleiing

Måla for opplæringa er at eleven skal kunne:Kapittel i boka:
7 Innleiing

Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Cecilia Rockwell og Hanne Ernstsen

Tverrfagleg tema:

→ demokrati og medborgarskap

Kjerneelement:

→ rettleiing, service og relasjonar

Kompetansemål: informere om ulike helsetenester og forvaltningsnivå i helsevesenet

KS4

I dette kapittelet skal du lære om

→ demokrati og menneskerettar i norsk helsevesen

→ medråderett og bedriftsdemokrati

→ retten til helse- og omsorgstenester

→ retten til medverknad og informasjon

→ sjølvråderett og informert samtykke

→ samtykkekompetanse

→ medborgarskap i samfunnet og i helseserviceyrka

→ helsetenester på ulike forvaltningsnivå

Kapittel 1
9

Respekt er ei positiv haldning overfor ein annan som viser vørdnad eller anerkjenning.

Toleranse betyr å bere over med eller vise tolmod overfor åtferda og oppfatningane til andre, å tole å vere saman med menneske som har andre meiningar og haldningar enn ein sjølv.

Tillit betyr tiltru. Har ein tillit til nokon eller noko, betyr det at ein stoler på dei eller det.

Forvaltningsnivå. Forvaltning betyr styring eller administrasjon. I Noreg har vi tre nivå av offentleg forvaltning: statleg, fylkeskommunal og kommunal.

Demokrati og medborgarskap i helseserviceyrka

I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om brukarmedverknad og om å vareta dei individuelle rettane til pasientane. Det handlar òg om å tenkje kritisk og å respektere usemje. Vidare handlar det om rettane og pliktene til arbeidstakaren og om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.

Kjelde: udir.no Demokrati og medborgarskap er eitt av tre tverrfaglege tema som inngår i alle programfaga på vg2 helseservicefag. Du vil kanskje ikkje tenkje så mykje over demokrati eller medborgarskap i det daglege. Likevel er dei helsetenestene vi gir i Noreg, bygde på prinsippa demokrati og medborgarskap: Vi er alle like mykje verde, og vi tek vare på kvarandre i samfunnet vårt. Som deltakarar i det norske samfunnet har vi alle også eit ansvar for å delta i demokratiet. På den måten bidreg vi aktivt til å vareta dei felles verdiane våre.

I det framtidige yrket ditt skal du jobbe med menneske og gi helsehjelp i samarbeid med andre. Du skal som helsepersonell vareta alle pasientar og kundar som oppsøkjer arbeidsplassen din. Alle skal bli møtte med respekt, forståing og toleranse. Som profesjonell i helseserviceyrka er du med på å byggje tillit og tryggleik mellom pasientane og helsevesenet. Du skal hjelpe pasientar med å forstå rettane sine, slik det er bestemt i norsk lovverk.

På arbeidsplassen din vil du kanskje meine noko om forhold som gjeld jobben din. Der kan du delta i eit bedriftsdemokrati.

Du vil også bli ein del av eit fellesskap som samarbeider og samhandlar på ulike forvaltningsnivå for å yte best mogleg helseteneste.

10 Puls Kommunikasjon og samhandling

?

Demokrati

Kristian og Harald, administrerande direktør på Helseservicehuset, byrjar å prate om demokrati. Harald fortel Kristian at han jobba i utlandet då han var ung. Det var tøft å jobbe i eit land der befolkninga ikkje stolte på styresmaktene. For å få folk til å stemme ved valet blei dei lokka med mat eller trua med straff. «Vi er heldige i Noreg», seier Harald. Vi har tillit til styresmaktene i landet vårt.

Kva betyr demokrati for deg?

Demokrati er ei styringsform der folket har makta – det er eit folkestyre. Motsetnaden til eit demokrati er eit diktatur, der makta er konsentrert hos éin eller nokre få personar. Noreg er eit demokrati der vi har fleire politiske parti. Innbyggjarane vel å stemme på det politiske partiet dei er mest samde med.

Demokrati og menneskerettar

Av og til tenkjer Amina apotekteknikar på kor heldig ho er. Familien hennar måtte flykte frå sitt eige land på grunn av at foreldra demonstrerte mot styret i landet. Dei hadde blitt fråtekne huset, mista jobbane og blei forfølgde. Då dei kom til Noreg, hadde dei alt dei eigde i ein koffert.

Noko av det mest grunnleggjande ved eit demokrati er respekten for menneskerettane. Menneskerettar er rettar og fridommar den enkelte har som menneske uavhengig av nasjonalitet, bustad, livssyn, alder, kjønn eller legning. Alle rettane blir rekna som universelle – dei skal gjelde for alle menneske utan unntak.

Demokrati, eller folkestyre, er ei styreform der folket vel representantar som skal styre landet. På denne måten deltek innbyggjarane aktivt i politiske avgjerder.

Diktatur er ei styreform der makta er samla hos éin person eller ei lita gruppe, og som gir folket liten styringsrett. Det er det motsette av demokrati

Menneskerettane (definerte av FN) er grunnleggjande rettar alle menneske har, uavhengig av kjønn, alder, legning, livssyn eller nasjonalitet, som rett til sosial tryggleik, likestilling og fridom.

Universell gjeld heile universet, det er noko som omfattar alt og alle, og som gjeld i alle samanhengar.

11 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Medråderett betyr at tilsette skal få delta i og ha innverknad på avgjerder som gjeld deira eigen arbeidssituasjon.

Avgjerdsprosess er heile rekkja av handlingar og vurderingar ei sak går gjennom før ei endeleg avgjerd blir teken.

Forankring betyr her at dei tilsette har delteke i avgjerdsprosessen og på denne måten blitt knytte til avgjerda.

Medverknad betyr å ta del i, at ein skal få seie si meining og vere med på å påverke ei avgjerd.

Døme på nokre menneskerettar:

à Vi er alle likeverdige og frie uansett bakgrunn, posisjon i samfunnet og opphav.

à Kvar enkelt av oss har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.

à Vi skal ikkje bli utsette for innblanding i privatlivet vårt eller oppleve ærekrenking.

à Alle har fridom til å tenkje og tru som vi ønskjer, og å byte tru om vi vil.

à Den enkelte har rett og fridom til å meine og ytre meiningane sine utan innblanding.

à Alle har rett til å oppsøkje og få informasjon og delta på fredelege møte og i organisasjonar.

à Kvar enkelt av oss har rett til å delta i det politiske livet.

à Alle har rett til utdanning og arbeid.

à Alle har rett til helse og velferd.

Menneskerettane gir oss moglegheit til å delta i samfunnet og påverke avgjerder som gjeld oss og det sosiale fellesskapet vi tilhøyrer.

Medråderett

Å ha rett til å påverke avgjerder som gjeld oss, blir kalla for medråderett. Medråderetten er underlagd § 110 i Grunnlova og er nærare beskriven i andre lover, mellom anna arbeidsmiljølova. Lovverket sikrar oss medråderett også når vi er på jobb.

Når vi får delta i avgjerdsprosessar, får vi betre forståing for omsyna som må takast, og for formålet med avgjerda. Medråderetten i arbeidslivet sikrar derfor at dei tilsette får større eigarskap til det som blir bestemt, og at avgjerdene som blir tekne, har betre forankring i verksemda.

Medverknad

Alle arbeidstakarar har etter arbeidsmiljølova også rett til medverknad. Vi har som arbeidstakarar rett til å medverke, eller «verke saman med» arbeidsgivaren vår, i saker som gjeld arbeidsoppgåvene våre og arbeidsmiljøet der vi jobbar. Vi har rett til å bli høyrde og kan påverke forhold på arbeidsplassen som gjeld oss.

12 Puls Kommunikasjon og samhandling

?

Samtidig har vi ei plikt til å medverke. Retten og plikta til medverknad er to sider av same sak som ansvarleggjer arbeidstakaren; arbeidsmiljøet er ikkje berre arbeidsgivaren sitt ansvar. Balansen mellom rett og plikt skal sikre eit godt og stabilt arbeidsmiljø og at bedriftsdemokratiet fungerer på arbeidsplassen.

Bedriftsdemokrati

Då Harald jobba i utlandet, var det utenkjeleg at leiinga og dei tilsette skulle sitje saman og diskutere forhold i bedrifta. Harald meiner at Helseservicehuset blir ein betre arbeidsplass når dei tilsette får uttrykkje meiningane sine og samarbeide med leiinga.

Bedriftsdemokrati er arbeidstakarane sin rett til å medverke og vere med å bestemme ved avgjerder som gjeld arbeidsforholda deira.

Kvifor er dialog og samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar i arbeidslivet viktig?

Eit bedriftsdemokrati gir arbeidstakarar moglegheit til å påverke arbeidsforholdet sitt. I Noreg har vi eit arbeidsliv som er prega av tillit og samarbeid, og bedriftsdemokratiet er grunnmuren i dette arbeidslivet.

I eit bedriftsdemokrati har vi to partar. Arbeidsgivaren er den eine parten, og fagforeiningane som representerer arbeidstakarane, er den andre parten. Begge partar inngår i eit partssamarbeid.

Arbeidsgivar er ein person eller ei verksemd som har engasjert ein arbeidstakar for å utføre eit arbeid.

Arbeidstakar er ein person som utfører eit arbeid for ein arbeidsgivar

Partssamarbeid betyr at dei ulike partane i bedrifta, arbeidstakar/tillitsvalde og arbeidsgivar, jobbar saman om å finne gode løysingar for bedrifta.

13 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Styringsrett er retten arbeidsgivar har til å ta den endelege avgjerda i saker og til å leie bedrifta. Retten er avgrensa av gjeldande avtalar og lover.

Fagforeining er ei samanslutning av arbeidstakarar i same fag, yrke eller bransje. Formålet er å fremje medlemmene sine interesser overfor arbeidsgivarane deira.

Tillitsvald er ein person som blir vald av ei gruppe for å snakke på vegner av gruppa. Ein tillitsvald i arbeidslivet er vald av arbeidstakarane og skal vere bindeleddet mellom dei tilsette og arbeidsgivar Anerkjenning betyr å bli sett pris på, godteken eller respektert.

Saksgang omfattar heile gangen i ei sak, alle trinna saka følgjer frå ho oppstår til ho er avslutta – kven som gjer kva, og når.

Mangfald betyr ei stor, allsidig og variert mengd av noko.

Dialog er ein gjensidig samtale mellom to eller fleire personar der målet er openheit, forståing og samarbeid.

Arbeidsgivaren skal leggje til rette for at arbeidstakarar får moglegheit til å medverke og vere med på å bestemme, men det er arbeidsgivar som til sjuande og sist har avgjerdsansvaret eller styringsretten.

Tilsette med same fagbakgrunn, utdanning eller arbeidsoppgåver organiserer seg gjerne i ei fagforeining. Gjennom medlemskapen i ei fagforeining kan arbeidstakarane påverke arbeidsforholda der dei jobbar. Både apotekteknikarar, helsesekretærar og tannhelsesekretærar har eigne fagforeiningar som varetek deira interesser.

Blant medlemmene i ei fagforeining blir det vald ein tillitsvald. Ein tillitsvald skal representere og handle på vegner av medlemmene i fagforeininga i alle saker som vedkjem deira interesser. Sakene kan til dømes gjelde lønnsforhandlingar, kartlegging av arbeidsmiljøet eller konfliktar på arbeidsplassen. Den tillitsvalde tek på seg eit ansvar for fellesskapet.

Eit partssamarbeid i eit bedriftsdemokrati inneber

à dialog mellom partane à gjensidig respekt og anerkjenning à ein ryddig saksgang for føreseielegheit og tryggleik à profesjonalitet i relasjonen à eit mangfald av meiningar à aksept for usemje mellom partane

Partane – arbeidsgivaren og dei tillitsvalde – har ei felles interesse av å ha ein god dialog med kvarandre. Ein god dialog er med på å sikre eit godt samarbeid mellom arbeidsgivaren og arbeidstakarane. Gjennom dialogen med dei tillitsvalde legg arbeidsgivaren til rette for medverknad og medråderett for dei tilsette. Partane er gjensidig avhengige av kvarandre for eit godt arbeidsmiljø og eit solid arbeidsfellesskap.

I eit partssamarbeid er det lov å ha ulike meiningar. Det må vere rom for usemje og saklege diskusjonar når to partar skal vareta interessene sine. Ein må respektere kvarandre sjølv om ein er usamd. Nokre gonger står partane langt frå kvarandre. Då er det avgjerande at usemje blir godt handtert av begge partar.

14 Puls Kommunikasjon og samhandling

?

Demokrati og pasientrettar

Petter sit i fengsel. Han har fått vondt i ei tann, derfor har han bede om å få time hos tannlege. Ein fengselsbetjent seier han skal undersøkje om dei har bemanning til å følgje Petter til tannklinikken, men at det kan ta tid.

Har vi rett til å hindre nokon i å få helsehjelp?

Ifølgje menneskerettane har vi alle rett til helse og velferd. Dette skal vere eit viktig prinsipp for korleis vi møter pasientar. Pasientar sin rett til helsehjelp er også gjort tydeleg i pasient- og brukarrettslova.

15

Sosial tryggleik sikrar menneske som treng det, sosial støtte frå det offentlege i form av t.d. helse- og omsorgstenester, sosialhjelp og arbeidsløysetrygd.

Helsehjelpa skal leggjast til rette med respekt for den fysiske og psykiske integriteten til den enkelte, og så langt som mogleg vere i tråd med sjølvråderetten til pasienten.

Kjelde: lovdata.no

Formålet med pasient- og brukarrettslova er

à å sikre at alle har lik tilgang til helse- og omsorgstenester; à å fremje tillitsforholdet mellom pasient/brukar og helse- og omsorgstenestene. å bidra til at pasientar og brukarar kan kjenne seg trygge og stole på dei som skal hjelpe dei; à å fremje sosial tryggleik; à å vareta respekten for livet, integriteten og menneskeverdet til pasienten og brukaren.

Pasient- og brukarrettslova gir pasientar og brukarar mellom anna rett til

à nødvendige helse- og omsorgstenester à medverknad og informasjon à sjølvbestemming og samtykke

Rett til helse- og omsorgstenester Amina apotekteknikar les eit avisoppslag om ein pasient som ikkje får eit legemiddel ho treng for å overleve. Legemiddelet er for kostbart for staten. Ho diskuterer saka med kollegaene sine på Helseservicehuset, og alle har meiningar om saka. Nokre meiner at vi bør vere kritiske til korleis vi skal bruke ressursane i helsetenesta, spesielt viss det berre kjem nokre få pasientar til gode. Andre meiner at vi må hjelpe alle pasientar, same kor mykje det kostar fellesskapet.

Bør det vere avgrensingar på helsehjelp?

? 16 Puls Kommunikasjon og samhandling

Pasient- og brukarrettslova stadfestar at pasientar har rett til nødvendig helsehjelp anten frå kommunal helseteneste eller frå spesialisthelsetenesta. For å avklare kva som er nødvendig helsehjelp, må ein vurdere

à kva pasienten ønskjer à kva som finst av medisinar eller behandlingsformer à effektane av tilgjengelege medisinar og behandlingsformer à kostnadene av tilgjengelege medisinar og behandlingsformer

Det må vere samsvar mellom effekt, nytte og berekraft i val av medisinar og behandling. Det er ikkje alltid vi kan hjelpe alle.

Rett til medverknad og informasjon

Lotis har ein avtale hos den nye fastlegen sin. Ho ønskte å byte då ho ikkje opplevde at ho hadde god dialog med den førre fastlegen. Den nye fastlegen får ho til å kjenne seg sett og høyrd, og han møter ho med empati. Lotis er glad for at ho fekk velje ny fastlege.

Kva betyr medverknad for deg?

Brukarmedverknad består av orda brukar og medverknad. Ein brukar er ein som har behov for ei teneste. Brukaren har rett til å medverke og skal få moglegheit til å delta i avgjerder som gjeld han/ho, og dermed verke saman med helsepersonell.

Idet ein brukar oppsøkjer helsetenesta og ber om hjelp, blir brukaren ein pasient. Som pasient har du rett til å ta del i val av helseteneste og undersøkings- og behandlingsmetodar. Då snakkar vi om pasientmedverknad

Å medverke i gjennomføringa av ei undersøking eller behandling inneber eigeninnsats frå pasienten si side. Utanom det heilt nødvendige, som å møte opp til avtalt tid og gjere dei rette førebuingane, er det i stor grad opp til pasienten kor mykje han eller ho ønskjer å medverke.

Kommunal helse- og omsorgsteneste er eit offentleg forvaltningsnivå innan helsetenesta som skal sørgje for helse- og omsorgstenester til alle som treng det i kommunen.

Spesialisthelsetenesta (t.d. sjukehus) skal sørgje for behandling av sjukdommar/ tilstandar som krev meir spesialisert helsehjelp enn den kommunale helse- og omsorgstenesta kan tilby. Fastlegen viser pasientar til spesialisthelsetenesta.

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett alle brukarar har til å delta aktivt i avgjerder om eiga behandling og gjennomføring av tiltak.

Pasientmedverknad er ein lovfesta rett alle pasientar har til å delta i avgjerder om behandling av eigen sjukdom.

17 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Pasientoppfølging er den oppfølginga helsepersonell gir ein pasient gjennom heile sjukdomsforløpet.

Respondere er å svare eller reagere på noko.

Forsvarleg betyr at noko er trygt. Helse- og omsorgstenester skal vere forsvarlege for brukarane. Med det meiner ein at kvaliteten skal liggje på eit visst nivå, i samsvar med faglege normer, nasjonale rettleiarar og krava til yrkesutøvinga.

Sjølvråderett er ein rett ein har til å bestemme på eiga hand utan at andre blandar seg inn i avgjerda.Innan helsehjelp gjeld det retten til å bestemme over eigen kropp og eige liv.

Pasientautonomi er eit anna ord for sjølvråderetten til pasienten. Autonomi betyr sjølvstyre.

Samtykke betyr å seie seg samd i noko, å gi løyve til noko.

Henrik er hos tannlegen. Etter ei undersøking tilrår tannlege Tuula å trekkje ei visdomstann fordi ho seinare kan gi Henrik smerter og plager. Ho forklarer korleis inngrepet skal utførast, og kva fordelar behandlinga vil gi. Ho informerer også om risiko ved behandlinga. Til slutt spør Tuula om Henrik samtykkjer til tanntrekking.

Korleis varetek tannlegen retten pasienten har til medverknad her?

Pasientmedverknad føreset eit samspel mellom pasienten på den eine sida og helsepersonell på den andre sida. Gjennom informasjon og rettleiing skal vi leggje til rette for at pasientar kan vere aktive og ta del i avgjerder som gjeld deira helsehjelp. Informasjon og rettleiing skal tilpassast til føresetnadene og behova til pasienten. Til dømes kan bruk av tolk vere nødvendig i møte med pasientar og pårørande som har avgrensa norskkunnskapar.

Pasientmedverknad handlar også om å gi pasienten moglegheit til å gi si vurdering av helsehjelpa han eller ho får. Dette er eit ledd i pasientoppfølging. Helsepersonell kan til dømes spørje korleis pasienten responderer på ei behandling.

Pasientmedverknad har likevel sine grenser. Pasienten kan ikkje delta i alle avgjerder. Pasienten blir ikkje gitt rett til å velje til dømes behandling viss helsepersonellet meiner ei anna behandling er meir forsvarleg

Sjølvråderett og informert samtykke

Tidlegare avgjorde helsepersonell kva behandling ein skulle gi, og pasienten måtte godta vurderingane til helsepersonellet. I dag er dette ei felles avgjerd mellom pasient og helsepersonell, og ønsket til pasienten skal bli respektert.

Sjølvråderett betyr fridom til å bestemme sjølv over eige liv. Sjølvråderetten til pasientar blir kalla pasientautonomi: Dei vel sjølv om dei ønskjer helsehjelp. Pasientar kan velje å ta imot eller avstå frå ei undersøking, ei behandling eller ein vaksine til dømes. Pasientar står fritt til å velje å gi samtykke (løyve eller aksept), eller ikkje, til den helsehjelpa som blir foreslått. Eit samtykke kan bli gitt og trekt tilbake når som helst.

?
18 Puls Kommunikasjon og samhandling

Det er bestemde krav til forma på samtykket. Ein kan gi samtykke skriftleg eller munnleg. Tausheit kan i nokre tilfelle tolkast som stillteiande samtykke. Stillteiande samtykke må då sjåast i samanheng med handlingane til pasienten, til dømes at pasienten sjølv oppsøkjer ei helseteneste, og den nonverbale kommunikasjonen til pasienten.

For at eit samtykke skal vere gyldig, må pasienten ha fått nødvendig informasjon om

à sin eigen helsetilstand

à kva helsehjelpa inneheld, kvifor helsehjelpa blir tilbydd, korleis ho skal utførast, fordelar og eventuelle risikoar

Stillteiande samtykke ligg føre dersom det ut frå handlemåten til pasienten og omstenda elles er sannsynleg at pasienten godtek helsehjelpa.

Kapittel Demokrati, medborgarskap
19
1
og helsetenester

Informert samtykke er eit samtykke pasienten gir etter at han eller ho har fått tilstrekkeleg informasjon om eigen tilstand og helsehjelpa som blir tilbydd.

Helsepersonell har plikt til å leggje til rette for at pasienten skal vere i stand til å ta avgjerder om eige liv og eiga helse. Vi skal derfor tilpasse kommunikasjonen vår til pasienten slik at pasienten har moglegheit til å oppfatte og forstå opplysningane. For å kunne samtykkje må pasienten kunne forstå kva ho eller han seier ja eller nei til. Informasjonen vi som helsepersonell gir, må derfor vere tydeleg og konkret med eit språk som pasienten forstår.

Når helsepersonell har gitt tilstrekkeleg informasjon, og pasienten har forstått informasjonen og gitt sitt samtykke, blir det kalla eit informert samtykke. Ifølgje pasient- og brukarrettslova kan helsehjelp berre bli gitt dersom pasienten har gitt eit informert samtykke.

20 Puls Kommunikasjon og samhandling

?

Samtykkekompetanse

Kristian har lært om samtykke på skulen. Ein dag er han på besøk hos farfaren Kåre på sjukeheimen der han bur. Kåre har byrja å bli dement, og Kristian lurer på om han eigentleg forstår det dei tilsette forklarer han når han skal få medisinar og behandling.

Korleis kan vi vareta informert samtykke dersom pasienten ikkje har føresetnader for å forstå?

For å kunne gi informert samtykke må pasientar forstå konsekvensane av vala dei tek. Samtykkekompetanse er evna ein pasient har til å forstå og vurdere konsekvensane av eigne val. Ein pasient som manglar samtykkekompetanse, vil til dømes ikkje forstå konsekvensen av å seie ja eller nei til ei behandling. Hovudregelen er at alle over 18 år har samtykkekompetanse. Det er reglar for kven som kan samtykkje på vegner av barn under 18 år. Det er det også for pasientar som har problem med å oppfatte, forstå og lære, slik som ved demens og psykisk utviklingshemming.

Viss det er tvil om pasienten forstår sin eigen helsetilstand, kva eit tilbod om helsehjelp inneber, eller kva konsekvensar eit samtykke vil ha, skal det ansvarlege helsepersonellet vurdere samtykkekompetansen til pasienten. Samtykkekompetansen til ein pasient kan også vere situasjonsbestemd. Ein pasient kan ha samtykkekompetanse på eitt område, men ikkje på eit anna.

Helsepersonellet sin kompetanse er sentral for å vareta samtykkekompetansen til pasientane og brukarane. Dersom helsepersonell har lite kulturforståing, kan ulike kulturelle uttrykk bli misforståtte i møte med pasientar og kundar. Til dømes er tausheit i den samiske kulturen eit uttrykk for usemje, men kan kanskje tolkast som at pasienten ikkje har forstått informasjonen som blir gitt.

Samtykkekompetanse betyr at ein er i stand til å ta eigne avgjerder og forstå konsekvensane av dei vala ein gjer.

Demens er ei fellesnemning for fleire hjernesjukdommar (t.d. alzheimer) som fører til minnetap, nedsette kognitive funksjonar, desorientering og liknande.

Psykisk utviklingshemming er forårsaka av mangelfull/ avvikande utvikling når ein er barn. Det gir betydeleg funksjonsnedsetjing i intellektuelle, sosiale og praktiske ferdigheiter livet ut.

21 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Medborgarskap er ein viktig del av demokratiet. Det handlar om at alle i befolkninga blir behandla som likeverdige og fullverdige medlemmer av samfunnet.

Medborgar er ein fullverdig medlem i eit medborgarskap, der alle har like rettar.

Sosialisering er å ta til seg dei grunnleggjande verdiane og normene i eit samfunn. Gjennom sosialisering lærer ein seg å fungere i samfunnet.

Medborgarskap

Medborgarskap handlar om å leve saman i eit fellesskap. Det inneber å delta i og bidra til å skape eit sosialt fellesskap som gagnar både samfunnet og oss sjølve. Ein medborgar er ein deltakar i eit medborgarskap. Vi blir forma som medborgarar gjennom sosialisering. Vi har vakse opp med bestemde verdiar, haldningar og normer som gjer oss i stand til å leve i eit fellesskap med andre. Gjennom heile livet er vi medborgarar i eit samfunn. Vi bidreg og deltek på ulike måtar og på ulike område.

Ein eldre pasient kjem inn på Helseservicehuset. Ho går svært sakte og framoverbøygd medan ho dyttar rullatoren sin framover. Kristian, som kjem etter ho, skundar seg forbi, opnar heisdøra og passar på å halde ho open til ho har kome seg trygt inn i heisen. Ho smiler og takkar Kristian.

Kva kan det bety for andre at du er ein høfleg medborgar?

? 22

Medborgarskap er gjerne knytt til verdiar som à deltaking i samfunnet à naboskap à frivilligheit

Deltaking i samfunnet og naboskap fremjar god helse og førebyggjer både sjukdom og utanforskap i befolkninga. Vi tek vare på kvarandre og viser forståing for kvarandres bakgrunn og verdiar.

Medborgarskap kan også vere å utføre frivillig arbeid. Når vi til dømes er fleire som jobbar saman i ein dugnad for å samle inn pengar til eit idrettslag, utfører vi frivillig og ulønt arbeid. Vi bidreg til fellesskapet og samfunnet vi er ein del av.

Vi kan bidra til å fremje medborgarskap gjennom kjennskap til og deltaking i det lokale nærmiljøet vårt, lokale lag, foreiningar og inkluderingstiltak. I eit medborgarskap er det viktig å støtte enkeltmennesket slik at kvar og ein opplever anerkjenning og tilhøyrsel. Det er også viktig å leggje til rette for at alle kan bidra med føresetnadene og ressursane sine i samfunnslivet. Vi kan styrkje medborgarskapet i samfunnet ved å bidra til å redusere fordommar, stigmatisering og diskriminering.

Sosiale fellesskap

Menneske har alltid søkt til kvarandre for å dekkje behova sine og løyse felles problem. Mat, helse, tryggleik og tilhøyrsel er grunnleggjande behov som er felles for alle menneske. Dei er universelle. Når vi deltek i sosiale fellesskap, blir det enklare å få dekt dei felles behova våre enn når vi står åleine. Samtidig er det ikkje alltid lett å fungere saman i sosiale fellesskap. Vi kan bli usamde med kvarandre, og usemja kan bli til konfliktar. Det sosiale fellesskapet må då finne måtar å handtere konfliktane på – konflikthandtering.

Arbeidsfellesskap

I eit arbeidsfellesskap jobbar fleire saman. Dei som jobbar saman, kan ha ulik fagkompetanse som til saman kan gi dei tenestene bedrifta tilbyr. I eit helseserviceyrke vil du, saman med kollegaer og samarbeidspartnarar, dekkje behovet i samfunnet for eit mangfald av helsetilbod. På ein arbeidsplass med felles verdiar og haldningar kan vi vere stolte av eit arbeidsfellesskap som er av stor betydning i livet til pasientane og kundane. I eit arbeidsfellesskap vil vi også vere ein del av eit sosialt fellesskap.

Frivilligheit er det å gjere noko av fri vilje. Frivillig arbeid inneber at arbeidet må vere til fordel for samfunnet, og at det blir gjennomført utan at ein får lønn for det. Anerkjenne betyr å godta noko som rett, å respektere eller setje pris på noko eller nokon. Det kan også bety å prøve å forstå perspektivet til den andre.

Tilhøyrsel vil seie å kjenne at ein høyrer til ein stad. Det handlar om å vere i eit fellesskap der ein tek vare på kvarandre, ein plass der ein kan kjenne seg trygg.

Fordom er ei meining ein har gjort seg opp på førehand, ei oppfatning av eller ei haldning til noko eller nokon. Ein fordom er som oftast negativ og basert på for lite kunnskap.

Stigmatisering er å skylde ein person eller ei gruppe for å ha negative eigenskapar på bakgrunn av eit kjenneteikn (stigma) som gjer personen eller gruppa ulik frå andre.

Diskriminering er forskjellsbehandling av personar på bakgrunn av kjønn, etnisitet/ hudfarge, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller alder.

23 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Livssyn vil seie det eit menneske trur og tenkjer om livet og om kva plass, levemåte, verdiar, meining og mål mennesket har i verda. Eit livssyn kan vere religiøst eller ikkje-religiøst.

Subkultur er ein underart av ein meir utbreidd kultur. Han blir kjenneteikna av dei spesielle kulturtrekka (t.d. musikksmak) ei bestemd gruppe menneske har felles.

Levesett er måten ein lever på.

Mangfald

Sosiale fellesskap er prega av eit mangfald av ulike livssyn, subkulturar og levesett. Mangfald er variasjon. Ei gruppe kan til dømes vere samansett av personar med ulik kulturbakgrunn, ulik legning, ulike verdiar eller ulik religiøs tru. Du vil kome til å møte kollegaer, samarbeidspartnarar, kundar, pasientar og pårørande som ikkje er like deg sjølv. I helseserviceyrka skal vi møte mangfaldet med respekt og toleranse.

Medborgarskap i helseserviceyrka

Tanja tannhelsesekretær, Amina apotekteknikar og Hanne helsesekretær er stolte av yrka sine. Dei er medvitne om at jobben dei utfører, betyr mykje for pasientar og kundar.

Korleis bidreg du til medborgarskap ved å utdanne deg til eit yrke?

Puls Kommunikasjon
? 24
og samhandling

Medborgarskap i helseserviceyrka handlar om å innfri krav og forventingar i yrkesrolla som tannhelsesekretær, helsesekretær eller apotekteknikar. Det er forventa at du har rett kompetanse til jobben som skal gjerast, og at du har ei profesjonell framferd. Som yrkesutøvar blir det stilt krav om at du tek omsyn til lovverket, oppfyller pasientrettane og varetek pasient- og brukarmedverknad. På arbeidsplassen er det forventa at du deltek i arbeidsoppgåver ved å ta initiativ og ved å ta ansvar for at oppgåver blir løyste.

Kristian les i avisa om helsepersonell som har brote reglane for teieplikta. Legekontoret på Helseservicehuset er avbilda i avisa. Kristian tenkjer på korleis slike saker i media kan svekkje tilliten til dei tilsette på Helseservicehuset og kanskje også tilliten til helsepersonell generelt.

Medborgarskap inneber at du er ein aktiv deltakar i arbeidsfellesskapet og bidreg til bedriftsdemokratiet gjennom medråderett. Det inneber at du er lojal mot lover, reglar og avgjerder som blir fatta i arbeidsfellesskapet, og at du samarbeider med kollegaene dine i oppfølginga av avgjerdene. Dersom vi ikkje kan møte forventingane som blir stilte til oss, kan det føre til svekt tillit til helsetenestene og helsepersonell i befolkninga.

Kompetanse handlar om å vere

i stand til å løyse bestemde oppgåver og består av kunnskap, forståing, ferdigheiter, haldningar og verdiar.

Framferd er måten ein opptrer på, den åtferda ein har.

Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester
25

Helsetenester i Noreg

Helsevesenet i Noreg er alle dei tenestene, institusjonane og lovene som saman

à diagnostiserer sjukdom eller tilstandar à behandlar sjukdom og skadar à tilbyr pleie og omsorg til sjuke og skadde à rehabiliterer pasientar for at dei skal vinne tilbake funksjonsevna etter sjukdom eller skade à styrkjer folkehelsa

Helsevesenet skal sørgje for at alle har lik tilgang til tenestene same kvar dei bur i landet, om dei kan betale eller ikkje, og same kva sosial status dei har.

Nils Mathias er hos fastlegen fordi han har fått eit utslett. Legen viser Nils Mathias til sjukehuset for utgreiing av utslettet. «Veit ikkje du kva det er? Er ikkje du lege?» spør Nils Mathias. «Eg viser deg til ein hudlege som er spesialist på hudsjukdommar. Som allmennlege i primærhelsetenesta kan eg litt om mykje, men ikkje alt», forklarer legen.

Kva er skilnaden på spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta?

Vi skil mellom spesialisthelsetenester og primærhelsetenester. Staten har ansvaret for spesialisthelsetenesta. Fylke og kommunar er lokale styresmakter.

Kommunane har ansvar for primærhelsetenester. Fylkeskommunane har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta.

Pasientar blir som regel undersøkte og behandla på det lågast moglege nivået først, i ei førstelinje, som hos fastlege. Pasientar blir viste vidare til spesialistar dersom det er nødvendig, til dømes til spesialistar som jobbar på sjukehus med indremedisin, hudsjukdommar, kardiologi, nevrologi eller augesjukdommar. Spesialisthelsetenesta kan også overføre pasientar tilbake til primærhelsetenesta når det er formålstenleg. ?

26 Puls Kommunikasjon og samhandling

Primærhelsetenester

Kommunane har ansvar for primærhelsetenester, som derfor også blir kalla kommunal helseteneste. Primærhelsetenester er nødvendige helse- og omsorgstenester i kommunen for personar som oppheld seg der. Kommunen har ansvar for å tilby helse- og omsorgstenester til alle pasient- og brukargrupper, medrekna personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.

Primærhelsetenester som kommunane tilbyr:

à helsefremjande og førebyggjande helsearbeid, som helseteneste i skular og helsestasjonstenester

à svangerskaps- og barselomsorgstenester

à utgreiing, diagnostisering og behandling, medrekna fastlegeordning

à sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering

à andre helse- og omsorgstenester, som helsetenester i heimen, personleg assistanse, medrekna praktisk bistand og opplæring og støttekontakt, og plass i institusjon, medrekna sjukeheim

à hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar, som legevakt, medisinsk akuttberedskap heile døgnet, medisinsk nødmeldeteneste og psykososial beredskap og oppfølging à dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens

For å kunne overhalde ansvaret for primærhelsetenester skal kommunen ha knytt til seg lege, sjukepleiar, fysioterapeut, jordmor, helsesjukepleiar, ergoterapeut og psykolog.

Spesialisthelsetenesta

Pasientar som har akutte, alvorlege og kroniske sjukdommar og helseplager som fastlege eller andre i ei førstelinjeteneste ikkje kan diagnostisere eller behandle, blir viste til spesialisthelsetenesta. Desse pasientane kan bli følgde opp ved sjukehus eller andre institusjonar og verksemder i spesialisthelsetenesta.

Primærhelsetenesta er det same som den kommunale helse- og omsorgstenesta – ei førstelinjeteneste for alle som oppheld seg i kommunen. Her finn ein mellom anna fastlegane som kan vise vidare til spesialisthelsetenesta ved behov.

Somatisk betyr fysisk, kroppsleg eller det som har med kroppen å gjere.

Spesialisthelsetenesta (t.d. sjukehus) skal sørgje for behandling av sjukdommar/ tilstandar som krev meir spesialisert helsehjelp enn den kommunale helse- og omsorgstenesta kan tilby. Fastlegen viser pasientar til spesialisthelsetenesta.

Demokrati, og helsetenester
27 Kapittel 1
medborgarskap

Somatisk betyr fysisk, kroppsleg eller det som har med kroppen å gjere.

Poliklinikk er ein helseinstitusjon eller ei avdeling på sjukehus som behandlar pasientar som ikkje er innlagde på sengepost.

Verksemder i spesialisthelsetenesta er mellom anna: à somatiske sjukehus à psykiatriske sjukehus à behandlingssenter, opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar à poliklinikkar à institusjonar for behandling for rusmiddelmisbruk à ambulansetenesta à laboratorietenester à røntgentenester à sjukehusapotek à privatpraktiserande spesialistar

Nokre av arbeidsområda til spesialisttenesta er i tillegg à forsking à rekruttering og utdanning av spesialistar à opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande

28

Fylkeskommunal helseteneste

Fylkeskommunen skal gjennom den offentlege tannhelsetenesta yte tannhelsetenester. Tannhelsetenestene som den offentlege tannhelsetenesta skal organisere, er à førebyggjande tiltak à eit regelmessig og oppsøkjande tilbod om tannhelsetenester til gitte grupper i ei prioritert rekkjefølgje

Den prioriterte rekkjefølgja ifølgje tannhelsetenestelova er:

a barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år

b psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon

c grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie

d ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret e andre grupper som kvar enkelt fylkeskommune har vedteke å prioritere

Den offentlege tannhelsetenesta kan tilby behandling til betalande vaksne når det er kapasitet. Vaksne som ikkje er prioriterte etter lov om tannhelsetenester, nyttar ofte privat sektor for å få dekt behova sine for tenester. Det er mange som tilbyr tannhelsetenester, som jobbar i privat sektor.

Kapittel Demokrati, medborgarskap og
29
1
helsetenester

Offentleg forvaltning er styring eller administrasjon av offentleg sektor. Vi har tre offentlege forvaltningsnivå i Noreg.

Statsbudsjettet er ei oversikt over staten sine forventa utgifter og inntekter for eit kalenderår, som bestemmer korleis staten skal få inn pengar, og korleis pengane skal fordelast i samfunnet.

Rammetilskot er pengar staten overfører til kommunane som ikkje er øyremerkte. Det er ikkje bestemt på førehand nøyaktig kva pengane skal brukast til.

Øyremerkt betyr reservert til eit bestemt formål. Øyremerkte midlar er pengar som skal brukast til eit bestemt formål.

Forvaltningsnivå i helsevesenet

Kristian fortel Harald om ein idé han har. «Kvifor kan vi ikkje lage eit trimrom her, der tilsette, kundar og pasientar kan trene saman?» spør Kristian. «Det har vi ikkje råd til», svarer Harald.

«Men det er jo bra for helsa», seier Kristian. «Jau, men vi skal forvalte økonomien med midlar vi får tildelte til dei tenestene

vi er pålagde å yte. Vi kan nok ikkje bruke midlar til andre ting, sjølv om vi har gode intensjonar», svarer Harald.

Kva er å prioritere i helsetenesta?

Forvaltning er å vareta, ta ansvar for, bruke eller administrere ressursar som er tilgjengelege, til dømes økonomiske og fysiske ressursar eller arbeidskraft.

Offentleg forvaltning er ansvarsorgan i staten, fylke og kommunar som skal setje i verk og gjennomføre avgjerdene som politikarane har vedteke. Offentleg tilsette varetek desse oppgåvene innanfor eit lovverk og økonomisk tildeling.

Noregs økonomiske ressursar og inntekter frå mellom anna skattar og avgifter blir fordelte i statsbudsjettet. Ein del av statsbudsjettet er sett av til helsetenester, til dømes tenester ved sjukehus, legekontor, sjukehusapotek eller tannklinikkar. Tilsette i offentleg forvaltning sørgjer dermed for at helsetenester når ut til befolkninga. Ein offentleg tannklinikk får til dømes midlar, eit fast rammetilskot, for å gi tannbehandling til pasientar og kan ikkje bruke midlane til andre ting. Korleis dei økonomiske midlane skal brukast, er bestemt i lovverket. Nokre gonger kan til dømes ein tannklinikk få tildelt øyremerkte midlar til til dømes å byggje ny klinikk. Då må det rapporterast om kvar krone som er brukt, til den etaten som har tildelt midlane. Dette er for å kontrollere at midlane blir brukte til det dei er tiltenkte.

Helseservicehuset skal tilsetje ein ny helsesekretær. Dei lyser ut stillinga i avisa. Kristian fortel Harald direktør at han kjenner ein som er utdanna helsesekretær, og tilrår Harald å tilsetje han.

?
30 Puls Kommunikasjon og samhandling

Korleis bør ein tilsetjingsprosess gå føre seg etter god forvaltningsskikk?

Nokre meiner at offentleg forvaltning i Noreg er ein for stor administrasjon som er lite effektiv og med for stor makt. Likevel byggjer den offentlege forvaltninga i Noreg på prinsippet om openheit i saksgangen for å forhindre korrupsjon, ho skal vere serviceinnstilt og omsynsfull.

Det er staten som har det overordna og politiske ansvaret for helsetenesta i landet. Det er Stortinget og regjeringa som vedtek lover og forskrifter som gjeld for helsetenesta. Helse- og omsorgsdepartementet har hovudansvaret for at vedtaka i lovverket blir følgde opp og gjennomførte.

Korrupsjon er det å bestikke eller ta imot bestikkingar (pengar, gåver eller tenester). Det omfattar også å påverke nokon til å utføre arbeidet sitt på ein bestemd måte.

Stortinget
?
Regjeringa Helsedirektoratet (inkludert HELFO) Nasjonalt folkehelseinstitutt Statens legemiddelverk Statens strålevern Bioteknologirådet Norsk pasientskadeerstatning Statens helsetilsyn Kommune Regionale helseføretak Kommunale helsetenester Arbeids- og inkluderingsdepartementet Folketrygda Fylke Tannhelsetenester Helseføretak Sjukehus og institusjonar Helse- og omsorgsdepartementet 31 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Regionalt helseføretak er statseigd og omfattar alle offentlege helseføretak innan ein region. Dei fire regionale helseføretaka i Noreg har ansvar for spesialisthelsetenesta i regionen sin.

Forvaltninga i helsevesenet blir delt inn i ulike nivå. Ansvaret for helsetenestene er fordelt mellom

à stat à fylke à kommunar

Forvaltning på statleg nivå

Forvaltning på statleg nivå blir delt inn i to hovudgrupper: departement og direktorat.

Departement støttar den politiske leiinga og har det overordna ansvaret for å utvikle og gjennomføre politikken til regjeringa. Eit departement blir leidd av ein medlem av regjeringa: ein statsråd. Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet er døme på departement vi har i dag. Direktorat er etatar og verksemder som ligg under kvart departement. Direktorata avlastar departementa i det faglege arbeidet på kvart sitt spesialiserte fagområde. Dei set i verk og gjennomfører tiltak og kan kontrollere politikken til staten. Direktorata har ein direktør som øvste leiar. Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse, Arbeidstilsynet, Folkehelseinstituttet, Mattilsynet og Miljødirektoratet er døme på direktorat i Noreg. Helse- og omsorgsdepartementet eig og forvaltar dei regionale helseføretaka. Dei regionale helseføretaka utgjer spesialisthelsetenesta og er delt inn i fire:

à Helse Nord à Helse Midt-Noreg à Helse Vest à Helse Sør-Aust

Dei regionale helseføretaka har ansvar for helseføretak som mellom anna yter spesialisthelsetenester i sjukehus og institusjonar. Eitt regionalt helseføretak kan ha ansvar for fleire helseføretak. Helse Midt-Noreg har til dømes fire helseføretak, og Helse Nord har seks. Kvart helseføretak har avklart kva ansvarsområde dei skal vareta. Eitt driftar til dømes eitt eller fleire sjukehus, eit anna kan drifte sjukehus og andre institusjonar, medan eit tredje til dømes kan drifte berre sjukehusapoteka i regionen.

32 Puls Kommunikasjon og samhandling

Forvaltning på fylkeskommunalt nivå

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta og skal sørgje for at tannhelsetenester, også spesialisttenester, er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Lovverket pålegg fylkeskommunen å prioritere tannhelsetenester til grupper etter ei bestemd rekkjefølgje, men fylkeskommunen skal sjå til at alle som bur i område der det ikkje er eit anna tilfredsstillande tilbod, får tilbod om tannhelsetenester.

Dei fleste i dei prioriterte gruppene får tannhelsetenester gratis, men nokre må betale heile eller delar av undersøkingane eller behandlinga. Stortinget kan gjere budsjettvedtak som gir fleire grupper gratis tannhelsehjelp, til dømes personar som har vore utsette for tortur/overgrep, personar som har odontofobi, rusmisbrukarar og innsette.

Det er oppretta seks regionale odontologiske kompetansesenter i Noreg. Staten gir tilskot til drift av sentera som mellom anna skal gå til forsking og fagutvikling og dessutan til spesialist- og vidareutdanning av tannlegar.

Forvaltning på kommunalt nivå Kommunane har lovpålagde oppgåver for helse- og omsorgstenesta. Den kommunale forvaltninga blir leidd av ein administrasjonssjef. Korleis den enkelte kommunen organiserer ansvaret og delegerer mynde, varierer mellom ulike kommunar. Kommunen sitt tilbod av nødvendige helse- og omsorgstenester kan bli gitt i samarbeid med offentlege eller private tenesteytarar.

Odontologi er læra om tenner og munnhòle og tilhøyrande sjukdommar.

Kompetansesenter er ei teneste eller ein institusjon som har bygd opp kompetanse og held seg oppdatert på eit bestemt fagområde. Slik kan dei vere eit ressurssenter for andre fagmiljø og private personar og gi råd og rettleiing innan området.

Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester
33

I helse- og omsorgstenestelova står det at kommunane eller private aktørar som har avtale med kommunen, skal

1 førebyggje, behandle og leggje til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne

2 fremje sosial tryggleik, betre levevilkåra for vanskelegstilte, bidra til likeverd og likestilling og førebyggje sosiale problem

3 sikre at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre

4 sikre kvaliteten på tenestetilbodet og eit likeverdig tenestetilbod

5 sikre samhandling og at tenestetilbodet blir tilgjengeleg for pasient og brukar, sikre nødvendig opplæring av pasient, brukar og pårørande og dessutan sikre at tilbodet er tilpassa behovet til den enkelte

6 sikre at tenestetilbodet blir lagt til rette med respekt for integriteten og verdigheita til den enkelte

7 bidra til at ressursane blir utnytta best mogleg

Kjelde: lovdata.no

I helse- og omsorgstenester kan det vere små skilnader som avgjer om kommunen eller dei regionale helseføretaka har ansvaret for den enkelte pasienten. Kommunen har til dømes ansvar for å førebyggje psykiske lidingar og gi tilbod om mellom anna samtale med psykolog eller samtalegrupper. Staten har ansvaret viss den sjuka har behov for oppfølging av ein spesialist eller treng innlegging på sjukehus.

Likeins har rusmisbrukarar også behov for helsehjelp. Helse- og omsorgstenestelova pålegg kommunane eit spesielt ansvar for å følgje opp dei som har rusproblem, til dømes gjennom rådgiving, helsehjelp, aktivitetstilbod og hjelp til å finne bustad. Avrusing, akutt behandling og utgreiing er tenester som ofte krev innlegging på sjukehus eller andre institusjonar som staten har ansvaret for. Spesialisthelsetenesta har ansvaret for det som blir kalla tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

34 Puls Kommunikasjon og samhandling

Private helsetenester

Henrik har hatt eit uhell på fjelltur og er redd han har ein korsbandskade. Han får ei tilvising av legen til røntgen. Han blir forvirra når han får time hos ein privat klinikk, og lurer på om han må betale ekstra for ei slik teneste.

Privat sektor er bedrifter som er eigde og styrte av private aktørar. Private helsetenester er den delen av helsetenesta som ikkje er underlagd helseføretaka eller den kommunale helse- og omsorgstenesta. Private verksemder kan ha avtalar med det offentlege om å gi helse- og omsorgstenester. Den private verksemda får i så fall tilskot frå stat eller kommune. Tenestene som private leverer til det offentlege, høyrer dermed til den offentlege helsetenesta. Alle andre tenester som dei private tilbyr pasientar eller kundar, blir rekna som privat helseteneste. Nokre medisinske klinikkar, tannlegar og dei fleste apotek er døme på næringsaktørar som får inntekta og den økonomiske fortenesta si ved å tilby helsetenester. Det er fleire private aktørar som mellom anna tilbyr hjelp av nettlege som kan gi resept. Slike tenester kostar ofte meir enn dersom ein nyttar seg av offentlege tenester.

Vaksne pasientar som ikkje tilhøyrer dei prioriterte gruppene for behandling i den offentlege tannhelsetenesta, skal i hovudsak oppsøkje behandling i den private tannhelsetenesta. Dei må som regel betale utgiftene til tannbehandling sjølve. For enkelte sjukdommar, tilstandar eller skadar kan pasientar få støtte frå Helfo for delar av behandlingsutgiftene.

Helfo er den ytre etaten i Helsedirektoratet og skal vareta rettane til brukarane og yte profesjonell service til behandlarar og innbyggjarar gjennom rettleiing og informasjon om helsetenesta.

35 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Læringsutbyte

à Demokrati er ei styringsform der folket har makta.

à Menneskerettar er universelle rettar vi alle har.

à Bedriftsdemokratiet er grunnmuren i norsk arbeidsliv som er prega av tillit og samarbeid. I eit bedriftsdemokrati har vi to partar: arbeidsgivar og tillitsvald/fagforeining.

à Medråderetten sikrar at tilsette får større eigarskap til avgjerder, og at avgjerdene får betre forankring i verksemda.

à Medverknad i arbeidslivet inneber at arbeidstakarane har ein rett og ei plikt til «å verke saman» med arbeidsgivar.

à Arbeidsgivar og fagforeining har gjensidig interesse av ein god dialog som sikrar samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

à Rettane til pasientane og brukarane i møte med helsetenester er gjort tydelege i pasient- og brukarrettslova.

à Sjølvråderetten til pasienten, eller pasientautonomi, er at pasientar har rett til sjølve å avgjere om dei ønskjer å ta imot helsehjelpa som dei blir tilbydde.

à Å samtykkje vil seie å vere samd i eller seie seg samd i dei forslaga som blir lagt fram for ein.

à Samtykkekompetanse er å forstå innhaldet i informasjonen godt nok til å kunne å avgjere kva ei handling inneber.

à Pasient- og brukarrettslova stadfestar at pasient og brukar har rett til nødvendig helsehjelp anten frå primærhelsetenesta eller frå spesialisthelsetenesta.

à Pasientmedverknad er at pasienten har rett til å ta del i avgjerder som gjeld eige liv, eiga helse og helsehjelp, som val av undersøkings- og behandlingsmetodar. Pasientmedverknad inneber eigeninnsats frå pasienten si side.

à Medborgarskap handlar om å leve saman i eit fellesskap prega av frivilligheit, naboskap og deltaking i samfunnet.

à Medborgarskap i helseserviceyrka handlar om å innfri krav og forventingar i yrkesrolla, ha rett kompetanse og ei profesjonell framferd.

à Sosiale fellesskap i Noreg er prega av eit mangfald av kulturelle bakgrunnar, livssyn og levesett.

à Forvaltning i helsevesenet er korleis helsetenesta i Noreg er organisert og blir styrt.

36 Puls Kommunikasjon og samhandling

à Forvaltningsnivå heng saman med offentleg forvaltning og blir delte inn i kommunalt nivå, fylkeskommunalt (regionalt) nivå og statleg nivå.

à Den kommunale helse- og omsorgstenesta, eller primærhelsetenesta, skal gi alle som bur i ein kommune, nødvendige helse- og omsorgstenester.

à Den offentlege tannhelsetenesta tilhøyrer det fylkeskommunale nivået.

à Regionale helseføretak er eit forvaltningsnivå som har ansvar for spesialisthelsetenesta.

à Private helsetenester er den delen av helsetenesta som ikkje er underlagd helseføretaka eller den kommunale helse- og omsorgstenesta.

37 Kapittel 1 Demokrati, medborgarskap og helsetenester

Læringsaktivitetar

1 Kva kjenneteiknar eit demokrati? Kva inneber demokrati for helseserviceyrka?

2 Lag ein podkast om kvifor menneskerettane er viktige for deg som helsepersonell.

3 Finn pasient- og brukarrettslova på lovdata.no. Les raskt gjennom og ta notat. Gå saman to og to og forklar for kvarandre kva rettar pasientar og brukarar har.

4 Vis korleis partssamarbeidet i eit bedriftsdemokrati kan fungere på ein arbeidsplass.

5 Kva inneber retten pasientar og brukarar har til medverknad?

6 Kva er informert samtykke?

7 Vel deg eitt av helseserviceyrka. Lag ein presentasjon med utgangspunkt i valet ditt om eitt av desse temaa:

a pasientautonomi

b samtykkekompetanse

c rett til nødvendig helsehjelp

8 Kva betyr medborgarskap for helseserviceyrka? Nemn døme der du kan vere ein medborgar i helseserviceyrka.

9 Beskriv to situasjonar som viser medborgarskap i praksis på arbeidsplassen, anten på eit sjukehus, eit legekontor, ein tannklinikk eller eit apotek.

10 Beskriv dei ulike forvaltningsnivåa i helsetenesta der vi kan finne

a tannhelsesekretæryrket

b helsesekretæryrket

c apotekteknikaryrket

11 Gå saman to og to eller i små grupper. Gjer eit søk på nettet om dei helsetenestene som finst på ulike forvaltningsnivå. Presenter det de har funne, for klassen.

12 Gå til nettsida til kommunen der du bur. Finn ut kva dei publiserer om helse- og omsorgstenester.

a Gi døme på helse- og omsorgstenester som finst i kommunen. Skriv kvart døme på ein lapp, gjerne ein post-it-lapp som du festar på tavla. Når alle i klassen har gjort det same, fjernar de dei som er like. Kor mange kom klassen fram til?

b Kvar og ein i klassen vel ein eller to lappar. Førebu informasjon om tenesta, og presenter for klassen.

38 Puls Kommunikasjon og samhandling

Snakk saman

1 Kvifor er det viktig å verne om demokratiet i samfunnet vårt?

2 Kvifor bør vi ha respekt for eit mangfald av meiningar i samfunnet?

3 Kva vil det seie å vere ein god medborgar?

4 Korleis kan rettane til pasienten påverke jobben din som helsepersonell?

5 Diskuter påstanden:

Det er eg som skal ta avgjerdene, men eg treng hjelp til å sjå kva val eg har.

Kapittel Demokrati, medborgarskap og
39
1
helsetenester

Puls Kommunikasjon og samhandling

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 helseservicefag etter fagfornyinga.

Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og tre lærebøker som følgjer programfaga:

→ Yrkesliv i helseservicefag

→ Kommunikasjon og samhandling

→ Helse- og sjukdomslære

I lærebøkene møter elevane lettlesne og ryddige verk. Eit illustrert persongalleri følgjer dei gjennom boka og gjer det faglege aktuelt og praksisnært.

Puls Kommunikasjon og samhandling tek sikte på å utvikle elevane sine ferdigheiter i å kommunisere og samhandle profesjonelt med menneske med ulik bakgrunn, alder og livssituasjon. Elevane lærer nyttige strategiar for kon ikt-, stress- og krisehandtering. Boka har også som mål å øve opp evna til å re ektere over yrkesetiske dilemma og eigne relasjonsferdigheiter i møte med kundar, pasientar, brukarar og pårørande.

Læreboka har ordforklaringar, omgrepsregister, oppsummeringar og et breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.

ISBN 978-82-11-04424-2

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.