Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har også arbeidd i Justisdepartementets lovavdeling og som lagdommar. Husabø har tidlegare gitt ut bøkene Rett til sjølvvalt livsavslutning? (1994), Straffansvarets periferi: Medverking, forsøk og førebuing (1999), Fighting Terrorism through Multilevel Criminal Legislation (2009, saman med Ingvild Bruce) og Frihet, forbrytelse og straff (2016, saman med Linda Gröning og Jørn Jacobsen).
ISBN 978-82-450-2437-1
,!7II2E5-acedhb!
Terrorisme i norsk strafferett
Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av – og ikkje ein trussel mot – rettsstaten.
Ein analyse av straffelova kapittel 18
Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane som ligg bak mange av straffeboda. Tilhøvet til dei vanlege reglane om drap, vald, fridomskrenkingar og allmennfarlege handlingar, og til dei internasjonale brotsverka, er også eit gjennomgangstema. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt samanlikningar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane.
Erling Johannes Husabø
Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ikkje berre eit forbod mot terrorhandlingar. Det rommar også eit mangfald av andre reglar, mellom anna om gisseltaking, kapring, omgang med kjemiske, biologiske og kjernefysiske middel, terrortruslar, terrorfinansiering, terroravtalar, terroropplæring, deltaking i terrororganisasjonar og deltaking som «framandkrigar» i væpna konfliktar.
Erling Johannes Husabø
Terrorisme i norsk strafferett Ein analyse av straffelova kapittel 18