3 minute read
Tillitsvalgt på tråden
from Samvirke 2 2022
Gå på kretsmøte og bruk medlemsdemokratiet!
- Eg ynskjer at kvar enkelt medlem tenker igjennom og seier ifrå på kretsmøtet kva dei meiner er det viktigaste Felleskjøpet gjer og kva som er mindre viktig. Kva bør vi slutte med? Og kva bør vi bli sterkare på?
Advertisement
Tekst: Karstein Brøndbo
TILLITSVALGT PÅ TRÅDEN
Navn: Grim Erik Gillestad
Bosted: Bygstad i Sunnfjord
Forhold til Felleskjøpet: Styremedlem sidan 2021
Produksjon: 500 tonn mjølk og 700 dekar eng og beite i Fauske og Hjelmeland Samdrift DA, pluss 20 vinterfôra sau utanom samdrifta i ei oppstartsfase
Styremedlem Grim Erik Gillestad vil ha medlemmene med på råd på kva det store konsernet skal gjera. Eg er ny i styret og ser at det kjem saker på styrebordet som medlemmene engasjerer seg i. Det er kort veg frå medlemmene til styret i Felleskjøpet, viktig å gå på kretsmøte og å bruke medlemsdemokratiet, seier mjølkeprodusenten, som tidlegare har vore tilsett som rådgjevar både i TINE og Felleskjøpet Agri. Han vart vald inn i styret på årsmøtet i fjor.
Felleskjøpet skal hjelpe oss i krisa
Det er krise i landbruket med prisvekst på mange ulike driftsmiddel; gjødsel, straum, drivstoff og kraftfôr. Det er ei stor utfordring for oss i Felleskjøpet. Vi er til for bonden, vi har kronepåslag på prisane, ikkje prosent, så Felleskjøpet skal ikkje tene meir når prisane går opp. Vi har ein jobb med å halde prisane og marginane låge på leverandørsida, og vi skal gjere det vi kan for å finne gode løysingar for norske bønder.
Prioritering viktig for kostnadane
Det at medlemmene er klare på kva forventningar vi skal ha til Felleskjøpet er viktig for strategiprosessen vi er midt oppi. Forventningane har ei fordelsside og ei kostnadsside, og våre prioriteringar er viktige for kostnadene. Difor er det så viktig å ha medlemmene på råd, seier Grim Erik.
No må vi møtast
Det blir fysiske kretsmøte i år, og det gler eg meg til. Vi har hatt, og vi skal framleis ha gode smitteverntiltak. Men no er det viktig at vi møtes og får snakka ut. Vi har mykje bra å fortelje om. Vi har gode resultat, og det i eit koronaår. Vi gjer det bra på detaljhandel, vi har svært gode marknadsdelar på John Deere traktor, DeLaval mjølkerobotar og Felleskjøpet sine kraftfôr. Men vi har óg krevjande saker som Inforsaka og Mimiro. Det er viktig at vi er opne og ærlege, og at vi får innspel på kva vi er sterke og svake på i Felleskjøpet, seier Grim Erik. Sunnfjordingen har vore på mange kretsmøte på Vestlandet, men dit skal han ikkje i år. Trøndelag og NordNorge står på planen, og det blir to veker med 14 kretsmøte på Grim Erik. Eg både gler og gruer meg til å få direkte tilbakemeldingar i frå nye deler av landet for meg. Sjølv om vi er mange her i landet som dyrkar grovfôr og produserer mjølk, er det ulike utfordringar i ulike produksjonar og i ulike deler av landet, seier Grim Erik.
Prioriterer kjerneverdiar
Kva blir viktige saker for kretsmøta og i Felleskjøpet framover? Punkt ein blir å halde låg pris på dei driftsmidla bonden treng. Punkt to blir å sikre tilgangen på alle dei driftsmidla som norske bønder treng. Det tredje blir å nå ut med informasjon om det vi arbeider med og kva tankar vi har for framtida for Felleskjøpet og norske bønder, seier den engasjerte styremedlemmen. Korleis kan medlemmene gjere Felleskjøpet betre? Dei må kome og seie i frå. Helst på kretsmøtet, men eg har óg både epost og telefon. I tillegg er det viktig å bruke dei lokale tillitsvalde årsmøterepresentantane, som er medlemmene sine bindeledd inn i organisasjonen. Og da er dette dei viktigste spørsmåla: Kva meiner du er det viktigaste Felleskjøpet gjer? Kva er mindre viktig? Kva bør vi slutte med? Og kva bør vi bli sterkare på?